Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; August 2009

  • Vellykka sosialt samvær (29.08.09)

Det vart ein særs triveleg dag/kveld for alle dei som var involverte når Veitastrond Fotball i går inviterte til sosialt lag med utanomsportslege aktivitetar i fokus. Spelarane samlast fyrst oppe på England Gard der det vart full krig på paintball bana deira. Deretter trekte me ned i Resalandkjellaren der me såg fotballkamp, spiste pizza og snakka avansert om laust og fast utover kvelden.

Les meir HER

 

  • Spelarfest (28.08.09)

Det har vore ei turbulent og dårleg veke sett med Veitastrond sine auge. -3 poeng og bittert tap mot Syril tek litt tid å fordøya, men i morgon gjer me blanke i alle våre problem.

Då samlast nemleg alle spelarar, leiarar og andre personar som er knytte til klubben for sosialt samvære.

Dagen vert starta med paintball på England (nai da va langt å raisa du...) kl 12:00. Deretter reiser me heim, fjongar oss og ser tippekamp. Før me avsluttar kvelden nede i Resalandskjellaren der me fyrst ser storkampen mellom Colchester og Leeds..nei, Manchester United og Arsenal var det visst. Samstundes som me gomlar i oss deilig pizza.

Utover kvelden/natta vert det sosialt samvære der ulike menneskjer med ulike meiningar om ulike saker kjem saman og løyser verdsproblem.

Me ser fram til ein hyggeleg kveld i hyggeleg lag.

 

  • Veitastrond ankar (28.08.09)

Det har vore mykje fram og tilbake i denne saka der me i går vart ilag kr 3.000,- i bot og fekk 3 poeng trekk. Me bestemte oss i går for å resignera, legga ballen død og sjå framover.

I dag har det etter møter mellom leiinga i VIL og VIL-fotball vorte enighet om at ein likevel skal levera ein anke i saka. Grunnlaget for dette er at me føler oss urettferdigbehandla, og at me ynskjer å ta saka så langt som me kan.

Me kan vel seia at me har diskutert denne saka ganske heftigt internt, og det har komme fram nokre nye moment i saka siste dagane som gjer at me føler at grunnlaget for ein anke har auka.

Så slik er det... så får me sjå kva som skjer... kanskje me har ombestemt oss igjen i morgon...

 

  • Veitastrond resignerar (27.08.09)

Etter den knusande dommen som VIL-fotball fekk i mot seg i går der me vart trekt 3 poeng etter Selje kampen var vår fyrste reaksjon fylt av fortvilelse, sinne og ikkje minst kamplyst på å ta denne saka vidare. I dag er det så til dei grader dagen derpå og me kjenner at me er tomme både psykisk og fysisk. Me føler framleis at me er urettferdig behandla og at SFFK har hatt ei arrogant framtreding i denne saka. Likevel har me ingen tru på at ein eventuell anke vil gå igjennom. Me har difor bestemt oss for ikkje å anka, og heller legga denne saka død og heller sjå framover.

Les meir HER

 

  • Bilder og oppdaterte tabellar (27.08.09)

Me har då oppdatert våre statistikkar og lagt ut bilder frå gårsdagens kamp.

Bildene finn du HER

 

  • Syril - Veitastrond 3-2....heilsvart (26.08.09)

Ein heilsvart dag i Veitastrond Fotball si historie vart i kved krona med eit bittert 2-3 tap i lokaloppgjeret mot Syril. Veitastrond var kampen sett over eitt det beste laget ute på Syril-grusen og 10 minutt før slutt leia me kampen 2-1. Mot slutten fekk me imidlertid smaka noko av den samme medisin som me ga Eid 2 på søndag då dei scora 2 mål mot slutten og alle poenga vart dermed igjen på Leikanger. Det var ein nervepirrande kamp i dag og me trur at publikum som møtte opp fekk valuta for pengane sine. Veitastrond fekk på si side ikkje mykje igjen for eigen innsats, og me føler at rullegardina har gått ned for heile klubben i kveld...

