Har rabla ned nokre oppsummeringsord om sesongen 2013 mynta mot historikkbiten vår.
Les meir HER
Ein sesong er over, og det er pika deg statistikkarbeidet vårt òg.
Les meir HER

Etter å ha spelt oss ut av opprykkskampen med to tap på rappen så avslutta Veitastrond i dag sesongen på glitrande vis då Askvoll/Holmedal vart slått 8-3 på Leikvoll Stadion.
Les meir HER
Me har oppdatert alle våre statistikkar og tabellar etter at sesongen er over. Den viser blant anna;
- Veitastrond enda på 3.plass i årets 5.div avd 1. Me enda 4 poeng bak serievinnar Årdal 2 og 2 poeng bak Bjørn.
- Veitastrond scora mest mål i avdelinga med sine 82 (snitt på 4,5 pr kamp)
- Frode Kvam vart suveren toppscorar med 20 mål.
- Kurt Heggestad like suveren servitør med sine 20 assist.
- Ikkje akkurat noko stygt lag då Geir Aardal, Frank Robert Værn og Ivan Jokic vart årets raotassar med kvar sine 3 gule kort.
- Kurt Heggestad, Frode Kvam og Åsmund Øgar delte tittelen som årets VIL-stjerna med kvar sine 15 stjerner.
I løpet av dei nærmaste dagane/vekene skal me oppdatera alle våre statistikkar under historikk (rekordar, maratontabell etc...)
Til slutt så nyttar med anledninga til å gratulera Årdal 2 med fortjent opprykk til 4.divisjon. Me ynskjer lukke til med nye utfordringar ;)
Vert ingen før kampen reportasje denne gongen.
Veitastrond spelar i morgon årets siste seriekamp når Askvoll/Holmedal kjem på vitjing til Leikvoll Stadion.
Kampstart kl 14:00. Inngang kr 50,- kiosksal
Veitastrond er i desse dagar i ferd med å avslutta sin 10.sesong. Medan siste kamp er no til søndag så hadde laget si siste trening for året i går kveld. Det vil seia at me då kan ta ein oppsummering av årets treningssesong, og ikkje minst så kan me peika ut Runar Hatlevoll som årets mest inflytelsesrike spelar på treningsfeltet - i vertfall om me legg Veitastrond.com sin treningsstatistikk til grunne.
Les meir HER

Det vart eit nytt tap på Veitastrond på Leikvoll Stadion i dag. Som i førre kamp så byrja det bra med tidleg leiing, men endte til slutt med 3 målstap. Denne gongen vart resultatet 1-4 vs Anga. Eit noko redusert VIL-mannskap i dag, der me hadde fleire spelarar inne som stilte opp då laget trengte det som mest. Diverre så var tapet i dag det minste me bekymra oss over, då superveteran Arvid Heggestad fekk ein lei skade like etter at han entra bana som overskygga det meste på Leikvoll i dag.
Les meir HER
Det er klart for ny haustkamp på Leikvoll Stadion når Veitastrond i morgon tek imot Anga. Er det eit ord me kan bruka om laget til Veitastrond føre denne kampen så er det slitasje, eller nærare sagt haustslitasje. Me slit med stort mannefall og det kan vera duka for nokre relativt sensasjonelle comeback på Leikvoll i morgon.
Les meir HER
Me skulle så gjerne ha starta dette referatet med å hoverert over motstandaren, klappa oss på brystet og stolt stadfesta at Veitastrond er og blir det beste laget i Luster Kommune. For Veitastrond mot Bjørn er utvilsamt ein slik kamp der vinnaren gjerne heisar flagget til topps medan taparen mest har lyst å grava seg ned. I dag så lyt me diverre erkjenna at det er me som har lyst å grava oss eit stort svart hol og hoppa nedi, for Veitastrond trakk nemleg det kortaste strået på Leikvoll i dag då Bjørn slo oss 6-3 i vår eiga leikegrind. Slikt er tungt å svelga, og sjølv for fotballspelarar som er på veg til å gå ut på dato så er slike tap tunge. Me får trass vår eigen skuffelse prøva å skriva ned eit referat og framstå som nokonlunde verdige taparar...
Les meir HER

Det er duka for årets fotballkamp på Strondi når Bjørn i morgon tek turen til Leikvoll Stadion for å møta storebror i kommunen Veitastrond. Dette er fyrste gong at Bjørn skal spela på Veitastrond og me ser på dette som ein unik fotballkamp. Det har vore litt spekulasjonar i media siste veka om laga ynskjer å rykka opp til 4.divisjon, men me trur ikkje det vert teke hensyn til når dommaren bles i gang kampen i morgon. Dette er ganske enkelt kampen som ingen av laga kan tapa dersom ein ynskjer å behalda verdigheten...
Les meir HER
Alle våre statisikkar er no oppdatert under Årets sesong i menyen ovanfor...
Veitastrond viste meistertakter i Hyllestad i dag då dei vann 2-3 på ein litt dårleg dag og kjempa til seg 3 viktige poeng. Etter ein pangstart som ga oss 2-0 leiing tidleg så slokna me litt midtveges som ga 2-2 på resultattavla, men på oppløpssida så var me hakket snøggare enn heimelaget og fekk inn det avgjerande målet mot slutten. Dermed tok me vår 6.strake siger som er ny klubbrekord og me tronar no øverst i 5.div avd 1 utan att nokon kan ta oss att. Med dette som utgangspunkt i tillegg til 3 gjenståande kampar som alle er heime på Leikvoll så ser me fram til ein triveleg avslutning på årets sesong.
Les meir HER
Årets siste, og årets lengste bortetur står for tur når Veitastrond i morgon tek turen til Hyllestad for å møta Hyllestad/Dale 2. Det handlar om tabelltopp, klubbrekord og som vanleg litt manko på folk når ein skal reisa litt utanom sentrum (dvs Veitastrond...)
Les meir HER

