Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Januar - Juli 2012

  • Veitastrond - Dale (31.07.12)

Veitastrond tapte i dag 2-3 mot Dale, etter at bortelaget leia 1-2 til pause.

Severin Rokne og Richard Nes scora måla til VIL.

Regerat kjem seinare. Ikkje i dag...

  • Før kampem; Veitastrond - Dale (30.07.12)

Etter ein litt for kort sommarferie etter vår smak så sparkast 4.divisjon i gang igjen i morgon. Då tek Dale den lange vegen til Veitastrond på noko så sjeldan som ein tysdagskamp. Veitastrond hadde ein tåleg bra vårsesong, og laget ligg trygt plassert på ein 8.plass. Morgondagens motstandar er eit av laga som desperat treng poeng på hausten for å unngå nedrykk og dei er nok heilt sikkert lystne på å komma i gang med fangsten allereie i morgon.

Les meir HER

  • Øyvind Lien - ei klubblegende takkar for seg (08.07.12)

Då Veitastrond spelte mot Sogndal 2 1.juli så markerte ikkje dette berre slutten på vårsesongen 2012, men det markerte og slutten for ein av dei spelarane som har vore lengst i klubben. Øyvind Lien flyttar nemleg no heim til Bergen, og dermed har han mest truleg spelt sin siste kamp for Veitastrond. Øyvind som dei siste to sesongane har vore klubben sin kaptein kan sjå attende på 6 sesongar i blå drakt, og me er ganske sikre på at han har sanka mange gode minner på denne tida - minner som han kan sjå attende på ein dag når han vert gammal i byen mellom dei ti fjell. VIL-fotball er iallefall ikkje tvil om at me har mista ein av våre beste menn, og me lyt berre vera takksame for at me fekk ha han med oss så lenge som me gjorde.

Les meir HER

No tykkjer sikkert Geir Aardal og Bjørn Molland det er urettferdig at ikkje dei fekk ei liknande sak på Veitastrond.com når dei slutta. Då er det slik at i våre auge så har de ikkje slutta ennå, og me ventar berre på comebacket. Hausten 2012 burde vera ei fin tid å atter ta på seg fotballsko og VIL-drakt igjen, eller ke??

  • Månadens fair play for juni (07.07.12)

Veitastrond Fotball har fått prisen for månadens fair play for juni frå Sogn og Fjordan fotballkrets.

I grunngjevinga heiter det seg at me er ein inkluderande klubb som har plass til ein spelar med handicap og me får og honnør for våre arrangement.

Me er sjølvsagt veldig stolte og glade over å motta denne prisen, og dette er ei utmerking som hengt høgt hjå oss.

Du kan lesa meir på fotballkretsen sine heimesider HER

Me har forøvrig oppdatert våre statistikkar og tabellar, slik at dei no skal vera inntakt etter vårsesongen.
Skal sjå om me får oppdatert maratontabell, rekordar etc. før haustsesongen tek til. Men me lovar ingenting...

  • Veitastrond - Sogndal2 0-10 (01.07.12)

Veitastrond vart i dag påført sitt største tap nokonsinne på våre 9 år som fotballklubb. Me tør vel òg å påstå at me aldri har møtt eit betre og meir stjernespekka lag enn det som Sogndal 2 stilte med i dag. På midtbana spelte blant anna Stephane Diarra Badji, som er landslagsspelar for Senegal og skal til OL i London om nokre veker. Veitastrond spelte ein brukbar 1.omgang, og til tross for at me var under med 0-4 etter fyrste halvdel så skapte laget fleire store sjansar som dei burde ha scora på. No tek laget ein velfortjent sommarferie etter ein velblåst vårsesong.

Les meir HER

  • Før kampen; Veitastrond - Sogndal 2 (30.06.12)

Eit gjennomtrena Veitastrondlag møter i morgon serieleiar Sogndal 2 til vårsesongens siste kamp.

Kampen byrjar kl 15:00. Inngang kr 50,- Vel møtt!

  • Skavøypoll - Veitastrond 4-0 (23.06.12)

Veitastrond hadde diverre lite å stilla opp med mot Skavøypoll i dag. Resultatet vart til slutt 4-0 i favør heimelaget etter at Skavøypoll vann kvar omgang med 2-0. Sjeldan har Veitastrond spelt ein kamp der me har produsert så få sjansar som i dag.

Les meir HER

Til ein forandring så har me òg oppdatert alle våre statistikkar, og lagt ut bilder frå forrige helgs kamp mot Førde 2..

  • Før kampen; Skavøypoll - Veitastrond (21.06.12)

Me stålsett oss no til årets siste lange bortetur, og har nytta dei siste vekene til å oppfordra flest mogleg av våre spelarar om å bli med på denne turen. All erfaring tilseier at til lengre reisa er til mindre folk er tilgjengeleg, så til denne kampen er me nøgde så lenge me klarar 11 mann. Skal nevnast at me etter denne kampen har 4 bortekampar att, der 2 av desse er i Sogndal, så me skal vel ikkje klaga over kampprogrammet akkurat. Nok om syting og synsing over lang bortetur, og over til det sportslege. Veitastrond reiser oppover visse om at me er blant formlaga i divisjonen, med imponerande 3-1-1 på siste 5 kampane. Dette, samt komfortabel tabellsituasjon gjer at me har ingenting å tapa om dagen og kan spela med senka skuldre.

