Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

   ARKIV; April 2008

  • Oppsummering av sesongoppkøyringa (30.04.08)

I går kveld gjennomførte Veitastrond Fotball si siste treningsøkt før alvoret byrjar på fredag mot Breimsbygda. Me ser i dag litt tilbake på sesongoppkøyringa med tal og statistikkar, samtidig som me og ser litt fram mot seriestart. 

Les meir HER

I samband med sesongoppkøyringa har Veitastrond sin store poet Emil Heggestad laga eit dikt om motstandarane våre, som du kan lesa HER

Om ikkje det var nok kan du og finna ein rykande fersk treningsstatistikk HER

 

  • Sesongkort + scoringsklubb (29.04.08)

Det er i dag ca to veker til me spelar fyrste heimekamp 14.mai. I den anledning er det på tide for fansen å tenka på å kjøpa seg sesongkort og å melda seg inn i scoringsklubben. I år har me følgande tilbod;

  • Inngong til enkelt kampar; kr 40,- (det er i alt 7 heimekampar)
  • Sesongkort; kr 200,- (dvs 2 kampar gratis....."da e gratis kara")
  • Familie; kr 300,- (foreldre + ungar under 18 år)
  • Born under 12 år; gratis
  • Scoringsklubb; kr 10,- pr mål Veitastrond scorar på Leikvoll Stadion

Dersom du ynskjer å nytta deg av eit av desse tilboda anbefalar me å bestilla i god tid. Det vil bli lagt ut lister på Matkroken, eller du kan senda ein mail til admin@veitastrond.com. Det er og mogleg å bestilla via telefon, du ringer då til oppdama vår Hildegunn Heggestad på tlf; 91 59 02 88 (dersom du ikkje skal bestilla noko, men berre vil slå av ein prat så går sikkert det bra og...)

 

  • Våre sponsorar (27.04.08)

Som den oppmerksame brukar fekk med seg når han logga seg inn på Veitastrond.com i dag, så har me endra litt på framsida vår. Dette er naturlegvis for å få fram sponsorane våre for vårt publikum. Har jobba ein del med å få dette til å sjå nogenlunde greit ut designmessigt, og vart vel bra nøgd med resultatet. Likevel skulle det vera lett å sjå at dette ikkje er gjort av proffensjonelle, men det får så vera. (kom gjerne med tilbakemeldingar, tips og råd)

Det at sponsorane våre får ein sentral plass på heimesida vår er sjølvsagt viktigt både for dei, som sjølvsagt vil ha sitt navn profilert når dei sponsar oss, men det er og viktigt for oss i VIL-fotball å syna fram kven det er som er med på å gjera drifta av klubben muleg. Utan den støtta me får frå sponsorane våre kunne me ikkje ha dreve fotballklubb på Veitastrond i dag.

Alle sponsorar, både store og små, er sjølvsagt like viktige for oss. Likevel er me ekstra glade for at vår hovusponsor Luster Sparebank går inn så sterkt som dei gjer, og i år har me fått til ein endå betre avtale med dei enn tidlegare. I tillegg til Luster-Sparebank skal det og takast med at Lægreid Hotel og FS-Anlegg begge har gått inn med betydelege summar i klubben, og me er utruleg glade for at to bedrifter som eigentleg ikkje har så mykje med Veitastrond å gjera vil vera med å støtta fotballklubben vår så mykje.

Det er og godt å sjå at mange småbedrifter tek seg råd til å vera med oss på laget og. Me er utruleg glade for all den støtta me har fått denne sesongen, og me er imponert over kor villige så godt som alle bedrifter me har snakka med er på å støtta opp om lokalfotballen.

Til saman har me fått inn nesten 50.000,- i sponsorkroner, og det seier seg sjølv at desse pengane er gull verdt for ein liten klubb som oss!

Me rettar ein stor takk til sponsorane våre, og me oppfordrar sjølvsagt alle våre fans om å nytta seg av deira tilbod!