Les meir HER

Kjem attende med bilder og oppdaterte statistikkar i morgon...viss me då ikkje har gått på ein mental smell.

 

  • Veitastrond trekt 3 poeng (26.08.09)

Det er truleg kjendt for dei fleste at Selje leverte protest etter kampen me vann 3-2 mot dei den 16.august. Grunnlaget for dette var at Kurt Heggestad hadde 3 gule kort, men sidan SFFK berre har 2 registrerte gule på Kurt så såg me på han som speleklar og lot han starta kampen.

I dag kom det vedtak i saka og for vår del kunne ikkje utfallet vore verre. Me vert ilagt ei bot på kr 3.000,- og resultatet i kampen vert satt til 0-3 og alle poeng til Selje.

Me kjem attende med meir utfyllande info om denne saka, og vår forklaring på kvifor me føler oss urettferdig behandla. Enn så lenge registrerar me at SFFK ikkje bryr seg om kva dei offisielle tala deira seier, men framover er det heimesidene til klubbane samt kva dommarar, som ikkje klarar å levera kamprapport korrekt, seier på telefon som gjeld. Det er òg verdt å merka seg at eit oppslag i Fjordenes Tidene var med på å avgjera denne saka (!?)...Me undrar på om denne saka hadde fått samme utfall om den gjaldt ein annan av våre spelarar som ikkje har eit så kjendt fjes som Kurt Heggestad?? I samtale med SFFK i dag seier at eventuelle andre gule kort i denne kampen ikkje vil bli tellande då dommaren ikkje hugsar kven andre som fekk. HALLO I LUKEN!!! her baserar altså SFFK seg på munnlege rapportar - meget proft.

Veitastrond Fotball har ingen problem med å innrømma at me sjølve har opptredd uforsiktig i denne saka og i ettertid burde me kanskje har forhøyrt oss med kretsen om saka før kampen. Likevel meinar me at den største feilen ligg hjå SFFK, og me føler det er feil at me må ta straffen for det. Me får strengast mogleg straff og me er skuffa over SFFK for deira manglande evne til å ta på seg noko form for skuld i denne saka.

For vår del er dette ei prinsippsak, og det har aldri vore vår intensjon å bryta noko fair-play reglar. Me legg og til at me ikkje har noko vondt å seia om Selje i denne saka, og slik som det vart har me forståing for deira syn og det som førte til deira protest. Sjølv om me frå vårt ståsted meinar me har ei god sak og at poenga skulle vorte fordelt slik dei vart når laga kjempe i hop på Leikvoll Stadion 11 mot 11.

Siste ord er imidlertid ikkje sagt i denne saka, og Veitastrond Fotball kjem definitvt til å levera inn ei anke i saka.

 

  • Før kampen; Syril - Veitastrond (25.08.09)

Det er klart for lokaloppgjer i 4.divisjon når Syrstrond står ansikt mot ansikt med Veitastrond i morgon. Medan grasbana til Syril ligg som ein nedsarva potetåker og er stengt for all aktivitet, så inviterer dei oss i staden ned på grusbana si i det som kan bli ein skikkeleg knokkelkamp ute på Leikanger. Veitastrond har for alvor vakna etter den dårlege vårsesongen og står med 9 av 12 mulige poeng på dei 4 fyrste haustkampane. Syril er ikkje mykje dårlegare (faktisk ein del betre..) då dei er det store formlaget i divisjon og er faktisk oppe og snusar på ein opprykksplass om dagen. I morgon legg me imidlertid tabellposisjonar og formkurver på hylla når dei to laga startar opp på stillinga 0-0 i ein kamp der alt kan skje!

Les meir HER

I ein kamp i 4.divisjon vann i går Årdal2 6-2 borte mot Lærdal.

