Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

   ARKIV; Desember 2007

  • Julekonkurranse!!! (23.12.07)

På sjølvaste veslejulafta er me i redaksjon i Veitastrond.com stolte av å kunne presentera den kulaste konkurranse ever.

Denne gongen har Even Kvam slått seg i saman med sine beste venner - Johannes Nes og John Molland. Saman med desse tre karane, samt resten av VIL-gjengen, skal me på ei rundreise i Sogn og Fjordane. Sjåførane våre er stødige karar og veit godt kva veg dei skal køyra. Diverre er dei noko gløymsame og dei slit difor med navn på baner og fotballag. Kanskje du kan hjelpa dei?

Om du har kunnskapar om lokalfotball anbefalar me deg om å klikka på konkurranse-logoen ovanfor og svara på vår eminente jule-konkurranse.

Me ynskjer lukke til!

 

  • Lite nytt (14.12.07)

VIL-fotball er framleis i feriemodus, og det er soleis lite nytt å melda. Foreløpig har ikkje VIL sikra seg nokon nye spelarar, sjølv om Kurt Heggestad samt eit par andre særs solide spelarar skal vera nær ein overgang. Me i Veitastrond.com skal prøva å få tak i meir info om dette neste veke.

Neste vert det og kanskje halde eit styremøte der me vil få lagt planane framfor neste sesong med både trenarar, støtteapparat, spelarar, treningstiolbod og banealternativ. Grunna julehøgtida kan det mogligens bli utsett til over nytt år.

Skal og prøva å få i gang ein ny konkurranse før jula set inn. Men og dette vert utsett til neste veke, då det er betre å utsetta det som ein heller kunne gjort i dag.

Under lenker i menyen ovanfor har me lagt til dei nye heimesidene til Syril - skikkeleg flotte heimesider er det dei har fått seg!

 

  • Historien om VIL-fotball - 2007 (09.12.07)

Har nytta søndagen til å forfatta kapittelet 2007 i historien om VIL-fotball.

I ein innhaldsrik sesong har eg prøvd å få med meg dei viktigaste hendingane, og formulert dette på dugandes vis. Vonar at brukarane vil kosa seg med denne historien, og nytta det som oppslagsverk ved seinare anledningar.

Er særs interessert i tilbakemedlingar på både innhald og skrivefeil. Om det er nokre hendingar de saknar er det fint om det gjer beskjed om dette.

Du kan lesa om sesongen 2007 under Histroikk i menyen ovanfor, eller ta ein snarveg og klikka deg inn HER

 

  • 5.divisjon avd.1 2008 - oppsett (06.12.07)

Kretsen har no offentlegjort korleis oppsettet for neste års 5.divisjon blir. Divisjonen vert som tidlegare kjent oppdelt i to avdelingar med 8 lag i kvar. Me er havna i avd.1, og motstandarlaga passar oss meget bra med hensyn til geografien. Sjølve kampoppsettet ser ikkje fullt så bra ut, men me vonar me får retta litt på dette til sesongstart.

Les meir HER (* artikkelen er oppdatert)

 

 

  • Erlend vender ryggen til VIL-fotball (04.12.07)

Etter eit og eit halvt år i VIL-trøya har Erlend Siem valgt å forlata VIL-fotball, og han legg i denne omgang opp som fotballspelar. Han flytter no ifrå Sogndal for å reisa til Canada der han skal bruka tida på skikøyring og anna hygge. 

Les meir HER

 

  • Statistikk for desember (02.12.07)

Nok ein månad er omme, og det er på tide å gjera opp status for november.

Besøkstalet på Veitastrond.com var denne månaden meget lågt med berre 2774 treff. Ikkje sidan i april har me hatt eit lågare besøksantall enn denne gongen. Dette skuldast naturleg nok at det ikkje er mykje som skjer rundt klubben i desse tider. Me kan heller ikkje seia at aktiviteten ifrå oss i redaksjonen har vore like bra som tidlegare heller. Me satsar på at brukarane våre finn vegen tilbake til oss når sola snur, og me kan for alvor byrja å snakka om sesongen 2008.

Me hadde faktisk ein trening denne månaden. Denne kjem ikkje til å verta teljande på nokon treningsstatistikk, og me får soleis heller ikkje kåra nokon månadens spelar. 

 

  • Veitastrond med hederleg innsats i KM (01.12.07)

Til trass for at begge laga til VIL gjekk ut i gruppespelet så beit dei godt ifrå seg. Båe to var særs nær avansement, men i dag hadde me ikkje marginane på vår side.

Les alt om VIL sin innsats i KM HER

 

 

 

NYHENDEARKIV

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com