Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; JUNI 2008

  • Flott VM innsats av Thor Henning (30.06.08)

Thor Henning Heggestad held fram med å imponera i benkpress. Medan han tidleg i denne månaden vart norgesmestar i benkpress var han i helga i Praha for å representera fedrelandet i VM. Som i NM så hadde Thor Henning og denne gongen eit beste løft på 230 kg, noko som denne gong gav han ein flott 10. plass av i alt 18 deltakarar.

Me på Veitastrond er imponert over å sjå at ein kar som har lagt grunnlaget fram i Reinestova no hevdar seg i verdstoppen. Det er ein lang veg å gå ifrå å løfta benk med vottar i -1 grad og Phil Collins på dårleg kassettopptak til å representera Norge i Praha under versmeisterskapet.

Me gratulerar, og håpar du held fram med å gje heider og ære på Veitastrond og Norge!

 

  • Ny strending på laget? (28.06.08)

Vel, kanskje ikkje heilt, men Veitastrond.com har dag i dag gjennomført ei større slektsgransking rundt vår spelar Øyvind Lien. Etter å ha vore ein snue heime i Bergen kunne bestemora til Øyvind fortelja han at dei hadde slektsskap på Veitastrond, og for Øyvind sin del var dette sjølvsagt som musikk i øyrene. Dei siste dagane har han brukt til å studera alt av kyrkjebøker mellom Bergen og Veitastrond for å finna ut om det verkeleg er sant at familien hass stammar frå Veitastrond...

Les meir om slektsforskinga vår HER

 

  • Motstandartabell (26.06.08)

Har no oppdatert motstandartabellen, og då skulle all statistikken vår vera up to date (som dei seier borti statane...)

Denne tabellen syner korleis me har gjort det mot kvar enkelt motstandar sidan me byrja i 2004, og nederst er det ein totaloversikt som viser korleis me har gjort det alt i alt.

Sidan sist så har heile 5 nye lag kommet med på tabellen, og dei heilt store endringane har sjølvsagt ikkje skjedd. Me har framleis teke mest poeng mot Sogndal 3, men etter sigeren mot Hafslo i vår har dei sneke seg opp på 2.plass. Tabellen syner at me har hatt eit bra tak på Hafslo opp gjennom åra, og så mykje anne enn positivt er det vel ikkje å seia om det ;)

Etter at me tapte 2-3 mot Breimsbygda i fyrste serieomgang har dei sneke seg inn i det eksklusive selskap saman med Fjøra 2 og Lærdal med lag me aldri har teke poeng mot. Lærdal er framleis vår verste motstandar der me står med ein målskilnad på -15 og sjølvsagt 0 poeng, fordelt på 5 kampar.

Du kan sjå heile motstandartabellen vår HER

 

  • Siste Veitastronds tur for Petter og Ivar (25.06.08)

Etter å ha vore ein del av VIL-familien i 1,5 år er det no slutt for Petter Fagerli og Ivar Melby. Dei to er no ferdige med sine studiar i Sogndal, og til hausten flyttar dei frå distriktet og dermed og frå Veitastrond Fotball.

Les meir HER

 

  • Statistikk for vårsesongen 2008 (23.06.08)

Då var tal og statistikkar etter vårsesongen laga til. 

Les meir HER

Gje beskjed til vevansvarleg dersom du skulle finna noko faktafeil i statistikkane våre...

Minner om at dette berre er turre tal og ein meir djuptgåande analyse av vårsesongen kjem seinare - forhåpentlegvis så lukkast det oss å få tak ein frå trenarteamet til å oppsummera.

Kan og ta med at Jølster 2 tok sin første siger for sesongen då dei vann botnoppgjeret mot Breimsbygda med 3-1. Denne kampen avslutta den 7. serierunden i 5.div avd 1.

 

  • Høyrt på Gaupne Stadion i går kveld på stillinga 6-4 til Bjørn (20.06.08)

"håhå, taink å leda 3-1 osso ligge unde 6-4"

Høyrt på Gaupne Stadion 10 minutt seinare;

"..."

Så ble det stille i fjøset...bambarabaram....

