Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV: FEBRUAR (2007)

 

  • Oppdatering av spelarstall (27.02.2007)

Har skjedd nokre endringar i spelarstallen. Dette gjeld både ein ny spelar samt at me har omskolert eit par karar så dei får prøva seg i nye posisjonar. Les alt om endringane som har vorte gjort her.

  • Bjørn Molland imponerar (22.02.2007)

For første gong sidan me byrja med treningsstatistikken vår har me no ein mann som tronar åleine på topp. Ikkje overraskande er dette Bjørn Molland som er ein av 3 som har vore på alle dei 14 treningane så langt. Fram til no har det vore alt frå 2 til 5 stk som har delt førsteplassen, men no har altså berrisn takka for følge og stukke av. Så får me sjå kor lenge det held. Heile treningsstatiskken finn du her.

Og til deg som ikkje kan få nok av Mollands-guten, kan me og gleda deg med at spelarprofilen til Bjørn er kommen inn, og er å finna under Spelarane i menyen ovanfor...

 

  • Treningen i morgon (21.02.2007)

Hugsa at treningen i morgon startar kl 20:00. Grunna treningskampen mellom Sogndal og Lørenskog byrjar me ein halvtime seinare enn vanleg. Oppfordrar likevel alle til å ta turen oppom for å få me seg dette oppgjeret som startar kl 18:00. Her kan du fylgja vår eigen Frank Heggestad som skal gå på linja, og sjølvsagt Kurt Heggestad som forhåpentlegvis får nye 90 min for SIL.

Treningen i morgon blir forøvrig leia av assman Richard Nes, då hovutrenaren reiser til Bergen for å finsikta nokre nye spelarar...

 

  • Ny treningskamp i boks (20.02.2007)

Treningskamp-koordinator Frank Heggestad held fram med sin gode jobb med å skaffa kampar til oppkøyringsperioden. Denne gongen er det kamp mot Lærdal på deira flunkande nye kunstgrasbane som står på programme. Måndag 26.mars tek me turen over fjorden med kampstart kl 18:00. Lærdal har på to år gjort eit byks frå 6. til 4.divisjon, og me skulle med dette verkeleg få prøva oss mot kvalifisert motstand. Frå før har VIL-fotball spelt 5 seriekampar mot Lærdal som alle har enda med tap. To gonger vart me regelrett rundtspelt på bortebane, medan me tapte knepent 3 gonger på Leikvoll - i nokre av dei mest nervepirrande kampande som har vorte spelt der. I ein treningskamp før 2005 sesongen vann VIL 4-3 mot Lærdal inne i Årdal.

Spelarprofilane strøymer forsatt på, og denne gongen kan me presentera profilane til Erlend Siem og veteranen over alle veteranar; Arvid Heggestad.

 

  • Gaute Olstad legg skoa på hylla (19.02.2007)

Det er i dag ein trist dag for VIL-fotball, då Gaute Olstad har gitt beskjed om at han ikkje blir med oss lenger. Etter å ha vore i klubben sidan starten i 2004 og fått med seg 33 kampar,kan ein trygt seia at det er ein gigant i VIL-samanheng som no takkar for seg. Les meir om Gaute sin avgang her.

Har ellers lagt til spelarprofilar for Emil og Gøran. I tillegg har eg oppdatert treningsstatisikken. Håpar du får ei hyggeleg stund på Veitastrond.com med dagens oppdateringar!

 

  • Vidar på veg bort? (18.02.2007)

Allereie før han har fått sin debut i VIL-trøya kan Vidar Vadseth vera på veg bort frå klubben. Den kommande veka skal nemleg den storvokste tanksenteren på prøvespel med det spanske storlaget Barcelona. I samband med barca sitt CL oppgjer med Liverpool har dei invitert ned Vidar til å trena med klubben samt at han får sjansen til å sjå kampen frå VIP-plass. "Det blir sjølvsagt utruleg spanande for meg å reisa ned til Barcelona og trena med verdsstjernene der. I utgangspunktet er dette berre eit treningsopphald, men skulle det gå bra så veit ein aldri kva som skjer" seier hovudpersonen sjølv med eit lurt smil om munnen.

