Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Desember 2008

  • Godt nytt år (31.12.08)

Veitastrond Fotball ynskjer alle eit godt nytt år, og vonar at året som kjem vil bli endå betre enn det forrige.

I anledninga av det nye året har me laga til ein liten A - Å gjennomgang frå 2008, som me vonar at brukarane våre vil setta pris på.

Les meir HER

 

  • Historia 2008 (26.12.08)

Har no omsider forfatta historia frå sesongen 2008. Dette er kanskje noko langdrygt, men me vonar likevel at brukarane våre tek seg tid til å lesa igjennom dette.

Gje oss gjerne tilbakemelding dersom det er noko hendingar me har utelatt som burde vera me, om de finn mykje skrivefeil eller linkar som ikkje fungerar.

Les meir HER

 

  • Årskavalkade på Hallo Sogn (26.12.08)

Ansvarleg redaktør for den lokale nettradioen Hallo Sogn; Kent Fimreite, melder om at det vert årskavalkade på Hallo Sogn i dag 26.desember i tidsrommet 20:00 - 24:00.

I denne sendinga vil det blant anna bli mogleg å høyra igjen intervjuet med Veitastrond sin trenar Emil Heggestad om opprykket til 4.divisjon.

Hallo Sogn er eit usedvanleg godt tiltak frå ei ung framadstormande radiostjerne, og me oppfordrar brukarane våre til å sjekka ut kveldens sending.

Radioen finn du på www.nettradio.tk

 

  • GOD JUL (24.12.08)

!!!GOD JUL!!!!

Sidan det i dag er julafta tykkjer me i Veitastrond Fotball det er ein passeleg anledning til å ynskja alle våre spelarar, hjelparar og fans ei velsigna god jul.

Ta til dykk alt de som jula kan by på og nyt denne dagen til det fulle.

Me i Veitastrond.com let med dette julefreden senka seg over den fantastiske fotballklubbn vår.

!!!GOD JUL!!!!

 

  • Julafta (24.12.08)

Då er endeleg den store dagen kommen, og det dei fleste no sikkert er aller mest spent på er korleis det går med Sherlock og hass vener (og uvener). Klarar han å løysa opp i saka, eller havna ho i bunken for uløyste mysterium? Me kan i allefall lova at det ikkje vert fleire etterforskningsdagar så det er no eller aldri for Sherlock. Me har opna luke nummer 24 og anbefalar brukarane om å sjekka ut denne...

Me nyttar og høvet til å takka Sherlock for innsatsen som han har lagt ned no i førjulstida, og takkar han for god og lettbeint underhaldning. Lyt og gje ei takk til produksjonteamet til serien for ein kjempeinnsats. Berre dei får ein liten pust i bakken no så skal ein ikkje sjå bort ifrå at det vert endå meir å sjå til Sherlock i framtida.

Veitastrond.com ynskjer Sherlock og hass hjelparar ei fornøyeleg god jul!

 

  • 23. desember (23.12.08)

Det er vesle julafta og Sherlock byrjar å få dårleg tid no på å løysa saka si. Me får sjå om dagens episode kan føra fram til noko.

Kan og ta med at det er forholdsvis ferske varer me presenterar til brukarane då me i redaksjonen fekk oversendt denne episoden ca kl 00:30 i natt.

 

  • Terminliste 2009 (22.12.08)

Fotballkretsen i Sogn og Fjordane har no sendt ut forslag til årets terminliste i 4.divisjon til klubbane. Dette er forløpig berre eit forslag og det kjem heilt sikkert til å bli mange endringar på datoar. I utgangspunktet er alle kampar satt opp på søndagar, men klubbane har sjansen til å byta seg i mellom dersom andre dagar er ønskeleg. Endeleg terminliste vil bli klart etter terminlistemøte på Skei på byrjinga av nyåret. For Veitastrond sin del ser kampoppsettet meget bra ut, og me er godt nøgde med at 3 av dei 4 fyrste seriekampane våre går på bortebane. Me er og godt nøgde med å gjera unna dei lange borteturane mot Selje, Skavøypolljen, Eid 2 og Dale på vårsesongen - slike turar kan vera vanskeleg å motivera seg til på hausten. 4.divisjon startar i år opp 19. april og avsluttast 11.oktober.

Les meir HER

 

  • Luke 22 (22.12.08)

Ny dag og ny luke er opna

 

  • 21. des (21.12.08)

Dramatikken held fram for Sherlock & co i Raud Jul.

 

  • 20. episode (20.12.08)

Då var den 20.delen av vår kalendar lagt ut på nett.

Me vil orientera brukarane våre om at historia vår verkeleg kjem til å dra seg til no framover, og dersom du ikkje har nerver av stål bør du halda deg unna!

 

  • 19. desember (19.12.08)

Dagens episode er no publisert...

 

  • 18. episode (18.12.08)

18 del av vår julekalendar er no lagt ut.