Les meir HER

  • Veitastrond - Førde 2 4-2 (17.06.12)

Det var ein flott dag for fotball på Leikvoll i dag med overskya og lett duskregn innimellom. Eit som vanleg folkerikt publikum fekk sjå ein kamp der heimelaget stort sett hadde kontroll på det unge Førde2 mannskapet, og me drog til slutt heim ein 4-2 siger. Trass i at laget ikkje har trent sidan me spelte ein heller middels kamp mot Høyang forrige helg, så virka spelarane mykje meir på tå i dag og gjennomførte ein god kamp. Veitastrond ligg no komfortabelt til på tabellen, og kan verkeleg senka skuldrane og kosa seg med fotballen no inn mot ferien.

Les meir HER

Skal komma attende med bilder og oppdaterte statistikkar. So da...

  • Før kampen; Veitastrond - Førde 2 (16.06.12)

I morgon kjem byfolka frå Førde på vitjing til Leikvoll. Her kjem ein kort før kampen reportasje...

Les meir HER

  • Høyang - Veitastrond 1-1 (10.06.12)

Veitastrond spelte uavgjort 1-1 borte mot Høyang. I ein heller keisam fotballkamp der heimelaget hadde mest av både spel og sjansar, så fekk VIL med seg 1 poeng etter utlikning på straffe 10 minutt før slutt. På ein dag der me har veldig lite spelarar å velja mellom og laget ikkje fungerar optimalt så er det godt å reisa heim med poeng i bagasjen.

Les meir HER

Me har i tillegg oppdatert alle våre statistikkar og tabellar, inkludert treningsstatistikken.

  • Uavgjort i Høyang (08.06.12)

Veitastrond spelte i dag 1-1 borte mot Høyang. Til pause var stillinga 0-0, men Høyang gjekk opp til 1-0 midtveges i omgangen. 10 minuttar før slutt vart Kurt skubba inne i boksen, og Veitastrond fekk straffe. Denne fiksa dagens kaptein Åsmund Øgar, og dermed enda det 1-1.

Referat kjem i løpet av morgondagen...

  • Før kampen; Høyang - Veitastrond (07.06.12)

Ut på tur aldri sur.
I morgon fer me til Høyang,
for å gjera heimelaget rang.
Forhåpentlegvis tek me sigeren med heim,
viss ikkje blir det omveg om vaim, når me skal heim.
Her kjem ein liten før kampen sak,
viss du ikkje likan kan du kyssa deg bak.
I dag tek me den i dikt,
for me me likar i grunnen slikt.

Les meir HER

  • Spelarar inn, spelarar ut, skadar m.m. (06.06.12)

Det skjer som vanleg saker og ting rundt VIL-fotball, og me har no samla i hop litt diverse nyhende i ei òg samme suppa.

Les meir HER

  • Veitastrond - Kaupanger 2-1 (03.06.12)

Veitastrond drog i land ein usedvanleg herleg 2-1 siger då me i dag sendte Kaupanger utatte på Skogen med 0 poeng. Kampen vart akkurat så tett og jamn som me hadde sett føre oss med masse duellar og lite finspel. Kampbilete var jamt fyrste 60-70 minuttane, men på slutten satte Kaupanger inn ein skikkeleg sluttspurt og at dei ikkje scora fleire mål i dag var godt gjort. Slik sett ikkje desto mindre herleg for oss at me til slutt sit att som sigerherrar, og no passerar Kaupanger på tabellen. Eit skår i gleda i dag at vår toppscorar og dagens matchvinnar Frode Kvam gjekk av med ein skade, og det vert frykta eit avrive leddbånd.

Les meir HER

Me har oppdatert det meste av statistikkar, bortsett frå tabellen og treningsstatistikken.

  • Før kampen; Veitastrond - Kaupanger (02.06.12)

Då er det klart for det som me likar å kalla årets heimekamp på Leikvoll Stadion. Når Kaupanger kjem på besøk har det bestandig vore fest på Strondi, og så håpar me blir tilfellet i morgon òg. Veitastrond går inn til kampen med sjølvkjensla i orden etter siger mot Lærdal og knipent tap mot Sandane. Forhåpentlegvis så gjer lokaloppgjer med mykje folk og flott ramme ekstra innsats og guts innad i laget, men i verste fall kan det òg gje brokaskjelving og dårleg mage som aldri er noko særleg å ta med seg inn i fotballkampar. Frå kioskpersonellet meldast det om at rømmagrauten er i anmarsj, og den skal vera klar når svolte strendingar og kaupsingar entrar stadion i morgon.

