Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

   ARKIV; JANUAR 2008

  • Hint til konkurransen + ny treningskamp (31.01.08)

Ingen hadde klart å komma fram til rett svar på konkurransen vår. Derfor har me i dag lagt ut det fyrste hintet som skal vera med på å hjelpa brukarane til å komma fram til rett svar.

Gå inn på konkurranse logoen like ovanfor og svar i veg.

Ny treningskamp

Laurdag 5.april reiser Veitastrond til Vik for å møta dei der. Kampen er planlagt å gå kl 12:00, men tidspunkt kan bli endra. Om banetilhøva vil det kan det og hende at kampen vert spelt i Fresvik.

Me har dermed 4 treningskampar klare, alle mot 4.divisjonslag. I tillegg har me ein muntleg avtale med Kaupanger 2, men tidspunkt er ikkje avklara endå. Det er utvilsamt god matching som ventar oss i oppkøyringsperioden.

 

  • Sindre Mørkve er klar for VIL-fotball + info om årets spelarprofilar (30.01.08)

På gårsdagens trening kunne VIL-trenar Emil Heggestad (bildet) presentera ein ny spelar. Dette er 22 år gamle Sindre Mørkve frå Voss, som for tida studerer i Sogndal. Mange dreg kanskje kjensel på Sindre som på samme tida i fjor hadde eit prøvespel med oss, men den gongen lukkast det ikkje Sindre å få kontrakt. Sidan den gong har han lege i hardtrening med kun eit mål for auge - nemleg å få oppfylt draumen og bli VIL-spelar. No er formen på topp og etter treningen i går står kun det formelle igjen før Sindre er klar til å aksla den blåe drakta.

Sindre er i utgangspunktet tenkt å kjempa om ein plass i dei bakre rekker.

Me ynskjer Sindre velkommen til klubben, og er sikker på at dette er ei kjempesignering av Veitastrond.

Årets spelarprofilar

Planlegginga med årets spelarprofilar her på Veitastrond.com er no i full gang. Me har synsa med ein del ulike alternativ, og me hadde i utgangspunktet tenkt å laga til utfyllande portrett av kvar enkelt spelar. Dette ser no ikkje ut til at det vert noko av då me trur det blir for vanskeleg å gjennomføra og det kjem dessutan til å ta alt for mykje tid.

I staden kjem me til å laga til ein mellomting mellom eit portrett og fjorårets profila. Det vert sannsynlegvis ein kortare profil som i fjor saman med 10 nyttige fakta om kvar enkelt spelar. Arbeidet med dette kjem til å ta til i februar månad, og kanskje vert planane endra noko etterkvart. Me tek sjølvsagt gladeleg i mot tips frå brukarane rundt dette!

Når det gjeld faktaopplysninga om kvar spelar anbefalar me spelarane om å tenka gjennom nyttige og unyttige facts om både seg sjølv og sine medspelarar. Har du tips om dette, ja då tek me sanneleg i mot dei og med glede!

 

  • Konkurranse 11 (28.01.08)

Det er ny konkurranse på gang, og her er det berre å finna fram atlaset og bli med oss på Veitastrond.com på ei "Kvar er dette?" nøtt.

Klikk på konkurranse logoen ovanfor, og set i gang og svar!

 

  • Opning av treningshuset er utsatt (25.01.08)

Den planlagde opninga av treningshuset på Strondi i kveld er avlyst grunna vær, vind og vegforhold. Dersom ein ser ut glaset skjønnar ein sikkert kvifor.

Opningssermonien vil bli gjennomført ved ein seinare anledning!

 

  • Lukrativ sponsoravtale med Lægreid Hotell (24.01.08)

VIL-fotball har mange sponsorar med på laget og me brukar sjeldan å trekka fram enkelte, men me vågar oss likevel på eit unntak i dag. Me har no nemleg fått oss ein meget bra avtale med Lægreid Hotell i Sogndal. Utan at me skal gå ut med kor mykje dei sputtar inn i klubben vår kan me røpa at dei no går inn med like mykje som vår hovudsponsor Luster Sparebank.

Me tykkjer dette er storslagent av Lægreid Hotell. Dei krev heller ikkje noko spesielt tilbake, og det syner vel berre at dei gjer dette fordi dei elskar klubben. Likvel tykkjer me at alle som spelar på VIL no ikkje skal lura for mykje på kor dei skal gå neste gong dei får lyst til å ha seg ein tur ut i hyggeleg lag (..og ha for alldel spanderbuksene på)

Me takkar Lægreid Hotell for deira bidrag til klubben, og me kan no sjå at den økonomiske biten er i ferd med å falla på plass for VIL-fotball.

