
Veitastrond fekk i dag i stand ein ny treningskamp. Denne vert mot Vang i Sognahallen 14.mars, klokkeslett er ikkje endeleg bestemt.
Vang er etter rapportane våre blant topplaga i 4.divisjon i Oppland, og vil heilt sikkert gje oss god matching.
Dermed har me 6 kampar klare, og me satsar på å få på plass ein generalprøve den 14.april, og då er me særs godt nøgde me kampoppsette i vinter. Me har fått på plass 3 kampar mot 3.divisjonslag, 1 kamp mot eit 5.divisjonslag og 2 kampar mot lag utanfor vårt distrikt. Dette er ein perfekt mix, og me er glade for at me ikkje skal spela treningskamp mot nokon av våre motstandarar i årets 4.divisjon.
Vår kampkoordinator Frank Heggestad har dei siste vekene jobba dag og natt med å få plass treningskampar for Veitastrond Fotball framfor sesongen 2009, og dei fleste brikkene er no i ferd med å falla på plass. Så langt er følgande kampar klare;
-
14. februar vs Sogndal 2 kl 12:00 i Sognahallen
-
5. mars vs Kaupanger på Kaupanger
-
21.mars vs Jølster kl 14:30 i Sognahallen
-
25.mars vs Balestrand kl 18:30 i Balestrand
-
28.mars vs Brummundal jr i Øvre Årdal
I tillegg vert det muligens ein kamp til inne i Årdal, og ein kamp rett før seriestart.

Medan VIL-fansen ventar spent på at nye spelarar skal signera for klubben så må dei no fyrst sjå at ein av deira noverande heltar ikkje blir med meir. Etter 2 år i klubben så takkar Ole Kristian Vikheim for seg og legg no fotballskoa på hylla. "Eg har vore i tenkeboksen ei stund, og har funne ut at eg ikkje lenger orkar det presset som det å vera VIL-spelar fører med seg", seier Ole Kristian til Veitastrond.com. Dermed er ein trufast slitar borte, og behovet for å få inn nye spelarar vert no endå større.
Les meir HER

Før gårsdagens spelarmøte hadde Frode Kvam eit møte med leiinga i klubben. Her informerte han at han for tida er i tenkeboksen ang. si fotballframtid, og at han kan vera på veg attende til Fjøra.
Frode kom til VIL frå nettopp Fjøra før fjorårets sesong og opplevde stor suksess hjå oss i fjor, som til slutt vart krona med prisen for Årets Spelar og Årets toppscorar etter å ha scora 25 mål på 15 kampar. Etter eit år der begge partar har hatt stor glede av kvarande så har Frode no fått tilbake lysten til å spela fotball, og han vurderar difor å ta steget opp i 3.divisjon igjen. Frode fyller 30 i løpet av året og med tanke på at han alt har skaffa seg både kjering og hus så ser han på dette som siste sjanse til å prøva seg på høgare nivå.
Veitastrond Fotball har sjølvsagt eit sterkt ønske om at Frode skal halda fram med å spela for oss, og me ser at han har kvalitetar som ingen andre i spelergruppa innehar og som det kan bli vanskeleg å erstatta. Likevel har me ingen planar om å stikka kjeppar i hjula for Frode dersom han ynskjer å satsa i Fjøra, og me har full respekt for den avgjersla som Frode til slutt endar opp med. Me tek og til oss at eit år med VIL-fotball var det som skulle til for å få lysta tilbake til å spela fotball.
Frode kjem til å trena med Fjøra nokre veker framover no før han bestemmer seg for kvar han skal spela fotball i 2009.
VIL-fotball hadde i går eit spelamøte på Lægreid der dei gjekk igjennom det meste som vart teke opp på styremøtet kvelden før. Det korte referatet som me her presenterar blir difor muligens ei repitisjon frå det me skreiv om styremøte måndagskvelden.
Les meir HER
Styet i Veitastrond Fotball samlast i går heime hjå Emil Heggestad i Sogndalfjøra for å diskutera å planlegga sesongen 2009. Øverst på dagsordren stod sponsorar og økonomi og i tillegg var nye spelarar og treningstider blant dei heitaste sakene. Kveldens vert imponerte stort med sin servering, medan eit av dei andre styremedlemmane glimra med sitt fråvær.
Les meir HER
Minnar spelarane om dagens spelarmøte kl 19:30 på Lægreid Hotell!

