Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; April 2011

  • Syril - Veitastrond 3-5 - YEAH BABY!!! (29.04.11)

Veitastrond er verkeleg i siget om dagen, og i dag tok me skalpen til Syril då me slo dei 5-3 ute på Leikanger. I flott vårvær og på ei bane som var meir gul enn grøn tok me dermed vår fyrste 3 poengar på bortebane mot Syril nokonsinne. Dermed har VIL fått ein pangstart på årets sesong, og med 6 poeng av 9 moglege er me for augneblinken meir innblanda i opprykksstriden enn i nedrykkskamp. Me lyt berre nyta det, og håpa på at me held fram den fine formen vår. Etter å ha tapt 4-1 og vunne 5-1 i dei to fyrste kampane, var dessutan dagens 5-3 resultat, sifre som me mykje heller kan identifisera oss med ;)

Les meir HER

Då var bildene på plass, og oppdaterte statistikkar kjem ut på dagen...

 

  • Før kampen; Syril - Veitastrond (28.04.11)

Me har knapt komme oss ut av sigersrusen etter kampen mot Høyang på måndag før me i morgon gjer oss klar til ny dyst. Denne gongen skal me ut til sjølvaste fylkesadminstrasjonen og spela mot Syrstrond Idrettslag, eller Syril som dei så populært kallar seg. Etter to kampar der Veitastrond har vore underdogs og gått til kamp utan press og med senka skuldrar, så vert kanskje rolla vår litt annleis i morgon. Dette vert nemleg fyrste møte med eit av dei laga som me er spådde å kjempa om å unngå nedrykk med, og sett utifrå dei to fyrste serierundane må me truleg finna oss i å vera knipne favorittar. Så spørst det då korleis det går når Veitastrond skal kvessa knivane på ny, og publiken denne gongen stiller forventningar til oss...

Les meir HER

 

  • Emil Heggestad runda 100 spelte kampar (27.04.11)

Då Veitastrond spelte årets fyrste seriekamp var det ein spesiell kamp for VIL-høvdingen Emil Heggestad. Han passerte nemleg då den magiske grensa på 100 spelte offisielle kampar i den blåe trøya.

Dette er ein meget eksklusiv klubb å vera medlem i, og Emil blir berre den tredje spelaren som får innpass. Frå før av har Richard Nes (116 kampar) og Bjørn Molland (107 kampar) passert denne grensa. Det ser ikkje ut som at fleire spelarar vil komma inn i dette selskapet med det fyrste. Nærmast er Even Kvam som står med 79 kampar, men han må då uansett venta til neste sesong før han får tresifra antall kampar.

Etter kampen mot Høyang på måndag har Emil no spelt 101 kampar, og på desse har han scora 26 mål, fått 11 gule- og 1 raudt kort. I tillegg har han blitt kåra til årets spelar to gonger (2004 og 2007)

Det som kanskje er like imponerande som 100 spelte kampar er at Emil har vore til stades på samtlege kampar Veitastrond nokon gong har spelt (både serie, cup og treningskampar) Dvs 144 kampar til saman...

Me gratulerar Emil med 100 kampar, og måtte det bli 100 nye!

 

  • Bilder og oppdateringar (26.04.11)

Då har me klare bilder frå gårsdagens kamp vs Høyang. Har lagt desse til i kampreferatet under, men du kan òg skoda på dei ved å trykka HER

I tillegg har med oppdatert alle våre tabellar og spelarstatisikkar. Desse finn du under Årets sesong i menyen ovanfor...

 

  • Veitastrond - Høyang 5-1 (25.04.11)

Veitastrond imponerte storveges då dei i dag vann heile 5-1 mot Høyang i Sognahallen. I ein kamp der det nok var Høyang som på førehand hadde favorittstempelet, så var VIL motstandaren overlegen i stort sett alle spelets fasar. Dei blåkledde fekk ein pangstart på kampen og leia 2-0 allereie etter 4 minutt. Deifrå og ut hadde me god kontroll bakover, og skapte sjansar på løpande band framover. Dermed har me starta poengfangsten, og det er sjølvsagt viktig å komma i gang med dette med ein gong. Etter ein slik kamp som i dag sit me uansett attende med ei kjensle om at ingenting kan stoppa oss no...

Les meir HER

Kjem attende med bilder og oppdaterte tabeller og statistikkar etterkvart...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Høyang (24.04.11)

Då turkar me av oss siste rest av påsken, og rettar på ny søkelyset mot lokalfotballen. I morgon spelar Veitastrond årets fyrste heimekamp, når Høyang kjem på besøk. Av naturlege årsakar (55 cm med snø) så vert ikkje kampen spelt på Leikvoll, men ute i Sognahallen. Dette er fyrste gong Veitastrond spelar mot Høyang i nokon som helst samanheng, og me gler oss til å måla krefter mot laget frå industribygda.

