
Veitastrond Fotball tek i morgon fatt på det som i vår målestokk kan kallast ei amerikareise. Me skal reisa så langt nordvest som me kjem i fylket vårt, nett streifa innom Møre og Romsdal og forhåpentlegvis endar me opp i Selje. Lengre enn dette kjem me truleg aldri til å reisa på ein bortekamp, men det er gjerne like greitt å gjera seg ferdig med dette no på våren. Som trøst får me tru at det kanskje vert endå verre for Selje når dei skal forvilla seg fram i strandavegen ein gong utpå hausten. Når det gjeld det fotballmessige skulle dette og vera grunn til å frykta då Selje rykka ned frå 3. divisjon i fjor og er blant favorittane til å "kuppa heile driden" i årets 4.divisjon. Med all sannsynleg så kjem me altså heim i morgonkveld etter ein 12 timars tur, godt bilsjuke og med 0 poeng i sekken...sitt slikt dao mann??
Les meir HER

I ein kamp i 4.divisjon i kveld vann Lærdal heile 6-0 heime mot Syril. Dette lyt me seia var meget overraskande, og det er so langt vanskeleg å seia kven som vil kjempa i toppen og kven som vil kjempa i botn av årets 4.divisjon.
Lærdal starta med tap mot oss i fyrste kamp og ein knepen siger mot nedrykksdømde Eid 2, men overbeviste altså stort i kveld. Lærdølene har dermed no blanda seg inn i tetstriden i divisjonen. Syril på si side tok med seg eit sterkt poeng borte mot Skavøypollen i fyrste serieomgang, men har falle i saman dei to neste kampane og tapt med samla målskilnad på 0-9. Dermed må systrendingane bu seg på å ein kamp for å komma seg ut av nedrykkssumpen framover...
Oppdaterte tabell
Me har no omsider oppdatert tabellen og spelarstatistikkane under Årets Sesong i menyen ovanfor.
Spelarprofilar
Har lagt ut profilane til Erlend og Vidar.
Me manglar då spelarprofilane til Geir, Øivind, Bjørn, Emil, Jan Erik, Kurt og Øystein. Me ber dykk om å levera desse snarast slik at me får dette ut av verda...

Eit tamt og til tider tafatt Veitastrond lag tapte i dag 5-3 mot unggutane på Førde 2. Tapet var fullt fortent og VIL scora sine to siste mål heilt mot slutten slik at me i det minste fekk pynta litt på resultatet. I dag var me ikkje med frå start av, og då held det diverre ikkje mål i dette selskapet. Gløden og entusiasmen frå Lærdal kampen var i dag ikkje til stades, og difor reiste me i dag heim frå Førde med 0 poeng og 5 baklengs i sekken.
Les meir HER
Andre resultat frå 4.divisjon i dag;
Selje - Dale 1-1
Syril - Askvoll/Holmedal 0-3
Årdal 2 - Skavøypoll 5-4
Endeleg klart for ny seriekamp, og Veitastrond Fotball er ute etter å visa at sigeren mot Lærdal ikkje var eit blaff. I morgon går turen til fylkeshovudstaden, for å måla krefter mot Førde sine nestbeste.
Les meir HER
Kan ellers ta med at Saga i går vann 5-2 mot Sandane .

Veitastrond sine ambisjonar i årets 4.divisjon har blitt hardt råka etter at vår spelande hovudtrenar Emil Heggestad har pådrege seg kyssesjuka, og kjem truleg til å gå glipp av heile vårsesongen. Med dette må me altså klara oss utan ein av våre viktigaste brikker i laget, men forhåpentlegvis vil han halda fram 100% som trenar. Synd for Veitastrond Fotball, men sjølvsagt verst for hovudpersonen sjølv som no må halda seg unna både fotball, skule og jobb i lang tid framover.
Les meir HER
Jogging
NB!! Hugs jogging i dag!

Veitastrond.com har ikkje hatt anledning til å oppdatera heimesida dei siste dagane, og i løpet av denne tida har det vore spelt ein del kampar i vår 4.divisjon. Dei fleste har sikkert allereie fått med seg resultata, men me tek dei likevel med her;
Sandane - Årdal2 3-2
Førde2 - Selje 0-1
Eid2 - Askvoll/Holmedal 1-7
Skavøypollen - Syril 2-2
Dale - Saga 2-0
Eid 2 - Lærdal 2-3
Med desse resultata er det Askvoll/Holmedal som har teke føringa i årets 4.divisjon etter at 1.runde er ferdigspelt, og 2.runde allereie er i gang. Oppdatert tabell finn du under Årets Sesong i menyen ovanfor.
Gjesteboka
Har vore ein feil i gjesteboka vår den siste tida slik at me ikkje har fått sett meldingane. Dette er no ordna opp i og gjesteboka ser ut til å fungera 100% igjen...
Det har vore mykje fram og tilbake angåande tidspunkt rundt vår neste seriekamp borte mot Førde 2.
Kampen var opprinneleg satt opp på søndag 26.april, men på terminlistemøte så vart datoen satt til onsdag 22., men så ville Førde ha den på torsdag før dei igjen bytta den til onsdag. Så ville me ha den på tysdag i staden, men Førde kunne ikkje garantera at dei hadde bane og kampen kunne då i verste fall bli spelt på torsdag.
Enda på visa er no at endeleg dato faktisk ser ut til å bli søndag 26.april - altså slik den opprinneleg var satt opp. Dermed er det ei heil veke til vår neste seriekamp, og me lyt nytta den kommande veka til å øva oss godt.