Om ingen kontrakt vert tilbydd er Vidar venta å vera tilbake på treningsfeltet til VIL-fotball på måndag om ei veke.

Arbeidet med spelarprofilane held fram. Har lagt ut profilar for følgande spelarar; Even, Frank, Frank Robert, Ivar, Jon Arne, Jonny, Pelle, Richard, Tor Olav, Vidar og Øystein. Oppfordrar alle dei som ikkje har sendt sitt bidrag om å gjera dette så snøgt som råd.

På treningane framover kjem det til å bli ein del foto-sessions så me får bilder til å nytta i profilane. Så det er berre å ordna seg på håret og vera pene i tøyet på treningane framover.

 

  • Spelarprofilane (17.02.2007)

Det møysommelege arbeidet med spelarprofilane er no i full gang. Har fått sendt ut skjema til så godt som alle spelarane og svara er byrja å tikka inn. Likevel er det rasande kjekt om alle dei som ikkje har sendt tilbake skjemaet til meg gjer det så snøgt som råd.

Arbeidet er tidkrevande og det trengst ein del redigeringsarbeid på kvar profil. For at du som brukar skal få ein liten smakebit på kva du har i venta kan du allereie no sjå spelarprofilen til Even Kvam. Denne finn du ved å gå inn på Spelarane i menyen ovanfor, for så å velga profil på Even Kvam. Skal om ikkje lenge få ta nye bilder av alle spelarane som vil bli nytta i desse profilane (skal få nytt bilde du og Even =)

Set stor pris på tilbakemelding på utforminga av spelarprofilane. Skriv di meining i vårt diskusjonsforum eller gje meg beskjed på anna vis. All form for ris og ros blir teken i mot med takk!

 

  • DAGENS BURSDAGSBARN (14.02.2007)

 

Har ikkje for vane å legga ut bursdagar her på Veitastrond.com, men tek likevel sjansen. I dag fyller nemleg VIL-veteranen BJØRN MOLLAND 25 år. Den mellomste av mollandbrørne feirer altså dagen på sjølvaste hugleiks dagen, og no når han er kommen kvartveges til 100 tykkjer me det er på sin plass at me feirar dagen med brask og bram...

Sjølve feiringa skjer for spesialinviterte gjester på ein hemmeleg stad i Stedjevegen på førstkommande laurdag!

3 x hurra før Berrisn vaor!!! 

 

 

  • Oppdatering av treningsstatistikk (12.02.2007)

Etter stort press frå brukarane har eg no lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk. Det er 4 treningar sidan sist eg la ut oppdatering og eg hadde håpa me fekk sjå litt utslag, men den gang ei Bakke-Per. Det er heile 4 spelarar som deler førsteplassen, og etter dei kjem hovudfeltet tett bak. Mest imponerande er det kanskje av Helge Skjælaaen som er ein av dei 4 i tet til trass for at han berre har vore på 8 treningar, men har stått tilbake som vinnar 7 gonger. Statistikken finn du under Sesongen 2007 i menyen over, eller du kan ta bakvegen å lura deg inn her.

Ellers er det fint lite å melda frå VIL leiren om dagen. Treningane går for fullt og det ser forsatt ut som me har ein solid spelarstall både når det gjeld kvalitet og kvantitet. Richard har no ei trening igjen å leia før storbonden sjølv, han Emil er tilbake frå Beitostølen!

 

  • Ikkje lag på lustraturneringen (10.02.2007)

For andre året på rad stiller ikkje Strondi lag i den tradisjonsrike lustraturneringen i Gaupne. Turneringa går av stabelen neste helg og det var egentleg venta at Strondi kunne komma til å stilla med både eit og to lag. Etter treninga på tordag kom det fram at det var heller laber interesse blant spelarane for å bruka neste fredag og laurdag i Gopn, så då får turneringa gå føre seg utan oss.