På prøvespel

Heilt på tampen kan me og ta med at Kjell Ronny Haugen kjem til å trena med klubben i dei neste vekene. Forhåpentlegvis vil dette føra til at Kjell Ronny etterkvart signerer for klubben. I fjor var han spelande trenar for Norane, og imponerte då på eit ellers tafatt mannskap. 

 

  • Terminlista er klar (22.08.08)

Vår kampkoordinator Frank Heggestad har no gjort ein framifrå jobb med å finna nye datoar til dei fleste av årets seriekampar, dvs at me ikkje lenger skal spela alle kampane våre på søndagar. Slik oppsettet er no spelar me 2 kampar på tysdagar, 3 på onsdagar, 3 på torsdagar, 3 på fredagar og 3 på søndagar. Det kan ennå komma små endringar i oppsettet.

I den forbindelse har me og oppdatert Årets Sesong i menyen ovanfor. Her kan du i tillegg til oversikt over seriekampane og sjå at ein ny treningskamp er i boks. Dette er kamp mot Jølster i Sognahallen, laurdag 01.mars kl 12:30!

Har i tillegg lagt til LUSTRASERIEN under menyen i Årets Sesong. Dette vert ein innbyrdes serie for dei 3 laga i Luster Kommune; Veitastrond, Hafslo og Bjørn som i år er i samme divisjon. Me reknar me det kjem til å vera ekstremt mykje prestisje i å vinna denne serien og dermed bli kåra til det beste laget i kommunen.

 

  • Petter er blitt far (21.01.08)

For mange er nok dette ei gammal nyhende, men det er uansett verdt å nevna det her på Veitastrond.com. På fredag 11.januar vart VIL-spelar Petter Fagerli og hass kjære Hanne foreldre for fyrste gong til ei nydeleg jente som skal bera navnet Thea Evine. Ho var 3620 g og 52 cm når ho vart født.

I følge den stolte far skal alt stå bra til med både mor, far og den nyfødde.

På vegne av heile VIL-fotball så gratulerar me Petter og Hanne, og vonar de får ei fin tid framover.

Stengd veg

Sidan me fyrst er inne på gamle nyhender tek me like godt med ei til. Dette er ei sak som er henta frå Bergens Tidene angåande raset som gjekk på Strandavegen på onsdag. At Veitastrond er innestengt grunna ras er ikkje så uvanleg, men i denne saka er det dirkete oppsiktsvekkand å sjå at i tillegg til Veitastrond er og bygdene Nes, Hilleren og ikkje minst Heggestad om Svori (?) og vorte innestengde av snøskred.

Les meir om Bygder isolert av ras i nettutgåva til Bergens Tidene HER

 

  • Opning av nytt treningshus (18.01.08)

I snart 1,5 år har bygginga av det nye treningshuset på Veitastrond pågått. No er dei flittige arbeidarane snart ferdige med praktverket, og det er klart for offisiell opning neste fredag (25.januar) kl 19:00 ved treningshuset. Seinare på kvelden vert det ei markering i Samfunnsalen med kake, kaffi, talar og lett underhaldning. Alle er sjølvsagt hjartleg velkomne til å vera med å feira det nye treningshuset.

Me kjem tilbake med ytterlegare påminningar om denne hendinga, samt litt info om huset og bilder i aller nærmaste framtid.

 

  • Vinnar av årets bilde 2007 (17.01.08)

Vinnaren av årets bilde er no kåra. Til saman fekk me inn 16 stemmer, og det var ikkje nokon særleg tvil om kva bilde som fall best i smak hjå brukarane våre.

Les kva som vart vinnabilde HER

 

  • Årets fyrste treningskamp & kick off party(16.01.08)

Opprinneleg skulle årets fyrste treningskamp gå mot Lærdal den 22.februar. Denne kampen kjem til å gå som planlagt, men me har no i tlllegg fått spikra ein kamp mot Syril i Storhallen helga før, nærmare bestemt laurdag 16.februar kl 12:00 i Storhallen. Dermed opnar me årets sesong på same plass, og med same motstandar som i fjor. Den gongen tapte me 1-5, og me har ein del å revansjera her.