 

  • Kaupanger 2 - Veitastrond 2-2 (26.04.08)

Det var ein rekordstor tropp som reiste dei 6 mila frå Veitastrond til Kaupanger i dag. Heile 19 mann var tilgjengelege, noko som er svært gledeleg når det no nærmar seg seriestart.

Les meir om kampen HER

Sidan vevansarleg ikkje var tilgjengeleg har Frank Heggestad teke på seg oppgåva å skriva referat. Me takkar han, men beklagar at referatet er noko uredigert og bildelaust...

 

  • Før kampen; Kaupanger 2 - Veitastrond (25.04.08)

I morgon spelar Veitastrond sin generalprøve før 5.divisjonssirkuset sparkast i gang neste fredag. Denne gongen tek me turen til Kaupangerskogen, for å spela mot vår divisjonskollega Kaupanger 2. Omtrent på samme tid i fjor tapte me 2-8 i tilsvarande oppgjer så me burde ha litt å revansjera i denne kampen.

Les meir om kampen HER

 

  • Gårsdagens spelarmøte (22.04.08)

Det vart i går kveld halde eit spelarmøte for VIL-fotball. Viktige saker me gjekk gjennom her var opplegg for vårsesongen, val av kaptein, visekaptein og tillitsvald og ikkje minst ambisjonar for sesongen 2008. Møte gjekk føre seg utan nokon form for dramatikk, og spelarane virka til å vera nøgde med det meste som hovudtrenar Emil Heggestad hadde på hjarta. 

Les referat frå møtet HER 

møtet i går vart det diskutert litt om korleis opprykk og nedrykk fungerar i årets 5.div. Dette har me sjekka ut, og reglane er som fylgjer;

  • dei to avdelingsvinnarane rykker rett opp i 4.divisjon
  • dei to sisteplassane rykker rett ned 6.divisjon
  • dersom ingen lag rykker opp frå 3. til 2.divisjon så rykker det dårlegaste av dei to 7`ar laga i dei to 5.div avdelingane ned.

Altså er me sikra plassen dersom me vert nummer 6 eller betre.

 

  • Spelarmøte i kveld (21.04.08)

I kveld kl 18:00 vert det halde spelarmøte for VIL-fotball. Møte vil halda stad på Lægreid Hotell, og dei viktigaste sakene me vil gå gjennom er opplegg for vårsesongen og ambisjonar for sesongen 2008. Oppfordrar samtlege spelarar om å møta opp.

Me kjem tilbake med eit referat frå møtet i morgon.

Kan ellers nevna at trening denne veka berre vert på onsdag kl 19:00. Hadde i utgangspunkt håpa å trena måndag og torsdag, men ser ikkje ut som me klarar å skaffa oss bana til desse dagane. Tysdag kl 21:00 utgår grunna Champions Leauge på fjernsynet.

 

  • Kurt Heggestad er klar for spel (20.04.08)

Etter litt fram og tilbake er no Kurt Heggestad endeleg klar for spel for Veitastrond. 

Les om den dramatiske overgangen HER

Dagens profil er ein til dagleg traust kar frå Sogndalskvam, men som av og til går rundt og tøffar seg og kallar seg Fronaldo. Eigentleg heiter han Frode Kvam, og han er lagets nye gjøglemakar. Sjekk ut profilen hans under Spelarane i menyen ovanfor.

 

  • Dagens profil + treningsstatistikk (17.04.08)

Dagens profil er ein av dei tre musketerer - Morten Hagen. Lenge sidan me har presentert nokon spelar no, og dette skuldast at me ikkje har fått inn nokon profilar i det siste. Me oppfordrar dei 5 som ikkje har levert om å gjera dette i nær framtid.