Strondi har i mange år vore med på denne turneringa og det toppa seg for to år sidan då me silte med to lag. Etter det har det altså vore bomstopp og me har ikkje vist oss der inne igjen. Beste plassering for strendingane er 3.plass, som me har vore på to gonger. Turneringa har ellers gitt oss mange skadar opp gjennom åra - Odd Einar Molland fekk hjerneryselse, Arvid Heggestad sleit av akillessena medan Arne Nes og Emil Heggestad har pådratt seg strekkskadar i alle moglege former. So då er det gjerne like greit at me held oss borte frå denne turneringa!

 

  • Bjørn Molland er ny trenar for VIL-fotball (07.02.2007)

No trudde du kanskje at trenarduoen Emil Heggestad og Richard Nes hadde gitt frå seg ansvaret, men neidå. Emil er som nevnt tidlegare på 3 vekers praksis på Beitostølen med noko skule greier. Med han borte er det assisten Richard som har leia treningane, men på morgondagens trening reiser han og bort, noko som gjer vegen open for Bjørn Molland.

Bjørn har minimalt med erfaring som trenar tidlegare, men det er likevel ingen som treng å bekymra seg for treninga i morgon. Den midterste av Molland brørne har vore med på VIL sidan starten og har jobba under mange trenarar og skulle ha skaffa seg plenty med tips. Før treningen har han fått nokre få instruksar frå trenarduoen, men står ellers fritt til å gjera nett kva han vil med spelargruppa den 1,5 timen han har til rådighet. Utan å røpa noko har Bjørn allereie lova at det vil bli eit litt annelis trening spelarane får vera med på i morgon...

Kva det er får du sjå om du møter opp i Storhallen i morgonkveld kl.19:30. Me ynskjer Berry Mållis lukke til med trenarvervet og er sikker på at han klarar seg knirkefritt!

 

  • Terminlista er klar (05.02.2007)

Terminlista for årets sesong er no klar. Den kan du finna ved å klikka deg inn på Sesongen 2007 i menyen ovanfor, eller du kan flekka deg inn her.

Sesongen åpnar for vår del på forrykande vis med heimekamp mot Hafslo den 08.mai. Forhåpentlegvis klarar me å få Leikvoll Stadion i stand til da, så me kan invitera til folkefest allereie i sesongåpninga. Me tek sommarferie den 26.juini og har heldigvis ferie heilt til 14.august. Godt å sjå at kretsen endeleg har fått med seg at me treng så lang ferie for å komma i vigør her i 6.divisjon. Me avsluttar med ein seig bortetur mot Balestrand den 24.september - så me får håpa me har noko å spela om då.

Det er 6 lag i årets divisjon. Alle dei 5 som var der i fjor; Sogndal, Hafslo, SIL3, Aurland og Veitastrond, samt at det er meget gledeleg å sjå at Norane har klart å stabla på beina eit lag igjen. Med 6 lag slepp me då at eit lag alltid må ha pause slik som var tilfelle med 5 lag i fjor. Det er lagt opp til trippel-serie så me spelar i alt 15 kampar, nett passeleg for oss.

For vår eigen del er det svært positivt at me får to heimekampar mot vår argaste konkurrent Hafslo. Dette er oppgjer som er garantert fart og spenning både på og utanfor bana. Det som ikkje er so bra for vår del er at me får to bortekampar mot både Aurland og Balestrand som er dei to lengste reisene. Litt skuffande er det og at laget som trekker desidert flest tilskodarar får 8 bortekampar mot 7 heimekampar. MEN me har sjølvsagt forståing for at kretsen ikkje kan ta slike hensyn.

Me gler oss uanløll nåke kaldigt til me sparkar i gang sesongen 2007 den 08.mai.