I kveld møtes styret i VIL-fotball for å legga planane for den kommande sesongen. Det er ein del omfattande jobbar som står for tur for styret, som blant anna vil seia å sikra økonomien i form av sponsorinntekter og henting av nye spelarar.
Etter styremøte så vert det og eit spelarmøte dagen etterpå. Dette vert halde på Lægreid kl 19:30 før treningen som startar kl 21:00. Her oppfordrar me spelarane om å ta opp saker som dei måtte sitta inne med.
Sjølv om Veitastrond.com framleis er utan nett så skal me prøva å komma attende med referat frå begge desse møta.
Etter å ha oppført seg prikk fritt i ei stund så ser det no ut som at problemet med gjesteboka er tilbake. Dette er forferfeleg irriterande, og me byrjar å bli alvorleg lei av dette.
Me ser oss difor nøydd til å sjå oss om etter alternative løysingar med gjesteboka i nær framtid...
I tillegg til nyhende oppdateringa nedanfor så gjer me litt ekstra plass her til årets terminliste som no er klar. Før treninga på tysdag denne veka så rakk og trenarduoen vår å få med seg terminlistemøtet i Skei der klubbane fekk anledning til å flytta dei kampande som ein ynskte ny dato på. Bortsett frå eit par nær døden opplevelsar i snøføyken på veg opp til Skei så gjekk dette møtet føre seg utan den heilt store dramatikken.
Me fekk stort sett bytta dei kampane me ville og me står no oppført med ca halvparten av kampane i helgar, medan den andre halvparten då er oppsett på kvardagar. Fyrste seriekamp vert fredag 17.april borte mot Lærdal.
Me ber no spelarane om å sjå gjennom denne lista, og dersom de har ønske om å byta nokon av kampane så sei ifrå om dette innan 19.januar, som er fristen som kretsen har gitt klubbane til å komma med endringar. Terminlista vil bli teke opp på spelarmøtet som forhåpentlegvis vil bli halde i neste veka.
Sjå heile terminlista HER

Veitastrond.com er framleis utan PC, og oppdateringane her inne vert då deretter. Me tek difor ein liten gjennomgang av det som har skjedd i VIL-fotball den siste veka;
* Veitastrond Fotball byrja som tidlegare nevnt opp med sesongoppkøyringa for 2009 på tysdag denne veka. Oppmøtet på denne treninga var ikkje heilt det store med berre 13 aktive spelarar.
I tillegg til at oppmøtet ikkje var heilt det store så var det og kritikkverdigt at mange spelarar ikkje møtte opp før kl 21:00, eller seinare. Konsekvensen var at me ikkje kom i gang med treninga før klokka var kvart over 9, og dette vert alt for dårleg. Når me trenar ein gong i veka kan me ikkje tillata oss å sosa vekk halve treninga på fjas og tull (då er det betre å møta tidlegare og heller fjasa å tulla medan ein trenar...) Me oppfordrar difor spelarane om å møta opp eit kvarter før treninga byrjar, dvs kl 20:45.
* Den 14. mannen som møtte opp på treninga var Kim Andre Navarsete, men han var ikkje med på økta då han kom rett frå operasjonbordet med eit gipsa håndledd. Me reknar difor med at Kim Andre vert borte frå fotballen i fleire veker framover.
* Sjølv om me reknar med at treningsoppmøte skal betra seg framover så var dette og ein bekreftelse til leiinga i klubben om at me treng å få inn nokre nye spelarar. Me kjem difor til å trappa opp aktiviteten på transferfronten no, og me har fleire spanande navn på lista over aktuelle spelarar. I utgangspunktet håpar me å få inn 1-3 nye spelarar.
* Spelarjakta er og ein av dei tinga som kjem til å stå høgt på sakslista når styret i klubben samlast i neste veke for å legga planar for sesongen 2009. Andre viktige saker her vert sponsorar og organisering av heime- og bortekampar.
I kjølevatnet av dette styremøtet vil det og i nær framtid bli halde eit spelarmøte.
* Så snygt Veitastrond.com er tilbake i gjenge vil arbeidet med årets spelarprofilar byjra. Dersom nokon har nokon fiffige idear på korleis me kan presentera desse så tek me gjerne i mot tips. Viss ikkje vert desse truleg mykje like dei som me har hatt dei sist par sesongane.

I desember hadde me 4271 treff på heimesidene våre, noko som er ein nedgang på ca 200 treff frå november. Samanlikna med desember 07 så er det likevel bra då me den gong hadde 2436 treff. Me vonar at julekalendaren til Sherlock skal ha mykje av æra for dette..
Smånytt
* Redaksjonen i Veitastrond.com er for tida utan PC, og oppdateringane vil då bli der etter. Dette vil forhåpentlegvis berre bli eit forbigåande problem. Vanskeleg å seia kor lang tid det vil ta før me er tilbake då dette kan skje i dag eller om 2 veker.
* I morgon, 6.januar, så startar Veitastrond Fotball opp med treningar for 2009 sesongen. I byrjinga trenar me berre 1 gong i veka, som då vert tysdagskveldar kl 21:00 i Sognahallen. Det vil bli starta opp føring av ny treningsstatistikk.
* Samme dag som me startar opp treningane så reiser ein delegasjon frå klubben til Skei for å vera med på terminlistemøte for årets 4.divisjon. Etter dette møtet reknar me med at årets terminliste er spikra.
* Det har vore mykje problem med gjesteboka vår den siste tida, og dei som har opplevd at PC går i stå når ein går inn der vegrar seg kanskje for å besøka gjesteboka vår igjen. Me kan no opplysa om at gjesteboka no ser ut til å fungera slik som den skal, og me oppfordrar våre brukarar til å vera prøvekaniner å gje oss tilbakemelding på om dette ser bra ut, eller om det framleis berre er fiasko fallitt å sjå.