Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

                                                                                  

ARKIV; April (2007)        

                                                                            

  • Spelarfest (29.04.2007)

Som tidlegare annonsert var det i går spelarfest for VIL-fotball. Ca 15 av spelarane møtte opp, i tillegg til ein del kvinnelege fans. Først var gjengen ein tur på Dolly og åt seg gode og mette, før dei traske ned til Bjørn og Geir og fekk leska seg på smakfull drykk.

Det var ein triveleg gjeng som samlast og det er ikkje komme rapportar om nokon særskilde hendingar. Festkomiteen hadde gjort ein meget god jobb, og dei svikta heller ikkje med overraskelsesmomentet sitt. Dei fleste fekk nok bakoversveis når dei såg kva Gøran Fimreite hadde å by på....

Ingen skal beskylda Veitastrond.com for å ligga på latsida. Tidleg ein søndagsmorgon gjer me deg tidenes største bildegalleri frå gårsdagens spelarfest. Du finn dei vakre knipsa HER.

 

  • Helgeunderhaldning (27.04.2007)

Nei, det er ikkje VIL-spelar Helge Skjælaaen som skal stå for underhaldinga. Me meinar sjølvsagt weekend underhaldning her på Veitastrond.com, og som så mange gonger før så vil dette seia at det er konkurranse tid igjen.

Sidan det nærmar seg seriestart i 6.divisjon vil konkurransen denne gongen vera ein god gamaldags tabellkonkurranse. I tillegg skal du og tippa kva enkelt spelarar du trur vil markera seg på ulike område.

Konkurranse 4 finn du HER.

 

  • Vinnar av Konkurranse 3 er klar (26.04.2007)

Då er nok ein konkurranse her på Veitastrond.com unnagjort. Denne gongen hadde me laga til ei oppgåva litt enklare enn det me har hatt tidlegare i håp om at me skulle få større respons på konkurransen vår. Dette kan me trygt seia at me lukkast me. Heile 18 personar leverte inn svar denne gongen, og me kan røpa at samtlege av desse hadde svara rett på reiseoppgåva vår og havna på Kreklingen Stadion i Balestrand. Spesielt kjekt var det å sjå at me fekk inn mange svar frå folk utanom VIL miljøet og dei fleste bygdene i indre Sogn var faktisk representert. Vonar at de held fram slik!

Men nok snikk snakk, for her skal det kårast ein vinnar. Den som stikk av med eit sesongkort på Leikvoll Stadion er:

STIG ROAR HOVLAND i frå Vik i Sogn.

Me gratulerar den heldige vinnaren. Sidan sesongkorta ennå ikkje er laga kan det ta litt tid før me får sendt ut premien, men me lovar at du skal ha kortet i god tid innan første heimekamp.

Minner om at planane for neste konkurranse er i full gang, og den kjem sannsynlegvis allereie til helga. Det vil bli ein litt annan vri på konkurransen denne gongen, men me trur ikkje det vil hindra at me får like bra respons som me hadde denne gongen.

 

  • Spelarfest til helga (25.04.2007)

Det har no tikka inn melding til Veitastrond.com ifrå festkomiteen at den planlagde kick off festen vert arrangert til helga. Planen er at me først tek ein tur på Dolly etter tippekamptid, for så å vandra ned shell-strekka der VIL-spelarane Bjørn Molland og Geir Aardal vil vera vertskap for kvelden.

Gøran Fimreite lovar alle som møter opp at dei ikkje vil bli skuffa og vedgår at festkomiteen har laga til ei lita overrasking til dei andre; "eg trur ein del kjem til å få bakoversveis når dei ser kva me har funne på", flirer den blide fotgjengaren utan at han vil røpa noko som helst!

Endringar i treningstider

Førstkommande og neste torsdag vil treninga starta kl 21:00, medan treninga på måndag vert kl 17:30. Spelarane får heilt sikkert nærmare informasjon om dette.

 

  • Nok ein lukkeleg vinnar (24.04.2007)

Som ein ser på bilde til høgre har no Nils Tore Heggestad motteke det synlege beviset på at han var vinnar av konkurranse 2 er på Veitastrond.com. "Eg har aldri vunne noko i heile mitt liv, difor blir det ekstra moro når ein "tapar" som meg stikk av som vinnar når det gjeld som mest", uttalde den glade laksen frå Bergen.

Minnar om at siste frist for å svara på konkurranse 3 går ut i morgon. Det har so langt vore meget god respons, og vil du vera ein del av det gode selskap bør du svara så snøgt du kan!

 

  • Kick off party (23.04.2007)

På spelarmøtet forrige torsdag vart det utnevnt ein festkomitee som berre har eit mål for auge - å arrangera ein heidundrand spelarfest før me set i gang me sesongen. Denne komiteen er leia av Vidar Vadseth, og han har med seg dei to ivrige ildsjelene Per Helge Hågvar og Gøran Fimreite. Oppgåva deira er å finna eit passande lokale, eit passande tidspunkt også skulle vel resten gå av seg sjølv.