 

  • Sjokkerande nyhende frå Leikanger (24.08.09)

Veitastrond spelar ny seriekamp på fyrstkommande onsdag, og i dag kom meldinga om at denne kampen vert spelt på grus då grasbana deira er stengt. Kanskje er det me som er bortskjemde, men me trudde vel at gruskampar tidleg på hausten høyrde fortida til.

Les meir HER

 

  • Veitastrond - Eid2 7-4 - kontrollert siger til heimelaget (23.08.09)

Endeleg var det slutt på keisame 5 målskampar på Leikvoll Stadion, då Veitastrond i dag vann med småpene 7-4 heime mot Eid 2. Sigeren sat imidlertid langt inne og 5 minutt før full tid var stillinga 2-4 til bortelaget. Ein fantastisk sluttspurt frå VIL snudde kampen og 5 mål på godt og vel 5 minutt er intet mindre enn imponerande. Før dei dramatiske sluttminutta var det eit heimelag som ikkje heilt hadde dagen og som sleit mot tabelljumboen. Heldigvis ordna det seg til slutt og med 3 nye poeng i dag er me berre 2 poeng bak sikker plass på tabellen og me er no optimistiske på avslutninga av årets sesong.

Les meir HER

Me har då lagt ut både bilder og oppdaterte tabellar etter kveldens kamp. Me tek oss no ein kort pause, før me gjer klart for lokaloppgjer mot Syril på fyrstkommande onsdag...heng med!

 

  • Emil kjem truleg til å starta (22.08.09)

Me viser til "Før kampen"-artikkelen nedanfor der me blant skriv at spelande hovudtrenar Emil Heggestad er tvilsom til start grunna ein skade. Den medisinske testen er no gjennomført og hovudpersonen kan melda om oppløftande resultat;

"Saman med det medisinske støtteapparate var eg heime på Leikvoll og testa helsa no i kveld. Graset på Leikvoll er som medisin for kroppen og balsam for sjela mi og eg lyt seia at testen lovar særs bra med tanke på kampen i morgon, særs bra", uttalar ein halvsveitt Emil Heggestad til Veitastrond.com.

Dermed startar Veitastrond truleg med dei 11 me annonserte i artikkelen nedanfor.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Eid 2 (22.08.09)

Ein ny viktig kamp står for tur når Veitastrond i morgon tek i mot Eid 2 på Leikvoll Stadion. Dette vert eit reint botnoppgjer der nummer 11 og 12 i årets 4.divisjon møtes til dyst. Morgondagens gjester tok sin einaste siger så langt i år då dei slo oss 5-4 i vårkampen, så Veitastrond har ein del å revansjere denne gongen. For fyrste gong på lenge har VIL mange spelarar å ta av og hovudtrenar Emil Heggestad opplevde noko så sjeldant som å ha eit aldri så lite luxusproblem i samband med laguttaket. I tillegg kjem Tor Odd Kvam til å fyra opp grillen så publikumet får anledning til å gassa seg med nokre steikte kotelleter medan dei forhåpentlegvis ser at Veitastrond tek 3 poeng mot eidarane. Det meste ligg an til ein real folkefest på Veitastrond i morgon...

Les meir HER

Me vil minna publikum om at kampen i morgon startar kl 14:30!!!

 

  • Ole Kristian Løvik på veg inn (20.08.09)

Berre litt papirarbeid gjenstår før Ole Kristian Løvik er klar for Veitastrond.

Ole Kristian er 27 år og kjem frå Sogndal. Han har vore eit tid borte frå bygda, men har no flytta heim og kjem til å slutta seg til Veitastrond Fotball. Han er pr i dag registrert i Follebu, og før han vert speleklar må me senda overgangspapira til dei for å få underskrift.

Tidlegare har han spelt på Kaupanger og Sogndal 2 og han er ein velkjent spelar i lokalfotballen i Indre Sogn. Han er spesielt kjendt for sin gode venstrefot og i Sogn Avis for nokre år sidan var det å lese at han hadde Sogn og Fjordane si beste venstreslegge.