Det vart målfest på Leikvoll Stadion i dag då heimelaget vann heile 10-4 over Gaular. Veitastrond baud tidvis på finspel av ypperste sort, og nokre av måla var i dag tatt utifrå den velkjendte læreboka. Endeleg klarde me å scora tosifra antall mål i ein kamp igjen. Det har me ikkje gjort sidan me klarte dette 3 gonger mot Norane i 2007, og sidan me har vore nær fleire gonger før denne sesongen så var det kjekt at me klarde det i dag. Då var det nok ein gong opp på tabelltopp, så får me sjå kor lenge me får ligga der...
Les meir HER
Diverre ingen før kampen denne gongen.
Veitastrond vs Gaular på Leikvoll Stadion i morgon søndag 1.september kl 14:00.
Kiosksal, inngang kr 50,- Vel møtt ;)
Me har no oppdatert våre tabellar og spelarstatistikkar.
Desse finn du under Årets sesong i menyen ovanfor.

Veitastrond viste seg å vera ca 10,5 hakk betre enn Lærdal og vann i dag med overbevisande 8-3. Dei heilblåe gjorde til tider som dei ville, og forutan eit lite vileskjær rett før pause så var det klasseskilnad på dei to laga. Me gjorde då slutt på at me aldri har vunne på grasbana til Lærdal, og me gjorde òg slutt på at me ikkje leiar tabellen, for det gjer me nemleg akkurat no. Ein perfekt lagsiger av Veitastrond sitt erfarne mannskap i dag, og no tek me helg med reint samvit - tjobing!
Les meir HER
Veitastrond er på ny klar for dyst når dei i morgon tek turen til Lærdal for å spela mot - surprise surprise - Lærdal. Det er eit Veitastrond i medgang som tek turen over fjorden, då me med 3 strake sigrar førre veke er stinne av sjølvtillitt føre denne kampen. Det er som kjendt berre ein måte å komma seg nedatt på jorda når ein er litt høgt oppe, og det er å få seg ein nasestyvar av det litt uventa slaget. Om VIL får seg ein på tygga av Lærdal i morgon gjenstår å sjå, men me kryssar som vanleg fingrane for at det - surprise surprise - ikkje skjer...
Les meir HER

Då Veitastrond tapte 3-4 heime mot Årdal 2 5.august så var det kanskje ikkje all verda å skriva heim om for Veitastrond. Likevel var det ein spelar som kunne gå for høg sigarføring etter kampen til trass for tap, og det var ingen ringare enn Kurt Heggestad. Denne kvelden spelte han nemleg sin obligatoriske kamp nr 100 for Veitastrond.
Han vert den 5. spelaren som passerar denne milepælen, og han sluttar seg til ei legendarisk rekke som frå før av består av Richard Nes, Bjørn Molland, Emil Heggestad og Even Kvam. Desse 5 utgjer vel det ein kan kalla ryggmargen til VIL-fotball si historie.
Nestemann som kan passera 100 kampar er Åsmund Øgar, men han er avhengig av ein sesong til for å oppnå dette.
Om ikkje dette var nok for Kurt, så kan me òg opplysa om at i dag så fyller guten 31 år. Hipp hipp hurra!
Oppdaterte tabellar
Me har no oppdatert våre statistikkar og tabellar under Årets sesong i menyen ovanfor.
For å halda oss på temaet Kurt Heggestad så er dette òg god lesing for han. Han har tatt innpå Frode Kvam i kampen om årets toppscorar, han har flest assist og har flest stjerner saman med Frode Kvam og Kim Andre Navarsete.
Kurt er no berre 3 mål bak Richard Nes i kampen om å ha scora flest gonger for VIL. Richard står med 85 mål, medan Kurt no har 82. Rett bak dei følgjer òg Frode Kvam som no står med 79 mål for klubben. Blir spanande å sjå om rekorden til Richard ryk i løpet av sesongen - Richard som berre har fått tillitt som spiss i ein kamp i år der han forøvrig scora 3 mål...