Bortsett frå avslutningsfestane har det vore dårleg med spelarfestar dei siste sesongane, og her har me verkeleg ein jobb å gjera. Det er ikkje nokon stad eit lag blir meir samensveisa enn på slike samankomstar. Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at me løyser dei fleste problema me skulle ha på bana når klokka nærmar seg halv 11 på laurdagskvelden, og ser ein på resultata i treningskampane ser det ut som eit slikt "krisemøte" er på høg tid.

Det er snakk om å arrangera festen førstkommande laurdag, men rykta går om at det passa dårleg for mange. Sannsynlegvis vert dette endeleg bestemt på treningen torsdag, men eg lagar og til ein tråd i diskusjonsforumet der kvar og ein kan komma med sine synspunkt på den kommande storsamlinga...

 

  • Flaut, pinleg og rævva fotball frå VIL (20.04.2007)

Veitastrond tapte heile 7-1 mot kommunekollega Bjørn inne i Gaupne i dag. Du kan lesa referat frå den pinlege forestillinga HER.

 

  • Referat frå spelarmøte og kamp mot Bjørn (20.04.2007)

Som tidlegare annonsert vart det i går halde spelarmøte for VIL-fotball. Eit referat frå møtet kan du finna HER.

I kveld tek Veitastrond turen inn til Gaupne for å spela mot Bjørn på grusbana deira. Dette blir 4 gongen me spelar mot Bjørn i treningskamp. I 2004 spelde me to gonger der det først vart 0-0 medan me tapte heile 2-8 andre gongen. Føre sesongen i fjor vann me overbevisande 4-1 mot raudtrøyene.

Det har diverre ikkje lukkast Veitastrond.com å komma i kontakt med Emil Heggestad om ei oppfrisking på startellever og tilgjengeleg spelartropp. Difor er det eigentleg fint lite me har å komma med av info til denne kampen. Det er venta at me kjem til å ta med oss det positive frå kampen mot Nordre Land jr og prøva å bygga vidare på det me gjorde då.

Dommar for kvelden er vår eigen Frank Heggestad. Han bles i gang kampen kl 19:30 så då er det berre for liten og stor å ta turen inn til Gaupne og løfta dei blåe fram mot årets første siger.

 

  • Oppdatering av maratontabell (19.04.2007)

Har i dag gjort noko så sjeldan som å oppdatera maratontabellen. Etter press frå brukarane (som eg er heilt samd i) har eg valgt å ta me firda-cup kampen mot Kaupanger i 2004 som VIL-fotball tapte 4-9. Dette vil seia at det offisielt no er spela 42 kampar i vår stolte historie - 41 seriekampar og 1 cupkamp. Tabellen finn du HER.

Spelarane som kan gleda seg over å få ein ekstra kamp er: Sigbjørn, Gaute, Ole Petter, Frank, Tarjei, Bjørn, Per, Emil, Geir, Arne, Richard, Steffen, Rune, Terje, Øyvind, Jonny, Lars Magne og Øystein.

Geir, Emil og Arne x2 får oppdatert målprotokollen sin medan Emil og Bjørn får kvar sitt gule kort. Altså full pott for trenar Emil Heggestad.

(vennligst gje tilbakemelding om nokon av desse opplysningane er feil)

 

  • Spelarmøte i morgon (18.04.2007)

På grunn av kamp i Storhallen vert treningen i morgon kl 21:00 i staden for 19:30. I samband med denne treninga tek me først eit spelarmøte nedpå Lægreid med start kl 19:00. Her kjem det til å komma ein del info om den kommande sesongen, samt at me må avklara litt rundt kva spelarane sjølve vil og kva ambisjonar me har. Me kjem sjølvsagt tilbake med eit fyldigt referat frå møtet, og me må og prøva å få knipsa nokre bilder av dei frammøtte.

Førstkommande fredag ligg det ann til å bli treningskamp mot Bjørn på grusen inne i Gaupne. Dette er ikkje heilt avklara, men mest truleg tek me turen og møter kommunekollegane som til dagleg spelar i 5.divisjon.

Ellers kan det nevnast at VIL-fotball er i ferd med å investera i nytt draktsett opp mot den kommande sesongen. Her vil me gjera det slik at spelarane får tilbod om anten å kjøpa eller leiga (mot depositum) kvar sitt draktsett for ein rimeleg penge. Meir info kjem etterkvart som draktene er på plass og ein foto session med vakre VIL-spelarar i ny drakt verkar naturleg å få til.

 

  • Ny konkurranse (17.04.2007)

Då er me klare til å presentera endå ein konkurranse her på Veitastrond.com.

Denne gongen skal du setta deg i bilen og vera med oss på ei sokalla reise-oppgåva. Me startar opp ein stad i nærområdet og endar opp på ein fotballstadion i fylket. Sjekk ut konkurranse 3 og sjå kor godt du kjenner ditt eige fylke.

Konkurransen finn du HER.

 

  • Vinnar av konkurranse 2 (13.04.2007)

     

Me skal ikkje halda dykk på pinebenken meir. Her kjem rett svar og vinnarane av konkurranse 2.