Då Richard Nes i går bomma på straffe midtveges i 1.omgang mot Lærdal, så øydela han ikkje berre VIL sine sjansar til å gå opp i leiinga på det dåverande tidspunktet. Han øydela og ein imponerande statistikk som har vore med Veitastrond sidan oppstarten i 2004.
Straffen me fekk i går var den 20. me nokon gong har fått og var faktisk den fyrste me nokon gong har bomma på.
Dermed må truleg Richard, som har vore fast straffetakar dei siste åra no gje ifrå seg stafettpinnen til neste mann på lista. Det er ei nådelaus verd me lev i...
Arne i 50

Gårsdagens kamp var eit stort jubileum for VIL sin muskelmann Arne Nes. Han spelte nemleg sin 50. kamp for Veitastrond i går kveld.
Han vert den 6. spelaren som oppnår dette antall spelte kampar for klubben. Neste mann ut vert truleg Even Kvam som no står med 48 kampar for Veitastrond.
Som ein oppmerksamhet for å ha runda 50 kampar mottok ikkje Arne Nes noko frå klubben.
Tabellar og statistikk
Under Årets Sesong i menyen ovanfor har me oppdatert tabell og spelarstatistikkar frå gårsdagens kamp.
Her er det berre å nyta synet som møter dykk, for Veitastrond ligg pr dags dato på tabelltopp i 4.divisjon.

Veitastrond sine staute menn fekk ein pangstart på sin tilværelse i 4.divisjon då dei i dag vann 3-2 borte mot Lærdal i seriepremieren. I ein jamn og tett kamp kom Veitastrond tilbake frå 1-2 og det var ikkje noko å sei på når Vidar Vadseth vart den store helten med si 3-2 scoring midtveges i 2.omgang. Kampen i dag var ein skikkeleg arbeidssiger og alle mann gjorde ein kamp. Det er godt å no endeleg vera i gang med seriespelet, og endå bedre å sjå at me har noko å gjera i 4.divisjon. Ein godt start på det som skal bli ein usedvanle lang og ikkje minst morosam sesong.
Les meir HER
Skal oppdatera tabellar og statistikkar i morgon.
Gjesteboka
Ser ut om det er eit problem i gjesteboka som gjer at me ikkje får sjå nokon av meldingane. Reknar med at dette ordnar seg berre den får litt tid på seg.
Har rabla ned eit lite referat frå kveldens spelarmøte.
Les meir HER

Endeleg er ventetida over og me gjer oss for alvor no klare til seriestart. Etter ein lang treningsvinter tek me i morgon turen over fjorden til Lærdal for å spela vår fyrste kamp nokon gong i 4.divisjon. No skal alt det me har øvd oss på i vinter slå ut i full blomst slik at me forhåpentlegvis kan reisa heimatte med poeng i sekken i morgonkveld. Frå Veitastrond leiren meldast det om ein nesten fulltallig tropp, men med eit par-tre usikkerhetsmoment. Uansett trur me at me skal stilla mannsterke opp og gjera ein god innsats for bygd og fedreland.
Les meir HER
Spelarmøte
Minnar om spelarmøte i kveld kl 20:00 heime hjå Hildegunn. Viktig at alle mann møter opp her og er med å diskuterer den kommande sesongen.
Me ber og dei spelarane som endå ikkje har betalt treningsavgifta om å ta med kr 1.600,- i kontant.
Kan de ikkje vera så snille å gjera opp for dykk slik at me slepp å masa meir om dette? Har visst nok av andre ting å bruka tid på i denne klubben....
Kjem muligens attende med eit kort referat frå dette møtet seinare i kveld. Me får sjå kva me orkar.

