
Veitastrond sin neste treningskamp borte mot Kaupanger vil gå som fyrst planglat. Grunna snøfall den siste tida har det vore noko usikkert om denne kampen vil lata seg gjennomføra utandørs, men iflg våre rapportar ute på Kaupangerskogen er bana nyleg teken i bruk for året og det meste ligg til rette for kamp.
Kaupanger sin lagleiar Terje Hauståker uttalar følgande til Veitastrond.com; "Eg snakka med gutane i helga, og dei sa at bana no ser bra ut. Den er kanskje litt glatt, men det må no gå bra veit eg? Å spela på solrike og snøfattige Kaupanger må vel vera stikk motsatt av det som de er vant med framme på Veitastrond"
Dette vert fyrste heimekamp for Kaupanger i år, og Hauståker trur Veitastrond vil vera ein grei start; "Ja, me byrjar mot eit lag me reknar med å slå. Renkar med at gutane får opp sjølvkjensla si då"
Kampen vil bli spelt på kunstgraset på Kaupanger torsdag 5.mars kl 18:00. Dommar for kvelden vert Jonny Skjerven.
Styret i Veitastrond Fotball var i går kveld samla for ein gjennomgang av aktuelle saker. Kveldens vert var Richard Nes medan dei to sakene som stog øverst på agendaen var som det brukar å vera, nemleg økonomi og spelarsituasjonen.
Les meir HER
Sidan det er den berømmelege skidagen under studentveka no på den fyrstkommande tysdagen er det litt usikkert om treningen vår vert gjennomført. Me har allereie eit par 3 mann ute med skade, og dersom alt for mange av spelarane har tenkt seg på etter-ski nede på Meieriet så ser me det ikkje naudsynt å arrangera treninga.
Me oppfordrar difor alle spelarane som ikkje vert med på trening tysdag om å gje beskjed om dette tidleg...
Treningsavgift 2008
Ved gjennomgang av rekneskapen for 2008 kom det fram at det var ein del som ikkje hadde betalt alt det dei skulle i treningsavgift. Dei dette gjeld har fått tilsendt ein SMS med kontonummer og beløpet dei skuldar, og me vonar no at dei som endå ikkje har betalt vil gjera detta snarast.
Til fortare me får inn desse pengane til fortare får me sendt ut krav på treningsavgifta 2009...

Det har vore stilt på transferfronten til VIL-fotball i vinter, men no er me glade for å kunne presentera vår fyrste signering. 24 år gamle Kenneth Mo frå Sogndal har vore med å trena med klubben sidan i fjor haust, og no syner alt klart for at han kjem til å aksla den blåe trøya i 2009. Kenneth er tiltenkt ei rolle i den defansive biten av spelet vårt, og han kjem fyrst og fremst til å bli aktuell på ein av backane. Vårt nye stjerneskot er kjendt for sin herlege energiske spelestil, som heilt sikkert vil gjera han til ein publikumsyndling på Leikvoll Stadion.
Les meir HER

Når ein les overskrifta på denne artikkelen skulle ein kanskje tru at Veitastrond.com har skrudd på reptisjonsknappen, når ein les overskrifta på denne artikkelen skulle ein kanskje tru at Veitastrond.com har skrudd på reptisjonsknappen...men det har me ikkje. Dette er meir ei presisering på reglane som me publiserte tidlegare i veka om jogging på torsdagar som gjer alle dei som gjennomfører 1 poeng på treningsstatistikken vår. Denne regelen skulle etter vårt syn vera enkel å forstå, og for dei fleste spelarane virkar det og som at det er nettopp det. Likevel finst det unntak, og det er kanskje ikkje så overraskande at det er superveteran Frank Heggestad som har litt problem med å skjønna seg på reglementet vårt.
Les meir HER
Det har over ei lang tid vore laber aktivitet i gjesteboka vår. Me reknar med at dette skuldast dei problema me har hatt med denne, og at folk no vegrar seg for i det heile å gå inn på denne.
Dei problema me opplevde tidlegare har me no ikkje registrert på lang tid, og nok ein gong så vågar me oss til å friskmelda gjesteboka vår (denne gongen utan lygekors håpar me). Redaksjonen i Veitastrond.com har testa gjesteboka mykje i det siste, og den fungerar heilt utmerket.
Me oppfordrar difor våre brukara om å finna vegen attende til gjesteboka vår, og skriv så mange innlegg de berre orkar.
....og skulle de no likevel få problem med gjesteboka igjen så får de heller gje oss ein lyd.
Treningsstatistikken
Som me oppylste i går så vert treningsstatistikken vår no utvida med ei kolonne for jogging. Denne kolonna står for seg sjølv så den ikkje skal øydelegga vinnarprosenten. Den fyrste joggeøkta vår er no gjennomført og me skunda oss inn igjen å laga til ein rykande fersk treningsstatistikken.
Sjekk ut den oppdaterte statistikken med ei ny kolonne, og gje oss gjerne tilbakemeldingar dersom de har noko innvendingar.
Minnar og om at dei som endå ikkje har jogga har framleis dagen på seg dersom dei ynskjer seg 1 ekstra poeng...