I tillegg til Ole Kristian kjem og Ørjan Aardal til å skriva under for Veitastrond om ikkje lenge. Me kjem attende med meir info, litt intervju og sjølvsagt bilder av dei to i VIL sine fargar om ikkje lenge.

Ingen av dei to vil bli speleklare til helgas kamp mot Eid 2.

Treningsstatistikken

Har lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk. Denne kan du finna HER

 

  • Oppdaterte tabellar og statistikkar (17.08.09)

Me har då oppdatert tabellen og spelarstatistikkane etter gårsdagens kamp mot Selje.

Trass i 3 poeng er me framleis på ein 11.plass og me er og framleis 5 poeng bak neste lag på tabellen. Så dei 3 poenga i går kunne me ha vore for utan, gjorde ikkje mykje nytte i allefall....

 

  • Veitastrond - Selje 3-2 (16.08.09)

I eit høljande regnvær på Leikvoll Stadion tok i dag Veitastrond 3 viktige og til dels overraskande poeng over Selje. VIL vann til slutt kampen 3-2 etter at Selje leia 2-1 til pause. Sigeren var høgst fortent og me hadde eit jamt overtak stort sett igjennom heile kampen. Dette vart ein flott revansje etter at me vart rundspelt og tapte 1-5 i vårkampen og det var ikkje lett å sjå at dette var ein kamp mellom topp og botn i 4.divisjon. Dagens helt for Veitastrond vart Helge Skjælaaen som heada inn det avgjerande 3-2 målet 20 minutt før slutt.

Les meir HER

Oppdaterte tabellar og statistikkar kjem i morgon. Det vart ikkje knipa noko bilder i dag...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Selje (13.08.09)

Grunna at vevansvarleg tek seg ein tur ut av tunet i helga og ikkje har tilgang til internettet, tek me her ein framskynda og forkorta Før Kampen reportasje.

Laget som startar er ikkje klart, men me veit allereie no at me har eit enormt stort mannefall til denne kampen. Dei spelarane som er tilgjengelege til denne kampen er;

Even, Frank, Kim Andre, Øivind, Øyvind, Emil, Helge, Kurt, Åsmund, Arne, Gøran, Richard, Vidar og Øystein.

Det vil seia at me har 14 mann tilgjengelege og frå dei 11 som starta forrige kamp er 4 stk utilgjengele no. Me manglar blant anna våre 3 fyrstevalg på stopparplassane i Erlend, Geir og Kenneth og muligens spelar Gøran i mål og Even i midtforsvaret saman med Kim Andre.

Det har vore eit stort problem med alle utskiftingane til kvar kamp, og dette problemet ser ut til å bli verre og verre...

På søndag kjem eit av topplaga i divisjonen til Leikvoll og med så mange spelarar ute kan me ikkje akkurat seia at me er skyhøge favorittar. Trenar Emil Heggestad har allereie vore ute og sagt at poeng i denne kampen berre vert som ein bonus å rekna i kampen om å unngå nedrykk.

Våroppgjeret enda med 1-5 tap oppe i Selje.

Kampen startar kl 15:00 på fyrstkommande søndag.

Inngang er kr 50,- og me ynskjer store og små vel møtt til kamp.

 

  • EKSKLUSIVT; Ansikt mot ansikt med hovudtrenar Emil Heggestad (11.08.09)

Veitastrond Fotball har fått det tøffare enn det me sjølve hadde håpa på føre årets sesong i 4.divisjon. Etter ein god start gjekk me etterkvart på tap etter tap, og sjølv om me fekk ein god start på hausten mot Lærdal kom me oss snygt nedatt på jorda med tapet mot Førde 2 i helga. Me ligg no 5 poeng bak sikker plass, og me kan ikkje nekta for at nedrykksspøkelset kjem nærmare for kvart tap som går. Det har vore mange jamne kampar og bitre tap, men no tykkjer fansen vår at det ikkje lenger er godt nok å gøyma seg bak dårlege unnskyldingar som uflaks, dårleg dommar, humpete baner osv. Me satte oss ansikt mot ansikt med hvodutrenar Emil Heggestad og ba han om å forklara kva som eigentleg skjer i VIL-fotball om dagen.

