
Torsdagskveld vart det halde eit spelarmøte for Veitastrond sine disiplar og her fylgjer eit kort referat.
Les meir HER
Vellykka basar
Det kom inn ca kr 12 000,- på basaren som VIL-fotball arrangerte i går kveld. Dette er me godt nøgde med på ein kveld som kræsja med skiskyttarstafett og at halve bygda bala med vatnet...
Me takkar våre trufaste fans og støttespelarar som kjøpte loddar hjå oss!
Grunna Fjellsportfestivalen vert det ikkje trening i Sognahallen i kveld. I staden tek me oss eit spelarmøte kl 19:30 heime hjå Emil Heggestad nede i nista-fjørao. Aktuelle tema på kveldens møte;
-
sesongen 2010 (ambisjonar ??)
-
val av tillitsvalgt, kaptein, fus i alt....
-
trenarane informerar om årets opplegg
-
+++ (me utfordrarar spelarane om å ta opp i plenum det dei måtte ynskje)
Dei spelarane som har betalt treningsavgifta vil få komfortable sitteplassar, kaffi og noko godt å bita i. Dei som føler behov for det vil og få ein solid fotmassasje av ein av trenarane våre. Spelarane som ennå ikkje har betalt (ja dei finst faktisk) må ta til takke med ståplassar og eventuelle eigen nistepakke. Me oppfordrar difor alle om å vera i forkant og sørga for at dei har betalt før dei møter opp på kveldens spelarmøte.
Etter møtet vil det bli ei felles joggeøkt. Alle som er med på denne vil få eit poeng på treningsstatistikken (Det vert ikkje gitt poeng til dei som eventuelt joggar heime. Det må altså berre jogge heime, men poeng får de ikkje...)

Sidan Veitastrond.com sin utsendte repportar ikkje var utsendt til Sognahallen for å overvara kampen mellom Fjøra og Veitastrond er me så heldige å tilby lesarane våre eit eksternt kampreferat. Vår kjære trenar Emil Heggestad har tatt pennen fatt og gjer oss her ein rapport frå kampen. Her går han igjennom det som skjedde utpå bana og litt av dei inntrykka som trenarduoen sit att med.
Les meir HER
Veitastrond imponerte stort då dei i kveld spelte uavgjort 3-3 i treningskampen mot Fjøra i Sognahallen. VIL leia 3-2 heilt til kampens siste minutt då fjørene utlikna.
For Veitastrond scora Kurt Heggestad, Helge Skjælaaen og Frode Kvam. Til pause var stillinga 1-1.
Me kjem attende med eit lite referat og nokre tilbakemeldingar frå kampen. Lyt fyrst alliera oss med nokon av vår eigne som var i hallen denne kvelden. Enn så lenge anbefalar me å lesa igjennom live-overføinga på Fjøra sine heimesider. Denne har underteinka kosa seg med i kveld, og me takkar Fjøra FK for kampen og deira framifråe dekning av kampen.

Lenge sidan sist og det er ikkje akkurat den mest begivenhetsrike veka i Veitastrond Fotball si korte soge me no legg bak oss. Me vonar at det vert litt meir å skriva heim om i tida som kjem, og det byrjar bra då det i morgon er klart for treningskamp mot Fjøra FK i Sognahallen. Dette vert den andre treningskampen for sesongen, og medan me fekk god matching mot Jølster så tippar me at vanskeleghetsgraden aukar ytterlagare nokre hakk i morgon. I ein periode der Veitastrond ikkje har fått trent skikkeleg kjem denne økta på eit gunstig tidspunkt slik at ikkje spelarane råtnar på rot i sofan medan atletane gjer sine krumsping på fjernsynsapparatet!
Les meir HER
Litt på etterskot kjem me her med statistikk for den fyrste månaden i 2010.
Les meir HER
Oppdatert treningsstatistikk finn du HER
Det vart tap 2-5 for Veitastrond i den fyrste treningskampen denne sesongen. VIL hang bra med i 1.omgang og gjekk til pause på stillinga 2-2. Etter kvilen gjorde blåtrøyene mange byter og det vart etter kvart skilnad på dei to laga og Jølster var utvilsamt det laget som orka mest og dei vann kampen fortent. Dette var ein typisk treningskamp og det var vel ikkje akkurat den mest underhaldande kampen tilskodarane fekk sjå. Uansett godt å komma i gang og me ser positivt på det som skal komma...
Les meir HER

Det er då omsider klart for årets fyrste treningskamp for Veitastrond Fotball sine stolte menn. Ekstra spanande vert kampen då dette vert elddåpen til den nye trenarduoen Emil- og Kurt Heggestad. Det er naturleg nok knytta stor spaning til korleis dei nye trenarane vil disponera spelarstallen sin og korleis spelesystem dei legg opp til. Morgondagens motstandar er Jølster som held til i Firdaligaen, og dei vil heilt sikkert gje oss solid matching. For å lesa siste nytt framfor treningskampen, anbefalar me å klikka deg vidare innover på våre heimesider...
Les meir HER
Det er kanskje nokon som saknar oppdatert treningsstatistikk og statistikk for januar. Dette har me diverre ikkje kunne publisera ennå då me manglar nokre resultat frå treningar der underteinka ikkje var involvert. Me vil ikkje legga skulda på navngitte personar, men det er klart det hadde hjelpt på om Emil Heggestad hadde sendt over det me manglar...

