Arkiv; August 2007
- ForbARNElsen (29.08.07)

Då Arne Nes førde Veitastrond opp i ei 1-0 leiing i går kveld var det nok mange som håpa at dette skulle vera nok til å at alle poenga vart verande att framom Soget, men dette var det eigentleg liten grunn til å håpa på. For tek me eit lite djupdykk i arkivet finn me imidlertid ut at Veitastrond vinn svært sjeldan på Leikvoll når kraftspissen scorar. Det var Arne sjøl som fortalde om forbannelsen som ligg over han etter kampen i går, og han var usikker på om me nokon gong hadde vunne på Leikvoll når han var på scoringslista. Så gale er det nok ikkje, men statistikken er så absolutt i mot Arne.
På dei snart 4 sesongane me har spelt har Arne scora 12 mål fordelt på 10 kampar på Leikvoll. I berre 2 av desse 10 kampane har alle poenga blitt verande att på Strondi, dette var i 4-2 sigeren mot SIL3 i 2004 og i 9-3 sigeren mot Aurland/Lærdal2 i fjor. Med ein så dårleg statistikk å visa til er det med andre ord ingen grunn til å sentra for mykje til Arne neste gong me spelar kamp på Leikvoll...
Har no oppdatert tabellar og lagt ut bilder frå Hafslo kampen, som du er å finna HER
- Poengdeling på Leikvoll (28.08.07)
Det vart som vanleg jamt og tett då naborivalane Veitastrond og Hafslo i dag møttest på Leikvoll Stadion.
Veitastrond tok leiinga 1-0 etter 54 minutt, men Hafslo kvitterte minuttet seinare, og kampen enda til slutt 1-1.
Les alt om den nervepirrand duellen HER (det kjem bilder og oppdaterte tabellar i morgon)
Andre resultat i 6.div;
Norane - Balestrand 2-3
Aurland/Lærdal2 - SIL3 1-0
- Før kampen; Veitastrond - Hafslo (27.08.07)

Etter fleirfoldige utsettingar i vårsesongen er det no endeleg klart for haustens fyrste av i alt to kampar mellom Veitastrond og Hafslo på Leikvoll Stadion. Kampane mellom desse to laga har etterkvart vakse seg store og er no ein av dei mest prestisjefylte lokaloppgjera i Indre Sogn, og det er venta fullt hus og stormande jubel på Leikvoll i morgon.
Les alt om morgondagens storoppgjer HER
- Kim Andre har signert (25.08.07)
Som tidlegare annonsert har no sogndølen Kim Andre Navarsete fått oppfylt sine største draumar og signert kontrakt med Veitastrond. Kim Andre er 19 år og spelde så seint som i fjor for Sogndal 2 i 3.divisjon, tidlegare har han spelt for SIL3 og aldersbestemt for sin moderklubb.
Kim Andre har ein utsøkt venstrefot og har stor løpskraft. Sannsynlegvis vil han vera aktuell til å spela på venstresida, sentral midt eller som spiss. Veitastrond har for tida ein meget sterk stall, og laget me stilte med mot Balestrand er nok på papiret noko av det beste me nokonsinne har mønstra. Likevel er nok Kim Andre ein spelar som kan komma rett inn på laget og gjera det endå betre!
Han skreiv under overgangspapira på tysdag, og me har eit stort ynskje om at han skal verta klar til kampen mot Hafslo til veka. Viss ikkje blir han ikkje med før 14 dagar etterpå, då han diverre jobba seint annankvar veke.
Me kjem tilbake med bilder av dene vene guten, samt spelarprofil om ikkje fela lenge.
Ha ei triveleg helg!
- Kaos på treningsfeltet (23.08.07)
Det oppsto i kveld totalt kaos på treningsfeltet på Haflso. Berre 5 dagar før 6.divisjonsgigantane og naborivalane Hafslo og Veitastrond brakar saman på Leikvoll Stadion, opplevde dei to laga å trena på samme tidspunkt og utruleg nok på baner ved sidan av kvarander. For VIL sin del var dette siste økt før storkampen og dette hindra oss openbart i å få trent skikkeleg på innøvde dødballar og andre hemmelege våpen. "Eg hadde eit par ess i ermet som me skulle terpa på i dag, men klart at det vert nyttelaust når motstandaren står å ser på", sa ein heller oppgidd trenar Emil Heggestad.
VIL sin veteran Frank Heggestad var på ein sjeldan visitt på treninga i dag, og gamlefar måtte innrømma at han aldri hadde opplevd noko liknande i karriera, og uttalde følgande til Veitastrond.com; "Heile situasjonen blir berre komisk. Ikkje veit eg om det er klubbane seg i mellom, eller SIL som utleigar som må ta på seg skulda, men haldbart er det i allefall ikkje"
Den noko spesielle hendinga skapte sjølvsagt enorm interesse blant tilskodarar som hadde teke vegen for å fylgja treninga. Det var ei stund frykt for at rivaliserande fans frå framom Soge skulle braka saman med dei nedanfor, men til all hell og lukke gjekk det heile føre seg i rolege former.
På tysdag gjenstår det å sjå om den mislukka treninga får konsekvensar for nokon av laga!
Kveldens trening var nummer 40 for sesongen, og i den anledning har me lagt ut ein rykande fersk treningsstatistikk, som er å finna HER.
- VIL - BIL 3-2 (21.08.07)