Les meir HER

Dersom du av ein eller anna grunn ikkje møter opp på Leikvoll i morgon, så kan du følga kampen HER

  • Sognenett er på nett med Veitastrond Fotball (28.05.12)

Ein av våre sponsorar har teke steget frå vanleg støttespelar til å vera ein av VIL-fotball sine hovudsponsorar. Sognenett med VIL-spelar Ole Petter Hatlevoll som dagleg leiar har auka sitt bidrag til klubben, og samstundes engasjert klubben til å hjelpa til med dugnadsarbeid. Slik sett kjem avtalen både Sognenett og VIL-fotball til gode.

Les meir HER

  • Sandane - Veitastrond 5-4 (25.05.12)

Det vart ein forrykande fotballkamp på Idrettsplassen i Sandane i dag. Heimelaget sjokkopna òg tok leiinga etter berre 20 sekundar av kampen, og etter ca 20 minutt leia dei alt 3-0. På det tidspunktet frykta me det verste, men Veitastrond si mølle byrja etterkvart å kverne og til pause hadde me tatt innatt leiinga til Sandane og gekk i garderoben med 3-3. I 2.omgang scora Sandane to nye mål, men denne gongen klarde diverre VIL berre å redusera ein gong og me måtte reisa heim med eit surt og knepet 5-4 tap. At me skulle reisa skuffa heim frå Sandane kom kanskje ikkje som noko overrasking, men me hadde vel kanskje trudd at det var i form av eit 0-5 tap og ikkje 4-5 slik som me opplevde i dag. Alt i alt ein veldig god kamp av VIL borte mot eit av dei beste laga i divisjon, men som sagt surt å reisa heim poenglause.

Les meir HER

Redaksjon i Veitastrond.com var ikkje til stades i Sandane i kveld. Me byr difor våre brukarar om å gje oss tilbakemelding om det er noko faktafeil her, spesielt i form av feil/manglande målscorar, assist, gule kort....

Oppdaterte statistikkar og bilder kjem i morgon, eller ein annan dag.

  • Før kampen; Sandane - Veitastrond (24.05.12)

Det er klart for nye eventyr når Veitastrond i morgon tek turen til Sandane for å møta eit av topplaga i 4.divisjon. Dette er ein kamp der me har alt å vinna, og med skuldrane senka ned på bakkenivå satsar me på å rysta heimelaget.

Les meir HER

  • Lærdal - Veitastrond 0-4 (16.05.12)

Det vart eit herleg vorspiel før nasjonaldagen for Veitastrond Fotball, då me i dag vann heile 4-0 borte mot Lærdal. Dermed røyste me kjeringa etter 3 strake tap, og me er glade for å sjå at me i det minste har klart å overvinna dei to botnlaga så langt i årets sesong. Etter ein keisam og mållaus 2.omgang så tok VIL totalt over etter pause og laget ga seg ikkje før det stod 0-4 på resultattavla. Ein flott opptur for Veitastrond, som me så absolutt trengte no.

Les meir HER

Me har i tillegg lagt ut oppdaterte statistikkar etter dagens kamp.

I tillegg har me publisert ein oppdatert treningsstatistikk, for fyrste gong på nesten to månadar. Denne finn du HER

  • Før kampen; Lærdal - Veitastrond (15.05.12)

Me tek før kampen her og no - fort og gale.

Me har ikkje så mykje info om kven som er med, eller kven som startar. Det me veit er at Emil sonar sin siste kamp, medan Kenneth òg står over då han har 3 gule kort. I tillegg er Frank Robert truleg ute, og me må dermed komponera eit nytt stopparpar til denne kampen. Ivan er òg noko usikker då han sleit med beinhinnbetennelse mot Jølster i helga. Av meir positivt nytt reknar me med at Severin og Runar er klare etter tur til det store utland, Øyvind og Øivind er truleg attende og kanskje blir det comeback på Andreas Bjelde i VIL-trøya??

Kampen i morgon er eit reint botnoppgjer, og veldig viktig for begge laga. VIL slo Lærdal 3-1 i treningskamp her i vinter, men me reknar med å møta eit mykje betre heimelag denne gangen. Dersom denne kampen skal vinnast lyt me gjera oss klare til krig, for dette blir mest sannsynleg ein god gamaldags knokkelkamp der det minst dårlege laget vinn.

Kampen går på kunstgras med start kl 18:00.

  • Bilder og oppdaterte statistikkar (13.05.12)

Ein dag på etterskot så har me pynta opp referatet mot Jølster med bilder + at me har oppdatert våre tabellar og statistikkar, som du finn under Årets sesong i menyen ovanfor.