Les meir HER

 

  • Frode Kvam er vorten far (17.04.11)

Veitastrond sin spydspiss Frode Kvam har banka inn mål på bestilling for klubben dei siste åra. Likevel kan ingen av dei tidlegare måla hass samanliknast med den som kom på fredag denne veka. Då fødde nemleg Frode sin sambuar Linda deira fyrstefødde, som var ei jente på 3,3 kg.

Alt var som vanleg tima og tilrettelagt, og sjølvsagt passa den nyfødde på å komma til verda i god tid før Veitastrond hadde sin fyrste seriekamp mot Sandane. Dermed fekk Frode med seg både fødsel og kamp ;)

VIL-fotball gratulerar Frode og Linda på det varmaste!

 

  • Sandane - Veitastrond 4-1 - REFERAT (16.04.11)

Veitastrond tapte seriepremieren med 4-1 borte mot Sandane i går kveld. VIL var på ingen som helst måte favorittar til å vinna kampen, så resultatet er kanskje ikkje så overraskande. Likevel lyt me seia at me sit attende med ei skuffa kjensle etter kampen, for sett utifrå spel og sjansar så var Veitastrond fullt på høgde med Sandane og kunne ha teke med poeng heim om marginane var på vår side. Diverre så makta me ikkje å omsetta sjansane våre i mål, og når Sandane hadde funne ut korleis dette skulle gjerast så stod me tomhendte attende når dommaren blas for full tid. Trass tap så treng me altså ikkje henga alt for mykje med hovudet, men ta med oss det positive frå denne kampen og held me fram slik kjem garantert poenga etterkvart.

Les meir HER

Me kjem attende oppdaterte statistikkar og tabellar etterkvart...

 

  • Tap i serieopninga (15.04.11)

Veitastrond tapte diverre 1-4 mot Sandane i dagens serieopning. VIL leverte ein god kamp, og særleg i 1.omgang var me fullt på høgde me heimelage. Det vart for dårlege avslutningar framfor mål, medan Sandane tok vare på sine sjansar og då vart det ingen poeng på oss i dag.

For Veitastrond scora Frode Kvåle.

Me kjem attende med referat og bilder frå kampen i morgon...

 

  • Før kampen; Sandane - Veitastrond (15.04.11)

Då har det gått 6 månadar og 5 dagar sidan me avslutta fjorårets sesong med å slå Askvoll/Holmedal 5-0 borte, og i dag er det på an igjen med blanke ark og nye muligheter. Veitastrond har ikkje så mange lange borteturar i år, men allereie i fyrste runde gjer me oss ferdige med ein av dei lengste når me dreg for å spela bortekamp mot Sandane. Det er sjølvsagt knytta stor spaning til den fyrste runden, og begge laga er nok spente på å sjå kor dei ligg i løypa. For VIL sin del får me fyrste peikepinn på kor me står mot laga som rykka ned frå 3.divisjon, medan Sandane truleg er spente på korleis livet utan Wie-brødrene vil arta seg. Alt syner no til å vera klart, og endeleg er sesongen 2011 i gang.

Les meir HER

 

  • Veitastrond.com sitt tabelltips 2011 (14.04.11)

I fjorårets tabelltips så traff me blink med dei to fyrste plassane på tabellen. I tillegg så hadde rett på 5 av dei 6 laga som rykka ned. Med andre ord så veit me kva me snakkar om når det kjem til tabelltips, og når me no gjer dykk tipsa våre for denne sesongen så er berre å stola på at desse er reele. Me gjer merksam på at me ikkje har så veldig mykje informasjon om alle laga, men magekjensla vår er sopass sterk at dette ikkje har så mykje å seia for oss.

Les meir HER

 

  • 4.divisjon er i gang (13.04.11)

I dag starta årets 4.divisjon då Høyang vann heile 9-0 heime mot Syril. Det var så meget...

 

  • Glenn Thomas Nilsen (13.04.11)

Me er diverre ikkje alt for rask i snuane, men her kjem omsider presentasjon av ein av våre nye spelarar denne sesongen. Glenn Thomas Nilsen har trent med klubben heile vinter, og det har lenge vore klart han kjem til å signera for klubben. Når spelarar forlet klubben er me avhengige av å erstatta desse, og Glenn Thomas er i så måte eit flott tilskot til stallen som kan utfylla mange rollar i laget.