Veitastrond tok i dag sin tredje strake siger på 8 dagar då Syril vart slått 3-1 heime på Leikvoll. Med over 1 poeng i snitt pr dag den siste veka så er me òg attende på tabelltopp, riktignok med ein kamp meir spelt enn fleire av våre utfordrarar. Kampen i dag var på det jevne av Veitastrond der det såg ut som at laget ikkje gjorde meir enn akkurat nødvendig for å vinna kampen. Det stod lenge uavgjort 1-1, men takka vera ein Kurt Heggestad i storform så gjekk det til slutt vegen for blåtrøyene igjen.
Les meir HER
Me får berre 3 dagar å summa oss på etter braksigeren mot Kaupanger 2, før me i morgon gjer klar til ny dyst på Leikvoll. Nok ein gong er det lokaloppgjer som står på agendaen, og denne gongen er det Syrstrond Idrettslag sine utvalgte menn som skal måle krefter mot Veitastrond Fotball. Me vonar at flest mogleg nok ein gong vel å setta av deler av dagen for å overvara heimekamp på Strondi.
Les meir HER
Veitastrond tok ein komfortabel siger då dei i dag vann 7-3 heime mot Kaupanger 2. Ein skikkeleg Leikvollklassikkar i dag der heimelaget har 100% kontroll heile kampen, og der eit stort publikum får oppleva både god mat og 10 mål ute på bana. Fleire ting å gleda seg over i dag, men aller mest så gler me oss over at Bjørn Molland gjorde eit etterlengte comeback 1,5 år etter at han la opp. Skal me trekka fram endå ein ting i denne ingressen så må det vera vårt siste mål der Øystein Heggestad brukte hovudmeistarblikket sitt då han var nest sist på scoringa.
Les meir HER

Leikvoll Stadion + Veitastrond + Kaupanger = rømmagraut. Det er eit reknestykkje som etterkvart er omtrent like kjent som 2 + 2 = 4. Og med rømmagrauten så høyrer det òg med mykje folk på stadion både frå nært og fjernt, og det vonar me at det vil bli i morgon òg. Sjølv om det ideelt sett skulle ha vore søndagskamp så trur me at denne torsdagen med gode værmeldingar vil passa bra òg. Sportsleg sett så har Veitastrond mykje å revansjera etter vårkampen der KIL2 tok ein av sine to sigrar så langt mot nettopp oss. Etter at laga møttes i andre serierunde der altså grøntrøyene vann, så har Veitastrond etablert seg på øvre halvdel av tabellen medan kaupsingane er å finna i nedre sjiktet.
Les meir HER
Kampen mot Kaupanger er utsatt frå tysdag 13.08 til torsdag 15.08.
Ellers kan me opplysa om at alle våre statistikkar under Årets sesong no er oppdatert.

Veitastrond vann i dag 2-0 borte mot Askvoll/Holmedal. Me tok dermed 3 viktige poeng i opprykkskampen i 5.div avd 1. Me gjer dykk ikkje noko referat denne gongen, men kun kampfakta.
Minner om at Veitastrond har ny kamp allereie på tysdag når Kaupanger 2 kjem på besøk til Leikvoll. Etter den kampen lovar me å komma med eit noko fyldigare referat.
Les meir HER
Ei travel veke står for tur for Veitastrond med 3 kampar på 8 dagar. Den fyrste startar i morgon med bortekamp mot Askvoll/Holmedal. Det vil seia eit av dei lengste borteturane for sesongen, før me skal ha to heimekampar på rappen i neste veke.
Les meir HER
Det vart ein klassisk haustkamp på Leikvoll med mykje mål og spaning i eit fartsfylt oppgjer mellom Veitastrond og Årdal 2 i kveld. Diverre så var det andre typiske hausteikn som òg viste seg, nemleg at Veitastrond ikkje klarde å innfri etter sommarkvilen. Bortelaget var det mest effektive laget på Strondi i kveld og vann kampen 3-4. Til pause stod det 2-2, og VIL hadde flust av sjansar også etter kvilen men takka vera dårlege avslutningar og ein veldig god keeper på bortelaget så var det Årdal 2 som stakk av med 3 poeng.
Les meir HER
Veitastrond spelar i morgon sin fyrste kamp etter ferien når Årdal 2 kjem på besøk til Leikvoll Stadion. Me gjer dykk ein kort før kampen.
Les meir HER

Me har no oppdatert statistikkane våre på Veitastrond.com etter endt vårsesong.
Som dei fleste sikkert har fått med seg så vart det ikkje noko av kampen mot Askvoll/Holmedal som var oppsatt 30.juni på Leikvoll. I staden så blir denne spelt 11.august, og den blir òg snudd slik at me spelar borte fyrst og heime mot Askvoll/Holmedal i siste seriekamp 29.september.
Det går i mot ein interessant haustsesong for Veitastrond. Me har ein kamp mindre spelt enn våre konkurrentar, og det er opp til oss sjølve om me skal vinna 5.divisjon. Med ein kamp mindre på våren så blir det 10 kampar på oss til hausten der heile 7 av desse er på Leikvoll Stadion.
Me snakkast 5.august når Årdal 2 kjem på besøk på Leikvoll. Om ikkje noko ekstra skjer så ynskjer me dykk alle ein god sommar ;)
For nyhende frå tidlegare så henviser me til vårt nyhendearkiv ;)