Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Januar 2010

  • Ryktebørsen - januar 2010 (30.01.10)

Det er ikkje rare greiene me har melda om dagen. Det gjer ikkje saken betre at fantasien har fråse fast hjå nettredaksjonen vår, og kombinasjon mellom desse to gjer ei heimeside som ikkje er så oppdatert som me ynskjer at ho skal vera. Noko lyt me likevel finna på inni mellom og kva passar vel då betre enn å samla opp det me har grafsa til oss av sanselause rykter den siste tida? Veitastrond.com gjer ingen garanti for kva som er sant og kva som ikkje er så sant, men dette er vel kanskje det som kjenneteinker eit rykte. Me gjer deg uansett det siste på ryktebørsen, så får du tru kva du vil...

Les meir HER

 

  • Treningskampar 2010 (24.01.10)

Veitastrond har etterkvart fått mange treningskampar på plass framfor den kommande sesongen, og me gjer dykk her ein liten oversikt.

Les meir HER

Kan og meddela at terminlista for årets 4.divisjon snart er i boks, og me vil publisera denne så snygt den er oss i hende...

 

  • Andreas Bjelde takkar nei til spel for Veitastrond (22.01.10)

Det er den tida på året då spelarstallen skal spikrast og i den anledning er Veitastrond Fotball for tida aktive på transferfronten der me leitar etter aktuelle nyervervelsar. Andreas Bjelde er ein av dei me har hatt i kikkerten ei stund og han har òg vore med oss på trening i ein periode, men denne veka valgte kaupsingen diverre  å takka nei til spel for Veitastrond. Den rutinerte forsvarspelaren ville truleg ha passa som hand i hanske til VIL-fotball sin profil og det var med vemod me tok i mot beskjeden frå Andreas.

Les meir HER

Veitastrond har fleire andre spelarar på ynskjelista, og me kjem attende med meir info om desse etterkvart som me får avklara situasjonen på dei ulike individa...

 

  • Treningsavgifta rullar inn (19.01.10)

Det er no 5 dagar sidan krav for treningsavigft 2010 vart sendt ut, og så langt har progresjonen vore bra. 6 spelarar ha gjort opp for seg til no, og dette er altså eit snitt på over ein mann pr dag - intet mindre enn imponerande.

Det var som vanleg stor spaning rundt kven som vart fyrste mann ut med å betala. Medan Arne Nes var raskast i fjor, er det i år Kenneth Ylvisåker Mo som kan krona seg med tittelen snyggaste treningsavgiftbetalar 2010. Han slo Kurt Heggestad med nokre timar då han og gjorde opp for seg samme dag som krav var vart sendt ut.

1.purring er ikkje sendt ut ennå og me ber spelarane om å betala før det dryg alt for lenge. Dei som let venta for lenge med betalinga vil bli hengt ut offentleg og satt i gapestokken.

I tillegg til treningsavgifta er det i desse dagar sendt ut krav på scoringsklubben 2009, og me oppfordrar dei som har fått krav om å betala inn dette. Dersom nokon gløymte å skriva seg på lista i vår er det ennå ikkje for seint å melda seg inn i denne eksklusive klubben. Berre gje ein lyd til leiinga i klubben så sender me dykk ein faktura som er så tung at du knapt klarar å halda han over bakkenivå.

Det meste handlar altså om pengar på Veitastrond i desse dagar, og såleis har me ikkje noko nytt å melda om.

 

  • Treningane er i full gang (13.01.10)

Veitastrond sitt stjernegalleri har vakna opp frå vinterdvalen og trenar no for fullt fram mot sesongen 2010. Laget har allereie hatt to treningsveker og spelarane virkar til å vera usedvanleg gira på ein ny sesong til trass for at me berre er i januar månad. Trenar Emil Heggestad har så langt hatt sitt svera strev med å arrangera treningane då det har vore oppi 28 oppmøtte spelarar, noko som er ca 8 for mange. Med ny treningsstart følgjer òg ny treningsstatistikk og den fyrste utgåva av denne kan du no sjå her på Veitastrond.com.

Les meir HER

Sjå oppdatert treningsstatistikk HER

 

  • Treningsavgift 2010 (12.01.10)

Ny sesong står for tur og med den fører det mykje godt med seg. Diverre har den òg nokre laster og ein av desse er treningsavgifta som må sankast inn frå kvar enkelt spelar. All erfaring tilseier at dette er ein tidkrevande jobb så då er det like greitt å ta til jo før jo heller. Årets treningsavgift ber preg av ein dramatisk prisauke på kr 400,-, men me vonar at spelarane kjenner sitt betalingsansvar og overfører pengane snarast.

Les meir HER

 

  • Historikk 2009 (09.01.10)

Me har omsider gjort ferdig historikk delen for sesongen 2009. Dette er me særs glade for at me har fått unna, og me kan no konsentrera oss fullt ut om sesongen 2010. Som han sa guten, så er det godt kva som er i broki gjort...

Dette er ein relativt langt artikkel, men me vonar at dei som har interesse av det vil ta seg tid til å lesa igjennom. Samstundes oppmodar me om at dei som finn skrivefeil, faktafeil eller eventuelle hendingar i 2009 som me ikkje har teke med, men som de meinar burde vera det, så sei ifrå til oss. Legg inn beskjed i gjesteboka med dei tilbakemeldingar det måtte ha (skriv gjerne med falskt navn)

Les om sesongen 2009 HER

 

  • Fjøra kampen avlyst (08.01.10)

Veitastrond skulle egentleg hatt sin fyrste treningskamp mot Fjøra i Sognahallen neste søndag. Dette blir det ikkje noko av då det er juniorturnering i hallen denne helga som vil halda på langt ut på søndagskvelden. Derfor vert det ikkje plass til oss denne gongen.

Det vil muligens bli funnen ein anna dato for kamp mot Fjøra i løpet av vinteren.

 

  • Sesongen 2010 er i gang (08.01.10)

I går kveld gjekk det offisielle startskotet for VIL-fotball sin sesong i 2010. Då møtte spelarane til årets fyrste trening, og det var tydeleg at dei fleste var meir enn klare til å komma i gang. Utrulege 28 mann møtte opp, og dette er truleg rekordoppmøte på ein VIL trening nokon gong. Det er sjølvsagt flott med mykje folk, men me lyt nok innrømma at 28 er ca 8 for mykje når ein har halve Storhallen å boltra seg på. I går var det mange gjesteopptredenar, men me kan diverre ikkje ha med så mange av denne sorten framover - det må i alle høve vera avklart med trenar Emil Heggestad på førehand.

Me kjem attende med flunkande ny treningsstatistikk om ikkje lenge. Legg og til at fast treningstid framover er torsdagar kl 21:00, med unntak av neste veke då me trenar måndag kl 21:00.

Statistikk for desember 2009

Desember har vore den dårlegaste månaden sidan Veitastrond.com starta opp og dette lyt me berre beklaga. Me lovar å komma sterkare attende etterkvart.

Dårlege oppdateringar viser og igjen i antall treff då me berre hadde 3520 i desember. Dette er ein nedgang på 1200 frå førre månad, og 700 mindre enn desember 2008.

Me vonar at brukarane kjem attende til sidene våre når me byrjar å ausa ut med smakfulle nyhendeoppdateringar - noko me tok til med igjen i dag.

Godt nytt år

Heilt til slutt vil me og ynskja alle våre spelarar og supportarar eit riktig godt nytt år. Dette har me visst gløymt å gjera, og me har fått ein del tilbakemeldingar på dette frå skuffa supportarar. Me legg oss sjølvsagt flate....

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com