
Veitastrond gjekk diverre på eit meget surt tap då Lærdal i dag slo oss 3-2. Med siger i denne kampen ville me ha skaffa oss ei verdifull luke ned til laga bak oss på tabellen. I staden så let me no Lærdal komma opp side ved side med oss sjølve og det heile går mot ein meget spanande sesongavslutning. Dagens kamp var ein jamn og tett affære der det like godt var oss som kunne ha stukke av med alle poenga. Ingenting er så kjekt i fotball som å dra i land ein skikkeleg slitesiger, men i dag opplevde me det som kanskje er det verste; nemleg å gå på eit realt slitetap, om ein kan nytta eit slikt uttrykk.
Les meir HER
Ny helg, ny kamp og nok ein er det ein meget viktig kamp som Veitastrond sine utvalgte står ovanfor. Når me i dag reiser over fjorden for å spela mot Lærdal så møter me eit lag som ligg 2 plassar og 3 poeng bak oss på tabellen. VIL ligg i dag på 5.plass, medan Lærdal er på den utsette 7.plassen som gjer nedrykk til neste års 5.divisjon. Så tett og jamt må me rekna med at det vert i dei resterande kampane i årets sesong, så her er det berre å bretta opp ermane og henta heim 3 verdifulle poeng.
Les meir HER

Veitastrond signerte i slutten av forrige veke to nye spelarar, og begge er venta å få sin debut i kampen mot Lærdal i morgon. Andreas Bjelde frå Kaupanger skulle vera kjendt for dei fleste, og i tillegg til han har me henta inn Olai Johnsgård som er student i Sogndal. Dette er to spelarar som begge vil heva nivået på laget vårt samt at me treng meir bredde i stallen når me no tek fatt på siste del av haustsesongen.
Les meir HER
To kampar i 4.divisjon i går;
Saga - Gaular 4-1
Årdal2 - Førde2 3-4
Me har no oppdatert våre tabellar og statistikkar under Årets sesong i menyen ovanfor...
Retting; me kom til skade for å skriva at det var Åsmund som hadde assist på 2.målet mot Eikefjord i går. Dette var feil og rett skal vera Frank Heggestad. Det var veteranen som tok med seg ballen inn på bana frå sin venstreback posisjon, og serverte Kurt den ferdigscora pasningen. Dette er no retta opp både i kampreferatet, og i statistikkane våre. Me beklagar feilen ovanfor dei involverte partane...

Veitastrond fekk ein verst mogleg start på dagens kamp då Eikefjord leia 2-0 før me hadde spelt 5 minutt. Etter den dårlege opninga så kom etterkvart heimelaget sterkare tilbake og fekk til slutt med seg 1 poeng på ein relativt grå og regnfull dag. Dette var ein kamp me lyt vera godt nøgde med å ta poeng i når kampen vart som den vart. VIL synte god moral mot eit av divisjonen sine beste lag og me kunne med litt meir tur ha teke med oss alle poenga. Så vart det altså uavgjort kamp for Veitastrond igjen, og det er nesten 2 år sidan sist. Kanskje ikkje så overraskande sidan Veitastrond.com setta fokus på dette før i veka...
Les meir HER
Det er kanskje årets viktigaste kamp VIL-fotball står ovanfor når dei i morgon tek i mot Eikefjord på Leikvoll Stadion. Laga rundt oss på tabellen er i god form og før denne kampen er me passerte av både Syril og Kaupanger, og me treng ein siger for å henga med desse laga. Veitastrond har mykje å retta opp frå den dårlege kampen mot Syril i forrige runde, men det vert ikkje lett å gjera dette når det er Eikefjord som står på motsatt side. Eikefjordingane har hatt kontroll på sølvplassen heile sesongen, og vert ei hard nøtt å knekka for Veitastrond.
Les meir HER