I eit nervepirrande drama vann i dag Veitastrond 3-2 over Balestrand.
Kampen inneheldt alt som ein klassisk Leikvoll-thriller skal innehalda med masse mål, VIL som rotar vekk ei sikker leiing, høg temperatur og sist men ikkje minst ei utruleg avgjering på kampen av VIL-kaptein. Even Kvam.
Les referat HER
- Før kampen; Veitastrond - Balestrand (20.08.07)

I morgon spelar Veitastrond sin seriekamp nummer 50, når dei tek i mot Balestrand til haustsesongens fyrste heimekamp.
VIL held sannsynlegvis fram med sin 3-4-1-2 formasjon, og følgande 11 er venta å starta; Gøran - Geir, Øivind, Even - Helge, Petter, Erlend, Emil- Bjørn - Richard, Arne. På benken; Jon Arne, Arvid, Ole Kristian, Ivar, Øystein og Vidar.
Det vil seia at desse har meldt forfall til kampen; Pelle, Frank Robert, Frank, Øyvind, Jan Erik og Jonny.
Balestrand er eit lag me tradisjonelt har hatt bra tak på. Tidlegare denne sesongen har me møttes to gonger der me har vunne 4-3 og 3-0 - begge kampane på Krekligen Stadion i Balestrand. Belehallingane hugsar nok med skrekk og gru tilbake til forrige gong dei vitja Leikvoll, då dei tapte med heile 13-3 i fjorårssesongen. Trenar Emil har ikkje noko i mot eit tilsvarande resultat til morgondagenskamp, og lovar publikum at laget no verkeleg er i gang og at trua er stor på ein suksessrik haustsesong.
Me vann som kjent 13-0 mot jumbo Norane forrige tysdag, medan Balestrand vann overbevisande 2-0 mot SIL3. BIL hadde ein skuffande vårsesong, men dei skal visst nok ha fått ny giv etter å ha skaffa seg ny spelande trenar i svenskeimporten Johannes Nilsson. So får me sjå om det blir "svenskefaen" som herjar på Veitastrondi i morgon.
Kampstart er 18;30, og alle og ein kvar er sjølvsagt hjarteleg velkomne!!!
- Veitastrond m
ed kamp nummer 50 (16.08.07)
Kampen mot Norane på tysdag var Veitastrond sin 50. offisielle kamp. På snart 4 sesongar har me spelt 49 seriekampar og 1 cupkamp. Solangt har det vore eit aldri så lite eventyr for oss som har vore med å kunne ha stilt eige lag på Strondi, og på mange måtar føler me at me har vore ein fargeklatt i lokalfotballen i indre Sogn. Om det vert 50 nye kampar for blåtrøyene på Veitastrond får tida vise.
I samband med dette jubileumet har me i Veitastrond.com laga til litt statistikk over dei 50 kampane. Statistikken finn du HER.
- Bye bye Jonny goodbye (15.08.07)

Som dei fleste no har fått med seg så spelde altså Jonny Ølnes sin siste kamp for Veitastrond i går. Jonny var sjølvsagt særs nøgd med å avslutta VIL karriera med ein scoring, men samstundes var han og trist sidan det var siste kamp med gjengen.
Les meir om Jonny sin avgang HER
- Norane - Veitastrond 0-13 (14.08.07)
Veitastrond fekk det enkelt då dei i dag vann 13-0 over Norane på Ylvisåker grusen. Mest gledeleg for VIL i dag var at Jonny Ølnes fekk seg ei velfortent scoring i si siste kamp i VIL-trøya.
Les referat frå kampen HER
Andre resultat frå dagens kampar i 6.divisjon;
Hafslo - Aurland/Lærdal2 5-2
Balestrand - Sogndal3 2-0
- Før kampen; Norane - Veitastrond (13.08.07)

