Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Februar 2008

  • Før kampen; Veitastrond - Jølster (29.02.08)

Det er i morgon klart for årets andre treningskamp for VIL-fotball. Denne gongen er det Jølster som står på motsatt side av Sognahallen, noko som betyr eit hyggeleg gjensyn med tidlegare VIL-trenar Leiv Inge Fimreite som no er sjef for jølstringane. 

Les meir om kampen HER

 

  • Oppdatering på kva som skjer (27.02.08)

Det har vore liten aktivitet på heimesida vår den siste tida. Dette skuldast fyrst og fremst at det har skjedd særs lite rundt klubben den siste veka, og det har vore fint lite å melda. Likevel har me prøvd å koka i hop ei oppdatering om kva som har skjedd, og kva som skal skje i tida framover.

Les meir HER

 

  • Treningskampen mot Lærdal er avlyst (21.02.08)

Morgondagens planlagde treningskamp mot Lærdal er diverre avlyst.

Les meir HER

 

  • Geir Aardal har blitt pappa (18.02.08)

På laurdagskvelden rundt kl 20:30 vart VIL-spelar Geir Aardal og hass kjære Marion foreldre til ein nydeleg gut. Karen vog 3090 g og vart målt til 49 cm då han entra verda. Alt står etter forholda bra til med både mor, far og barnet.

"Det går så det griner" uttalde ein stolt far til Veitastrond.com på spørsmål om korleis han fann seg til rette med sin nye livssituasjon.

VIL-fotball vil sjølvsagt gratulera Geir m/fam og ynskjer dei lukke til i tida som kjem.

 

Snart fleire VIL-småtroll på veg?

Samtidig som at Geir vart far så var dei andre VIL-spelarane samla til kick-off party i Resalandskjellaren. Stemninga steig sjølvsagt i taket då nyhenda om den nyfødde kom, og det var ikkje overraskande Vidar Vadseth som tok ordet og formidla det til folket. Her kom det og fram at Vidar var særs bekymra over at han sjølv ikkje var blitt far etter 9 år samburskap. Han kunne ikkje fatta kva han gjorde feil, men når han fortalde saker og ting frå heimen sin som omhandla både kjeringi og katten skjønar me godt kva Vidar har gjort feil.

Skal ikkje sjå bort i frå at Pus no får ein rolegare kvardag framover medan me er meir bekymra for kva Therese kan venta seg i tida framover... ;)

 

  • Veitastrond - Syril 3-2 (16.02.08)

Veitastrond opna i dag sesongen 2008 med å slå 4.divisjonlaget Syril med 3-2 i Sognahallen. Til tider imponerte VIL stort med feiane flott angrepsfotball, og særleg i den fyrste halvtimen var det klasseskilnad mellom laga. Kurt Heggestad fekk og vist korleis kapasitet han kjem til å bli for oss denne sesongen då han scora to av VIL sine mål.

Les meir HER

* tok diverre ingen bilder i dag, og det kjem me heller ikkje til å gjera på kveldens kick-off party.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Syril (15.02.08)

Etter ein god månad med trening så spelar Veitastrond årets fyrste treningskamp i morgon kl 12:00 i Storhallen. I år som i fjor byrjar me med kamp mot Syril, som i fjor haust tok steget opp frå 5. til 4.divisjon. Fjorårets kamp enda med 1-5 tap, og i år har me ambisjonar om å forbedra dette resultatet betrakteleg. Me er så heldige å ha ein brei stall og velja i, og trass i 7 fråvær har me likvel 18 spelarar tilgjengeleg der ein av desse er på prøvespel i klubben.

Les meir om den spanande prøvespelaren og alt om kampen HER

 

  • Ny spelar: Sindre Mørkve (14.02.08)

Den siste tida har overgangane til Gaute Olstad, Frank Heggestad, Kurt Heggestad og no sist Morten Hagen teke mykje av oppmerksomheta vår. Litt stillare i døra har me og henta inn 1985-modellen Sindre Mørkve. Han kjem frå Voss og må betegnast som ein spelande stoppartype.