Meheheheheehehh....å Geitastrond å Geitastrond - når eg ser deg slik!!!  =)

GOD HELG FRÅ OSS I VEITASTROND.COM

 

  • Oppdaterte statistikkar (20.06.08)

Då har me oppdatert spelarstatistikkar etter gårsdagens målkalas mot Bjørn. Her ser me at Frode Kvam tronar øverst på både toppscorarlista og VIL-STJERNA. Emil Heggestad har soleklart flest assist, medan Øivind Kristiansen framleis vert rekna som årets raotass med 1 raudt- og 1 gult kort. Me merkar oss at Kurt Heggestad og Frank Heggestad må stå over neste seriekamp etter at dei no har på drege seg kvar sine 3 gule kort.

Me har og oppdatert Lustraserien, og her seg me at Veitastrond har teke kommandoen akkurat slik som me har gjort det i 5.divisjon avd. 1. Dermed tek me no ein velfortent fotballferie, medan me ser ned på våre motstandarar.

VIL-fotballaget tek altså ferie no, men me på Veitastrond.com satsar på å halda sida jevnleg oppdatert. I tida framover skal me i allefall sørga for å oppsummera vårsesongen i både ord, tal og statistikkar. Følg med oss, og ha ei knakande god helg!

 

  • Uavgjort i ein fantastisk fotballkamp (19.06.08)

Det vart eit festfyrverkeri av ein fotballkamp inne Gaupne i kveld, som til slutt enda med utrulege 6-6. Begge lag hadde tak på sigeren undervegs, men det var nok Veitastrond som jubla høgast etter kampen då dei kom tilbake frå 4-6 til 6-6 på dei siste 5 minutta. Kveldens store helt vart Arne Nes som satte inn det siste målet, og som i toppoppgjeret mot KIL2 vart han og i dag hylla av sine lagkameratar for si avgjerande scoring. For tida pågår det eit meisterskap nede i Sveits/Austerrike, men me er ikkje i tvil om at for dei som såg kampen i Gaupne i kveld så vart kvartfinalen mellom Tyskland og Portugal eit realt antiklimaks. 

Les meir om kampen HER

I ein annan kamp i avdelinga i kveld så tapte Kaupanger 2 med heile 6-0 borte mot Gaular. Dermed mine damer og herrer, så tek me fotballferie på toppen av tabellen - und das gefeelen guuuu-uuud!!!

 

  • Brukar Petter krølltang? (18.06.08)

...eller får Ivar heimedrakta i woman-fit utgåve??

Dette var berre to av spørsmåla som VIL-fansen stilte sine to heltar om.

For å lesa kva dei to karane svarte så klikkar du deg inn HER

 

  • Før kampen; Bjørn - Veitastrond (18.06.08)

Det nærmar seg no for alvor fotballferie for Veitastrond, men før den tid står kanskje årets største utfordring for tur når me tek turen inn i Gaupne for å spela lokal- og toppoppgjer mot Bjørn. Det skil laga berre 1 poeng på tabellen, og vinnaren av denne kampen vil kunne ta ferie på toppen av 5.divisjon avd. 1.

Les meir om kampen HER

Tett på nett

Nettpraten med Petter og Ivar vert gjennomført rundt kl 17:30 i dag, og du har då berre eit par timar igjen på å senda inn spørsmål til dei to - ver vennleg og ikkje nøl!

Svara deira vert publiserte seinare i kveld!

 

  • Treningsstatistikken (17.06.08)

I kveld vart siste VIL trening for vårsesongen halden på Leikvoll, og i den anledning har me lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk som du finn HER

Her ser me at Even Kvam framleis leiar, noko han har gjort stort sett heile sesongen. Likevel legg me merke til at Even har vore borte nokre økter grunna jobb, og Richard Nes har knappa innpå og ligg no berre 2 poeng bak. Etter dei to finn me Gøran Fimreite og Emil Heggestas som er henholdsvis 7 og 8 poeng bak Even.

Richard har vore på flest treningar, då han med sine 25 i oppmøte berre har skofta ei trening. Even og Gøran har nest mest oppmøte med 23 medan Emil står med 22 oppmøtte treningar.