  • Veitastrond - Jølster 0-3 (11.05.12)

Dagens kamp på Leikvoll vart akkurat så tett og jamn som me spådde i går, men diverre så var det bortelaget Jølster som til slutt trakk det lengste strået. Etter ein mållaus 1.omgang der VIL var nærmast då me bomma på straffespark, så scora Jølster på sine sjansar etter kvilen og tok etterkvart ein komfortabel siger. Dette var ein slitekamp der det lenge såg ut som at det laget som scora fyrst ville vinna. Slik vart det òg, men berre så forterande for dei heilblåe at det ikkje var oss.

Les meir HER

Bilder og oppdaterte statistikkar kjem i morgon....

  • Før kampen; Veitastrond - Jølster (10.05.12)

Det nærmar seg med stormskritt årets høgdepunkt i fotballnorge, i allefall viss du spør oss som kjem frå Veitastrond. For i morgon så er det nemleg endeleg klart for sesongens fyrste seriekamp på Leikvoll Stadion. Dette skjer når Jølster vitjar Strondi til kamp om poenga. Våren er litt tidlegare ute i år slik at me har hatt tåleg bra kontroll på snøen, i motsetnad til i fjor då me måtte skufla vekk snø kvelden før den fyrste kampen. I år har Leikvoll vore snøfri nokre dagar og er attpåtil byrja å grønast om ein legg godviljen til. Leikvoll er klar, VIL er klar, pølsene er klare, er du klar???

Les meir HER

Du kan følga kampen live HER

  • Fjøra - Veitastrond 6-2 (06.05.12)

Fjøra vann kvar omgang med siffera 3-1 i Sognahallen i dag, og sikra seg dermed ein komfortabel 6-2 siger mot Veitastrond. Fjørene var stort sett hakket vassare i det meste som føregjekk ute på bana og det var lite å seia på at poenga vart att i Sogndal. Veitastrond på si side gjennomførte heiderleg innsats mot eit betre lag, og me føler at me tapar med stil og framleis kan gå med hovudet heva. I ein liten periode mot slutten av 1.omgang følte me at me hadde taket på heimelaget på stillinga 2-1, men diverre fekk me ein i fleisen rett før pause og etter det vart det aldri særleg spanande for den nøytrale tilskodar inne i Hallen.

Les meir HER

Me henviser ellers til Fjøra sine heimesider for framifrå dekning av både før, under og etter denne kampen.

Oppdaterte statistikkar kjem ein annan gong.

  • Før kampen; Fjøra - Veitastrond (05.05.12)

Det står ein ny milepæl for tur når Veitastrond Fotball i morgon tek turen til kjendte trakter i Sognahallen for å måla krefter mot Fjøra Fotballklubb. Ja for kven hadde vel trudd det i det herrens år 2004 når VIL-fotball starta opp med å bli nummer 6 av 8 lag i 6.divisjon, at me ein dag skulle ta att Fjøra i serie samanheng og møta dei til kamp om poeng?? Ikkje me, og heilt sikkert ikkje Fjøra heller. Slik sett så kan me uansett utfall i morgondagens kamp, gå utifrå hallen og banka oss på brystet og seia at me klarde å ta att fjørene og kjempa side om side med dei. Difor er dette ein kamp me har sett fram til, og me gler oss som aldri før til å ta på oss den blå drakta og kjenna at anda til VIL-fotball atter fyller hjarta vårt med glede, stolthet og kamplyst!

Les meir HER

Dersom du ikkje skal i Sognahallen å sjå kampen kan du følga den HER
I tillegg reknar med med at Fjøra kjem til å ha ei eiga liveoppdatering på sine heimesider.

  • Oppdaterte tabellar og statistikkar (02.05.12)

Me har no oppdatert alle våre tabellar og statistikkar under Årets sesong i menyen ovanfor. Me skal prøva å halda desse ved like heile sesongen igjennom.

Gje oss ein lyd dersom du meinar noko er feil her. Me er blant anna litt usikre på om me har fått med oss alle gule kort.

Me er imidlertid ganske så skrå sikker på kven som har fått raudt kort i år;

Visste du at då Emil Heggestad vart utvist i helgas kamp mot Balestrand så var det vårt fyrste raude kort sidan 25. september 2009. Den gongen var det i bortekamp mot Sandane, og det var faktisk Emil som vart utvist då òg.

Så no står vår spelande trenar med to raude kort på rad, noko som kanskje ikkje er fullt så ille når det er nesten 3 år i mellom dei.
I 2010 og 2011 gjekk VIL igjennom sesongane utan marsjordre...

  • Balestrand - Veitastrond 5-1 (29.04.12)

Dagens kamp for Veitastrond var omtrent like heilsvart som bortedraktene me nytta i dag. Ein særdeles trasig 1.omgang øydela dagen, og heimelaget leia fullt fortjent 4-0 til pause- Etter kvilen heva VIL seg, men ein jamnspelt 2.omgang hjelp lite når sluttresultatet vart 5-1. Heilt klart ein stor nedtur både poeng- og prestasjonsmessigt ifrå den flotte serieopninga me hadde mot Dale forrige helg. Kampen vart endå trasigare med tanke på at Øivind og Kurt måtte forlata bana tidleg i 1.omgang med skade, og det heile toppa seg då spelande trenar Emil vart utvist mot slutten av kampen. Heilt klart mykje å setta fingeren på og jobba vidare med etter dagens kamp - kanskje litt meir enn det me kunne ynskja.

