Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Juli 2009

  • Før kampen: Veitastrond - Lærdal (31.07.09)

Det er då omsider klart for å vakna opp frå sommarmodusen og gjera seg klar for haustsesong for Veitastrond Fotball. Dersom fotallkampar i 4.divisjon på nokon som helst måte kan kallast viktige, så har me eit par av denne sorten framfor oss no. Me har stilt oss sjølve i den posisjonen at me må til å vinna for å unngå nedrykk til 5.divisjon, og fyrste lag me skal kjempa mot er Lærdal heime på Leikvoll i morgon den dag. VIL vann våroppgjeret 3-2 inne i Lærdal og me er sikre på at det er eit revansjesugent lag som kjem på visit no. Revansjesugne må dei gjerne vera, men med det utgangspunktet Veitastrond stiller til start med så vonar me at lysta til siger er størst hjå oss sjølve.

Les meir HER

 

  • Oppkøyringa tek til (28.07.09)

Det byrjar for alvor å nærma seg laurdag og at Veitastrond sparkar i gang haustsesongen når Lærdal kjem på besøk.

I dag samlast spelarane til VIL-fotball for fyrste gong etter sommarferien, og dei kan venta seg eit skikkele hardkøyr no fram mot Lærdalskampen.

Planen er at me skal få oss ei skikkeleg treningsøkt i kveld, for så å kvila og samla overskot på onsdag, torsdag og fredag. Når då laurdagen kjem reknar me med at alle er så godt trende som ein kan få blitt..

Treninga i kveld går på Hafslo, og byrjar kl 19:00.

 

  • Vidar Vadseth er vorten pappa (23.07.09)

Medan både Veitastrond Fotball og redaksjonen i Veitastrond.com er i feriemodus er andre fullt oppteke med andre ting. Ein av desse er Vidar Vadseth som i dag vart pappa for fyrste gong, då hass kjære Therese fødde ei nydeleg jente til verda.

Jenta kom til verda på Førde Sentralsjukehus rundt kl 16:00 i dag og vog 3030 gram.

Alt skal etter rapportane stå bra til med alle dei involverte.

I ein kommentar til Veitastrond.com uttalar Vidar; "Riktignok har eg hatt katt i fleire år, men eg vil nesten gå så langt at det å verta pappa er endå betre enn å vera katteeigar. No er eg ein lukkeleg mann..."

På vegne av heile klubben gratulerar me Vidar og hass familie.

 

  • Netshop (16.07.09)

Veitastrond Fotball er no stolte av å kunne annonsera vår eigen Netshop her på våre heimesider.

Her er det mogleg å kjøpa seg eksemplar frå den nyaste Supportarklede-kolleksjonen vår som vart lansert i slutten av juni månad. Me kan tilby både kort- og langermaskjurte for vaksne, barneskjurter og i tillegg har me eksluksive Veitastrond Fotball skjerf på lager.

Dette er ein fin anledning for våre fans og støttespelarar til å skaffa seg tøffe klede, samt at de er med å bidreg til å støtta klubben vår økonomisk.

Alle supportakleda er levert av PGP, som har gitt oss ein meget lukrativ avtale.

Det vil etterkvart bli lagt ut direktelenke til Netshopen på denne sida (Nyhende), og i tillegg kan du finna den under Underhaldning i menyen ovanfor..

Nett no har du sannsynlegvis slik hastverk med å finna fram til Netshopen vår at du like godt kan ta raskaste veg og klikka deg inn HER

 

  • Frank og Kari Ann har fått ein gut (13.07.09)

Me kan i dag melda om at VIL-veteran Frank Heggestad og hass kjære Kari Ann har vortne foreldre på ny til ein gut. Den nye verdsborgaren vog 3885 gram og er 53 cm lang.

Frank som ikkje er viden kjendt for å scora for mykje på fotballbana er etterkvart blitt reine målmaskina på heimebane, då detter er etterkommar nummer 3. Frå før har han og Kari Ann borna Ida og Even.

I ein kommentar til Veitastrond.com uttalar den nybakte faren at alt står bra til med mor og barn, men at han sjølv måtte ha seg ein halvtime på sofaen etter å slitt seg heilt ut under fødselen...

Veitastrond.com gratulerar familien Svedal-Heggestad med den nyfødde og takkar dykk for at de er med å held ungdomsakademiet til klubben vår oppe.

 

  • Strondi Sommarkafe (09.07.09)

Etter at det ikkje var noko open kafe/pub på Veitastrond i fjor sommar, så vert det eit meget gledeleg gjensyn når Strondi Sommarkafe i morgon opnar dørene på ny. Dei hadde regelmessig kafedrift fleire somrar på rad før det i fjor var stengte dørar. I år lovar imidlertid kafevert Emil Heggestad at bygdafolket skal få ein stad å møtast på kveldstid.

Det vert opning i morgon kveld, og i den anledning tilbyr dei ein spekemattallerken med noko søtt til dessert. I tillegg vert det heilt sikkert mogleg å kjøpa seg noko leskande drykk ein kan sutta på ved sidan av spekematen.

I utgangspunktet kjem Emil til å halda opent på kveldstid med særleg fokus på fredag og laurdagskveldane vil me tru...

Me oppmodar bygdafolket om å vera flinke til å besøka Strondi Sommarkafe, og vennligst legg at det de har av grunkar. Til meir kafeen vert brukt til større sjanse er det for at me òg neste vil få dette tilbodet.

Kafeen opnar i morgonkveld kl 19:00.

 

  • Høyr Emil på nettradioen (08.07.09)

Dersom du ikkje fekk med deg radioinnslaget med Emil Heggestad på NRK SFJ i går, kan du høyra klippet i reprise på nettradio. Klikk deg inn på linken nedanfor, spol så fram til 01:12:20 og lytt til klippet så mange gonger du ynskjer;

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/512033

 

  • Lytt til NRK Sogn og Fjordane i dag (07.07.09)

Det kjem eit innslag om "Pokalmysteriumet" vårt i NRK SFJ si ettermiddagssending i dag.

Innslaget kjem truleg etter kl 17:00.

Me anbefalar alle som ein om å benka seg ned framfor radioen på dette tidspunktet.

 

  • Oppdaterte statistikkar etter vårsesongen (06.07.09)

Me har då oppdatert det som er av statistikkar etter vårsesongen 2009.

Les meir HER

Alle desse statistikkane finn du og under Historikk i menyen ovanfor.

 

  • Statistikk for juni (02.07.09)

Sjå statistikk for juni månad.

Les meir HER

 

  • Pokalen er endeleg kommen til rette (01.07.09)

Den sagenomsuste pokalen som Veitastrond Fotball fekk etter at dei vart KM-meisterar i 5.divisjon har omsider kommen til rette igjen. Etter finalen mot Førde 3 i oktober så forsvann pokalen samme dag og sidan den gong har det versert mange rykter om kor den har vorte av. Det tok heilt av i vår då saka nådde lokalmedia, og sidan den gong er det vel fare for at nokon der ute har fått kalde føter. Pokalen dukka opp igjen under søndagens kamp mot Askvoll/Holmedal, då den "tilfeldigvis" låg inne i steikovnen i VIL-bua. Kven som la den der står framleis som eit mysterium for dei fleste...eller gjer det eigentleg det???

Les meir HER

Me minnar ellers brukarane våre om at det snart kjem oppdatering av alle våre statistikkar, slik som maratontabell og klubb-rekordar. Dette tek me litt etter litt...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com