Det nærmar seg seriestart og i den anledning har me koka i saman nokre artiklar fram mot seriestart. Hadde tenke å skriva litt til, men vart plutseleg noko so inni hampen lei. Vert vel nok skriving utover sesongen.
Sjå ein oppsummering av årets pre-season HER
Sjå kva 3 faktorar me trur vert avgjerande i årets sesong HER
Sjå vårt tabelltips for 4.divisjon 2009 HER
Veitastrond sendte ikkje akkurat noko varsku her til dei andre laga i 4.divisjon, då dei i dag tapte heile 1-5 mot Hafslo i generalprøven. Etter ein ok start så fall laget totalt i saman, og ein kunne like gjerne plassert 11 hesjastaurar ute på bana den siste timen i staden for blåkledde spelarar. Ein forferdeleg kamp av VIL som er så dårleg gjennomført at me ikkje ein gong orkar å vera skuffa.
Les meir HER
Det tok oss 6 lange år, men no endeleg har me oppnådd eit av klubben sine store mål - Veitastrond Fotball er kommen på oddsen. Det er det anerkjente bettingselskapet Nordicbet som no opnar for spel på 4.divisjonen i Sogn og Fjordane. Dette til stor glede for alle våre spelegale supportarar, som me veit det er mange av...
Les meir HER

I likhet med andre kjende skikkelsar er det no og tid for Veitastrond.com å stå opp att frå dei døde, eller skal me heller kalla det frå påskedvalen.
Fint lite har skjedd rundt det sportslege i VIL-fotball i påsken og spelarane har sjølv hatt ansvar for å halda formen ved like. No er imidlertid ferien over og allereie på fyrste arbeidsdagen er køyret i gang igjen. I morgon tek me nemleg turen ut på Kaupanger for å spela treningskamp mot vår erkefiende Hafslo, i det som for vår del vert sjølvaste generalprøven føre alvoret brakar laust. No skal siste finpussen leggast på verket slik at lærdølene verkeleg skal få kjenna seriestarten på kroppen fredagskvelden...håpar me.
Les meir HER
Spelarmøte
Gjer ellers spelarane merksame på at det vert eit spelarmøte anten på onsdag eller torsdag.
Agendaen på dette møtet vil vera ambisjonar, val av kaptein, treningsavgift, ymse, anna +++
Meir info om tid og stad kjem truleg i garderobeanlegget ute på Kaupangerskogen i morgon.

Veitastrond har i dag fått på plass ein siste treningskamp mot Hafslo før alvoret brakar laust.
Kampen vert spelt på kunstgraset på Kaupanger tydsag 14.april kl 18:15.
Slik det ser ut no så vert dette einaste gongen at laget vårt samlast før seriestarten mot Lærdal den 17.april.
Me er difor utruleg glade for at Hafslo stilte opp til denne kampen, og gjer oss naudsynt kamptrening.
Grunna stort mannefall er dagens trening avlyst... god påske!

Minnar våre spelarar om at det vert trening i Hallen i kveld kl 19:30.
Treninga i morgon utgår.
Spelarprofilar
Har lagt ut spelarprofilane til Richard, Kim Andre og Åsmund.
Me er med dette tomme for spelarprofilar. Dvs at me har lagt ut 13 av 22 spelarar, men dei resterande 9 har endå ikkje levert sin spelarprofil til oss.
Treningsavgift
Er ikkje så mykje bedre på denne fronten heller, faktisk langt verre.
Etter ca 2 månader med hyppig purring har til no berre 10 av 22 spelarar betalt. Dette vil seia at klubben har uteståande kr 19.200,- på treningsavgifta. Dette er pengar me har bruk for og som me har budsjettert med for 2009.
Me ber om at kvar enkelt av dei spelarane som ikkje har betalt går i seg sjølv og gjer den einaste utanomsportslege plikta dei har for denne klubben og betalar treningsavgifta sporenstreks.
Til dei som endå ikkje har betalt 2008 heller byrjar det no å bli relativt latterleg oppførsel...
Det er april, påskeferie og livet smilar til nokon og ein kvar om dagen. Likevel vel me å ta eit lite tilbakeblikk på forrige månad, og gjer dykk her ein oppsummering frå mars.
Les meir HER
Har i tillegg lagt ut spelarprofilen til Øyvind Lien.
Minnar om ekstratrening i Storhallen i kveld kl 19:30.
Joggeøkta går dermed ut i dag...

Fjorårets visekaptein Kim Andre Navarsete er no attende i trening, og me reknar me at han er kampklar etter påske.
Det var rett før jul at Kimmy var uheldig og fekk brot i handleddet. Etter den tida har han vore både sjukmeldt frå jobb og borte frå fotballen. Han har ikkje vore involvert i nokon av treningskampane våre, men har etterkvart fått med seg ein del av treningane. Spesielt på joggeøktene har Kim Andre vore meget aktiv.
I følge våre rapportar er han no byrja å jobba igjen, og når han får påskeferien på seg så reknar me med at han er klar til seriestart mot Lærdal 17.april.
I tillegg kan me nevna at Geir Aardal og er tilbake for fullt etter eit par veker på sidelinja med ein strekk på baksida av låret. Med Gerrisn og Kimmy attende på laget skulle me då vera fulltallige når me tek turen over fjorden for å spela mot lærdølene.
Dette lovar godt de....