Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 ARKIV: JANUAR (2007)

 

  • Jonny har gjort det igjen (31.01.2007)

I dag vart VIL-spelar Jonny Ølnes far for andre gong til ein nydeleg gut som skal bera navnet Joakim. Jonny sin bedre halvdel; Janicke, fødde guten rett før kl 18:00 i dag. Han var 3,3 kg og var 49 cm lang. Det har ikkje lukkast Veitastrond.com å komma i kontakt med den nybakte faren, men etter det me veit står det bra til med heile familien Ølnes som no tel 4 personar. Frå før har Jonny og Janicke sonen Kristian. (all denne infoen er henta frå Pelle si heimeside)

VIL-fotball gratulerar Jonny m/fam med den nyfødde!!!

 

  • Statistikk for januar (31.01.2007)

Første treningsmånad er over, og i den anledning har me laga ein liten oversikt over tingenes tilstand så langt denne sesongen. Har og valgt å for første gong dela ut pris for månadens spelar. Sjå kven den heldige vinnaren er, og anna januarstatistikk  her.

 

  • Richard er midlertidig sjef (29.01.2007)

Ikkje før er det klart at Emil Heggestad tek på seg ansvaret som hovudtrenar så reiser han bort. Dei neste 3 vekene er han utplassert på Beitostølen i samband med praksisien sin på HSF. Dette vil då seia at  Richard Nes rykker opp som hovudtrenar i denne perioden.

"Sidan eg er heilt ny innan trenarfaget blir dette ei stor utfordring for meg. Eg kjem sjølvsagt til å ha løpande kontakt med Emil slik at me finn fram til dei beste løysingane for treningane i fellesskap. Ellers reknar eg med at eg har ei samarbeidsvillig spelargruppe som er klar for litt blodslit i vekene framover" seier Richard til Veitastrond.com, som var så heldige å komma i kontakt med hovudpersonen.

Det er ellers venta at treningane kjem til å gå som normalt også i vekene framover!

 

  • Trenarane er på plass (28.01.2007)

     

     

Det virkar no klart at Emil Heggestad vert hovudtrenar for VIL-fotball til sesongen 2007. Med seg som assistent får han Richard Nes. Det var i utgangspunktet ynskjeleg å finna ein ekstern trenar, men sidan det ikkje har lukkast med det er Emil og Richard no klar til å føra VIL-fotball til heider og ære. Har laga til ein liten presentasjon av dei to trenarane som du finn her.

 

 

  • Nye spelarar + bilder (26.01.2007)

Som lova i går kjem her ein presentasjon av 3 nye spelarar. For å gjera deg kjend med dei nye fjesa klikkar du deg inn her.

Har og oppgradert litt i spelarstallen. Her har eg teke bort Espen Nese og Kjell Ronny Haugen, då det ser ut som om dei ikkje vert med årets VIL-skute. Heldigvis har me erstattarar klare og eg har soleis lagt til Vidar Vadseth og Frank Robert Værn som nye i spelarstallen.

I tillegg har eg no lagt ut dei etterlengta bilda frå gårsdagens spelarmøte. For å sjå desse bilda flekkar du deg ikkje inn her, men her.

 

 

  • Spelarmøte (25.01.2007)

Som annonsert i går vart det i kveld halde spelarmøte for VIL-fotball på Lægreid hotell. Les alt om det spanande møtet her.

Har og oppdatert treningsstatistikken, der ein kan sjå at Even Kvam har gitt i frå seg leiinga til Kent Fimreite og Ivar Melby.

Vil og informera om at det i løpet av helga kjem meget intressante nyhende her på veitastrond.com. Det vil i løpet av morgondagen komma ein presentasjon av fleire nye spelarar samt ein liten oppgradering av spelarstallen. Eg skal og prøva å få til ein liten presentasjon av det som ser ut til å bli årets trenarteam. I tillegg skal eg legga ut fleire bilder frå dagens spelarmøte i morgon. Så her er det tydlegvis berre å holda fast i hatten og henga med i svingane!