Den 1.september 2008 var ein merkedag for VIL-fotball. Fyrst og fremst fordi at dette var dagen då NRK var å laga reportasje til Sportsrevyen omkring lokaloppgjeret mellom Veitastrond og Hafslo, men og fordi at denne kampen enda uavgjort. For visste du at dette var siste offisielle kamp der Veitastrond delte poenga med motstandaren? Sidan den gong har me spelt 40 kampar der Veitastrond anten har vunne eller tapt. Altså ingen uavgjorte på nesten 2 år, og spør du oss er dette ganske utruleg når ein ser på alle dei jamne kampane me har spelt i dette tidsrommet.
Les meir HER
I ein annan kamp i 4.divisjon i går vann Kaupanger 8-0 mot Førde 2. Det er samme siffer som me tapte mot det samme Førde 2 laget like før sommarferien...

Dagens kamp mot Syril vart ein solid nedtur for Veitastrond som i den siste tida har vore relativt sigersvande. Diverre så fekk systrendingane revansje ifrå 6-0 nederlaget me påførte dei i vår, og i dagens kamp var dei det beste laget og vann til slutt kampen fortent 4-1. På ein dag der me hadde dei fleste spelarane våre tilgjengelge så var det lite som stemte både bakover og framover på bana, og då nyttar det ikkje mot eit så heiltent heimelag som me møtte i dag. Som med alle andre tap så lyt me seia at dette var ein kamp me får legga bak oss, og heller sjå framover mot nye oppgåver.
Les meir HER
Du kan ellers lesa meir om denne kampen på nettavisa til Sogn Avis. Her spekulerar blant anna Frode Kvam om om tapet komma grunna at VIL var overtrente...
Me beklagar at me ikkje har fått på plass noko før kampen framfor lokaloppgjeret mot Syril i dag. Det har ikkje lukkast oss å komma i kontakt med trenarane våre, slik at me ikkje har noko lag klart. Einaste me kan opplysa om er at dei aller fleste i stallen er klare til kamp, og me veit at Frode Kvåle vil gjera comeback i dag.
Kampen startar kl 18:00 ute på Leikanger, og me oppfordrar våre trufaste fans om å ta turen og støtta oss i kveld.

Etter det me i Veitastrond.com veit så har Frode Kvåle takka ja til å vera med VIL-fotball i haust, og det er venta at han re-debuterar mot Syril på fyrstkommande torsdag. Dermed har Veitastrond fått napp i jakta på nye spelarar, og me får akkurat den type spelar me er ute etter. Ein anvendeleg spelar som går rett inn og forsterkar fyrsteellevaren vår. I tillegg til Frode sitt comeback kan me blant anna melda om at fleire nye spelarar kan vera på veg, Veitastrond har fått nye drakter og VIL hadde ei særs velluka arrangement helg.
Les meir HER
Me har då oppdatert våre tabellar og spelarstatisikkar for årets sesong.
Har til og med lagt ut ein rykande fersk treningsstatistikk og oversikt over månadens spelarar så langt i år.
Du finn alt under Årets sesong i menyen ovanfor...

Det var stor spaning framfor dagens kamp på Leikvoll. Veitastrond hadde mykje folk ute og me hadde henta inn nokre interessante erstattarar. Stor spaning til tross, så vart det aldri noko særleg nervepirrande på Veitastrond. Heimelaget valsa til tider over eit ungt Polljen lag, og vann til slutt kampen med heile 7-1. I dag viser me stor styrke både offansivt og defansivt, og det er godt å sjå at når nokon må stå over ein kamp så har me spelarar som er fullgode erstattarar. Ekstra fjør i hatten i dag gjer me til målvakt Frank Heggestad, og våre to innleigde spelarar Tarjei Nordtveit og Johan Olai Nes. Alle gjorde ein framifrå jobb, og er velkomne til å halda fram i desse rollane om dei ynskjer det.
Les meir HER
Me takkar Frank Heggestad for hjelpa med å få i stand dagens referat. Litt usikkerhet omkring dagens assistar, men me trur me har fått det rett. Sei ifrå dersom du meinar noko av det me er komne fram til er feil...
Oppdaterte tabellar og statistikkar kjem i morgon.
Eit redusert Veitastrond vann i dag heile 7-1 heime mot Skavøypoll. Til pause var stillinga 3-0.
For VIL scora Tarjei x2, Kurt, Frode x2 og Arne x2.
I tillegg til at comeback-kid Tarjei scora 2 mål så fekk og Johan Olai sin debut som fotballspelar.
Redaksjon i Veitastrond.com gratulerar karane med imponerande siger, og kjem attende med referat frå kampen seinare...