Treningsstatistkk

Har og lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk, som du kan finna HER

Even Kvam meldt forfall for fyrste gong i år på gårsdagens trening, og det er ikkje lenger nokon som står med 100% oppmøte. Kan og takast med at det berre var 9 mann som møtte opp på trening på kunstgraset på Kaupanger i går. Dei 9 gjennomførte ei god gamaldags råtaøkt, og samtlege vart premiert med 2 poeng for sitt oppmøte! Me ser no at Even sitt forsprang har skrumpa ned til 3 poeng, og det er på ny litt spenning i toppen.

 

  • Balestrand - Veitastrond 3-2 (15.04.08)

Eit Veitastrond lag som mangla mange spelarar tapte fullt fortent 3-2 mot Balestrand på Kreklingen Stadion i dag. VIL-fotball kom aldri i gang i dag, og tapte for eit heimelag som synte ei langt større vilje til å vinna kampen enn det me gjorde.

Les alt om kampen HER

 

  • Før kampen; Balestrand - Veitastrond (14.04.08)

Veitastrond spelar i morgon sin nest siste treningskamp før alvoret brakar laust. Denne gongen tek me turen over fjorden for å spela mot Balestrand på deira eminente kunstgrasbane.  

Les meir HER

 

  • Klargjering av Leikvoll Stadion (13.04.08)

Snø er sjeldan mangelvare på Veitastrond, og pr dags dato er vår kjære heimebane Leikvoll Stadion dekt av ca 1,5 meter med snø. I helga var ein ivrig dugnadsgjeng på plass på Leikvoll for å molda bana, og dermed gjera smelteprosessen så kort som muleg. 

I morgon er det akkurat 1 månad til me spelar fyrste seriekamp den 14.mai, og det blir eit kappløp med tida med å få bana klar til då.

Les meir HER

 

  • Vårsesongen ryk truleg for Vidar Vadseth (12.04.08)

Etter å ha gått med smerter i kneet den siste tida, har Veitastrond sin bautaspiss Vidar Vadseth, no fått påvist det som truleg er ein skade i menisken. Med dette er Vidar truleg satt ut av spel for heile vårsesongen, noko som er utruleg bittert både for Vidar sjølv og for VIL-fotball.

I fjorårsesongen var Vidar lenge med å kjempa om toppscorartittelen, og i følge han sjølv ville han og ha kapra denne dersom han hadde fått meir speletid. Til slutt enda han opp med 9 mål på 11 kampar. I år har Vidar trena knallhardt og vore innstilt på å spela seg til fast plass og trona øverst på toppscorarlista ved sesong slutt - no blir nok dette vanskeleg for Vidar.

Til Veitastrond.com seier ein tusken Vidar; "Utruleg bittert å få denne skaden så tett mot seriestart. Sidan januar har eg lege i hardtrening og kosthaldet har stort sett bestått av salatblad og vatn. No blir det mange timar med oppattrening som står på programmet i staden for seriekampar, for min eigen del er det utruleg surt"

Vidar trur imidlertid ikkje at laget kjem til å bli så prega av skaden hass, og han er sikker på at måla kjem til å hagla inn sjølv utan han på bana; "ja, så lenge Richard Nes er skadefri er eg ikkje mykje bekymra for at me skal lida av måltørke..."

VIL-fotball ynskjer Vidar god bedring, og me vonar å sjå deg attende på fotballbana om ikkje lenge.

 

  • Hafslo - Veitastrond 2-6 (09.04.08)

Då har me referat frå heile kampen klart + eit større bildegalleri. Me takkar Pelle for hjelpa, og vonar han kjem tilbake med fleire referat i løpet av sesongen!

Veitastrond vann i dag heile 6-2 borte mot Hafslo på grusbana i Moane etter at dei leia 3-0 til pause.

Til å skriva dette referatet har me vore så heldige å få med oss Per Helge "Pelle" Hågvar. Alle hugsar nok dei fantastiske referata han skreiv i perioden 2004-2005, og me lovar at han framleis har sine eminente skriveferdigheter inntakt.