Me har hittil i år gjennomført 26 treningar, noko som er 11 mindre mot dei 37 treningane me hadde på samme tid i fjor. Hovudgrunnen til dette er sjølvsagt at me i vinter berre trente ein gong i veka, medan me i fjor hadde 2 økter.

I gjennomsnitt har det vore 15,4 mann pr trening - noko som er eit tal me må seia oss rimeleg godt nøgde med. Treningsoppmøte har svinga frå ein 5-6 mann til opp mot 23-24, men stort sett har det vore stabilt bra.

Til saman har 33 mann vore innom treninsfeltet vårt. Det vil seia at 7 mann utanfor troppen har vore på gjesteopptredenar.

Me ser oss godt nøgde med treningane for vårsesongen, og vonar at både kvalitet og kvantiet held seg oppe også til hausten.

 

  • Dagen derpå for Øivind Kristiansen (16.06.08)

Medan nærmare 200 tilskodarar på Leikvoll Stadion i går bada seg i solskin og kosa seg med grillmat vart idyll brått snudd til eit skrekkscenario som det burde vera 18-årsgrense på, då VIL-stoppar Øivind Kristiansen skalla til ein motspelar og braut nasen. Blodet fossa ut av andletet til Øivind, medan han vrei seg i smerte ute på grasteppe. No ein dag etterpå har smertene gått over til gru for morgondagen når nasen skal rettast opp igjen.

Les meir om Øivind og nasebrotet HER

 

  • Tett på nett med Ivar og Petter (16.06.08)

Me minnar om tett på nett med Petter og Ivar denne veka.

Hugs å senda inn spørsmål til dei to. Me har allereie fått inn mange interessante og velformulerte spørsmål, men me ynskjer oss sjølvsagt fleire.

Send inn spørsmål HER

 

  • Veitastrond - Jølster 2 7-1 (15.06.08)

Det vart akkurat den folkefesten me hadde håpa på i dag. Mykje takka vera det flotte været så møtte folk opp i hopetal, og det var langt over 100 personar på tribuna i dag. På bana så brukte Veitastrond lang tid før dei kom i gang i dag, men etterkvar byrja maskineri å gå og då stoppa me ikkje før det sto 7-1 i protokollen. Det vart og dramatisk ute på bana i dag, då Øivind Kristiansen vart køyrt til Førde med broten nase.

Les meir om kampen HER

No med bilder + tabelltopp

Even Kvam tok over 500 bilder på kampen i dag, og han har no plukka ut 100 stk til oss på Veitastrond.com. Veit ikkje kor mange som giddar å bla seg igjenom alle desse, men me anbefalar det på det sterkaste. Her er gode bilder av fleire av scoringane, og "fine" bilder av ein skadeskoten Øivind Krisitiansen.

Du kan sjå bildegalleriet HER

I ein annan kamp i 5.divisjon avd 1 så spelte Kaupanger 2 og Bjørn 1-1. Med dette resultatet er dermed Veitastrond for fyrste gong i år på tabelltopp etter at alle laga har spelt like mange kampar. Me ligg no 1 poeng framfor Bjørn, og 2 poeng framfor Kaupanger 2. Med andre ord ei perfekt ramme framfor kampen mot Bjørn på fyrstkommande torsdag!

 

  • Før kampen; Veitastrond - Jølster 2 (14.06.08)

Leikvoll ligg no grøn og fin heima, benkane er på plass, grillmaten er kjøpt inn og Tor Odd Kvam melder seg til teneste ca kl 15:00 i morgon. I følge meldingane vil og værgudane vera på lag med oss. Det einaste som då gjenstår for å gjera dagen komplett er at dei 11 som startar for Veitastrond mot Jølster 2 i morgon klarar å halda fokus på det som skjer på bana i 90 minutt, og ikkje drøymer seg bort i all grillmaten som skal forgrøypast etter kampen. Alt skulle ligge til rette til ein fin dag for fotball på Veitastrond.