 

  • Kurt`n er tilbake i varmen i Sogndal (04.02.2007)

Etter ei lang tid i uvissa er det med glede me på Veitastrond no ser at Kurt Heggestad er tilbake i varmen hjå Sogndal trenar Karl Oskar Emberland. Etter at Kurt vart lånt ut til Årdal FK på hausten i fjor har det i vinter vore spekulert i at Kurt skal både til Fjøra, Kaupanger, Førde og til og med at han skulle legga skoa på hylla. No ser det endeleg ut til at SIL-leiinga vil ha med Kurt i planane fram mot jubel(!)sesongen 2007.

Han kom inn og spelde dei 10 siste minuttane i fyrste treningskampen mot Notodden sist helg, medan han i dag var blant Sogndal sine beste då han spelde heile kampen som venstre-back i 3-1 sigeren mot  Fyllingen. Held det fram slik håpar me at me får sjå Kurt som fast innslag i første 11`aren til Sogndal i år, og kanskje får me sjansen til sjå han i favoritt posisjonen som venstre ving og.

Samstundes med at Kurt er tilbake på laget tykkjer me det er verdt å nevna at hafslobøgdingen Sindre Kjos-Wenjum og har fått sjansen i A-stallen til Sogndal. I dagens kamp var det ein fryd å sjå at Sogndal stilte med to lustringar på kvar sin back. Med slik lokal forankring på laget kjenner eg at mi eiga interesse for Sogndal Fotball stig med ca 79 hakk.

Alle me i VIL-fotball ynskjer Veitastrond sin store son og resten av Sogndal lukke til med årets sesong!

 

  • Første treningskamp er i boks (01.02.2007)

Pre season forberedingane er godt i gang og no er første treningskamp i boks. Treningskamp-koordinator Frank Heggestad kunne i går opplysa om at Syril har takka ja til å møta Strondi i Storhallen den 3.mars kl 12:30. Syril rykka ned frå 4. til 5.divisjon i fjor og burde vera glimrande motstand for VIL. Her får me verkeleg sjansen til å prøva oss mot eit lag som på papiret skal vera eit par hakk over oss. Me har tidlegare ikkje spelt mot Syril A-lag, men møtte Syril 2 i den fyrste sesongen då me slo dei 4-3 borte og spelde 3-3 heima. I tillegg til denne kampen kan Frank fortelja at han reknar med å få fleire kampar klare om ikkje lenge. Han har sendt ut forespørsel til ein rekke klubbar, og som nevnt tidlegare skal me ikkje sjå bort frå at me får prøva oss mot lag me ikkje har spelt mot før.

Dei som er oppdatert på engelsk fotball vil muligens få lettare bakoversveis når dei ser at tidspunktet på Syril kampen delvis kolliderar med Liverpool - Man Utd som startar kl 13:45. Frank, som sjølv er svoren ManU tilhengar, fnyser av kritikken som har komme; "Hallo i luken, me leikar faktisk ikkje butikk i VIL-fotball!. Hvis me skal ta slike hensyn er det bedre at me byrjar me noko anna, som å gå på ski til dømes", uttalde Franken som seinast for 2 år sidan tok att undertegna på påskerennet på Strondi. Her høyrer det sjølvsagt med til historien at eg hadde smurd meg noko kaldigt bort, medan Frank traff blink med smørjinga si.

Ellers kan det nemast at Veitastrond.com hadde eit besøkstal på 1425 i januar månad. Dette er ein bra oppgang frå desember der me hadde akkurat 1000 besøkande. Likevel er det eit sykkje bak rekorden til clix.to/vilil, som var på 2134 treff tilbake i mai 2006. Er noko vanskeleg å skjønna seg heilt på statistikken som eg har på sida, men eg trur tala eg har gåve ovanfor er dei korrekte. Tykkje etterkvart at me byrjar å få bra kontroll her på Veitastrond.com. For februar er målet at me skal få til spelarprofilar på alle spelarane. Veit ikkje heilt korleis me skal gjera det, men eg er redd det kjem til å bli eit tidkrevande arbeid...so da!

 

 

NYHENDEARKIV

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com