Les meir HER

I siste kamp i den 13.runden i 4.divisjon vann Skavøypoll heile 6-1 heime mot Årdal 2...

 

  • Veitastrond - Førde2 3-4 - no med referat (10.08.09)

Med tapet mot Førde 2 på Leikvoll i går ser det ikkje vidare lyst ut for Veitastrond sin vidare eksistens i 4.divisjon. Nok ein gong trakk me det kortaste strået i ein jamn duell og når me aldri klarar å vinna slike fotballkampar så blir det tøft. I går leia me kampen 3 gonger, men heilt på slutten snudde Førde 2 og på overtid satte dei inn kampens siste mål slik at dei kunne ta med seg alle poenga heim til Førde.

Les meir HER

 

  • Veitastrond - Førde2 3-4 (09.08.09)

Det vart diverre tap for Veitastrond i den viktige botnkampen mot Førde 2 i dag. Det såg lyst ut for heimelaget etter 1.omgang då VIL leia 2-1 og Førde 2 hadde fått ein mann utvist. Etter pause virka det imidlertid som at det var Veitastrond som hadde ein mann mindre på bana og me lyt nok innrømma at det var fortent at det var bortelaget som til slutt sat att med alle poenga. Likevel er det utruleg surt då me leia både 1-0, 2-1, 3-2 og dei to siste måla til Førde kom etter 83 og 93(!) minutt.

For Veitastrond scora Arne Nes, Kurt Heggestad (str) og Emil Heggestad. Målet til Emil var eit kanonskot frå midtbana direkte frå avspark.

No skulle det eigentleg ha vore klart eit fyldig referat frå kampen, men det er det diverre ikkje. Dette skuldast dels at referenten framleis er i mental ubalanse etter kampen og til dels at referenten har noko så grasalt mykje ledig tid i morgon til å skriva - difor tek me det heller i morgon de...god ide, hæ?

I mellomtida kan de gå inn på Lenker i menyen ovanfor og klikka vidare på Førde for å sjå kva dei skriv om kampen. På ein ellers dårleg dag kan det vera vert å ta med seg denne kommentaren frå dagens motstandar;

"Rune Førde meldar ellers at det vare ei særs triveleg ramme rundt kampen i Veitastrond, og han gjer honnør til den vetle klubben for eit framifrå arrangement!"

Ta det til dykk de som fortener det!

 

  • Før kampen; Veitastrond - Førde 2 (08.08.09)

Det er i morgon duka for eit kjempe spanande oppgjer i botn av 4.divisjon. Veitastrond tek då i mot Førde 2 på Leikvoll, og med siger her vil blåtrøyene komma seg på sikker plass på tabellen. Skulle det bli tap vil me bli verande i gjørma med heller dårlege framtidsutsikter. Forrige søndag tok me skalpen til Lærdal og forhåpentlegvis har me no funne haustformen og held fram med ny 3 poengar her. Dette vert utvilsamt den viktigaste kampen me spelar så langt i år og det er berre for spelarar og supportarar til å gjera seg klare til å tukta byfolka frå Førde.