I morgon brakar det laust igjen når Veitastrond tek turen til Ylvisåker for å spela mot Norane. Vårkampen mellom desse to laga enda med 19-2 siger til strendingane, og samme korleis ein vrir og vendar på det så må me nok finna oss i vera favorittar til denne kampen.
Meget gledeleg er det at me kan melda om at nesten heile stallen er klar til denne kampen. Det vil seia at dei fleste studentane er komne tilbake til bygda. Både Helge og Petter er klare til kamp, medan me ikkje er heilt sikre på korleis det vert med Øivind og Ivar. Dei einaste me veit som ikkje vert med i morgon er Even og Pelle, førsnevnte er på tur medan Pelle framleis er skada. Dei to gamle ringrevane Arvid og Frank er heller ikkje venta å vera med i morgon.
Trenar Emil har ikkje startellevaren klar før i morgon, men kan allereie no røpa at Jonny Ølnes kjem til å starta på topp i sin avskjedskamp for Strondi. Me kjem i morgon til å prøva oss i ein flunkande ny 3-4-1-2 formasjon. Dette begrunnar Emil med at det er så mange offansive spelarar i laget, og at han mykje heller vil vinna 7-6 enn 1-0 - det er trass alt i underhaldningsbransjen me er i. Om den nykomponerte formasjonen vert ein suksess får tida vise i morgon.
Som tidlegare nevnt så er Veitastrond store favorittar framfor kampen i morgon. Likevel er det absolutt ingen grunn til ikkje å ta nørene på alvor. Det ryktast nemleg at gultrøyene har nytta sommaren meget bra og henta inn ei rekkje meget spennande spelarar. Dei fleste av dei som figurerer under Leite Mix/Max under diverse lokale fotballturneringar skal visstnok ha skreve under for Norane. Dette vil seia at me i morgon kan venta oss å spela mot erfarne spelarar som Terje Kvam, Ørjan Skrøppa, Daniel Lerum og sist men ikkje minst fjorårets VIL-spelar Bjarte Pedersen. Om alle desse er disponible til kampen i morgon kan det vera duka for ein nervepirrande duelle ute på Ylvisåker.
Kampstart er kl 19:00.
- Haustsesongen nærmar seg (12.08.07)
Ferien byrjar no å gå mot slutten for mange av oss, og med det så er det like før lokalfotballen i Sogn og Fjordane er oppe å går igjen for fullt. På førstkommane tirsdag så sparkast 6.divisjon i gang, og for Veitastrond sin del går då turen ut på Ylvisåker for å spela mot tabelljumbo Norane.
Me har no hatt 2 månadar sommarfeire frå fotball, og me vonar at alle mann alle har fått lada opp batteria og er klare til å blø for den blå drakta igjen. Eignetleg var planen å byrja å trena i forrige veka, men sidan det vart så steikande bra vær fann me ut at folk sikkert hadde anna å ta seg til enn å gå å spenne etter ei lærkula. Soleis har det seg at me stiller til start i haustsesongen utan noko form for organisert trening på førehand.
Framover held me sannsynlegvis fram på same viset som me gjorde før ferien med ein trening i veka i tillegg til kamp på tirsdagar.
Siste nytt frå spelarstallen:
* Etter å ha vore med heilt sidan klubben vart stifta så flytter no Jonny Ølnes til Tyrkia. Kampen mot Norane vert mest sannsynleg Jonny si siste opptreden for Veitastrond. Me kjem tilbake med meir info om Jonny sin avgang seinare.
* Frank Robert Værn har flytta attende til Førde for å studera. Han har planar om å spela for ein klubb der opp, men har sagt at han vert ståande som VIL spelar ut sesongen, og me vonar at han vert tilgjengeleg for oss i krisesituasjonare eller når han er på desse trakter.
* Per Helge Hågvar har stort sett gått skada heile sesongen og me reknar ikkje med den heilt store deltakinga frå han framover heller.
* Skulane rundt omkring byrjar ifrå neste veke av, og me reknar me at studentane dukkar opp rimeleg kjapt. Frå og med heimekampen mot Balestrand den 21.august håpar me at dei fleste har funne vegen tilbake til fruktbygda. Tor Olav Berge har som tidlegare nemt flytta heim til Rogalandet, og er ferdig som VIL spelar.
* Ingen nye spelarar har signert for VIL, men me håpar framleis at Kim Andre Navarsete skal skriva under innan kort tid. Ellers så helde me augene opne for forsterkningar.
- Statistikk for juli (05.08.07)
Sidan det ikkje var nokon treningar i juli vert det sjølvsagt ikkje så mykje å melda frå denne månaden.
Ikkje overraskande så gjekk og besøkstalet her på Veitastrond.com betydeleg ned. Medan me nesten runda 5000 i juni, så var me denne månaden nede på 3072 besøkande. Trass i at dette er ein betydeleg nedgang så tykkjer me det ikkje er så aller verst med tanke på at det var minimalt med nyhende å melda.
Framover no reknar me med at det vert litt meir aktivitet både her på veven og rundt VIL-fotball. Det skal rigtignok seiast at redaksjonen i Veitastrond.com framleis har ferie i ei veke til, så me får sjå kor hyppige oppdateringar det vert i denne perioden. 6.divisjon startar opp igjen til neste veke, og det er venta at VIL startar opp med treningar denne veka. Me kjem tilbake med meir info om dette, samt ein liten oppdatering rundt spelarstallen om ikkje så fela lenge.
|