Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 ARKIV; Juli 2010

  • Patrik Fritzon - den nye vinen (15.07.10)

Det er gammalt nytt for dei fleste, men me tykkjer det fortener litt merksam at Patrik Fritzon i midten av juni skreiv under for Veitastrond. Patrik kjem frå Fjøra og er tiltenkt rollen som vår fyrstekeeper. Ikkje berre er Patrik ein god og treningsvillig spelar, men han representerar og noko nytt og spanande i Veitastrond Fotball. Med sine 17 år er han eit produkt av vår undomssatsing, eller det vil seia at han eigentleg er heile vår undomssatsing då nest yngste spelar i stallen vår er 22 år. Me vonar at signeringa av Patrik vil vera den fyrste av fleire unggutar som etterkvart vil velga å spela for VIL-fotball og dermed styra klubben trygt inn i framtida.

Les meir HER

 

  • Oppdaterte tabellar og statistikkar (04.07.10)

Då har me omsider oppdatert statistikkdelen her på Veitastrond.com. Eit kort samandrag av denne viser;

- Veitastrond ligg på 3.plass i 4.divisjon i det samtlege lag har teke ferie. VIL står med 12 kampar medan nokon lag har 10 og 11 kampar. Årdal 2 kan gå forbi oss om dei vinn sine to hengekampar. Uansett er det meget jevnt og tett, og det er framleis opent kven som havnar på plassane mellom 2 og 10.

- Frode Kvam og Kurt Heggestad er delt toppscorarar med 9 mål kvar. Frode er nok litt skuffa over dette, då han har gått mållaus av bana dei tre siste kampane. Før sesongen antyda me at dei to kan vera gode for 40 mål til saman denne sesongen, og dei må dermed henga i til hausten. 9 spelarar har til saman scora dei 34 måla våre så langt.

- Kurt Heggestad har flest målgivande pasningar med 7. Etter han kjem Emil Heggestad med 4. 8 spelarar står så langt bokført med assistar.

- Kurt Heggestad står og med flest VIL-stjerner med sine 13. Bak han fylgjer Åsmund Øgar tettast med 11. Til saman 16 spelarar har fått seg stjerner så langt.

- Emil Heggestad og Kim Andre Navarsete er årets raotassar med 3 gule kort kvar. Kim Andre fekk sitt 3.gule mot Gaular, og må stå over fyrste haustkampen. Veitastrond har fått 16 gule kort på dei fyrste 12 kampane, og desse er fordelt på 9 spelarar.

- Even Kvam leiar treningsstatisikken med 25 poeng. Bak han fylgjer Bjørn Molland og Emil Heggestad. Veitastrond har så langt i år hatt 16 treningar der Bjørn er den einaste som har delteke på samtlege.

Veitastrond.com tek forbehold om at det kan vera feil i våre statistikkar. Sei ifrå dersom du finn noko som ikkje stemmer overeins med røynda.

Historikk delen vil bli oppdatert seinare ein gong i sumar...

 

  • Veitastrond - Gaular 4-3 (01.07.10)

Det vart eit klassisk drama alà Leikvoll då Veitastrond i dag vann 4-3 mot Gaular. Det var eit nervedrama heile vegen, der laga skifta på å leia kampen, men til all lukke var det VIL som stod att som vinnarar til slutt. Dagens mann vart Kurt Heggestad som noterte seg for 3 scoringar og stadfesta sin posisjon som ein relativt habil 4.divisjonsspelar. Med 3 poeng i dag så tek me no ferie med godt grep om 3.plassen og me har heng på Eikefjord på plassen over. Det har vore ein framifrå vårsesong der me har teke nye steg som fotballklubb, og kor dette endar til slutt er ikkje godt å seia duuu.

Les meir HER

Vårsesongen er no over og VIL-fotball tek ein sårt etterlengta sommarferie. Me lovar at me i løpet av ferien skal summa oss til å oppdatera alle tabellar og statistikkar på Veitastrond.com, og i tillegg oppdatera historikk delen. Men ting tar som kjent tid, og akkurat kortid dette blir kan me ikkje lova noko om...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Gaular (01.07.10)

Her kjem ein forsinka og forkorta før kampen. Laget som truleg startar i dag er;

Patrik

Øyvind - Erlend - Kim Andre - Geir

Bjørn - Richard - Emil - Åsmund

Frode - Kurt

På benken; Frank, Gaute, Øivind, Arne, Gøran og Øystein.

Veitastrond stiller litt betre rusta på spelarfronten denne gogen enn på dei to føregåande kampane, og me har no bra med spelarar på benken. Frå laget som starta mot Askvoll/Holmedal er det gjort ei endring ved at Øyvind Lien erstattar Øivind Kristiansen på høgreback.

Dette er fyrste kamp på haustsesongen, og det fyrste møtet mellom laga enda med 4-3 siger til VIL etter at me den gongen låg under med 0-3 ein halvtime før slutt.

Kampen startar kl 19:00, og me ynskjer Gaular, dommar og ikkje minst publikum velkommen til kamp på Leikvoll!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com