Då har me oppdatert våre statistikkar for sesongen 2012.
Les meir HER

Ettersom at Saga ikkje klarde å komma seg over streken i 3.divisjon og dermed rykker ned eit hakk, så får dette same konsekvens for Veitastrond. For fyrste gong i vår 9 år lange historie så rykker me altså ned, og me må belaga oss på spel i 5.divisjon i 2013. Heilt sidan me avslutta vår sesong på ein 10.plass for nokre veker sidan, så har me vore smerteleg klar over at vår eksistens i 4.divisjon ikkje lenger låg i våre eigne hender. Det såg lenge lyst ut for at Saga kunne halda plassen sin, men diverre så rakna det i dei siste tre kampane og då var det takk og farvel både for dei og oss. Me tek ein liten oppsummering av årets sesong og vurderer kva konsekvensar eit nedrykk får for oss, og ikkje minst så ser me òg litt på vegen vidare for VIL-fotball.
Les meir HER
Veitastrond haldt følge med serievinnar Sogndal 2 i 65 minutt, men då takka sogdølene for følget og banka inn 4 mål på slutten. Kampen som gjekk på sjølvaste Fosshaugane Campus var ei flott oppleving for spelarane til Veitastrond Fotball. Stor stas å spela på ein tippeligaarena, og kjekt å kunne visa at me er gode fotballspelarar som ga SIL2 god kamp. No avsluttar me årets sesong, og legg alt som har med lokalfotball på hylla for ei stund. Så får me heller ta ned att ballen om nokre månadar og sjå om det framleis er att noko luft i ballongen...
Les meir HER
Alle tabellar og statistikkar er oppdaterte og endelege etter årets sesong.
Sjå om me får has på nokre bilder frå kampen på Fosshaugane Campus etterkvart...
Ein ny sesong er snart forbi og i morgon avsluttar me året med bortekamp mot Sogndal 2 på sjølvaste Fosshaugane Campus. Uansett korleis dette måtte gå så trur me at det vil bli ei fin oppleving for spelarane til VIL å spela på fylkets sin desidert største og flottaste fotballstadion. Veitastrond kan klatra på tabellen med siger, men tapar me kampen så lyt me setta vår lit til at Saga beheld plassen sin i 3.divisjon for å sjølve unngå nedrykk.
Les meir HER

Veitastrond viste seg nok ein gong som best når det gjeld, då me slo Skavøypoll 3-1 heime i dag. Det var ein skikkeleg Leikvollklassikar publikum var vitne til i dag med masse duellar, utvisning, to straffebommar og nerve til siste slutt. Skavøypoll tok leiinga tidleg i kampen, men VIL kom tilbake og kunne til slutt innkassera ein herleg 3-1 siger. Med 3 poeng i dag er me meir eller mindre sikra å enda som nummer 10 på tabellen. Det vil seia at me held plassen i 4.divisjon dersom det berre kjem eit lag frå fylket ned frå 3.divisjon, noko det ligg an til pr dags dato. Dette var ein ny flott fotballdag for VIL-fotball, og nok ein gong ser det ut til at me kan sikra plassen i siste sekund...
Les meir HER
Me har òg oppdatert alle våre statistikkar og tabellar.

Det er skjebnetimen på Leikvoll Stadion i morgon når Skavøypoll kjem på vitjing. Med siger så er VIL sikra plass i neste års 4.divisjon dersom det berre kjem eit lag frå Sogn og Fjordane ned frå 3.divisjon. Tapar me denne så lyt me berre kryssa fingrane for at Dale tapar sin siste seriekamp heime mot Jølster, viss me ikkje då skulle finna på å vinna borte mot Sogndal 2 på Fosshaugane Campus - noko som truleg skjer 0 av 100 (tusenmillionar) gonger...
Les meir HER
Trass i ein god start så fekk Veitastrond det tøft borte mot Førde 2 i går, då laget til slutt tapte 6-1. Det såg lyst ut då Kurt Heggestad snappa ballen frå Førde 2 sin sistemann og scora åleine med keeper. Diverre så klarde me aldri heilt å komma opp på nivået til førdianarane, og det var lite å seia på at det var dei som til slutt gjekk seirande ut av kampen. Resultatet vart kanskje litt voldsomt, noko 3 mål i sluttminutta får ta skylda for. Med nytt tap her så er nedrykkspøkelse endå nærare, og neste kamp heime mot Skavøypoll vert truleg eit slags vera eller ikkje vera for VIL-fotball sin eksistens i 4.divisjon.
Les meir HER
Me har òg oppdatert våre statistikkar etter denne kampen.
Me nyttar og anledninga til å gratulera Sogndal 2 me opprykket til 3.divisjon. HIPP HIPP HURRA!

