Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 ARKIV; Desember 2009

  • God jul (24.12.09)

Veitastrond Fotball ynskjer alle ei god og fredfull julefering.

 

  • Juleferie (17.12.09)

Det vert ikkje trening for Veitastrond i dag, og dermed vert det ikkje noko meir aktivitet rundt laget i 2009. Den siste månaden har VIL hatt frivillige treningar, og oppmøte har stort sett vore meget bra på desse. Når spelarane kjem attende etter nyttår byrjar lika så det ramme alvor, og ny treningsstatistikk tek då til.

Det er for tida stor aktivitet rundt arrangering av treningskampar, og vår kampkoordinator Frank Heggestad har neste fulltids jobb med å ringa rundt til aktuelle motstandarar, skaffa bane og finna tidspunkt. Alt no kan me røpt at årets fyrste treningskamp kjem så tidleg som 17.januar i Storhallen, og det er Fjøra FK som er fyrste lag ut. Veitastrond får dermed sjansen til å revansjera 1-7 tapet frå treningskamp i fjor.

Ellers er forslag på terminliste kommen, og representatar frå klubben vil reisa til Skei tidleg på nyåret for å delta på terminlistemøte. Terminlista vil ikkje bli offentleggjort før etter dette møtet.

 

  • VIL-filmen 2009 (08.12.09)

Hallo i luken. Nei, redaksjon i Veitastrond.com har ikkje forsvunne under jorda, og me er framleis oppe å går. Diverre har vevansvarleg vore lite vetta oppteken den siste tida, og i tillegg har det ikkje skjedd all verda rundt fotballklubben vår dei siste vekene. Dette har då gjort til at oppdateringane ikkje har vore så veldig hyppige i det siste. Dette beklagar me, men me lovar å ikkje forbedra oss noko særleg i den aller nærmaste framtida.

VIL-filmen 2009

På spelarfesten i slutten av november fekk festdeltakarane sjå premieren av VIL-filmen 2009. Etter den framsyninga har det vore spanande å sjå om årets ressigør; Frank Heggestad klarde å få putta denne ut på veven. Etter å ha leita litt rundt og vore i kontakt med sjefane i Internett har han no omsider fått publisert denne.

For å sjå filmen må du logga deg inn på den fasjonable nettstaden Facebook, og her må du vera venn med Frank Heggestad og gå inn på ein link i frå hass profil. Dersom du ikkje er venn med Frank så er det berre å legga han til då han visstnok aksepterar dei fleste.

Statistikk for november 2009

VIL-fotball har for tida ei trening i veka, men dette er mest for leik og moro og det vert ikkje ført noko statistikk over treningoppmøte. Dette tek til fyrst i januar...

Veitastrond.com hadde i november 4769 treff. Dette er nesten 2500 mindre enn forrige veke, men samanlinka med fjoråret ligg me eit par 100 treff over nov-09.

Det var ei pitte liti nyhendeoppdatering frå oss i Veitastrond.com. Ha ei framleis fin førjuls tid, så snakkast me plutseleg...

(PS! På bildet til høgre i denne oppdateringa ser me Kenneth Mo medan han tøffar seg)

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com