Les meir HER

Me skal komma attende med oppdaterte statistikkar og tabellar i morgon.

  • Før kampen; Balestrand - Veitastrond (28.04.12)

Då er det klart for ny seriekamp, og denne gongen mellom dei to laga som truleg tilhøyrer dei minste idrettslaga i 4.divisjon. Veitastrond skal nemleg utover i fjorden til Balestrand, og til ærverdige Kreklingen Stadion. Det er mange år sidan me vitja denne bana for fyrste gong, og dette var lenge ein arena me besøkte jamnleg både i serie- og treningskampar. Etter at VIL rykka opp to divisjonar på to sesongar så trudde me kanskje ikkje at me ville sjå så mykje meir til balestrendingane, men etter nokre år så har dei tusla etter oss frå 6.divisjon og er no òg kommen opp i dette gode selskap. Dette gledar oss, og me gledar oss òg til å på ny måla krefter mot Balestrand.

Les meir HER

Dersom du ikkje tek turen til Balestrand kan du fylgja kampen HER

  • Oppdatering av spelarstall (26.04.12)

Me har tidlegare presentert våre nye spelarar til denne sesongen. Diverre så har det ikkje berre våre spelarovergangar inn, men det har òg forsvunnet nokon ut. Ein del av dei lyt vel kallast bautaer for Veitastrond.

Les meir HER

Årets spelarstall er no oppdatert under Spelarane i menyen ovanfor. Gje oss ein lyd om me har gløymt nokon ;)

  • Sognekraft inne blant hovudsponsorane (25.04.12)

Det er med stor glede me i VIL-fotball kan presentera Sognekraft som ein av våre nye hovudsponsorar. Luster Sparebank er framleis vår største støttepartner, medan Sognekraft no vert nest størst. Me byrja allereie i fjor sommar å jobba med ein avtale med kraftleverandøren, men vart då enige om å venta til årets sesong. Me har no fått til ein veldig god avtale, som forhåptlegvis vil komma begge partar til gode.

Les meir HER

  • Dale - Veitastrond 1-2 (22.04.12)

Veitastrond fekk i dag ein pangstart på årets sesong, då me slo Dale 2-1 på deira frykta heimebane Dingemoen. Etter ein tam fyrste omgang utan mål så opna det seg litt meir i 2.omgang. Etter at Dale fekk ein mann utvist etter ca ein times tid så scora VIL 2 kjappe mål ved Ivan Jokic og Frode Kvam. Heimelaget fekk ei redusering mot slutten, men VIL rei av stormen og kunne ta med seg 3 vel fortjente poeng heim til Veitastrond. Utvilsamt ein veldig imponerande serieopning av dei blåe, og no gler me oss til forsettinga.

Les meir HER

Mystiske mr X

Me nevnte i går at me hadde signert ein ny spelar som var med på dagens kamp, men som me ikkje ville offentleggera før i dag. Me kan no røpa at denne spelaren er Frank Robert Værn, som melder overgang frå Saga og 3.divisjon til Veitastrond.

Frank Robert kjenner me godt då han tidlegare har spelt for Veitastrond, og tillegg har kjæraste frå bygda. Han er utvilsamt ein klassespelar som vil bli ei viktig brikke dei kampane han blir med. Han er busatt i Førde, så han vil truleg ikkje bli med på alle kampane.

Me ynskjer uansett Frank Robert velkommen heim til Veitastrond Fotball!

  • Før kampen; Dale - Veitastrond (21.04.12)

Då gjer me oss for alvor klare til sesongen 2012, og i morgon brakar det laust når Veitastrond tek turen til Dale for årets fyrste seriekamp. No skal timar med trening omgjerast til resultat og endeleg skal me spela om poeng. Me byrjar med ei av årets lengste borteturar, som er av den typen det er godt å bli ferdige med. I tradisjon tru så har me ikkje så altfor mange spelarar å ta av når reisa er lang, men me skal nok klara å skrapa i saman 11 spelarar som skal bita godt ifrå seg mot Stian Neset sine disiplar. Så spenn på deg selen, set deg godt til rette og gjer deg klar for årets sesong.

Les meir HER

Nytt av året er at Firda skal følga 4.divisjon tettare og dei kjem til å ha live-overføring av alle kampane. Dette gjer til at du kan følgja morgondagens kamp mellom Dale og Veitastrond HER

Me vil legga ut link til live-oveføringa på Firda til kvar kamp Veitastrond spelar i år.