Ein ny sesong går mot slutten for Veitastrond Fotball, og no byrjar det for alvor å hardna til for våre blå heltar. 1 poeng på dei siste 3 kampane har ført til at laget no er havna i nedrykkstrida. Dersom me skal spela i fylkets øverste divisjon neste år òg må truleg minst ein kamp til vinnast, og det er ikkje berre berre då VIL har att 3 vanskelege kampar. Fyrste utfordring blir i morgon når turen går til Sande for å spela borte mot Førde 2. Dei er i same posisjon som oss, og begge desse laga treng altså poeng for å unngå å seia hade på badet gamle 4.divisjonssjokolade når årets sesong er overstått.
Les meir HER
Referat frå denne kampen kjem ikkje før tysdagskveld.
Veitastrond.com var diverre ikkje til stades på dei to føregåande kampene til VIL. Me har difor ikkje noko referat frå desse kampane, men kun kampfakta.
Kaupanger - Veitastrond 6-1. Sjå kampfakta HER
Veitastrond - Høyang 4-5. Sjå kampfakta HER ... i denne kampen manglar me assist og kva innbyttara som kom innpå etterkvart. Veldig fint om nokon kan gje oss dette.
Me har òg oppdatert våre statistikkar...
Veitastrond spelar i morgon borte mot Kaupanger ute på Skogen. Kampen startar kl 15:00.
Det blir ikkje noko meir info frå oss ang denne kampen. Redaksjon i Veitastrond.com reiser no på ferie og det blir difor begrensa dekking av denne kampen, og det samme gjeld for heimekampen mot Høyang helga etterpå.

Det vart ein forrykande fotballkamp på Leikvoll mellom Veitastrond og Sandane. Spaningsnivået nådde klimaks i ein kamp der begge lag leia to gonger kvar, men ingen klarde å avgjera kampen mot slutten. Ein kamp som kunne ha bikka vår veg, men der me òg kunne ha stått tomhendte tilbake og såleis skal me vera nøgde med eit poeng mot eit av divisjonen sitt beste lag.
Les meir HER
Spelarstatistikkane er òg oppdatert...
Me tek det fort og gale i dag.
Veitastrond manglar Kenneth, Morten, Øystein, Ivan og Richard til denne kampen.
På siste dag av transferdeadlinen så har Veitastrond signert ikkje mindre enn tre spelarar. Desse er Dag Are Relling, Alexander Corneliussen og Halvor F.Storvik. Me har diverre ikkje særleg info om desse spelarane, men får komma attende med ein presentasjon seinare.
Til Leikvoll i morgon kjem eit av topplaga i divisjon Sandane. Det står med 8 kampar på rad utan tap og vann seinast 6-0 heime mot Jølster. VIL må med andre ord bu seg på å gje alt dersom dei ynskjer poeng i denne kampen.
Kampstart kl 14:00, vel møtt ;)

Det vart einvegskøyring på Leikvoll då Veitastrond nedsabla tabelljumbo Lærdal med heile 7-0. Det var aldri noko tvil om kvar poenga skulle havna, men det vart endå klarare utover i kampen når bortelaget i tillegg fekk to mann utvist. Dermed kunne Veitastrond tillata seg å angripa med mange folk og etterkvart vart det òg ein del scoringar. Det er sjeldan me opplev å vinna kampar så lett i 4.divisjon, og faktisk så var dette vår største siger i seriesamanheng sidan me slo Norane 11-2 i 6.divisjon 18.september 2007.
Les meir HER
Me har òg oppdatert alt av statistikkar og tabellar.
Dette inkludert treningsstatistikken, der Frode Kvam no leiar med 1 poeng på Glenn Thomas Nilsen, Morten Nes og Åsmund Øgar og 2 poeng på Kenneth Mo. Det går altså mot ein usedvanleg spanande avslutning på treningsfeltet i år...
Veitastrond vann i dag 7-0 heime mot Lærdal. Referat kjem i morgon...

