- Før kampen; Veitastrond - Hafslo (31.08.08)

Då er det altså klart for årets fyrste lokalderby på Leikvoll Stadion. Hafslo tek turen framom Soget, og som me har nevnt tidlegare så er det ei praktfull ramme rundt denne kampen. NRK kjem med kamera, Torodd Kvam med grillen og gode værmeldingar gjer at me forventar eit storinnrykk av folk på denne måndagskvelden. Einaste som gjenstår for å gjera dagen komplett er at Veitastrond let alle 3 poenga vera igjen her i bygda!
Les meir HER
Uavgjort på Kaupangerskogen
I ein kamp i avdelinga vår så spelte i dag Kaupanger 2 og Breimsbygda uavgjort 1-1.
- EKSKLUSIVT - Hafslo kampen vert framskynda og TV-SENDT (29.08.08)

Ja du leste overskrifta riktig - som me ymta frampå med i går så vert kampen mot Hafslo flytta fram til fyrstkommande måndag slik at me får spela denne på Leikvoll Stadion før me startar utbygginga. Ikkje nok med det; NRK Sogn og Fjordane har meldt sin ankomst og kjem til å filma og laga ein reportasje om Veitastrond Fotball og ramma rundt lokaloppgjeret mot Hafslo. Alt ligg an til å bli ein folkefest!
Les meir HER
- Arbeidet med nye Leikvoll Stadion er i gang (28.08.08)

Sidan tidleg i vår har Veitastrond Fotball jobba med å finna ei løysing på korleis me skal få oss ei større fotballbane. Fleire forslag har vore oppe til vurdering, og i sommar hadde me eit meget bra område på hand utan at dette løyste seg. Etter mange rundar har me no funne ut at det beste alternativet er å utvida Leikvoll Stadion. Dette trudde me lenge ikkje var mogleg, men ved hjelp av kreativ dugnadsånd og gode naboar let no dette seg gjera.
Les meir HER
Veitastrond.com tilbake på nett
Etter at redaksjonen i veitastrond.com har vore utan nett i ein flytteperiode i det siste, så har me no gleda av å fortella at nettet er tilbake. Me har følt oss rimeleg hjelpeslause i det siste, og gleda var stor når breidbåndspatruljen stod på døra i dag. Har vore noko skralt med oppdateringar i det siste, men no håpar me å vera tilbake i godt gamalt slag.
Kan ta med følgande hendingar som har gått oss hus forbi, men som no er oppdatert;
- Etter at Bjørn slo Hafslo 2-1 før i veka så overtok dei leiinga i den meget prestisjefylte Lustraserien. Dei leiar med 1 poeng føre oss, men med ein kamp meir spelt.
- Har og oppdatert Raotassen slik at Frank Heggestad og Geir Aardal og har fått rett antall kort på statistikken.
- Gaular vann 4-2 borte mot Jølster 2 i siste kamp i den 10. serierunden i 5.div avd 1. Gaular som er vår neste motstandar framstår dermed som eit av formlaga i avdelinga, og me reknar med ein tøff kamp på Osen Stadion i neste veke. Med dette resultatet har dei og fått ein viss kontakt med dei 3 laga i tet.
- Bjørn heng med i toppen (27.08.08)
Bjørn vann i går 2-1 borte mot Hafslo i avdelinga vår.
Med dette resultatet passerar dei Kaupager 2, og overtek dermed 2.plassen. Bjørn er berre 4 poeng bak Veitastrond, og det går mot ein spanande avslutning på sesongen.
Hafslo på si side gjekk på sitt 3. tap på rappen etter ferien, og viss ikkje ting bedrar seg så byrjar lukta av nedrykk å bli sterkare for kvar dag der i gården...
- Veitastrond - Kaupanger2 7-5 (24.08.08)