  • Gisle Selseng er vår 4. signering for sesongen (19.04.12)

Me lova at me skulle presentera alle våre nye spelarar før seriestart, og dette klarar me utruleg nok å halda når me no gjer dykk vår 4. og siste signering for sesongen. Spelaren ber navnet Gisle Selseng, og du sit kanskje no å tenkjer at han der har eg sett før, men litt usikker på kor? Då er det i tilfellet mest truleg fordi du har sett han på polet, ikkje fordi han handlar der meir enn vanleg (ikkje som me veit om i allefall...) men fordi han jobbar der. Gisle var ukjent for oss, før han ut frå det blå dukka opp på ein trening tidleg i vinter. Han har imponert oss så langt med sin teknikk og elegante spelestil, og dersom me skulle merka nokon i stallen med "Sjå opp for" før årets sesong, ja så hadde det nok blitt vår nye spelar Gisle Selseng.

Les meir HER

  • Bjørn - Veitastrond 3-2 (17.04.12)

Veitastrond tapte i dag generalprøven 3-2 borte mot Bjørn. Kampen lyt klassifiserast som dårleg, der Bjørn var det minst dårlege laget og drog med seg sigeren. No rettar me blikket framover mot viktagre oppgåver, der Dale er fyrste hinder på vegen.

Les meir HER

  • Før kampen; Bjørn - Veitastrond (16.04.12)

Det er klart for årets store happening i kommunesenteret Gaupne i morgon. Då går nemleg flagga til topps og fanfaren ular mellom fjella når dei tek imot Luster Kommune sitt fotballflaggskip Veitastrond. Nok ein gong har altså VIL-fotball valgt å vitja veslebror Bjørn i ein treningskamp før alvoret tek til, og i år som i fjor er dette vår generlaprøve før me reiser til Dale på fyrstkommande søndag for årets seriestart.

Les meir HER

Me minnar spelarane om at dei skal ta med seg dei svarte treningsjakkane sine. Desse skal me samla inn slik at me får trykka ny reklame på dei. Sørg difor for at du tek med deg din!

  • Rune Frækaland sjekkar inn på "flight VIL-fotball 2012" (13.04.12)

Sist gong me presenterte ein ny VIL-spelar var me stolte over Morten Nes som hadde både etternavn og slekt "langt uti" som knytta han til Strondi. Denne gongen gjer me dykk ein ung spelar som me gjerne kallar for vaskeekte strending på ein god dag. Rune Frækaland er riktignok oppala på Hafslo, men med mor frå Veitastrond og far frå Fjærland så seier det seg sjøl at sentrum vert Strondi, i allefall så lenge me reknar at vegen mellom Hafslo og Fjærland går igjennom Snauedalen og vidare nedover Supphelledalen. VIL-fotball har i tillegg til å fått ein ung gut med blått blod, òg fått ein veldig god og spanande spelar som heilt sikkert vil bli lagt merke til på Leikvoll Stadion i 2012.

Les meir HER

Etter ein lengre påskeferie så dristar me oss i Veitastrond.com altså til comeback på sjølvaste fredag den 13. Rune er presentasjon av vår 3. nye spelar av i alt 4. Den siste spelaren skal me sørga for å presentara i god tid før sesongen byrjar neste søndag.

  • Ein ny Nes er klar for Veitastrond (26.03.12)

Veitastrond er etterkvart vorten ein klubb med tradisjonar. Eit av varemerka har vore etternavna som til tider har vore dominert av Heggestad og Nes. Dette er ein tradisjon me likar å halda fast på, og når me no presenterer ein ny spelar er me ekstra glad for at det er ein kar med etternavn Nes. Vår nye spelar har Morten til fornavn, og er burvoktar eller keeper som det så fint heiter seg på fotballspråket. Han gjer oss nødvendig konkurranse og alternativ på keeperplassen, og han har alt vist prov på at han for alvor ynskjer å gjera denne plassen til sin eigen.

Les meir HER

Då har me presentert 2 av 4 nye spelarar.

Dei to siste blir presentert etterkvart, så "hang in there" som me seier her heime på bjerget...

  • Veitastrond - Jølster (25.03.12)

Veitastrond spelte i dag 1-1 i ein treningkamp i Sognahallen mot Jølster. Kampen vart spelt i 3 x 25 minutt, noko som var ei ny erfaring for Veitastrond. Nok ein gong så gjorde VIL ein god kamp, denne gongen mot eit av laga som er venta å finna seg på øvre halvdel i årets 4.divisjon. Veitastrond sin kaptein Frode Kvam scora dagens mål, då han satte inn ei straffe i den 2.perioden.

Les meir HER

Me beklagar ellers at me ikkje opplyste om denne kampen på heimesida vår i forkant. Vonar det ikkje skapte alt for mange problem for våre fans og støttespelarar...

  • Lærdal -Veitastrond 1-3 (22.03.12)

Veitastrond spelte i dag ein god kamp då dei slo Lærdal 3-1. VIL var jamt over det beste laget, og sigeren var fullt fortjent. Kurt Heggestad vart dagens helt med to scoringar, der den eine var ei perle frå midtbana som gjekk rett i kassen.