Så langt denne sesongen har Veitastrond trena ein gong i veka med ei fotballøkt på tysdagskveldane. Me skulle gjerne hatt ei tilsvarande økt til, men sidan me ikkje får leiga meir til fornufige treningstider i Stohallen ser me oss no om etter andre og meir ekstreme treningsmetodar.
Framover vil me ein gong i veka samlast i Sogndalsfjøra for å ta ei felles joggøkte. Dette kjem til å bli på torsdagane kl 17:00, og me startar allereie i morgon. Me møtes utanfor Lægreid Hotell og satsar på å ta oss ein joggetur på ca 1 times tid.
Me satsar på å gjera denne økta like "obligatorisk" som tysdagstreningane. Det vil seia at dei som møter opp vil bli premiert med 1 poeng på treningsstatistikken. For ikkje å øydelegga vinnarprosenten på denne statisikken vurderar me å legga til ei ny kolonne på årets treningsstatistikk, som me kjem til å gje det passande navnet "Jogging".
Det er ein del som ikkje bur i omegn av Sogndalsfjøra, og kanskje ser det som noko unødvendigt å køyra bil ut i Sogndal for å jogga når ein like godt kan gjera dette heime. Dei dette gjeld for skal sjølvsagt få jogga heima, men dersom dei ynskjer poeng så må dei ta denne økta i løpet av torsdagen (!) og dei må sjølv gje ei melding til oss i Veitastrond.com om at dei har gjort seg fortent til poeng.
Me vonar at dette høyres ut som ei plan for spelarane våre. Etter helgas kamp mot Sogndal 2 tvilar me på at nokon vart særleg imponert av løpskapasiteten vår, og me anar eit klart forbetringspoetensial.
(på bildet ser me VIL-spelar Gaute Olstad medan han driv sirkeltrening på asfalten utanfor Trudvang Skule. Dersom dei som møter på jogging i morgon klarar å halda samme intensiteten som Gaute gjer her er me sikre på at dei vil ha mykje att for økta si)

Sjølv om det ikkje har komme så mange nye spelarar inn dørane på Leikvoll så langt i vinter så har det likevel skjedd enkelte betydelege endringar i spelarstallen. Ein av dei mest merkbare er at vår kaptein og midtstoggar dei siste 4 åra; Even Kvam no har valgt å gå tilbake der han starta sin fotballkarriere - som keeper. Even har etterkvart vorte ein kult-helt blant VIL-fansen, og me er sikre på at han kjem til å halda denne statusen ved like no når han tek med seg sin heilhjarta spelestil inn i målet. Med Even sin retur som keeper opnar dette samstundes for å realisera ein draum for Gøran Fimreite som no endeleg får prøva seg som utespelar på heil tid.
Les meir HER
Veitastrond tapte ikkje overraskande mot SIL2 i årets fyrste treningskamp. Sogndølene vann til slutt kampen med 7-0, og vann kampen relativt fortjent sett utifrå spel og sjansar. Dei unge spelarane på Sogndal framsto som litt bedre i alt og då vinn ein gjerne fotballkampar. Likevel er det ingen grunn for Veitastrond å grava seg ned etter dette tapet, då me på ingen måte vart rundspelt og tapet kunne fort ha vore mindre. Me tek dette som eit ledd i treninga og er glade for å no vera i gang.
Les meir HER