Det vart nok eit ishockey resultat på Leikvoll i dag då Veitastrond vann toppkampen mot Kaupanger2 med 7-5. VIL leika kampen kofmortabelt 6-1 midtvegs i 2.omgang, men utruleg nok lot me kaupsingane få komma inn i kampen igjen på slutten. Heldigvis klarde me å ri av den verste stormen, og me tek med oss 3 utruleg viktige poeng. Me leiar no tabellen med heile 6 poeng føre KIL2 i det 4 seriekampar gjenstår.
Les meir HER
- Før kampen; Veitastrond - Kaupanger 2 (23.08.08)
I morgon inviterar Veitastrond til folkefest på Leikvoll Stadion når Kaupanger 2 kjem på besøk. Dette er kampen mellom nr. 1 og nr. 2 på tabellen, og det er duka for eit skikkeleg toppoppgjer. Kampen inngår i 5-års markeringa av Veitastrond Fotball, og med sal av rømmagraut, søndagskamp og forhåpentlegvis pent vær ventar me eit storinnrykk av folk i morgon.
Les meir om kampen HER
- ALL LA LA BAMBA - Veitstrond - Vadheim/Høyang 2 5-4 (20.08.08)

Publikum fekk full valuta for pengane då Veitastrond i dag vann 5-4 over Vadheim/Høyang2. Etter at bortelaget leia 1-0 til pause så eksploderte kampen i 2.omgang og det enda til slutt med 5-4 siger til oss der me avgjorde kampen på overtid. Med dette resultatet har me no satt oss i ein meget bra posisjon når det gjenstår 5 kampar i 5.divisjon avd.1...
Les meir om kampen HER
Spelarstatistikkar og tabellar vert på grunn av flytting ikkje oppdatert før til helga...so da!
- Før kampen; Veitastrond - Vadheim/Høyang 2 (19.08.08)

Veitastrond er i morgon klare til å reisa kjeringi etter den daffe haustpremieren mot Breimsbygda. Då kjem Vadheim/Høyang 2 på besøk til Leikvoll for fyrste gong, og VIL har her ein unik sjanse til å skaffa seg ei luke ned til Bjørn og KIL2 på tabellen.
Les meir om kampen HER
- Veitastrond.com på flyttefot (18.08.08)
Heile redaksjon i Veitastrond.com er for tida i ferd med å flytta inn i nye lokaler, og på grunn av dette har me noko begrensa internettilgang i tida framover.
Dette vil føra til at dei heilt store oppdateringane uteblir, men me lovar sjølvsagt at Før Kampen og Kampreferat kjem som vanleg.
KIL2 og Bjørn feila
To gode resultat for vår del i går, då Kaupanger2 spela uavgjort 2-2 mot Jølster2 og Bjørn tapte 3-4 mot Breimsbygda.
Me leiar dermed framleis tabellen, men no med ein kamp mindre spelt.
- Framleis tabelltopp (14.08.08)

Bjørn og Gaular avslutta i dag den 8.serierunden i 5.divisjon avd 1. Dei to laga spela uavgjort 0-0, og med dette resultatet held me fram som tabelleiar i avdelinga. Me leiar no med 17 poeng og ligg dermed 1 poeng føre Bjørn og Kaupanger 2. Gaular kunne ha meldt seg på i kampen om topplasseringane med siger i dag, men med 0-0 tvilar me på at dei klarar å blanda seg inn i tetstriden mot slutten av sesongen.
Det vert og spanande i botn av tabellen, og det skil berre 4 poeng frå Gaular på 4.plass til Jølster 2 på 8.plass.
Jølster 2 slo forøvrig Vadheim/Høyang 2 med 2-0 i går.
Treningsstatistikken
Har og lagt ut oppdatert treningsstatistikk som du finn HER
- Problem med gjesteboka (13.08.08)
Som den observange brukar nok allereie har oppdaga så er det nokre tekniske problem med gjesteboka vår om dagen. Sidan denne gjesteboka er ei teneste me har kjøpt (gratis sjølvsagt) frå ein annan nettstad er det ikkje noko me kan gjera med problemet.
Me har sendt mail til leverandøren, og vonar at det kun er snakk om eit lite problem som vil bli fixa rimeleg kjapt!
Kamp i 5.divisjon
Kaupanger 2 er for alvor med att i kampen om avdelingssigeren etter at dei slo Hafslo 2-1 nede på Moane her hinn dagen. KIL2 ligg no berre 1 poeng bak oss, og 1 poeng føre Bjørn som spelar heime mot Gaular i morgon (torsdag)
Hafslo ligg på si side noko hjelpeslaust til i ingenmannsland, og kan slik det ser ut no hverken rykka opp elle ned i årets sesong!
- Geir Aardal i 50 (11.08.08)

