Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Februar 2011

  • Veitastrond - Saga 0-4 (26.02.11)

Veitastrond tapte i dag årets fyrste treningskamp med 0-4 mot Saga i Sognahallen. Ikkje uventa hadde me lite folk tilgjengeleg, og berre 11 mann var klare når kampen vart blesen i gang. Slik sett var ikkje dagens resultat så aller verst, og me set dette på kontoen for grei gjennomkøyring.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Veitastrond - Saga (25.02.11)

Veitastrond spelar i morgon sin fyrste treningskamp for sesongen. Motstandar er Saga, og tid og stad er kl 12:00 i Sognahallen.

Me har ikkje noko lag klart, men me veit slik ca kven som er disponible;

Even, Gaute, Geir, Kenneth, Øivind, Øyvind, Bjørn, Emil, Olai, Åsmund, Frode Kvam, Gøran, Øystein + 2-4 prøvespelarar.

Av dei som ikkje vert med så er nokon innesnødde på Veitastrond, nokon er skada og nokon har ikkje komme i gang med treninga for årets sesong.

Me er meget spente framfor denne kampen, då laget trass alt ikkje har hatt noko spesielt god oppkøyring så langt. Ein del spelarar har alt forlatt klubben, medan nokon framleis er i tenkeboksen. Fleire spelarar har vore med å trent og er venta å signera for klubben, men så langt har me ikkje fått inn nokon nye på papiret. I tillegg kjem usikkerheta rundt Leikvoll Stadion, som gjer til at me framleis er usikre på framtida til klubben. Veitastrond Fotball lev for tida som om kvar dag er den siste...

Me oppfordrar alle våre fans til å møta opp i Hallen i morgon for å sjå kampen mot Saga. Me garanterar relativt bra underhaldning.

Dommar er forøvrid Frank Heggestad,,,

 

  • Treningsavgifta (25.02.11)

Til alle våre spelarar.

På onsdag denne veka vart det sendt ut ein sms til kvar enkelt spelar om betaling av treningsavgifta for vårsesongen 2011. Så langt har ingen av spelarane klart å fått gjort dette, og dette er ikkje godt nok.

Me ber difor no kvar av ein å gå i seg sjølv og få dette ut av verda, og utføra denne betalinga i løpet av helga. Det kostar kr 1000,- pr spelar å trena i Storhallen heile vinteren, og det er ikkje meir enn at me meinar det burde vera ein overkommeleg sum.

 

  • Frank Heggestad legg opp (23.02.11)

Etter 7 sesongar og 71 kampar for Veitastrond Fotball så har Frank Heggestad bestemt seg for at nok er nok, og han legg no fotballskoa på hylla. Det har lenge versert rykter om at Frank talde på knappane, men det er fyrst no han slepp katta endeleg ut av sekken og offentleggjer si avgjersle. Dermed lyt VIL-fotball sjå at ein av våre viktigaste spelarar både på og utanfor bana forlet skuta. Dette er sjølvsagt trist, men trøysta får vera at Frank heilt sikkert kjem til å bli verande i og rundt miljøet til klubben vår trass i at han ikkje lenger skal spela sjølv.

Les meir HER

Treningsavgifta

I dag byrjar me arbeidet med å krevja inn treningsavgift for vårsesongen 2011.

Me vonar at spelarane våre kjenner si plikt og betalar ASAP. Dei som ikkje betalar innan rimeleg tid vil bli hengt ut på heimesidene våre til spott og spe for offentlegheta.

 

  • Leikvoll Stadion (11.02.11)

Veitastrond Fotball er inne i ei spanande tid som på mange måtar handlar om liv og død for fotballklubben vår. Som ein kunne lesa om i Sogn Avis i går så står me i fare for å ikkje få godkjent heimebana vår, Leikvoll Stadion, då denne er 8 meter for kort. Dersom me ikkje får ei løysing på dette kan det få fatale konsekvensar som gjer til at me lyt legga ned heile klubben vår. Dette er naturleg nok ingen god situasjon å vera i, og særleg ugunstig er det at det er berre 2 månadaer att til seriestart og framleis står omtrent heile klubben på vent.

Les meir HER

Har ellers endra litt på Lenker på heimesida vår. Har endra på nokre addresser som var feil, lagt til nokre nye og fjerna sider som ikkje lenger eksisterar. Skal no vera link til alle heimesidene i fylket ned til og med 4.divisjon, + nokre fleire. Dersom det er sider de saknar så sei ifrå så fiksar me det.

 

  • Oppkøyringa i full gang (04.02.11)

Veitastrond Fotball står framfor ein sesong der dei sportslege utfordringane aldri har vore større, og det er viktigare enn nokon gong å bruka vinteren godt så ein er førebudd til sesongen startar. Dei fyrste månadane av året går som regel med til å få opp kondisjonsnivået og så smått få kjenna følelsen med lærkula igjen. Veitastrond.com har tatt ein prat me ein av hovudtrenarane, Emil Heggestad for å høyra korleis laget ligg an i sesongførebuinga.

Les meir HER

Dersom nokon saknar årets treningsstatistikk, så kan me røpa at denne kjem på ei nettside før du anar det...

 

  • Treningskampar (02.02.11)

Veitastrond sin eminente kampkoordinator Frank Heggestad har som vanleg gjort ein god innsats og sikra klubben treningskampar i vinter. Så langt er det avtalt 4 kampar mot spanande og variert motstand. Truleg vert det satt opp 2-4 kampar i tillegg til desse.

Dei foreløpige treningskampane våre blir som følger;

- Laurdag 26.februar; VIL - Saga kl 1200 i Sognahallen
- Laurdag 12.mars; VIL - Jølster kl 1200 i Sognahallen
- Onsdag 23.mars; VIL - Fjøra kl 1800 på Kaupanger
- Mars/april; Bjørn - VIL i Gaupne (dato er ikkje fastsatt, men skal ikkje sjå vekk ifrå at dette vert generalprøven vår i byrjinga av april)
 
Det kan sjølvsagt komma endringar på desse kampane etterkvart...
 
 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com