Guess who just got back today?
Them wild-eyed boys that had been away
Haven't changed, haven't much to say
But man, I still think them cats are crazy
The boys are back in town
The boys are back in town
I said
The boys are back in town
Oh yeah baby. Det er med største glede me i dag kan servera dykk nyhenda om at vår tidlegare kaptein Kim Andre Navarsete har re-signert for Veitastrond Fotball. Han forlot klubben til fordel fjor Fjøra i forkant av sesongen 2011, men er altså no attende til der me tør påstå han høyrer heime.
Les meir HER
Som det framgår av annonsen ovanfor , så er altså søndagens kamp mot Lærdal flytta til 18:30. Dette etter ynskje frå bortelaget...
Nok ein gong gjennomførte Veitastrond ein god kamp, men nok ein gong måtte me forlata stadion slukøyrde med 0 poeng. I kampen mot Jølster i går starta me dårleg og låg tidleg under med 2 mål. Utover i 1.omgang tok me over banespelet, reduserte ein gong og produserte fleire store sjansar, men diverre så klarde me aldri å utlikna. Med nok eit tap så byrjar me å ligga faretruande dårleg til på tabellen, og no er me trast nøyddes til å byrja å sanka poeng og då helst 3 i gongen. Eit anna skår i det allereie knuste glaset frå kampen i går er at me pådrog oss 5 gule kort, der 3 av dei gjer oss karantene til neste kamp.
Les meir HER
Me har òg oppdatert våre statistikkar og tabellar...

Det bygger seg opp til å bli ein meget spanande avslutning på årets 4.divisjon. Før morgondagens kamp mellom Jølster og Veitastrond så ligg VIL på ein 9.plass - 1.poeng over nedrykkstreken. Skulle me vinna mot Jølster så avanserar me til 6.plass og får såleis eit pusterom til den absolutte botnstriden. Medan Lærdal verkar fortapt med sine 2 poeng så kjempar 7 lag om å unngå plass nr 10 og 11 på tabellen. Det går mot eit rotterace av ein avslutning på årets sesong, og fyrste etappe på vegen kjem altså på Golanhøgda i Jølster for vår del, og det skjer i morgon den dag.
Les meir HER
På denne dag er det òg verdt å nevna at VIL sin kanskje mest profilerte spelar Kurt Heggestad fyller 30 år. Hipp hipp hurra for deg!!

Nok ein gong litt på etterskot, men her kjem referat frå fredagens kamp;
Eit heiltent Veitastrond tapte diverre 0-3 heime for Fjøra. Bortelaget leia 1-0 til pause etter at dei var hakket betre, men i 2.omgang så gjekk VIL hardt ut og la press på fjørene. Diverre så klarde me ikkje å skapa nok sjansar til å få det utløysande målet på stillinga 0-1, men i staden satte fjørene inn 2 mål til mot slutten og kunne til slutt reisa heim med ein komfotabel 0-3 siger.
Les meir HER
Har òg oppdatert alle våre tabellar og statistikkar, inkludert treningsstatistikken.

Det er klart for eit av årets store høgdepunkt på Leikvoll Stadion når Fjøra FK vitjar Veitastrond på fredag. Dette er på mange måtar veslebror mot storebror, og me tvilar på at storebror nokon gong trudde dei skulle spela om 3 poeng her då me starta opp vårt lag i 2004. Sjølv om laga ligg i kvar sin ende av tabellen så er utgangspunktet likt føre kampstart, og me kan lova eit heimelag som vil gjera alt som står i vår makt til å få skalpen til Fjøra på skrytelista vår.
Sidan dette er eit lokaloppgjer som me trur interesserar mange så satsar me på eit solid arrangement som inneber grilling, fullt hus og strålande vær i tillegg til framifrå undehaldning ute på bana. Det er berre å halda av fredagskvelden til Leikvoll Stadion.
Les meir HER

Me har då oppdatert våre spelarstatistikkar og lagt ut bilder frå gårsdagens kamp. Tabellen er ikkje oppdatert...
Veitastrond tok i dag ein veldig viktig 3 poengar då me slo Balestrand med komfortable 5-2 heime på Leikvoll. Heimelaget varta opp med gode offansive takter og scora nokre flotte mål i dag, der blant anna Emil Heggestad scora frå midtbana direkte frå avspark. Det var ikkje berre flott spel som varma eit stort publikum, men det var òg ei flott overrekking av fairplay prisen for juni frå fotballkretsen i pausen. Alt i alt ein veldig fin dag for VIL-fotball.
Les meir HER
Bilder og oppdaterte statistikkar skal me prøva å få på plass i morgon.
Haustsesongen byrja dårleg for Veitastrond då me tapte 2-3 heime mot Dale i fyrste kamp etter ferien. Det var eit tamt og til tider uinnspirert heimelag som var på bana i denne kampen, og det var ikkje mykje å seia på at Dale tok med seg alle poenga heim.
Les meir HER