Fredagens kamp mot Breimsbygda var ein aldri så liten milepæl for VIL-spelar Geir Aardal. Med denne kampen runda han nemleg 50 spelte kampar for moderklubben sin. Geir har vore med på VIL-eventyret sidan starten i 2004, og på desse 50 kampane har han scora 14 mål, fått 15 gule- og 2 raude kort.
Han vert den 4.spelaren som rundar dette magiske talet, og frå før av har Richard Nes, Bjørn Molland og Emil Heggestad oppnådd dette.
To spelarar til kan klara å runda 50 kampar i år, dette er Arne Nes og Frank Heggestad som no står bokført med henholdsvis 46 og 44 kampar.
Kan og ta med at Bjørn Molland passerte sin kamp nummer 60 for Veitastrond på fredag!
- God prestasjon av Veitastrond (10.08.08)

Veitastrond var som kjendt slik mellomnøgd med uavgjort resultatet mot Breimsbygda. Sjølve resultater er i utgangspunktet ikkje godt nok, men det at me låg under 0-3 og klarde å kjempa oss attende i kampen var ein sterk prestasjon.
Me har no teke eit aldri så lite djupdykk i historiebøkene, for å finna lignande bragder.
Her fann me at me aldri før har komme tilbake i ein kamp når me har vore 3 mål under før. Det beste me har gjort av innhenting er å vinna kampar me har vore lege under med 2 mål. Dette gjorde me blant anna i siste seriekamp i 2004 mot Even Kvam og Norane. Då låg me under både 0-2 og 1-3, men vann til slutt kampen 6-5 (!) Me gjorde tilsvarande bragd i fyrste seriekamp mot Sogndal 3 i fjor. Den gongen var me under med 0-2 tidleg i kampen, men vann til slutt 4-3.
Motsatt veg kan me ikkje sjå at me nokon gong har tufla bort ein 3 måls leiing, men me har fleire gonger leda med 2 mål for så å ha tapt kampen.
Dette gjorde me heime mot Lærdal i 2005. Då leia me tidleg 2-0, men etter at Even Kvam, Geir Aardal og linjemann Arvid Heggestad alle fekk marsjordre av dommaren så enda det til slutt med 2-5 til lærdølene. Me hugdar og med skrekk tilbake på siste kamp på våren i fjor, då me leia komfortabelt 2-0 heime mot Aurland/Lærdal 2, men klarde utruleg nok å tufla det bort å tapte kampen 2-3. I denne kampen kan ein trygt seia at me framsto som nokon tuflebrøker heile gjengen!
Dersom nokon finn at me har henta inn eller rota bort ei større leiing så er me interesserte i å få vita om dette...
- Veitastrond - Breimsbygda 4-4 (08.08.08)

Det vart ikkje den opninga på haustsesongen me hadde håpa på då Veitastrond i dag spelte 4-4 mot Breimsbygda heime på Leikvoll Stadion. Kampen starta på verst mogleg vis og etter ca ein halvtime låg VIL under med 0-3. Trass i dette klarde me å kjempa oss tilbake i kampen, og kampen sett under eit er me slik halvnøgde med dagens kamp.
Les meir om kampen HER
- Før kampen; Veitastrond - Breimsbygda (07.08.08)

Det er tidleg august og framleis tykkjer me at det er sommar ute. Likevel går det eit lite skille mellom årstidene når Veitastrond i morgon sparkar i gang haustsesongen. Då kjem Breimsbygda for fyrste gong på besøk til Leikvoll, og det er eit revansjelystent heimelag som entrar bana i morgon.
Les meir om kampen HER
- Statistikk for juli (06.08.08)
Sidan det ikkje var noko treningar i juli månad vert det heller ikkje så mykje å melda frå denne månaden.
Einaste blir oppslutnaden rundt heimesida vår, og ikkje overraskande så var det ikkje allverden med treff på veitastrond.com i feriemånaden. I juli hadde me 3503 treff!
Dette er ein nedgang på over 2000 treff samanlikna med juni månad. Samanliknar me med juli 2007 så ser det likevel ikkje så gale ut, då me er ca 500 treff føre fjoråret.
Me vonar at brukarane finn vegen tilbake til heimesida vår no når sommaren er på hell, og haustsesongen sparkast i gang igjen!