- Me har ein vinnar... (14.07.07)

Etter 5 hint og uendeleg med forsøk frå brukarane så tikka endeleg det korrekte svaret inn i går kveld. Spelaren me skulle fram til var Jon Stark, som me hugsar frå gode gamle BOING.
Førstemann som visste dette var; Jonny Ølnes frå Hestnes på Hafslo. Han får då ein middag på Strondi Sommarkafe, og me ynskjer han god apetitt!
Ha ei god helg!
Svara haglar framleis inn, men det er endå ikkje nokon som har klart å avgitt korrekt svar. Vil gjera merksam på at for å få godkjent svar må både fornavn og etternavn vera korrekt.
Har no lagt ut hint 5, og me reknar me at vinnaren ikkje er særleg langt unna no!
Me har fått inn mange svar, men framleis har ingen av dei vore korrekte.
I dag gjer me dykk hint nr 4, og kanskje byrjar brikkene å falla på plass hjå enkelte no..?!
Sjekk ut Konkurranse 7.
- Oppsummering av vårsesongen (11.07.07)
_vil_sil3/leikvollstadion3.jpg)
Litt på etterskot har me rabla ned nokre ord om vårsesongen. Den er å finna både HER og DER.
Har og lagt til eit nytt hint til konkurranse 7.
Som venta kom det ikkje inn nokon rette svar på det første hintet me la ut til konkurranse 7.
For å hjelpa dykk endå meir på veg har me no lagt ut hint 2. Sjekk ut konkurranse 7 ved å klikka deg inn på logoen ovanfor!
- Ny konkurranse (09.07.07)
Som me lova i går så kjem her konkurranse 7. Denne gongen er den i eit nytt format, og me vonar dette vil bli ein slager hjå alle brukarane våre.
Denne gongen har me stilt eit enkelt spørsmål, og me kjem etterkvart til å gje dykk fleire hint slik at de skal lettare klara å nøsta dykk fram til de rette svaret. Vinnaren vil denne gongen bli den som først leverer korrekt svar.
Det er altså berre å besøka oss hyppigt i den kommande tida, og me vonar at me kvar dag får inn mange svar til denne konkurransen!
Trykk på logoen over for å komma til konkurransen!
- Vinnar av konkurranse 6 (08.07.07)
Det var tydeleg at den siste konkurransen vår var ein skikkeleg vrien ein. Me fekk berre inn 6 svar, der 3 av desse var korrekte.
Det korrekte svaret på kven som har spelt kampar på Leikvoll og seriekampar for SIL-fotball er; Asle Hillestad, Trond Helgesen og Torbjørn Ylvisåker.
Ein av dei som visste det var Svein Jarle Slinde frå Fardal. Han er dermed den lukkelege vinnaren av billettar til dei to heimekampane mot Hafslo, i tilegg til at han kan gyva innpå ein gratis vafflemeny til kvar av kampane. Me gratulerer!
Ny konkurranse kjem allereie i morgon. Har pønska ut ein særs morosom konkurranse med ein litt ny vri som me trur vil gå rett heim hjå brukarane.
Vil ellers oppmoda alle om å senda inn tips dersom de har forslag til gode premiar me kan ha på konkurransane, eller om de er nokon som har veldig lyst å vera konkurranse-premie-sponsorar - me tek i mor alle gåver med stor takk. Ståa no er at me har masse gode idear til spørsmål til konkurransane, men me er heller tomme for idear til kva me skal gje dei heldige vinnarane! Send oss tips på admin@veitastrond.com, eller du kan gje ein lyd til vevansvarleg.
- Oppdatering av kampar og rekordar (04.07.07)
_vil_al2/olekristianladarskotfoten.jpg)
Har laga til ein oversikt over kven som har spelt kampar for VIL i vårsesongen, og kva nye rekordar som har vorte sette.
Oversikt over vellukka rekordforsøk og maratontabellar finn du HER.
Minner ellers om konkurransen som vert avslutta på fredag. Har fått inn ein del svar, men me vonar at endå fleire vil nytta sommarsdagane til å grubla på spørsmålet vårt.
- Statistikk for juni (02.07.07)
Har laga til ein statistikk for juni månad. Blant anna kan du finna ut kven månadens spelar vart. Du finn den HER.