- Oppkøyringa utsatt (31.07.08)
Eigentleg skulle Veitastrond sitt stjernegalleri ha møtt opp til fyrste trening for haustsesongen i dag, men dette gjekk ut med skyhøge støvelskaft.
I år som i fjor så valte me å utsetta oppkøyringa grunna ferietid og pent vær.
Me prøver igjen til neste veke, og satsar på å trena på måndag og onsdag før haustsesongen for alvor startar med heimekamp mot Breimsbygda fredag 8.august.
- Vadseth gjer trenar Emil Heggestad skulda for skadeproblem (30.07.08)

I går vart me kjende med ein harmonisk Vidar Vadseth som storkosa seg på HV leiren, men no har pipen fått ein annan lyd. I dag går nemleg bautaspissen til frontal angrep på VIL sin hovudtrenar Emil Heggestad, og han meinar trenaren har skuld i dei store skadeproblema som han har slete med i år. "Han har drive på rovdrift på kroppen min", meinar Vidar.
Les meir HER
- Spesialstyrke; HV - Veitastrond - no med bildegalleri (29.07.08)
Viser til reportasjen nedanfor om HV styrken til Veitastrond Fotball. Me har no vore så heldige og fått hand om eit lite bildegalleri, som brukarane kan kosa med no i sommarvarmen.
Sjå bildegalleriet HER
- Spesialstyrke; HV - Veitastrond Fotball (29.07.08)

* oppdatering *; me har no endeleg fått kontakt med HV-styrken vår via MMS, og det fyrste bilde frå øvinga er no på nett. Til høgre ser me Vidar Vadseth i bestemt kvil framfor skyttarane, og me kan trygt seia at det oser respekt og disiplin av denne karen!
På telefon i dag kan Arne Nes fortelja at trykket frå fansen er mykje større i dag etter at reportasjen på Veitastrond.com vart publisert. "I dag merkar me stjernestatusen vår på kroppen, og omtrent 95% av publikum er samla rundt skytebana som eg og Vidar står på."
I tillegg til å vera gode i fotball er og spelarane på VIL kjendte for å vera gode samfunnsborgarar. Denne veka får dei to VIL-spelarane Arne Nes og Vidar Vadseth høve til å visa dette når dei er på Heimeverns-øving i samband med landsskyttarstemne i Førde. Me har vore i kontakt med dei to, og det er liten tvil om at dei to stortrivast i grøn uniform.
Les meir HER
- Sommarpraten med Richard Nes (26.07.08)

Sommarværet smiler til oss som aldri før, og folk har forhåpentlegvis andre ting å ta seg til enn å sitta å glo i dataskjermen. Trass i dette har me i veitastrond.com vore så heldige å fått tak i Veitastrond sin assistent trenar Richard Nes for ein aldri så liten sommarprat.
Les meir HER
- Hoppefinten (22.07.08)

Fotball er eit vidunderleg spel, og noko av det som gjer det så fantastisk er at spelet heile tida utviklar seg. Dagens spelarar er betre både fysisk og psykisk enn tidlegare generasjonar, og ikkje minst så vert underhaldningsverdien og finterepotoaret til spelarane stadig utvida. No i dag kan me i Veitastrond.com som fyrste medium i verda presentera ei heilt ny finte, og me er stolte over å syna fram ei finte som ein av våre eigne spelarar har "funne opp". Kjære brukarar, gjer dykk klare for HOPPEFINTEN med Gaute Olstad.
Les meir om hoppefinten HER
- Snart klart for trening igjen (21.07.08)
Veitastrond Fotball er framleis midt i ein velfortent ferie, men det nærmar seg no tida då me lyt til å røra på oss igjen. I dag vart det frå øverste hold bestemt at me byrjar haustsesongen på følgande vis;
- Torsdag 31.juli - trening på Leikvoll
- Måndag 04.august - trening på Hafslo
- Onsdag 6.august - trening på Leikvoll
- Fredag 8. august - fyrste seriekamp vs Breimsbygda på Leikvoll
Som de ser så vert det eit aldri så lite hardkøyr i veka før serien startar opp igjen. Me unner sjølvsagt alle våre spelarar å nyta siste rest av fotballferien, men me set og pris på at samtlege møter opp i god form til fyrste trening.
- Vinnar av konkurranse 13 + sommarpraten (16.07.08)