 

  • Spelarmøte (24.01.2007)

I morgon er det spelarmøte for VIL gjengen. Møtet blir halde på Lægreid Hotel kl 18:00, og må sjåast på som meget viktigt opp mot den kommande sesongen. Me oppfordrar alle som vil vera med å spela for VIL i år, dei som var med i fjor og ellers alle andre som føler ei trang til å få informasjon om VIL fotball til å møta opp.

Saker som vil bli tekne opp:

  • Spelarstall

  • Trenarspørsmålet

  • Spelestil/taktikk

  • Treningsopplegg

  • Treningsavgift

  • Nye VIL klede

  • Årets kaptein

  • Arrangering av sosiale arrangement

  • Diverse

Emil lovar at det vert servering av kaffi og påsmurt, så det skal bli høve for einkvar å fylla seg opp til treningen som startar etter møtet kl 19:30!

VIL fotball ynskjer alle vel møtt! 

 

  • Dramatisk oppleving for VIL-stjerne (20.01.2007)

VIL-spelar Arne Nes opplevde i dag ei traumatisk oppleving då han var på veg fram til Strondi. Han hadde vore å svippa foreldra sine til Sogndal og køyrde sporenstreks framatte. Då han var kommen til Kvamsbukti vart det plutseleg svart for den ellers så sindige snauskolten. Ned frå fjellsida kom det ras og Arne kjende bilen vart pressa oppover. Han sat berra å venta på større snømassar, men kunne heldigvis prisa seg lukkeleg over at det ikkje var eit av dei største rasa i kvamsbukti som kom. Etter ei stund fekk han tumla seg ut døra på passasjersida, og han fekk snart hjelp frå andre som kom køyrande og sjølvsagt av brøytemann Kjell Egil Nes som fekk opna vegen att.

"Det var ganske traumatisk ja. Heldigvis hadde eg ikkje med veslejenta i bilen." uttalde hovupersonen til Sogn Avis. For å lese heile saka i SA klikkar du deg inn her.

Me i VIL-fotball er glade for at det trass alt gjekk bra med Arne og er sikre på at han snøgt får rista av seg den ubehagelege hendinga. Samstundes reknar me med at politkarane i Luster Kommune og ser kor farleg strandavegen er og får fortgang i arbeidet med ny tunnell, eller som Arne seier det "får ut fingen"...

 

  • Tor Olav Berg attende på trening (19.01.2007)

Har no lagt til Tor Olav Berg i spelarstallen. Han var attende på treningen i går etter juleferie. Var litt usikkert om han ville vera med vidare, men det meste tyder no på at han satsar for fullt utover vinteren. Tor Olav går på sin 3.sesong som VIL-spelar. På dei to første åra har han kun fått med seg 11 kampar - dette skuldast at han som student har vore ein del heime på ferie og at han har måtte sona ein forholdsvis lang karriere etter å ha vorte utvist i møtet mot Hafslo i fjor vår. Tor Olav er ein god ballspelar og han er ein som alltid gjer alt i duellane. Samstudes er han og ein omgjengeleg kar som glir knirkefritt inn det unike VIL miljøet.

Etter det veitastrond.com har fått med seg så avsluttar Tor Olav sine studier i Sogndal til våren, noko som vil seia at han diverre kun vert med på vårsesongen. Etter det reknar me med at Tor Olav flyttar heim til sitt kjære Suldal i Rogaland, som han stadig vekk fortel oss andre på laget saftige røvarhistoriar frå.

Det er og lagt til eit bildegalleri frå avslutningsfesten 2006 som haldt stad i Resalandskjellaren. Alle bilda er tekna av Hildegunn Heggestad, og mange har nok allereie sett dei då dei har lege på spacen hennas sidan oktober månad. Bilda finn du her, og er det største galleriet som er lagt ut so langt...

 

  • Nye spelarar (18.01.2007)

Etter at spelarstallen vart offentleg gjort forrige veke har det mildt sagt vore eit enormt trykk frå brukarane om meir info rundt dei nye spelarne. Som følgje av dette har me laga til ein eksklusiv presentasjon av 3 av dei nye spelarane. Presentasjon av dei øvrige nye kjem etterkvart. For å sjå profilane sjekkar du deg inn her.