Det har no gått nokre dagar sidan nyhenda om endringar i leiinga i VIL-fotball. Der vart det blant anna kjendt at Kurt Heggestad overtek som sportsleg leiar og trenar, medan Richard Nes går ut av trenarteamet. Det er utvilsamt spanande tider for den vesle klubben vår, og når no spelarane har fått tygd litt på dette så tykkjer me det er på tide å høyra korleis dei ser på situasjon. Så lenge den nye leiinga ikkje set noko restrikasjonar på oss, så forheld Veitastrond.com seg retten til å publisera alle synspunkt, og me let som vanleg uttalelsar i nyhendeartikkelen gå på uttalar si rekning. Me har valgt å slå av ein prat med dei to VIL-veteranane Frank Heggestad og Arne Nes.
Les meir HER
Treningsavgifta!
Kan ellers melda om at så langt har 10-12 spelarar betalt treningsavgifta.
Dette er bra, men samstundes er det verdt å nevna at me og manglar ein 10-12 stk...

Rykta har gått ei stund, men det var fyrst i går at Frode Kvam ga leiinga i klubben si endelege bekrefting på at han vert Veitastrond spelar i 2010. Dermed vert re-signeringa av Frode årets fyrste signering, og dette er akkurat den type overgangar me ynskjer å identifisera oss med. Her får me ein spelar som er garantist for mål, ein naturleg publikumsfavoritt og i tillegg får me ein gut som er så tvers igjennom god at ein nærast lyt klypa seg i armen for å verkeleg forstå at det er sant. Sist gong Frode var Veitastrond spelar var i 2008, og resultatet vart den gong 25 mål på 15 kampar og kåra til årets spelar. Etter eit år med spel i Firdaligaen for Fjøra reknar me med at Frode kjem til å scora endå fleire mål for oss denne gongen og bli ein like viktig brikke som han var sist gong.
Det er med stor glede me kan presentera Frode Kvam som ny spelar for VIL-fotball!
Les meir HER

Det vert altså store endringar i adminstrasjonen til Veitastrond Fotball den kommande sesongen. Emil Heggestad har styrt klubben med jernhand i over 7 år, men no er hegmoniet hass over og han overlet stafettpinnen til Kurt Heggestad. I tillegg til å vera laget sin kanskje beste spelar vil Kurt den kommande sesongen vera både styremedlem, sportsleg leiar og hovudtrenar. Utvilsamt eit stort ansvar som no kviler på skuldrane til Kurt, men samstundes er det ei spanande tid som ventar for Veitastrond Fotball. Den daglege drifta av klubben var kanskje i ferd med å køyra seg fast i det same sporet, og ei lita endring i leiinga er forhåpentlegvis det som skal til for å komma innatt på rette leia.
Les meir HER
BREAKING NEWS!!!!
Veitastrond.com kan i kveld bringa den fantastike nyhende om at årets spelar og toppscorar frå sesongen 2008 - FRODE KVAM, har takka ja til å spela for Veitastrond i 2010.
Me ynskjer Frode velkommen heim, og kjem tilbake med meir om denne saka i nærmaste framtid.

Det vart som tidlegare nevnt halde styremøte for VIL-fotball i går. Leiinga i klubben gjennomførte eit meget oppsiktsvekkande møte, som i seinare tid berre vil bli kjendt som Styremøtet! For fyrste gong sidan klubben vart stifta for 7 år sidan vert det endringar i oppsettet på styret, det blir ny sportsleg leiar og ikkje minst vert det nytt trenarteam. Det er mykje å ta unna på kort tid og dersom du vil vite endå meir klikkare du deg vidare på denne saka. Dersom du slit med dårleg hjarte er det kanskje like greit om du finn deg noko anna å gjera.
Les meir HER
Det vil i kveld bli halde styremøte i VIL-fotball. I tillegg til vanlege saker som sesongen 2010, økonomi og vanleg drift av klubben, vil det i tillegg bli lagt fram ein oppsiktsvekkande omorganisering i styret av klubben.
Me kjem attende med meir etter møtet...