Les meir HER

  • Før kampen; Lærdal - Veitastrond (21.03.12)

Veitastrond spelar i dag årets 3.treningskamp. Denne gongen tek me turen inn til Lærdal for å måla krefter mot eit av årets motstandarar i 4.divisjon. Veitastrond og Lærdal har følgt kvarandre tett på tabellen dei siste åra, så dette blir ein veldig god målestrokk på kor me ligg pr dags dato.

Me har ingen info om kva spelarar som blir med over fjorden, men rapportane seier at det ikkje ser så halvgale ut.

Kampen byrjar kl 19:00, og går på kunstgraset i Lærdal. Så då veit du kva du skal finna på i kveldinga.

  • Treningsavgift 2012 (19.03.12)

Då er tida kommen for å betala årets treningsavgift. I år som i fjor så er beløpet som spelarane skal betala på kr 2500,- Dette blir sendt ut som to krav; 1250 på vår og 1250 på hausten. For å få pengane inn raskast mogleg har me i år gjort ein vri der dei som betalar alt på våren berre treng å betala kr 2200,- altså eit supertilbod det lønar seg å nytta seg av.

Treningsavgifta er sendt ut til alle spelarane som har vore med jamnleg så langt i år.

Me oppfordrar spelarane om å betala treningsavgifta så snygt dei kan. Dette gjeld for alle spelarane, inkludert Øivind Kristiansen ;)

Har og lagt ut oppdatert treningsstatistikk, som du finn HER

  • Severin er ny suveren signering for Veitastrond (11.03.12)

Som vanleg er med ny sesong, så kjem det òg alltid inn nokre nye fjes til VIL-fotball. Me skal prøva å presentera kvar og ein av desse, og me byrjar med han som har trena mest med oss i vinter; Severin Slettebø Rokne.

Me har teke ein prat med vår nye spelar, og gitt han sjansen til å sjølv å fortelja oss kven han er. I intervjuet så kjem det blant anna fram at han tykkjer at sjølve kontraktsforslaget let venta på seg - det er altså tydeleg at guten er fersk og ikkje veit kor lang sakshandsaming me har med kontorarbeid i klubben vår ;)

Les meir HER

Me skal prøva å følja opp å presentera alle våre nye spelarar etterkvart innan sesongen startar.

  • Sogndal 2 - Veitastrond 4-2 (10.03.12)

Til tross for tap så gjorde Veitastrond ein god kamp i dag, då Sogndal sine nest beste vann 4-2 inne i Sognahallen.

Les meir HER

  • Før kampen; Sogndal 2 - Veitastrond (09.03.12)

Veitastrond spelar i morgon årets andre treningskamp. Nok ein gong er Sognahallen staden, og denne gongen er det Sogndal 2 som står på motsatt side. Me er litt usikre på om me møter eit reint andre lag, eller om det er ein variant av Sogndal 3. Mest truleg er det ein lett blanding.

Me har ikkje noko oversikt over kven som er med for Veitastrond. Det er venta at Rune Frækaland som har trena med VIL denne veka vil få sin debut i morgon. Ellers reknar me med at alle spelarane som møter får bra med speletid.

Kampen byrjar kl 15:30, og me oppfordrar som vanleg våre fans og støttespelarar om å møta opp ;)

  • Program for mars månad (06.03.12)

Veitastrond sin kalendar for mars månad inneheld følgande;

Torsdag 8.mars; Trening halv hall, start kl 21:00.
Laurdag 10.mars; Treningskamp vs Sogndal 2 kl 15:30 i Sognahallen. Etterfulgt av sosial samling for spelarane.
Torsdag 15.mars; Trening 1/4 hall, start kl 21:00.
Onsdag 21.mars; Treningskamp vs Lærdal kl 19:00 i Lærdal.
Torsdag 22.mars; Trening 1/4 hall, start kl 21:00.
Søndag 25.mars; Treningskamp vs Jølster i Sognahllen, start kl 12:30.
Torsdag 29.mars; Trening halv hall, start kl 21:00.

Dette er foreløpig oppsett, men det kan sjølvsagt komma endringar. Ser ut som at VIL-fotball når klimaks i årets preseason i perioden 21.03 - 29.03. Då har me to treningar, og to kampar innanfor ein 9 dagars periode. Skal tru om me overlev det?

Kan ellers meddela at me har skaffa oss treningskamp mot Bjørn inne i det vakre kommunesenteret Gaupne 17.april. Dette er 5 dagar før seriestart og blir ganske sikkert årets generalprøve.

  • Veitastrond - Kaupanger2 5-0 (03.03.12)

Årets fyrste treningskamp vart ei positiv oppleving, og ein god gjennomkøyring for VIL-fotball. Andre laget til Kaupanger vart slått overbevisande 5-0, og me synte såleis gode takter både offansivt og defansivt. Mange spelarar fekk kampkjensla i beina, og det var gledeleg å sjå at våre debutantar viste positive takter.