Tok ein del bilder på treningen i dag, desse finn du naturlegvis under bilder - diverre var det litt problem med kameraet så nokre av bildene vart litt mørke. Har og oppdatert treningsstatistikken der 100%`en i dag rauk for både Even og Ole Kristian.

 

  • Oppdatering av spelarstallen (13.01.2007)

Eg har no lagt ut ei foreløpig liste over årets spelarstall. Det er ikkje lagt ut noko form for profil på kvar enkelt endå, men dette kjem når me er sikre på kven som verkeleg blir med. Det kjem heilt sikkert til å bli endringar på denne lista, både når det gjeld folk som ikkje blir med samstundes som det heilt sikkert kjem fleire til. Lista som er lagt ut no er først om fremst med tanke på fansen så dei får sjansen til å gjera seg kjende med navna på alle nykommarane.

I ein kort kommentar angåande spelarstallen seier styreleiar og midlertidig trenar Emil Heggestad; "det ser utruleg lovande ut foran den kommande sesongen. Det er lenge sidan me har hatt så mange spelarar tilgjengeleg. Likevel føler eg det er plass til eit par til, og me i leiinga er heile tida på kontinuerleg spelarjakt. For oss som sit i styret er VIL-fotball utvilsomt ein all day and night job, som dei seier borti statane..."

Ellers kan det nemast at eg har pussa opp Underhaldnings sida og blant anna lagt ut nokre fleire filmar...

VIL-fotball ynskjer alle sine brukarar ei knakande god helg (til trass i at Birmingham - Leeds diverre er utsatt)

 

  • Geir er tilbake (11.01.2007)

Kl 07:30 på onsdag møtte VIL spelar Geir Aardal opp til førstegongsteneste i Oslo. Planen var at han snøgt skulle vidare til Kirkenes å stå grensevakt. Diverre for Geir gjekk det ikkje heilt som han hadde håpa på. Då Geir kom inn i leiren saman med mange hundre soldatar opp daga han nemleg at noko var gale; "Eg følte det som om alle dei andre såg på meg og teinkte negative ting om meg. Eg følte meg skikkeleg tråkka på og fann ut at det var best å oppsøka hjelp. Psykologen kunne snøgt fortelja meg at eg hadde diagnosen sosial angst og dermed ikkje kunne regnast som tenestedyktig. Det heile er sjølvsagt utruleg bittert sidan eg har sett fram til dette så lenge, men sidan eg har denne diagnosen er det nok best for meg å vera heima. Bror min hadde no mykje av dei samme problema då han var inne så eg burde vel ha skjønt tegningen før eg reiste, men sånn er livet" avsluttar Geir, som allereie i kveld er tilbake på treningsfeltet til Veitastrond. 

Velkommen attende Gerrisn!!!

 

  • Nye lenker (10.01.2007)

Har no lagt ut link til den nye ekstremssportssatsinga i distriktet; X-Team Sogn. VIL spelarane Bjørn Molland og Even Kvam nyttar stort sett all si fritid på å utføra livsfarlege stunts og vil dela dette med på publikum på heimesida si.

Har også lagt ut link til den etterkvart så kjende radiostasjonen; Hallo Sogn, som blir dreven av redaktør og ung VIL spelar Kent Fimreite. Begge desse lenkane finn du sjølvsagt under Lenker.

 

  • Frank Heggestad takkar nei til å bli ny trenar (09.01.2007)

Etter å ha brukt helga til å vurdera eit tilbod om å bli ny VIL trenar, takka Frank Heggestad i dag nei på førespurnaden frå styreleiar Emil Heggestad. Dermed held jakta på ein ny trenar fram for VIL leiinga. Les alt om saken her

 

 

 

  • The Army Boy (08.01.2007)

I morgon set Geir Aardal seg i ein lastebil(!), og vendar nasen mot Oslo og førstegongsteneste. Etter eit kort opphald i hovudstaden går turen vidare til Kirkenes der den unge VIL spelaren skal stå grensevakt mellom Noreg og Russland. Dette er sjølvsagt utruleg trist for VIL, då dei mistar ein av sine viktigaste spelarar både på og utanfor bana, men samtidig oppløftande for fedrelandet som får ein framifrå soldat som er heiltent på å tena for kongeriket!

