Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; April 2010

  • WOOPIE, BAPPIE DOOH! Veitastrond - Syril 6-0 (29.04.10)

Det vart ein festkveld av dei sjeldne for Veitastrond Fotball då dei vann heile 6-0 i kveldens lokaloppgjer mot Syril. Heimelaget var best i alle kampens fasar og syrstrendingane noterte seg knapt nok for ein einaste målsjanse heile kampen i gjennom. I dag var det 5 ulike målscorarar foross, og dette var framfor alt ein lagsiger der alle var med å bidrog. Det er liten tvil om at VIL-fotball flyr høgt om dagen der me står med 3 strake sigrar og tabelltopp i 4.divisjon. Dette er ei karamell me skal unna oss å nyta ei stund framover og me treng eigentleg ikkje fokusera det grann på neste kamp endå. Truleg var dette den mest dominerande kampen me har spelt eigentleg Syril gå direkte i dusjen etter kampen, for avkledninga hadde Veitastrond allereie teke seg av...

Les meir HER

Veitastrond toppar no tabellen. Dette burde me sjølvsagt ha fått dokumentert her på Veitastrond.com, men enn så lenge er statistikken delen vår sovande. Skal prøva å fiksa opp i dette snarast...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Syril (28.04.10)

Då er det klart for årets fyrste heimekamp for Veitastrond, men me lyt diverre skuffa dei som no gler seg til å ta turen til Leikvoll Stadion. Snøen er knapt reist, bana langt ifrå klar og me lyt difor spela denne kampen på Hafslo. Ikkje det at det har noko å seia for tenningsnivået og viljen til å vinna morgondagens lokalderby mot Syril, for det er eit heiltent VIL lag proppa av sjølvtillit som entrar bana i morgon. Friskt i minne frå fjoråret har me to sure tap mot syrstrendingane og me tykkjer det er på tide at det er dei rettmessige strendingane som vinn denne kampen no. Veitastrond går til kampen med 100% uttelling så langt, og me kryssar fingrar for at dette held seg etter den 3.serierunden òg.

Les meir HER

Me har akkurat fått melding om at Kaupanger i dag slo Årdal2 3-2 inne i Årdal. På måndag spelte dei samme årdølene 3-3 borte mot Saga...

 

  • Skavøypoll - Veitastrond 1-2 - REFERAT (26.04.10)

Veitastrond tok nok ein sterk bortesiger i går etter at Skavøypoll vart satt på plass med 2-1. Dermed står framleis VIL med full pott etter to serierundar, og me har no tatt like mykje poeng på to kampar som me gjorde på heile vårsesongen i fjor, eller like mykje poeng på to bortekampar som på heile fjoråret. Gårsdagens siger var av det mindre pene slaget, men det gjorde ikkje så mykje når Kurt Heggestad satte inn vinnarmålet etter 89 minutt. Ein flott start på sesongen, og måtte det berre halda fram slik...

Les meir HER

Andre kampar i 4.divisjon i går;

Kaupanger - Selje 0-0

 

  • Skavøypoll -  Veitastrond 1-2 (25.04.10)

Veitastrond vann i dag 2-1 borte mot Skavøypoll etter at Kim Andre og Kurt scora måla for VIL. Veitastrond leia 1-0 til pause, før Polljen utlikna tidleg i 2.omgang. 1 minutt før slutt avgjorde Kurt kampen til stor jubel for Veitastrond.

Eit fyldigare referat frå kampen kjem anten seinare i kveld, eller muligens i morgon. Me anbefalar i mellomtida å ta ein tur innom Haugen Fotball sine heimesider, der du kan sjå flotte bilder frå denne kampen.

 

  • Før kampen; Skavøypoll - Veitastrond (24.04.10)

Etter sigeren mot Gaular i fyrste kamp er det no klart for 2.serierunde. Med 3 poeng i sekken er det eit Veitastrond lag som kan ta den lange turen opp til Skavøypoll med senka skuldrar, og med visshet om at livet ikkje fell i grus om dette skulle gå den gale vegen. Diverre er det mykje folk på fråværslista, men dette hindrar ikkje dei 13-14 spelarane som reiser opp om å vera sterke i trua på 3 nye poeng. Fjorårets tap i polljen var surt, og i år er det klart for revansje...kanskje.

Les meir HER

To kampar i 4.divisjon i går;

Lærdal - Førde2 1-0

Askvoll/Holmedal - Eikefjord 0-3

 

  • Gaular - Veitastrond 3-4 (20.04.10)

Etter ein begredeleg fyrste omgang der heimelaget Gaular gjekk til pause med 3-0 leiing så skulle seriepremieren etterkvart bli ein minnerik affære for Veitastrond Fotball. I løpet av dei siste 20 minutta i 2.omgang snudde VIL kampen og då Helge Skjælaaen satte inn 4-3 eit par minutt på overtid så gjekk dei blåkledde naturleg nok av hengslene. Ein framifrå start på årets sesong og det er slike sigrar som smakar litt ekstra godt. Bortsett frå Helge så var det den heimvendte sonen Frode Kvam som vart den store helten med ekte hattrick på under 20 minutt mot slutten av kampen.