Då er konkurranse 13 utgått på dato her på Veitastrond.com, og me har kåra ein vinnar.
Til saman fekk me inn 11 svar, der 8 visste at det var Geir Heggestad Aardal som låg og meska seg framfor sponsorplakatane våre på Leikvoll Stadion.
Me er ikkje 100% nøgd med responsen på konkurransane våre, og me lyt no legga oss i selane og prøva finna på meir spanande oppgåver samt at tida kanskje er mogen for å lokka med nye premiar...
Vinnaren av konkurranse 13 vart i allefall vår oppdama Hildegunn Heggestad. I den anledning så tok me oss i samme slengen ein sommarprat med den stolte vinnaren, og høyra korleis det sto til no i fotballferien.
Les sommarpraten med Hildegunn HER
- "Hei du pipen, du staor i kårner" (13.07.08)

Før sesongen 2007 så trykkte Veitastrond Fotball opp 200 t-skjurter som seinare har fått tilnavnet "VIL-skjurtao" på folkemunne. Me har no snart solgt ut og/eller gitt bort heile kolleksjonen, og me er glade for å sjå at skjurtene er godt spreidde rundt om i distriktet - god reklame for klubben vår dette.
På desse skjurtene står det i tillegg til våre sponsorar òg to sitat. Begge desse sitata har me henta frå gamle dagar, og me trur historiane bak er godt kjende for folk flest på Veitastrond. Dei utanfor bygda er nok ikkje så stø på vår lokalhistorie, og me vil her gje dykk ein kort historietime på dei to gullkorna våre.
Les meir HER
- Oppsummering av vårsesongen 2008 (11.07.08)

Då har endeleg vår hovudtrenar Emil Heggestad satt seg ned og skribla ned ein oppsummering av vårsesongen. Me i veitastrond.com er godt nøgde me å få inn ein skribent utanfor, og me er sikre på at folket set pris på å få høyra "stemma" til nokon utanfor.
Me ynskjer våre brukarar god fornøyelse...
Les oppsummeringen til Emil HER
- Sommarpraten med Frank Heggestad (10.07.08)

Me i veitastrond.com har i kveld vore så heldige å komma i kontakt med ein av Veitastrond sine mest erfarne spelarar; Frank Heggestad. Via verdsveven tok me oss ein hyggeleg chat med Frank, for å få ein liten tilstandsrapport frå kva ein VIL-spelar gjer no på sumaren og kva tankar han gjer seg om fotballsesongen 2008.
Les meir HER
- Ny konkurranse (07.07.08)

Me har hatt oss ein aldri så liten sumarferie her på veitastrond.com, men no tykkjer me det er på tide å vakna opp frå dvalen igjen. Me kan ikkje lova at sida vert like mykje oppdatert på denne tida av året som midt i sesongen, men me skal sjølvsagt gjera vårt beste. Dette skuldast at det sant og seia er fint lite som skjer rundt klubben no i ferie, og samstundes fristar det ikkje så mykje for oss å sitta å knatta på datan når sola steikar som verst.
For at brukarane våre ikkje skal døsa heilt henn i sumarvarmen så tenkjer me at det vil høva godt med ein ny konkurranse så de får noko å bruka hjernemassen dykkar på.
Konkurranse 13 er no eit faktum, og du finne den HER
- Statistikk for juni (02.07.08)
Det er sumarferie, og Veitastrond ligg trygt plassert på toppen av tabellen. No er akkurat juni overstått, og me tek ein oppsummering av denne månaden.
Les meir HER