Les meir HER

  • Før kampen; Veitastrond - Kaupanger (02.03.12)

Veitastrond spelar i morgon sin fyrste treningskamp i sesongen 2012. Me har ikkje noko informasjon om kven som er med, eller kva lag som VIL stiller med.

Morgondagens motstandar er venta å vera ein blanding mellom Kaupanger og Kaupanger 2. Uansett så reknar me med å få matcha oss ganske så bra i morgon. Veitastrond har ikkje all verda med treninga i beina ennå, og slik sett kjem ein treningskamp som dette veldig ideelt til. Me håpar å få gitt kampføling til flest mogleg spelarar, og vonar at alle våre spelarar som har anledning møter opp.

Det er venta at blant anna Severin Rokne og Gisle Selseng får sine debutar i denne kampen. Begge desse har trent med laget i vinter.

Kampen går i Sognahallen, og startar kl 12:15. Dagens kampeleiar er Frank Heggestad.

Me har òg lagt ut oppdatert treningsstatistikk. Denne finn du HER

  • Nye treningskampar (27.02.12)

Som tidlegare nevnt så har Vang trekt seg som vår motstandar i treningskamp til helga. Me har no fått inn erstattar, og me møter Kaupanger på fyrstkommande laurdag. Kampstart er kl 12:30.

I tillegg har me òg fått på plass ein kamp mot Sogndal 2 til neste helg att. Den kampen går laurdag 10.mars, kl 15:30.

Kampen mot Jølster som egentleg var oppsett laurdag 23.mars kl 18:30, er flytta til søndag 24.mars kl 12:00.

Me har dermed fått på plass 4 treningskampar, og satsar på å få på plass ein eller to kampar til før seriestart. Då skulle me vel vera godt budde til årets sesong.

  • Treningsstatistikken 2012 (20.02.12)

Tradisjon tru så køyrer me i gang me treningsstatistikk denne sesongen òg.

Veitastrond er no komne godt i gang vinterens treningar. På dei 3 fyrste øktene har det vore eit snitt på ca 17 mann pr trening, noko som lovar godt. 23 ulike spelarar har vore innom treningsfeltet, og framleis ventar me på at ein del gamle sluggerar vil melda sin ankomst. Ellers er det nokre nye fjes, nokon er komne for å bli medan andre kanskje aldri dukkar opp att.

Så langt leiar Morten Nes, som står med 6 poeng og dermed full pott etter 3 treningar.

Du kan sjå den foreløpige treningsstatikken HER

Kan ellers melda om at Vang har trekt seg som vår motstandar 3.mars. Dersom me ikkje klarar å skaffa ny motstandar så lyt me truleg utsetta vår fyrste treningskamp i år.

  • Ryktebørsen (03.02.12)

Det er mykje som skjer i og rundt VIL-fotball om dagen. Det er sesongoppkøyring, som inneber mange spelarovergangar og endå fleire spekulasjonar. Me har prøvd å samla i saman det me har høyrt av rykter dei siste vekene. Ingen rykter for store, og ingen for små for at me skal publisera dei - det er opp til deg kva du vil tru på. Veitastrond.com gjer dykk ryktebørsen anno 2012...

Les meir HER

  • Terminlista 2012 (02.02.12)

Då er terminlista for 2012 for årets 4.divisjon klar. Laga var på terminlistemøte i byrjinga av januar, og no har SFFK handert dei innspela som kom her og har no årets kampoppsett klart.

Les meir HER

Tek ellers med at Veitastrond i kveld startar med årets sesongførebuing. Då samlast spelarane til fyrste trening, og no er hardkøyret i gang.

Når me fyrst er i gang minnar me om at Veitastrond IL arrangerar basar i Samfunnsalen på Strondi i morgon. Dette startar kl 19:30, og me oppmodar folk om å fylla opp lommeboka og møta opp. Her vert det tradisjonelt åresal, loddbøker og mykje snadder i kiosken. Vel møtt ;)

  • Sesongen 2012 startar no (29.01.12)

AAAAAAAAAHhhhhh HØHØ, pssh #host#hark"..... Ja-aa, no sit du sikkert og trur at dette utbrotet skuldast at redaksjon i Veitastrond.com har pådrege seg ei lei forkjøling?, men neidå. Me berre tørka bort støvet som hadde lagt seg på fotballklubben vår, som no har lege i dvale sidan me avslutta fjorårsesongen ein gong i oktober månad i 2011.

Så då er det plass å ynskja deg som framleis er vår brukar velkommen til eit nytt fotballår med både VIL-fotball og Veitastrond.com. På sedvanlegvis skal me følga fotballklubben vår, og prøva å geleida deg igjennom med informative artiklar gjerne ispedd ein og anna vittig kommentar og til slutt krydra med anna vissvass me måtte komma på i farten.

Kjære deg. Det er på tide å spenna seg fast og gjera klart for at Veitastrond Fotball finn fram pennen og byrjar å forfatta neste episode som me har valgt å kalla for "Sesongen 2012!!!"

Les meir HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com