I samband med denne kampen kjem me seinare på kvelden til å halda eit kick-off party ned i Resalandskjellaren. Sosialt samvær skal i år bli viktigare enn nokon gong før, og her er fyrste sjanse til å knytta band spelarane i mellom.

Det er framleis berre dei to kampane mot Syril og Lærdal som er spikra. Me har avtalar med fleire andre klubbar, men ingen eksakte datoar er sette. I tillegg driv vår kampkoordinator Frank Heggestad å jobbar med flytting av seriekampar til midtvekene. Når me veit litt meir om dette kjem me til å oppdatarer Årets Sesong i menyen ovanfor med tabell, kampar, spelarstatistikkar og ikkje minst treningsstatistikken.

* minnar om at siste frist for å stemma på årets bilde er i morgon. Klikk deg inn på logoen ovanfor, og stem i veg!

 

  • Hafslo utan trenar - Frank Heggestad aktuell? (14.01.08)

Etter 3 suksessfulle år med å få Hafslo fotballen på fote igjen, og no seinast med opprykk til 5.divisjon, så har etter det Veitastrond.com veit Geir Jonny Sviggum trekt seg som Hafslo trenar. Dette vil dermed seia at vår argaste konkurrent står utan trenar, og me veit at det allereie er eit par navn på blokka hjå oppman Knut Hauge. Eit av navna som står øverst på ynskjelista til Knut skal vera vår eigen Frank Heggestad.

Les meir HER

 

  • Motstandartabell (13.01.08)

I statistikken si ånd har me laga til ein tabell som me i mangel på andre gode navn har kalla motstandartabell. Denne tabellen syner ei oversikt over alle laga me har spelt mot i seriesamanheng, og korleis me har gjort det mot dei ulike laga. Dersom nokon skulle finna feil i tabellen er me særdeles interessert i tilbakemeldingar på dette.

Sjekk ut kva lag me har møtt flest kva gonger, kven me har bra tak på og kven me helst aldri vil møta igjen. Tabellen ligg under Historikk i menyen ovanfor, eller du kan klikka deg rett inn HER

 

  • Spelarmøte på Lægreid (11.01.08)

Det vart i går halde spelarmøte for Veitastond nede på Lægreid. 14 spelarar møtte opp til eit hyggeleg sosialt samvære med pizza, brus og kaffi samt litt interessant pjatt frå hovudtrenar Emil Heggestad, i spedd eit par feite røvarhistoriar frå Vidar Vadseth.

Les meir HER

 

  • Årets bilde 2007 + spelarmøte (10.01.08)

2007 var eit produktivt år for Veitastrond.com. Plenty artiklar om viktige og uviktige hendingar knytta til klubben vart laga til, og det vart og teke ei rekke bilder. Me vil no sjå litt tilbake på året som gjekk, og gje brukarane sjansen til å stemme på det bilde de meinar var det aller beste/kulaste/finaste etc.

Les meir og bli med og stemHER

Spelarmøte

I kveld kl 20:00 vert det halde spelarmøte for VIL-gjengen nede på Lægreid Hotell. Her vil me gå igjennom planane for sesongen, og samtidig gje spelarane sjansen til å komma med sine ynskjer. Referat og kanskje nokre bilder frå arrangementet kjem i morgon.

Minner om at det vert servert pizza, så her er det ingen grunn for spelarane å ikkje møta opp.

 

  • Vinnar av konkurranse 10 og basar på bygda (09.01.08)

Vinnar av konkurranse 10 er no trekt ut. Svara sat langt inne hjå brukarane, men til slutt fekk me tyna ut til saman 8 svar. Av desse 8 hadde berre 3 mann alt rett, og av dei har me trekt ut Andreas Bjelde som vinnar - me gratulerar! Han vil då få seg ei VIL-skjurte samt ei minnerik omvisning på 80 talsrommet til Even Kvam - god fornøyelse.

Det var fyrst og fremst siste oppgåve som var det store hinderet for brukarane. Her skulle rett svar vera Notsete og Notsete Playboys (deltakande i siste års Kjempenes Liga). Dei fleste var inne på noko her, og svara berre Notsete, Dalen etc, bortsett frå ein av deltakarane som var rimelege langt borti natta med sitt svar då han svara Kollsete. Kanskje den erfarne VIL-spelaren har vore å spelt eller dømt kamp fram på Kollsete, men då er han i tilfelle den einaste!