Det er stor spaning i VIL-leiren framfor morgondagens kamp mot Sogndal 2, som vert Veitastrond sin fyrste treningskamp for sesongen 2009. På motsatt banehalvdel ventar Sogndal 2 og 3.divisjon, og me kjem her verkeleg til å få prøva oss mot eit lag som på papiret skulle vera nokre strå vassare enn oss sjølve. Nokre spelarar har forlatt VIL etter fjoråret, og ein mann har så langt komme inn. Stallen er pr. dags ein mann eller for to for liten, men i morgon har me så godt som alle mann klare og då ser det meget bra ut.
Les meir HER

Etter at redaksjonen i Veitastrond.com har vore utan datatilgang i ei stund så er me no glade for å kunne fortleja at me er "back in business".
Me har endeleg kunne ta fatt på jobben med å gjera sida klar for sesongen 2009, og me har no oppdatert sida Årets Sesong i menyen ovanfor. Blant anna har me lagt ut årets første utkast til treningsstatistikken 2009. På denne ser me at etter 6 treningar så leiar Kurt Heggestad med 11 poeng, og etter han fylgjer Even Kvam og Richard Nes med 10 poeng.
I tillegg har me og oppdatert litt på spelarsida. Har fjerna spelarar som ikkje lenger er i troppen og lagt til nye spelarar og i tillegg skifta litt på posisjonar på dei enkelte. I den aller nærmaste framtida lyt me prøva å få i gang noko spelarprofilar for 2009. Denne sesongen tenkte me å satsa på omtrent dei samme profilane som me har brukt dei føregåande sesongane...
Me skal og komma med ein presentasjon av nye spelarar etterkvart og me skal og syta for å informera våre brukarar på andre endringar som har skjedd i spelarstallen og ellers i klubben.
Oppdateringane vil komma litt etter litt i tida framover, og me anbefalar våre brukarar om å sjå inn på Veitastrond.com forholdsvis regelmessigt frå no av...
Årets fyrste treningsmånad er over for Veitastrond, og her fylgjer statistikk for januar.
Les meir HER

Seint i går kveld tikka meldinga inn som VIL-fansen hadde håpa dei ikkje skulle få. Fjorårets toppscorar og årets spelar Frode Kvam har bestemt seg for å forlata Veitastrond etter berre ein sesong i klubben, og vert i staden å sjå attende i Fjøra drakt i 2009. Dermed er ein av dei mest suksessrike VIL-karrierane nokon sinne over nesten før den har byrja, og Veitastrond sine sesongforberdingar har fått seg ein aldri så liten knekk.
Les meir HER
For å lesa meir om Frode i sin nye klubb anbefalar me at de vitjar Fjøra FK på deira nyoppussa heimesider HER
Bygdakvelden som skulle vore arrangert på fyrstkommande fredag er utsatt. Ny dato vert truleg fredag 20.februar.
Me oppfordrar alle som ein om å avsetta denne kvelden til Samfunnssalen på Veitastrond.
Grunna litt rot i administrasjonen i Veitastrond Fotball har me ikkje fått sendt ut giro til dei som var med i scoringsklubben vår i forrige sesong. Faktisk har me rota sopass at me og har klart å rota bort navna på alle dei som meldte seg inn i denne klubben.
Me har ein del navn på personar me hugsar skreiv seg på denne lista, men me går likevel no ut med ei oppfordring til alle dei som skreiv seg på denne lista i fjor vår om å melda seg slik at me veit kven som er med i denne eksklusive klubben. Dei som melder seg vil få tilbake ein giro som tilsvarar kr 10,- pr mål Veitastrond scora heime på Leikvoll i 2008.
Me oppfordrar både dei som veit dei skreiv seg på lista, og sjølvsagt alle andre om å melda seg her. Dette er ein framifrå høve til å støtta opp om klubben i ditt hjarta.
For å melda seg så kan ein anten skriva seg på lista som vert lagt ut på matkroken, send ein mail på admin@veitastrond.com eller ta kontakt med oppdama Hildegunn Heggestad på tlf 91590288.
Me set ein frist på å melda seg innan laurdag 14.februar.