 

  • Velfortent heider til Johannes (17.12.08)

Det var med stor glede at vener av Veitastrond i dag opna Sogn Avis, eller rettare sagt snudde Sogn Avis og las på baksida. Der får nemleg vår fantastiske banemann dagens juleglede av avisa for sin innsats med å styra og stella med Leikvoll Stadion. Dette tykkjer me i klubben er utruleg fortent og når Johannes ikkje vil ha noko oppmerksomhet rundt sin innsats ellers så er det berre på sin plass at folk flest får sjå korleis innsats han gjer for oss gjennom lokalavisa. Utan Johannes ville det vorte vanskeleg å driva denne klubben som me gjer i dag, og me set sjølvsagt enormt pris på alle dei timane han nyttar på Leikvoll. Me vonar no at denne julegleda gjer Johannes ekstra inspirasjon til halda fram arbeidet med bana også i dei kommande sesongane.

Les meir HER

 

  • Luke 17 (17.12.08)

Den 17. luka er no offisielt opna!

 

  • Det er... (16.12.08)

...16. desember i dag. I dag er det 16.desember...jhaa!

 

  • Luke 15 (15.12.08)

Me har opna luke nummer 15 for deg...

 

  • 14. dag i desember (14.12.08)

Det er 3. søndag i advent og Sherlock står klar med den 14.luka i kalendaren vår.

 

  • 13. desember (13.12.08)

I dag er det den store Sankta Lucia (dreit oppi lia) dagen, samstundes er det og dagen når me gjer dykk episode 13 av vår julekalendar.

 

  • Luke 12 (12.12.08)

Me er kommen halvveges i den søte juletida og ser ingen grunn til ikkje å gje dykk luke nummer 12 i vår julekalendar.

 

  • Årets spelar og toppscorar 2006 (11.12.08)

Nei, det er ingen skrivefeil i overskrifta vår, og denne reportasjen skal faktisk handla om prisdryss frå sesongen 2006. For dei som føl med Veitastrond Fotball så hugsar dei nok at Bjarte Pedersen var kåra til årets spelar dette året medan Richard Nes fekk tittelen som årets toppscorar. Det vart imidlertid med tittelen for desse to då det synlege beviset i form av ein pokal aldri vart utdelt grunna at arrangementskomiteen hadde rota det til. Dei to pokalane har no stått på premiehylla til VIL-guru Emil Heggestad i 2 år, men mot hass vilje så måtte han no levera desse i frå seg slik at rette vedkommande fekk pokalane til odel og eige.

Les meir HER

 

  • 11. desember (11.12.08)

Då er dagens luke opna

 

  • 10. desember (10.12.08)

Ny dag, nye utfordringar og sjølvsagt ei ny luke i vår julekalendar Raud Jul!

 

  • Luke 9 (09.12.08)

Då var den 9. delen av julekalendaren vår opna.. 

 

  • 8.desember (08.12.08)

Ein ny dag og ei ny luke i vår julekalendar er opna...

 

  • 7 (07.12.08)

Ny dag står for tur, og dermed og ei ny luke å opna i vår julekalendar.

 

  • Luke 6... (06.12.08)

...er no opna.

 

  • Raud Jul rullar vidare (05.12.08)

Historien om Sherlock Heggestad si Raude Jul rullar vidare, og me vonar at brukarane våre heng med.

 

  • 4. desember (04.12.08)

Luke nummer 4 er opna...

 

  • 3. desember (03.12.08)

Sherlock ligg ikkje på latsida og i dag opnar han luke nummer 3 i kalendaren vår.

 

  • Statistikk for november (02.12.08)

Veitastrond har i november gjennomført frivillige treningar, noko me vil halda fram med i desember. Dette vil seia at me ikkje fører noko statistikk for desse treningane, og det igjen fører då til at statistikken for november ikkje blir rare greiene.

Einaste som er å melda om er besøkstallet på Veitastrond.com. Denne månaden hadde me som forventa ein nedgang frå førre månad, og me enda denne gongen opp med 4453 treff mot 5801 i oktober. Trass i nedgang er me godt nøgde då det er nesten dobbelt så bra som fjorårets november når me hadde 2774 treff. Det vil seia at me har gjort fine framsteg i løpet av siste månaden.

Med vår julekalendar Raud Jul gåande no i desember vonar me at brukarane vil finna vegen fram til veitastrond.com denne månaden og.

Trening

Minnar spelarane om trening i kveld kl 21:00. Sjølv om det er frivillig er det fint om de gjer beskjed til ein av trenarane om de ikkje kjem slik at me får litt oversikt før treningen byrjar.

 

  • Luke nummer 2 (02.12.08)

Då har vår venn Sherlock opna luke nummer 2, og me får i dag for fyrste gong møta sjefen til mesterdekktekktiven!

 

  • 1. episode (01.12.08)

Då er sirkuset i gang og fyrste episode av Raud Jul er kommen på nett.

Klikk deg inn på logoen ovanfor å få med deg fyrste del av vår julekalendar.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com