Alt om kampen, og litt til, kan du lesa HER

 

  • Før kampen; Hafslo - Veitastrond (07.04.08)

Ikkje før har me komme til oss att etter helgas kamp mot Vik så brakar det laust igjen i morgon kveld. Då tek VIL-fotball turen nedom Soget for å spela mot vår argaste konkurrent Hafslo på grusbana i Moane.

Les meir HER

 

  • Treningstatistikken (06.04.08)

Etter stort trykk frå spelarane har me no lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk som du finn HER

Her ser me at Even Kvam tronar åleine på topp med 25 poeng, og han er heile 4 poeng føre nestemann. Bak han er det meir jevnt, og det skil berre 2 poeng frå nummer 2 til nummer 7. Det er no berre Even Kvam og Jan Erik Bøyum som har vore på samtlege 13 treningar og står bokført med 100% oppmøte.

Spelarne fekk seg ei overrasking på forrige trening då trenar Emil Heggestad valde å dela ut heile 3 poeng til enkelte. Med først ei vanleg speleøkt med to lag, også 4 mot 4 og 3 lag på slutten kunne spelarane plukka med seg 3 vedifulle poeng. Ikkje overraskande var treningsfantomet Even Kvam ein av dei som klarde det, og med seg fekk han Kim Andre Navarsete som og kunne jubla for full pott denne kvelden. Resten av dei oppmøtte måtte nøya seg med 1 og 2 poeng.

Me har vore så heldige å få tak i vevansvarleg Richard Nes, og han har følgande kommentar til 3 poengare; "Dette er fyrst og fremst oppsiktsvekkande, og Emil bryt heilt klar ein barriere her. Eg vonar 3 poeng kun vert delt ut ein sjeldan gong, då eg meinar at dette gjer til at prestasjonane på trening veg tyngre enn oppmøte, og då kan litt av hensikten med statistikken falla bort. Sjølv ville eg ikkje ha gjort dette, men eg er likevel med på at det er viktig å fornya seg og kanskje vert dette berre ei ekstra bonus for spelarane som gjer at det vert endå meir attraktivt å møta på trening. Utvilsamt ein spanand dag i treningsstatistikken si historie"

Frank Heggestad, som fekk med seg 2 poeng hadde følgande kommentar; "Dette er viss vas frå ende til an. Her reiser eg heim med 2 poeng i sekken, men føler meg likevel som ein tapar. På tide at trenarane skjerpar seg!!!"

Ny lenk

Under Lenker i menyen ovanfor har me lagt til ein lenk til Vik sine nye heimesider. Sida ser meget bra ut, og du kan blant anna lesa eit fyldig referat frå gårsdagens treningskamp...

 

  • Vik - Veitastrond 6-1 (06.04.08)

Veitastrond tapte i går 1-6 mot Vik. Etter ein god 1.omgang der stillinga var 0-0, så rakna VIL totalt i 2.omgang. For vår del må me og sjå at berre 12 mann var med i går, og med ein stall på 25 mann vert det i knappaste laget. 

Les referat frå kampen HER

 

  • Før kampen; Vik -Veitastrond (04.04.08)

Veitastrond tek i morgon turen over fjorden for å spela mot 4.divisjonlaget Vik. Diverre har me fått ein del forfall til denne kampen, så det er ein noko slunken tropp me te med oss. Det positive me det er sjølvsagt at me sparar nokon kroner på ferja.

Les meir HER

 

  • Statistikk for mars (03.04.08)

Har laga til tal og statistikkar for mars månad.

Les meir HER

 

  • Frode Kvam er klar for Veitastrond (02.04.08)

Etter å ha trena med VIL-fotball i heile år ha no Frode Kvam teke den endelege beslutninga om at han spelar for oss den kommande sesongen. Den tidlegare Kaupanger og Fjøra spelaren kan nyttast både som spiss og på vingen, og vil utvilsamt bli ei solid forsterking for Veitastrond i 5.divisjon. 

Les meir HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com