Les meir HER

 

  • "Eg kan ikkje sjå kven som skal slå oss no" (07.08.09)

Veitastrond fekk ein pangstart på haustsesongen ved å slå Lærdal 3-1 heime på Leikvoll forrige helg. Med 3 poeng i denne kampen er me berre 2 poeng bak Førde 2 og sikker plass på tabellen. Til helga møter me nettopp førdianarane til dyst og det er ein skikkeleg 6 poengar av ein kamp me står ovanfor. Sjølv om ein skulle tru at nervene står i høgspenn hjå dei fleste i VIL-fotball går i dag veteran Arne Nes offansivt ut og seier han er sikker på siger til helga og han stoppar ikkje berre med denne eine kampen; "Etter det me presterte mot Lærdal forrige helg er eg bombesikker på ny siger til helga, og eg trur faktisk me kan gå igjennom heile haustsesongen ubesigra. Eg kan rett og slett ikkje sjå kven som er kapable til å slå oss i denne divisjonen no", uttalar Arne som framleis har eit håp om at Veitastrond skal klara opprykk til 3.divisjon alt i år.

Les meir HER

I ein kamp i 4.divisjon på onsdag så vann Lærdal med 5-0 over Eid 2.

 

  • Statistikk for juli (05.08.09)

Sommarmånaden er overstått og me ser attende på det vesle som har vore av aktivitet rundt Veitastrond Fotball.

Les meir HER

 

  • "Ny" framside (04.08.09)

Me har no lagt inn nytt bilde på framsida til Veitastrond.com. I tillegg har me oppdatert sida med årets sponsorar. Det vart ikkje skikkelege logoar på dei sponsorane som er nye for året. Dette tek så ofsaleg lang tid og er noko så inni hampen keisamt slik at me på eit haste-styremøte i Veitastrond.com i dag vart snygt enige om at me ikkje tok oss bryderiet med dette.

Dersom nokon savnar nokon sponsorar, eller savnar linkar til heimesider til sponsorane så sei ifrå. Dersom nokon har logoar liggande til sine bedrifter og ynskjer at me nyttar dei så ber med dykk om å senda desse på mail oss (admin@veitastrond.com)

 

  • Frank Heggestad venstrebackskule (03.08.09)

Sogndal sin sisteskanse Terje Skjeldestad har i mange år hatt stor suksess med sin keeperskule, der unge håpefulle målvaktar får spesialtrening av røynde keepertrenerar. I lys av dette har no Veitastrond sin veteran Frank Heggestad gått i gang med å starta sin eigen skule der han vil ha fokus på venstrebackar. Tanken bak dette er å få unge fotballspelarar til å satsa 100% som venstrebackar heilt ifrå dei er små. I følge Frank er det i dag alt for mange unge som går rundt med ein draum om å spela i meir attraktive posisjonar, som spiss eller sentral midtbane for sine favorittklubbar, og han meinar at nålauge ikkje er fullt så trangt om ein satsar som venstreback. Difor ser han sitt snitt til å sjølv gjera suksess med å utvikla unge fotballspelarar til proffar ved å tenka i nye baner med sin eigen venstrebackskule.

Les meir HER

 

  • Oppdaterte bilder og statistikkar (02.08.09)

Har då lagt ut oppdaterte bilder og statistikkar etter kampen mot Lærdal i går.

Sjå bilder frå kampen HER

 

  • Veitastrond - Lærdal 3-1 (01.08.09)

Veitastrond kom endeleg inn på vinnarsporet igjen, då me i dag vann 3-1 heime mot Lærdal. Dette vart ein utypisk VIL-kamp med lite mål, og der heimelaget ikkje rota bort leiinga si og hadde til dels kontroll i 90 minutt. Med 3 poeng i dag fekk me kontakt med laga framfor oss og det var godt å endeleg ha marginane med seg i ein kamp. Veitastrond sin nykomponerte formasjon fungerte bra der me låg tett og kompakt bakover. Framover fungerte det òg bra, og Kurt Heggestad (x2) og Frode Kvåle sikra måla våre. Ein flott dag for fotball for Veitastrond og endeleg fekk vårt trufaste publikum valuta for pengane.

Les meir HER

Det kjem oppdaterte tabellar og bilder i morgon.

I ein annan kamp i 4.divisjon spelte Syril og Skavøypoll 2-2 - altså uavgjort.

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com