I morgon er det duka for årets fyrste haustkamp for Veitastrond Fotball. Me kunne ha skreve at dette var på tide, men dersom me ser på korleis spelarar som er tilgjengelege etter ferien så trur eg at me droppar den linja. Det verkar som litt for mange spelarar framleis er på ferie, og den sportslege leiinga har hatt ei stor utfordring med å i det heile samla i saman 11 mann til denne kampen. Det har vore nokre telefonar rundt omkring på gardane, og dette medfører at Tarjei Nordtveit gjer comeback etter 5 år borte frå VIL-fotball, i ein alder av 36 så startar Frank Heggestad sin fyrste seniorkamp som keeper og sist men ikkje minst så kan Johan Olai Nes få sin debut på fotballbana i ein alder av 42. Med andre ord så skulle det vera vel verdt å ta turen til Leikvoll Stadion i morgon.
Les meir HER
Dersom redaksjon i Veitastrond.com får tid så blir det kanskje ei lita live-overføring av denne kampen. Kjem attende med meir om dette i morgon om det vert aktuelt...
Tidleg i sommar lovte me at me skulle komma attende med oppdaterte rekordar og historikk her på Veitastrond.com. Sidan det no berre er ein dag igjen av fotballferien er det på tide å halda det ein lovar, og her kjem difor alt det du måtte ynskje deg av tal og statistikkar, oppdatert pr. dags dato.
Les meir HER
All historikken som du finn i linken til denne saka kan du og finna under Histroikk i menyen ovanfor.
Dersom du finn noko feil så ver snar med å sei ifrå til oss så endra me på dette.

På fyrstkommande søndag arrangerar Veitastrond Idrettslag Stølsdag på Veitastrond, eller nærmare bestemt Nyestølen.
Dette er eit stort arrangement med mykje aktivitetar og ikkje minst mykje god mat.
Hovudattraksjonen for mange er kyradritarbingoen. Her vert ei kyr slept inn på eit inngjerda område som er merka opp med 100 ruter. Desse rutene vert solgt ei og ei, og den som har den ruta som kyra drit på vert vinnar av kyradritarbingoen. Ei rute kostar kr 100,- og vinnaren får kr 3500,- cash kontant opp i handa.
Høyres dette spanande ut så skund deg til Matkroken (butikken på Veitastrond) og ver sikker på at du får den ruta som du har mest trua på.
I tillegg til kyradritarbingoen vert det muleg å vera med på jurklutkasting, hesteskokasting og i tillegg lovar arrangementskomiteen nokre nye aktivitetar for året.
Av mat vert det muleg å kjøpa seg grillmat, rømmagraut, mølsa, lappar, plommesuppe, kaffi og sikkert endå meir.
Med andre ord så er det eit framifrå arrangement som går av stabelen her, og me kan ikkje heilt skjøna at nokon vil gå glipp av dette. Det er berre å merka av i kalendaren på søndag 8.august. for Stølsdag og kyradritarbingoen. Arrangementet vil føregå i tidsrommet frå kl 12:00 til 17:00.
Årets stølsdag slagord er; "dar drait ho, håpa da va pao meg"
I morgon er det slutt på ferie og slaraffenliv for VIL-fotball sitt stjernegalleri. Då er det nemleg på tide å snøra på seg fotballskoa igjen, og møta opp til årets fyrste hausttrening. Til helga er det klart for kamp og då må sjølvsagt formen vera på plass.
Les meir HER