Les meir HER

 

  • Bilder frå gårsdagens kamp (12.04.11)

Me har no lagt ut nokre bilder frå gårsdagens kamp mot Bjørn.

Du kan sjå dei HER

 

  • Bjørn - Veitastrond 3-4 (11.04.11)

Veitastrond synte i kveld kven som er storebror i kommunen, då Bjørn vart satt på plass med 4-3 inne i Gåpn. I ein relativt jamnspelt kamp så stakk Veitastrond av mot slutten, og dermed kunne me innkassera sesongen fyrste siger. Alltid godt å få ein siger i generalprøven og me går no inn til seriestarten på fredag med friskt mot og tru på eigne ferdigheter.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Bjørn - Veitastrond (11.04.11)

Veitastrond spelar i dag sin siste treningskamp før alvoret byrjar på fredag. VIL reiser i dag inntil Gaupne, for å måla krefter mot kommunekollega Bjørn.

Me har diverre ingen informasjon om hverken spelarsituasjon, eller taktikkeri og grunna sein publisering tek me oss ikkje tid til noko grundigare analyse.

Kampen går på den nye kunstgrasbana til Bjørn, og har avspark kl 18:30.

Me kjem sterkare attende etter kampen med referat og forhåpentlegvis dagsferske bilder.

 

  • 30 i odds på Veitastrond (10.04.11)

På Nordicbet kan du no setta pengar på kven du trur vinn årets 4.divisjon. Dersom du trur Veitastrond vinn serien så gjer dette deg 30 i odds. Dei vil seia at dersom du satsar ein milliard kroner på Veitastrond, så får du 30 milliardar kroner tilbake dersom tipset går inn og VIL vinn årets 4.divisjon.

Sogndal 2 er favoritt med 2.15, deretter Vik med 3.00 og Kaupanger med 6.00 i odds. Nederst finn me Eid 2 med 50.00 i odds, og Lærdal med heile 75.00 i odds. Med 30.00 i odds så er Veitastrond rangert til å havna mellom plass nr 6 og 9.

Det er òg lagt ut spel på kven du trur kjem høgaste på tabellen av Veitastrond og Syril. Begge alternativa gjer 1.85 i odds.

Dersom du ynskjer å spela av deg av gård og grunn så anbefalar me at du vitjar Nordicbet sine heimesider HER

 

  • Gøran Fimreite legg skodna på hylla (05.04.11)

Etter 5 sesongar som Veitastrondspelar har no Gøran Fimreite bestemt seg for å takka for seg i den blåe trøya, og legga fotballskodna trygt plassert på hylla. Dermed mistar me ein av våre mest erfarne spelarar med lang fartstid i klubben. VIL-fotball held dermed fram med å byta ut ein del på mannskapet frå forrige sesong, der me har sett mange spelarar både komma og gå. I utgangspunktet ingen ynskjeleg situasjon, men på den andre sida er det kanskje bra å få inn litt friskt blod i stallen. Veitastrond har lenge vore heldige og behaldt stammen i laget over fleire sesongar no, og då vert det kanskje naturleg med eit aldri så lite skifte etter kvart.

Les meir HER

 

  • 4.divisjonslupa med Vidar Vadseth (04.04.11)

På Kaupanger sine heimesider kan ein no fylgja tidlegare VIL-spelar Vidar Vadseth sine spådommar på årets 4.divisjon. I "Vadseth-lupao 2011" presenterer han eit lag om dagen, og i dag kan ein sjå kven han trur endar sist i årets sesong.

Dette er god underhaldning, og me anbefalar alle på det varmaste å fylgja denne lupa. Blir spanande å sjå kvar han tippar at sine gamle lagkameratar på Veitastrond endar.

Sjå meir på Kaupanger sine heimesider ved å trykka på Lenker i menyen ovanfor...

Endra tidspunkt på generalprøven

Kampen mot Bjørn som eigentleg skulle gått på fyrstkommande laurdag kl 13:00, er flytta til måndag 11.april kl 18:30.

 

  • Oppdatert treningsstatistikk (01.04.11)

Sidan me no er komne i gang så får me vera litt ivrige no i starten. Her kjem dermed nok ein oppdatert treningsstatistikk etter at endå ei treningsveker er over for VIL-fotball.

Etter 4 treningar står no Runar Hatlevoll åleine på toppen med 100% uttelling og 8 poeng. Etter så få treningar er det imponerande å leia med 2 poeng.

Oppdatert treningsstatistikk finn du under Årets sesong, i menyen ovanfor...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com