Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Juli 2011

  • Framifrå heimestatistikk (14.07.11)

Veitastrond avslutta vårsesongen med to heimesigrar mot Kaupanger og Sandane. To smakfulle trepoengarar mot antatt betre lag enn oss sjølve. Ser me litt på statistikken vår på Leikvoll var kanskje ikkje sigrane så overraskande likevel, for Veitastrond har etterkvart opparbeida seg ein heimestatistikk som få lag kan måla seg meg.

Les meir HER

 

  • Oppdaterte bilder, tabellar og statistikkar (04.07.11

Då har me oppdatert våre statistikkar, og lagt ut bilder frå Sandane kampen.

Skal prøva å få oppdatert historikk delen på sida her om ikkje lenge.

 

  • Veitastrond - Sandane på Hallo Sogn (04.07.11)

I dag kl 21:00 kan du sjå heile kampen mellom Veitastrond og Sandane på nettv. Det er Hallo Sogn med Kent Fimreite i spissen som filma kampen i går, og altså sender den i opptak i dag.

Med seg som kommentator har han vår eigen Frank Heggestad. Så vidt me veit er det fyrste gong desse to samarbeidar, men me ser ikkje bort ifrå at me får høyra me til duoen Fimreite /Heggestad i tida framover.

Du kan sjå kampen HER

 

  • Veitastrond - Sandane 4-2 (03.07.11)

Veitastrond Fotball fekk ei perfekt avslutning på vårsesongen då me i dag vann 4-2 heime mot Sandane. Etter ein god 1.omgang der me leia 2-0 og hadde full kontroll på kampen, så vart det ein rysare etter pause. Me leia både 2-1 og 3-2, og kampen stod og vippa heilt til Frode Kvam avgjorde ein gong for alle eit minutt før slutt. Dermed kan me ta ferie med heva hovudet på ein alldeles framifrå 5.plass. Før sesongen såg me føre oss ein sesong i botn av tabellen, men etter at 12 av 22 kamper er spelte så hugsar me ikkje ein gong kva ordet nedrykk betyr.

Les meir HER

Som vanleg kjem bilder og statistikkar på eit seinare tidspunkt ;)

 

  • Før kampen; Veitastrond - Sandane (02.07.11)

Då er det klart for tjuvstarting av haustsesongen når Veitastrond i morgon tek i mot Sandane. Det har vore litt usikkerhet om denne kampen kunne bli spelt på Leikvoll grunna flaum, men no har vatnet trekt seg attende og bana er klar til kamp.

Les meir HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com