På den lokale nøtta skulle me fram til 10 navn fordelt på 4 søskenflokkar. Desse var

  • Frank, Øystein og Nils Tore Heggestad
  • Ole Petter og Øyvind Heggestad
  • Bjørn, Rune og Odd Einar Molland
  • Tom Idar og Even Kvam

Me fekk på denne konkurransen inn 5 svar, der 3 hadde svara riktig. Den heldige vinnaren som stikk av med ei knalltøff VIL-fotball skjurte er ingen ringare enn; Nils Tore Heggestad.

På den internasjonale nøtta var det tydlegvis vansklegare å finna fram til det rette svaret. Her fekk me og inn 5 svar der berre 1 einsleg sjel hadde svara rett. Rett svar er som følger:

  • då dommaren viste ut Kevin Moran tok han ikkje opp et raude kortet, men sto i reine Hitler stilen å berre peikte dit Moran skulle finna vegen.

Den einaste som hadde svaret på dette var sanneleg min hatt Nils Tore Heggestad som dermed stikk av med begge t-skjurtene. Me gratuelerer den super heldige vinnaren!!!

 

  • Statistikk for mars (12.04.2007)

Då kan me endeleg presentera litt statistikk for mars månad. For å sjekka ut kva som føregjekk førre månad og ikkje minst finna ut kven som var månadens spelar klikkar du deg inn HER.

Har også lagt ut ein rykande fersk treningsstatistikk som no er 100% oppdatert. Du finn den HER.

Vil og opplysa om at konkurransen vår no er avslutta og eventuelle vinnarar er allereie kåra. Men sidan eg vart så besøndale lei og vinnarar av konkurransar er fin helgeunderhaldning tek me dette i morgon. Det er altså ingen grunn til ikkje å bruka morgondagen på Veitastrond.com.

 

  • Oppdatert treningsstatistikk (11.04.2007)

Lenge sidan treningsstatistikken har vorte oppdatert, og dette har sjølvsagt skapt eit enormt trykk frå spelarane og brukarane av denne sida. Folka i redaksjonen til Veitastrond.com blir stoppa på gata og oppringt til alle døgnets tider. Alle vil ha svar på kva som skjer med treningsstatistikken, og svaret det får du HER. Diverre så manglar eg tala frå ei trening, men desse skal vera rett rundt hjørna...

Konkurranse 2 nærmar seg no slutten. Svarfrist er i dag, men sannsynlegvis vil det vera mogleg å svara fram til i morgon tidleg. So langt har det vore skremmande dårleg oppslutnad rundt denne konkurransen, og dei ansvarlege for konkurransen må nok ha eit møte om korvitt dei skal halda fram med å klekka ut nøter for dei besøkande på Veitastrond.com. Til dei som ikkje har svart på konkurransen (det vil seia dei fleste) har me berre ei oppmoding; svar på konkurransen før svarte svingande!

 

  • Attende frå påskeferie (09.04.2007)

Då er redaksjon i Veitastrond.com komne tilbake frå ein lengre påskeferie. Har vore fint lite med oppdateringar her sidan slutten av mars. Dette skuldast at eg ikkje har hatt så stor tilgang til computeren, samt at det strengt tatt ikkje har skjedd ein døyt rundt VIL-fotball i påsken.

På Veitastrond har det stort sett gått i eitt med ulike arrangement i påska, og her har enkelte spelarar frå VIL hatt ei sentral rolle i det meste som har skjedd. Spesielt Emil Heggestad har gjort ein eineståande dugnadsjobb under heile påska. Han har vore med å arrangert palmerevy, basar, påskefest, påskerenn og bingo, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at han hadde ein finger med i spelet under gudstjenesta på langfredag og.

På laurdagens tradisjonsrike påskerenn stilte 3 VIL-spelarar til start. Her kan ein slå fast at Bjørn Molland knuste Frank Heggestad og Richard Nes rimeleg langt ned i støvlane. Bjørn gjekk på ca 16 min medan dei to andre kom dinglande etter på 20 talet ein stad. Til neste år lovar både Frank og Richard at det skal bli andre bollar....

Responsen på den siste konkurransen vår har solangt vore laber. Fristen går ut på onsdag og her håpar me at flest mogleg leverer inn sitt forslag snarast. Gjer merksam på at det er to separate konkurransar, og ein treng ikkje svara på begge.

VIL-fotball har framleis ferie og startar opp igjen med trening på torsdag. Då reknar me med at så godt som alle mann alle møter opp på trening. Ein som likevel ikkje kjem er nok Richard Nes. Han vil venta endå ei veka med å trena fotball etter at han braut nasen for 2-3 veker sidan. Alt gjekk nemleg ikkje som det skulle då han skulle retta opp igjen nasagreve og både nasen og heile ansiktet har forskyvd seg. Du kan sjå eit bilete av det "nye" andletet til Richard HER.

Me kjem tilbake med den etterlengta statistikken for mars i ein av dei nærmaste dagane. Manglar noko opplysningar for at denne kan gjerast ferdig nett no...

 

 

NYHENDEARKIV

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com