Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; August 2011

  • Opprykk/nedrykk sesongen 2011 (30.08.11)

Det nærmar seg sesongavslutninga, og me gjer dykk her info om korleis opprykk og nedrykk vil føregå i dei ulike divisjonane i Sogn og Fjordane.

Les meir HER

 

  • Bilder frå kampen mot Lærdal (27.08.11)

Då har me oppdatert statistikkane våre etter kampen mot Lærdal, og me har og lagt ut bilder frå kampen.

Bilder kan du sjå HER

Me vil og minna om at etter kvar kamp Veitastrond spelar kan du sjå eit mykje større bildegalleri på Facebooksida til VIL-fotball. Vår fotograf Hildegunn Heggestad publiserar som regel desse bilda før spelarane til Veitastrond er ferdige å dusja etter kampen. Facebooksida vår er open slik at ein ikkje treng å vera pålogga, eller medlem av Facebook for å få innsyn. Likevel oppfordrar me alle som ikkje `liker` sida vår om gjera slik som nesten 400 andre har gjort, nemleg å lika den ;)

Du finn Facebooksida vår HER

 

  • Lærdal - Veitastrond 1-1 (26.08.11)

Det vart poengdeling på Lærdal Stadion i det viktige oppgjøret mellom Lærdal og Veitastrond. Dermed fekk me med oss eit meget viktig poeng heim, og dette kan fort bli avgjerande for om VIL-fotball held seg i årets 4.divisjon. Dagens kamp var av det tamme slaget mellom to lag ikkje akkurat synte fram festfotball. Dagens prestasjon stod utvilsamt Kurt Heggestad for då han sendte Veitastrond i føringa etter 60 minutt med eit skot frå midtbana. Det haldt nesten heilt inn, men eit massivt press frå heimelaget førte til slutt til at dei fekk utlikninga 1 minutt før slutt og dermed vart det 1-1.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Lærdal - Veitastrond (25.08.11)

Me tek ein kort før kampen mot Lærdal her og no...

Laget som startar i morgon er truleg;

                         Even
          Olai - Lars - Øivind - Runar
Frode Kvam - Ivan - Emil - Åsmund - Kurt
                       Richard

På benken har me Øystein og Karl Jomar.

Dei som ikkje er med er Bjørn og Ole Petter som er suspenderte. I tillegge er me utan ein heil skokk andre. Har vore ei dårleg veka for VIL-fotball der me ikkje har trena sidan me spelte kamp mot Vik på laurdag. Mange spelarar har vore bortreist, skada eller vore småsjuke.

Dette vert ein utruleg viktig kamp for Veitastrond. Tapar me så kjem Lærdal og Høyang heilt opp i ryggen på oss på tabellen, og me er dermed for alvor kommet ned i sumpa. Vinn me får me eit komfortabelt pusterom.

Vårkampen enda med 6-0 siger til Veitastrond, men me reknar ikkje med å få det like enkelt i morgon. Lærdal har hatt ei flott opning på hausten med 2-1-1 på 4 kampar. VIL på si side har 3 kampar og 0-1-2 i protokollen.

Kampen byrjar kl 18:00, og me oppfordrar våre supportarar om å ta turen over fjorden og heia oss fram.

 

  • Bilder frå kampen (21.08.11)

Då har me oppdatert spelarstatistikkar og tabell etter kampen mot Vik.

Me har og lagt ut nokre bilder frå oppgjøret, som du kan sjå HER

 

  • Veitastrond - Vik 1-4 (20.08.11)

Som venta fekk Veitastrond det tøft mot serieleiar Vik. Til trass for at heimelaget stod opp og kjempa godt så var det ikkje nok til å ta poeng, og vikjene vann til slutt kampen med komfortable 4-1. Ikkje berre sat me slukøyrde attende med 0 poeng, men me sat og att me ein broten heimestatistikk. 15 kampar på rad klarde me utan tap på Leikvoll før Vik i går kom fram på Strondi og viste ingen nåde. Så då er det berre å byrja på nytt og laga nye statistikkar...

Les meir HER

Bilder og oppdatert statistikk kjem seinare.

 

  • Tap 1-4 på Leikvoll (19.08.11)

Veitastrond skal ha honnør for heiderleg innsats, men Vik vart for sterke og me tapte til slutt 1-4 på Leikvoll i kveld.

Vik tok leiinga allereie etter 1 minutt og 20 sekund, og la på til 2-0 etter 13 minutt. 2-0 haldt seg til pause, før Vik la på til 3-0. Øyvind Lien reduserte til 1-3 på straffe 10 minutt før slutt, men etter 87 minutt kom den siste kistespikaren når vikjene la på til 4-1.

Referat frå kampen håpar me å ha på plass i morgon...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Vik (18.08.11)

Etter ein famlande start på hausten av Veitastrond Fotball er det snart på tide å reisa kjeringi, og visa at me framleis kan. Fyrste sjanse til dette kjem alt på fredag, det vil seia i morgon. Noko lett oppgåve blir det imidlertid ikkje, då det er sjølvaste Vik som kjem på vitjing til Leikvoll. Dei leiar tabellen, og har så langt vist seg som det klart beste laget i denne divisjon. Me har eit 0-7 tap mot dei friskt i minne frå kampen på Vik Stadion i vår, men me håpar at me skal klara å bita betre i frå oss når det er me som står som vert. Uansett så har nok aldri den gode heimestatisikken vår det siste året blitt sett på større prøve enn det me skal opp til no.

Les meir HER

 

  • Bilder og oppdaterte tabellar (14.08.11)

Då har me lagt ut bilder frå gårsdagens kamp, som du kan sjå HER

Samt at me òg har oppdatert tabellane våre.