For å sjekka ut alle rette svar klikkar du deg inn HER

Basar på bygda

På førstkommande fredag vert det arrangert basar i Veitastrond Samfunnsal i regi av Idrettslaget. I hovudsak vil inntektene gå til å dekka kostnader for det nye treningshuset vårt. Det vert tradisjonelt åresal, 21 i pausen og kaffi og kaker.

Me oppfordrar store og små til å setta av fredag kl 19:30 til basar. Einaste du treng å ta med er godt humør og ei feit lommebok!

Vel møtt - VIL!

 

  • Let the game begin (08.01.08)

I kveld kl 21.00 går det offisielle startskotet for sesongen 2008 når VIL-spelarane samlast til fyrste trening i Storhallen. Det er ikkje meldt om noko skadeproblem, og me ventar oss så godt som alle mann alle på kveldens trening.

Sidan me no berre har ei trening i veka oppfordrar me spelarane om å vera tidleg ute slik at me får utnytta tiden fullt ut. Det samme gjeld for publlikum, då me ventar fulle hus når stjernegalleriet vårt atter ein gong inntek treningsfeltet.

Ellers minner me nok ein gong om konkurransen, som me no set ein svarfrist på til i morgon kl 20:00. Etter denne konkurransen kjem me til å halda ei ganske kul avstemming her på sida....så følg med!!!

 

  • Petter, Ivar og Helge (07.01.08)

Dei tre studentane som slutta seg til Veitastrond i fjor vinter kjem alle til å få amputert deler av den kommande sesongen.

Les meir HER

 

  • Styremøtet (04.01.08)

I går kveld vart det som tidlegare kjendt halde møte for styre til VIL-fotball heime hjå Bjørn Molland. Agendaen for kvelden var sesongen 2008, og me ser allereie no at dei fleste brikkene ser ut til å ha vera på plass. Dei fleste som var med på bana eller i styr og stell vert venteleg med vidare, og då er det uvandt å organisera ein fotballklubb.

Les meir HER

 

  • Styremøte i kveld (03.01.08)

I kveld samlast styret i VIL-fotball for å legga første hand på verket til slagplanen for den komande sesongen. Styret vil i kveld gå gjennom spelarstall, terminliste, treninskampar, treninsopplegg og diverse. Møtet vil bli halde heime hjå Bjørn Molland, og dei andre styremedlemmane er særs spente på kva verten har å by på...

Me kjem tilbake med referat og bilder i morgon den dag.

Kan og ta med at Sogn Avis denne veka hadde med underskriftskampanjen til Frank Heggestad når dei skulle oppsumera dei viktigaste overskriftene for 2007 - me tykkjer sjølvsagt at dette er heilt på sin plass!

 

  • Statistikk for Veitastrond.com i desember (02.01.08)

Som venta vart ikkje desember den heilt store månaden for heimesidene våre. Me hadde denne månaden berre 2436 treff. Me må faktisk heilt tilbake til februar månad for å finna eit dårleg besøkstal. Me vonar likevel at dette heng i saman med at heile Veitastrond.com stort sett låg brakk, og det var lite med oppdateringar. Framover skal me prøva å halda dykka meir oppdatert, og me vonar at dette vil trekka publiken tilbake. De kan til dømes byrja med å svara på konkurransen vår...

Sidan veitastrond.com no har eksistert i over eit år har me laga til eit lite samandrag frå året som som gjekk. Du kan lesa meir om dette HER

 

  • Godt nytt år (01.01.08)

VIL-fotball vil ynskja alle eit riktigt godt nytt år, og me vonar de har hatt ei triveleg julefeiring.

No når høgtida er over er det på tide å tenka fotball og Veitastrond igjen. Pre-season startar opp på tirsdag 8.januar, altså om ei veke. Før den tid kjem sannsynlegvis styret til å halda eit styremøte der slagplanen for sesongen vert lagt. Her blir det viktigaste å få på plass treningsopplegg/kampar og spelarstall.

Også her på sida har me som mål å vakna opp ifrå dvalen no når me eg gått på eit nytt år. Arbeidet med årets spelarprofilar er allereie komen på planleggingstadiet, og me håpar å komma i gang med dette i løpet av denne månaden. Har ein ide på korleis dette skal gjerast, men lyt vurdera litt på kor mykje tid me kan tillata oss å nytta på dette.

Når det gjeld konkurranse 10 som du finn ved å klikka på konkurranse-logoen ovanfor er svarfristen på denne forlenga med ei veke til onsdag 9.januar. Laup og svar!

 

 

NYHENDEARKIV

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com