Les meir HER

Redaksjon i Veitastrond.com har litt dårleg tilgang på nett for tida så oppdatering av tabellar og statistikkar vil nok vera deretter i den nærmaste framtida...

 

  • Tabelltips 2010 (19.04.10)

I det me gjer oss klar til årets fyrste seriekamp gjer me dykk vår korte og ufyldige vurdering av laga i 4.divisjon, og korleis me trur det endar til slutt.

Les meir HER

Me oppfordrar våre spelarar, fans og motspelarar om å komma med sine tabelltips i gjesteboka!

 

  • Erlend (19.04.10)

I før kampen som me skreiv i går gløymte me å ta med Erlend Hagen på laget. Han er med og startar på benken. Me reiser dermed med ein stall på 18 mann, og ikkje 17 som me skreiv i går.

Kampar i 4.divisjon i helga;

Førde 2 - Syril 6-0

Selje - Lærdal 2-4

Skavøypoll - Askvoll/Holmedal 2-1

Eikefjord - Saga 1-2

 

  • Før kampen; Gaular - Veitastrond (18.04.10)

4.divisjon har for alvor rulla i gang denne helga og i morgon er det endeleg Veitastrond sin tur til å byrja årets sesong. Då set me oss godt til rette og bilar ein tur opp i Sunnfjord, nærare bestemt Sande for å spela mot nyopprykka Gaular. Etter ein ikkje alt for lang og hard treningsvinter er dei blåkledde slik nogonlunde klare til å ta fatt på alvoret og det vert som vanleg spanande å sjå kor landet ligg denne sesongen. Me har fjorårets nedrykksdrama friskt i minne, men registrerar at "ekspertane" tippar oss på topp 3 i 2010. Korleis det heile vil enda til slutt lyt ein nok leva nokre månader til for å få sjå, og det er berre å henga seg fast å gjera seg klar til sesongen 2010 - hei kor det går, tjokke dorri sai!

Les meir HER

Det kjem muligens litt meir førehandstoff om årets sesong i morgon ein gong. Litt tankar rundt årets sesong + tabelltips. Me får sjå kva me får til...

 

  • Veitastrond blant favorittane? (12.04.10)

Speleselskapet Nordicbet har satt opp odds på kven som vinn årets 4.divisjon. Noko overreskande er Veitastrond tippa heilt i tet og me har berre to lag over oss med lågare odds. Oddsen på favorittane ser slik ut;

Kaupanger - 3.00

Saga - 3.00

Veitastrond 6.00

Sidan Askvoll/Holmedal og Selje tjuvstarta årets 4.divisjon i går er det ikkje mogleg å tippa på dette lengre. Me har difor heller ikkje oversikt over oddsen på dei øvrige laga i divisjon.

 

  • Veitastrond - Hafslo 4-4 (11.04.10)

Veitastrond gjennomførte i dag ein noko rufsete generalprøve som til slutt endte med 4-4 mot Hafslo. Etter at VIL dominerte kampen stort i 1.omgang gjekk lufta ut av ballongen etter kvilen, og eit uavgjort resultat var greitt nok kampen sett under eitt. I dag var spelet vårt prega av rufsete defansivt og eit offansivt spel utan glød og vilje til å gjera heilt det store. Ei grei gjennomkøyring, men dersom me ynskjer å sanka poeng i årets 4.divisjon lyt me nok skru opp brytaren eit par hakk.

Les meir HER

Askvoll/Holmedal og Selje tjuvstarta i helga årets 4.divisjon, då dei spelte 3-3 i går. Dei ligg dermed på delt fyrsteplass...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Hafslo (10.04.10)

8 dagar før seriestart så tek i morgon Veitastrond turen ut på Kaupanger for å gjennomføra årets generalprøve. På motsatt side ventar nabo og erkefiende Hafslo og alt ligg til rette for ein skikkeleg godbit av ein fotballkamp. VIL har den siste tida før seriestart trent lite og når me fyrst har samlast har det vore dårleg oppmøte. Alt er med andre ord slik det skal vera og den siste veka før alvoret byrjar så lyt trenarduoen prøva å dra spelarane bort frå tv-skjermen, dansegolve, mjelkerommet eller kvar dei no måtte vera, og attende på treningsfeltet der dei høyrer heime. Fyrste del av siste del av oppkøyringsperioden startar uansett mot Hafslo i morgon den dag.

Les meir HER

 

  • Dagens kamp er avlyst (06.04.10)

Den oppsette kampen mot Bjørn i dag er avlyst.

Det vil seia at Veitastrond set i gang maskineriet sitt igjen på torsdag då det er trening. Me har no ein kamp att før serien byrjar, og generalprøven går på fyrstkommande søndag mot Hafslo.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com