 

  • Veitastrond - Syril 3-3 (13.08.11)

Sjølv om Veitastrond gjekk inn til denne kampen som store favorittar, så lyt nok laget i ettertid sjå seg rimeleg nøgd med at berre 1 poeng vart verande att på Strondi. Heimelaget framstod til tider som tafatt og fantasilaust, og det var ikkje noko å seia på at Syril dobla sin poengfanst i årets sesong frå 1 til 2 poeng. Laga skifta på leiinga, men når Frode Kvåle satte inn 3-2 då det gjenstod 10 minutt så hadde me trua på siger. Diverre så svare Syril endå ein gong på slutten, og då enda det altså uavgjort på Leikvoll i dag.

Les meir HER

Bilder og div oppdaterte tabellar og statistikkar kjem ein annan gong...

 

  • Uavgjort på Leikvoll (13.08.11)

Veitastrond og Syril spelte i dag 3-3 på Leikvoll, etter at det var 2-2 til pause.

Kurt x2 og Frode Kvåle scora måla for Veitastrond. Me kjem attende med referat seinare i kveld.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Syril (12.08.11)

I det me skriv dette så står allereie rømmagrauten å putrar i ei gryte på eit kjøkken på Veitastrond. Der skal den stå å godgjera seg til den blir lagt ut for salg på Leikvoll Stadion i morgon, dvs laurdag, og nærare bestemt kl 13:00. Då vert nemleg lokaloppgjeret mellom Veitastrond og Syril spara i gang, og me legg ikkje skjul på at me gler oss til den fyrste haustkampen på Leikvoll. Dette vert fyrste gong at Syril kjem på vitjing til Veitastrond for å spela fotball, og det er klart at for den vesle bygda er det stor stas å ta i mot folk frå sjølvaste fylkesadminstasjon vår.

Les meir HER

I ein kamp i 4.divisjon har i kveld Dale slått Kaupanger 3-2 på Dingemoen.

 

  • Tidleg kampstart mot Syril (10.08.11)

Kampen mot Syril på laurdag er framskunda frå kl 15:00 til kl 13:00.

 

  • Kenneth Mo ute resten av sesongen (09.08.11)

Veitastrond sin viktige midtstoppar Kenneth Mo er truleg ute med skade for resten av årets sesong. Rett før me tok sommarferie så pådrog han seg ein hjernerystelse, og det viser seg no at han ikkje har blitt bra etter dette.

Våre rapportar seier at legen ga han 3 månadar forbod mot å spela fotball, og då seier det seg sjølv at det ikkje blir mykje att av årets sesong.

Dette er eit stort tap for Veitastrond, då Kenneth er ein av dei spelarane som trenarane vel fyrst når dei skal ta ut laget. Med sin oppofrande spelestil er han blant våre beste spelarar, og eit godt førebilete for dei andre på korleis det skal gjerast.

Me ynskjer Kenneth god betring, og håpar å sjå han attende i Veitastronddrakt - helst før enn seinare.

 

  • Oppdaterte statistikkar etter vårsesongen 2011 (09.08.11)

Rett etter at me tok sommarferie i byrjinga av juli så lovte me å komma attende med oppdatere statistikkar etter vårsesongen. Dette klarde me ikkje heilt å halda, men her kjem det likevel nokre dagar på etterskot.

Les meir HER

 

  • Oppdaterte statistikkar (08.08.11)

Då har me oppdatert tabell og spelarstatistikkar etter kampen mot Høyang.

Du kan sjå desse ved å trykka på Årets sesong i menyen ovanfor.

 

  • Høyang - Veitastrond 6-2 (07.08.11)

Det vart ein dårleg start på hausten for Veitastrond, då laget tapte 2-6 borte mot Høyang i den fyrste kampen etter ferien. Heimelaget leia 2-0 til pause, og til tross for to reduseringar frå Emil Heggestad så vart leiinga deira aldri særleg trua av VIL.

Les meir HER

 

  • Oppdatert treningsstatistikk (03.08.11)

Kveldens trening er overstått, og me gjer dykk ein rykande fersk treningsstatistkk. Du kan sjå den HER

Kan og nevna at me hadde to prøvespelarar med i dag. Dette var keeper Morten Nes og utespelar Marius Sundal. Morten kjenner sikkert mange då han til dagleg er postmann på Veitastrond, medan Marius er ein hafslobøgding som sjølv tok kontakt om å få vera med oss.

Begge to gjorde sine saker bra på trening, og vert truleg med oss vidare.

 

  • Fotballen sparkast i gang att (03.08.11)

På fyrstkommande laurdag vaknar VIL-fotball frå sommardvalen når laget tek turen til Høyang for haustens fyrste kamp. Då er ein lang og god sommarferie over, og me gjer oss klare til dei 10 siste kampane av årets sesong.

For spelarane til Veitastrond er ferien over allereie i dag, for då møtes det til trening, slik at me får oss ei økt før alvoret byrjar.

På spelarfronten er det ikkje all verda med nyhende. Alle som var med på vårsesongen er stort sett med vidare, men det er litt usikkert rundt Patrik då han truleg flyttar til Bergen for å studera. Det jobbast litt med å finna ein erstattar for han, men keeperar veks ikkje akkurat på trær så me får sjå kva som skjer.

Det er tvilsamt om det kjem så mange nye spelarar til, men me håpar at Lars Bruhaug blir kvitt skadeproblema sine slik at han omsider kan få debutera og vera med å bidra utover hausten. Det har og vore kontakt med nokre andre spelarar, men forløpig har ingen nye signert.

I dag vart det sendt ut krav til spelarane om treningsavgift for hausten. Me oppfordrar om at dette vert betalt ASAP!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com