Me ynskjer Geir lukke til i militæret - måtte du komma heim fortare enn du trur!

 

  • Sesongen er i gang (08.01.2007)

Då har VIL-fotball gjennomført sin første trening for året. Sjølv om det og var ein del treningar før jul reknar me dette som starten på årets sesong. Det var bra oppmøte og det var ein fin blanding mellom gamle og nye fjes. Spennande er det sjølvsagt med dei nye som var med i dag. Både Kjell Ronny Haugen og Ole Kristian Vikheim gjorde sakene sine meget bra og me håpar dette ga meirsmak for båe to så dei blir med framover. Ellers reknar me med at det kjem endå eit par nye fjes når studentane kjem tilbake for fullt, og me ser heller ikkje vekk frå at Pelle har eit par Pøkkersar i ermet (?) Blant dei som glimra med sitt fråvær var årets spelar frå i fjor; Bjarte Pedersen. Han skal etter rykta ha fått ei ekstra ferieveke av styret og er venta å vera tilbake for fullt innan rimeleg kort tid.

Har no laga til ein treningsstatistikk. Denne finn du under Sesongen 2007. Her får spelarane poeng for oppmøte og poeng for vera på det vinnande laget på treningen. Maks poengsum på ein trening er altså 2 poeng. Ein skada spelar som møter opp og viser sitt vakre oppsyn vil og bli premiert med 1 poeng for oppmøte. Håpar denne tabellen blir prestisjefull blant spelarne og at den skal fungera som motivasjonsfaktoren utover vinteren. Vinnaren vil naturlegvis bli premiert etter sesongen!

 

  • Trenarstatistikk (05.01.2007)

Takka vera at Nils Tore Heggestad var så hjelpsam og fann tabellen for 2004 til meg har eg no laga til ein trenarstatistikk. Statistikken finn du under Historikk, og ikkje overrraskande er det Leiv Inge Fimreite som toppar med eit snitt på 1,83 poeng pr kamp som VIL-trenar...

 

  • Arkiv (04.01.2007)

Har no laga til eit nyhendearkiv og eg håpar det blir litt meir oversiktleg her inne. Arkivet finn du på botn av denne sida, og eg trur dette blir steikande bra!!! 

 

  • Klart for ny sesong (04.01.2007)

Då er jula over, og me ynskjer alle våre brukarar, fans og spelarar eit riktig godt nytt år.

No når me har runda nyttår er det på høg tid å bretta opp ermane og gjera seg klar for ein ny sesong. Veitastrond startar opp med trening på førstkommande måndag (8.jan), og då er berre å rekna med eit hardkøyr for å få bort juleflesket. Det er forsatt usikkert kven som kjem til å leda denne treningen sidan det ennå ikkje er bestem noko om kven som blir hovudtrenar i 2007, men det som no er sikkert er at Richard Nes blir assistent trenar i den kommande sesongen. Han takka ja då styreleiar Emil Heggestad ringde han opp tidlegare i dag. Samme Emil er som kjend sjølv høgaktuell til å ta trenaransvaret sjølv, men han vedgår at det og finnes andre interessante kandidatar på blokka utan at han vil ut med noko navn ennå. 

Det skjedde ikkje så mykje på den sporstlege fronten i jule-tida, men det var dugnadsånda som regjerte blant somme av VIL-spelarane. På bitte bitte vesle nyttårsafta arrangerte VIL-fotball ein basar på Strondi. Oppmøte var meget bra og givargleda var endå betre blant bygdafolket. Det kom inn ca 14.000,- netto frå basaren, og me takkar og bukkar for alt som kom inn. Det var Emil, Heggestad, Bjørn Molland og Richard Nes som stod bak arrangementet.

 

 

 

NYHENDEARKIV

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com