Les meir HER

Har og lagt ut eit lite bildegalleri med våre to nye spelarar. Du kan sjå det HER

 

  • EKSKLUSIVT: MORTEN HAGEN KLAR FOR VEITASTROND (13.02.08)

Me i VIL-fotball er stolte over å kunne presentera Morten Hagen som ny spelar. Morten har i 12 år vore ein av grunnsteinane til Fjøra FK og han står bokført med 242 kampar og 12 mål for raudtrøyene der dei fleste kampane har funne stad i 3.divisjon med unntak av sesongen 2000 då Fjøra var oppe i 2.divisjon. At han no vel å melda overgang til VIL-fotball og 5.divisjon ser me på som ei tillitserklæring og det syner at Veitastrond er ein attraktiv klubb å komma til.

Les meir HER

 

  • Spanande treningskamp i boks (09.02.08)

Laurdag 29.mars har Veitastrond ordna seg treningskamp mot bergenslaget Askøy oppe i Storhallen. Askøy som til dagleg spelar i 5.divisjon er på treningsleir i Sogndal denne helga, og der skal dei overnatta på Lægreid Hotell. Sidan dei er ein av VIL sine største sponsorar var sjølvsagt vegen til ein treningskamp mellom oss liten. For oss er dette ein kjempemulughet til å prøva oss mot eit lag som me aldri har hverekn spelt mot eller for den del høyrt om, og me gler oss.

Ny spelar inn?

Kan ellers røpa at VIL-fotball i dag har gjort ein muntleg avtale med ein særs interessant spelar om overgang. Me kan diverre ikkje gå ut med noko navn ennå, men det er grunn til å tru at det vil gå eit lite gisp gjennom sognafotballen når overgangen vert offentleggjort. Om overgangen går i boks kjem VIL mest truleg til å stenga alle kanalar for nye spelarar inn. Stallen byrjar å bli både stor og god, og det er ikkje lenge til at me kan byrja å sysla med tanken om eit 2.lag...?

 

  • Månadens spelar for januar (08.02.08)

Me kom diverre til å gjera ein liten feil med føringane til treningsstatistikken over januar. Det viser seg nemleg at Jan Erik Bøyum fekk poeng for ein trening for lite, og med tanke på at han gjekk seirande ut av denne treninga er han oppe i 4+3 i januar. Dette gjer at han endar opp på 7 poeng som er det samme som Frank, Even og Ivar som tidlegare vart kåra til månadens spelar. Sjølvsagt skal Jan Erik og få denne tittelen , og me gratulerer han saman med dei andre.

Sidan vegen allereie er opna til Strondi fekk ikkje Jan Erik sjansen til å vera med dei 3 andre med å opna vegen. Som ei erstatning skal skal Bøysen få lov til å nytta dei 5 fyrste minuttane av neste trening på å dansa Salsa medan dei andre spelarane står i ring rundt og klappar takten.

Har og lagt ut ny treningsstatistikk som rettar opp feilen, og som har med ei trening i februar og. Sjå den HER

 

  • Vinnar konkurranse 11 (05.02.08)

Etter 2 hint i konkurranse 11 klarde VIL-veteran Frank Heggestad å komma fram til det korrekte svaret. Han skjønte at Arild Kristiansen befann seg på Benidorm, som ligg på Costa Blanca i Spania. Han var den einaste som hadde rett svar, og kan dermed venta seg ei av dei kule t-skjurtene til VIL i posten i den nærmaste framtid - me gratulera!!!

Andre svar som kom inn var blant anna Bejing, Bueno Aires, Sevilla og Madrid. Me takkar alle som deltok i konkurransen, og vonar de vil prøvda dykk igjen ved vår neste konkurranse

 

  • Statistikk for januar (03.02.08)

Årets fyrste månad er over, og me tek eit tilbakeblikk på kva som skjedde på treningsfeltet til VIL. Få og med deg kven som vart månadens spelar for januar.

Les meir HER

I forbindelse med statistikken kan me og for fyrste den gong denne sesongen publisera årets treningsstatistikk. Denne ligg under menyen Årets Sesong ovanfor, men du kan og ta snarvegen og klikke deg inn HER

 

  • Nytt hint til konkurranse 11 (02.02.08)

Framleis ingen rette svar på konkurransen, og me har lagt ut eit nytt hint til å hjelpa brukarane....

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com