Les meir om kampen HER

 

  • Tett på nett med Ivar og Petter (13.06.08)

Etter 1,5 år med Veitastrond Fotball er det no etter vårsesongen slutt for Ivar Melby og Petter Fagerli. Då er dei to ferdige med sine studiar i Sogndal, og ferda deira går vidare ut i den store verda. I denne anledninga vil me i veitastrond.com ta med dei to karane ut på ein "tett på nett", der VIL-fansen får sjansen til å spørja dei to om alt dei måtte lura på.

For å lesa meir, og samstundes senda inn spørsmål så tykker du HER

 

  • Oppdatert tabell (12.06.08)

Sidan forrige gong me oppdaterte tabellen har det vorte spelt to kampar i avdelinga vår.

Bjørn er framleis serieleiar etter at dei slo Jølster 2 med solide 5-0 i helge. I fyrste kamp i den 6.runden vann Vadheim/Høyang 2 med 6-2 heime mot Gaular.

Me ligg dermed på 2.plass på tabellen, eit poeng bak Bjørn. Kaupanger 2 er på plassen bak oss med dårlegare målskilnad. Til helga er det duka for spanande toppoppgjer når Kaupanger 2 tek i mot Bjørn ute på Kaupangerskogen...

 

  • Folkefest på Leikvoll Stadion (11.06.08)

Når Veitastrond i helga tek i mot Jølster heime på Leikvoll Stadion vert dette vår fyrste søndagskamp i historien. Dette vonar me å få maksimalt ut, og me innber difor til folkefest.

Planlegginga rundt arrangementet er i full gang, og grillguru Tor Odd Kvam har meldt sin ankomst  og han vil stå klar med kotelettene ca til kampstart kl 15:00. Er det nokon som kan tenka seg noko betre enn å sjå Veitastrond spela fotballkamp, samtidig som ein gaflar i seg ein fortreffeleg grilltallerken??

Einaste som gjenstår no er at værgudane er med oss, og gjer oss sol og pent vær....og sjølvsagt at Veitastrond tek med seg 3 poeng.

Møt opp, og bli med Veitastrond Fotball på folkefest!

 

  • Sindre Mørkve takkar for seg (09.06.08)

Når kveldens VIL-trening avsluttast inne i Moane, så vert det og det siste me ser til Sindre Mørkve i VIL-samanheng. Vossingen har vore med oss i eit halvt år, og har på denne tida markert seg som ein av våre aller beste spelarar. Det er difor med stort vedmod me no tek farvel med forsvarsbautaen vår.

Les meir om Sindre HER

 

  • Spelarfest (07.06.08)

I kveld inviterar Vidar Vadseth alle sine spelarkollegaer i VIL-fotball til fotballfest oppe i Stedjeåsen. I utgangspunktet er det ein hyggeleg vårfest i gode veners lag, men på den andre sida vert det nok og ein trist kveld for mange..

Dette vert nemleg avslutningsfesten for trioen Ivar Melby, Petter Fagerli og Sindre Mørkve. Dei tre er no ferdig studerte i Sogndal, og reiser frå bygda etter endte eksamenar i vår. For Sindre sin del vert dette kanskje det aller siste me ser til han i Veitastrond samanheng.

Me vonar at dei 3 får ein verdig avslutning på ei flott tid med Veitastrond Fotball.

Veitastrond Fotball oppmodar våre elleville fans om å syna respekt ovanfor VIL-stjernene, og la spelarane få festa i fred oppe på Stedje i kveld...

Gaular vann

I ein kamp i 5.div avd 1 vann i går Gaular 6-2 heime mot Breimsbygda. Dette gjer at Gaular no er på 5.plass, medan Breimsbygda er på 7.plass, og dei har no 4 strake tap etter at dei vann 3-2 mot oss i fyrste kamp.

Anbefalar å lesa referatet på Breimsbygda sine heimesider, der Gaular spelarane ikkje akkurat får ros for sin oppførsel på bana.

 

  • Retting (05.06.08)

Me blingsa lite granne under registreringen av treningsstatistikken for mai. Gøran Fimreite hadde nemleg fått eit oppmøte for lite, men dette har me no retta slik at han står oppført med 100% oppmøte i mai saman med Emil Heggestad, Richard Nes og Even Kvam. I tillegg stig då gjennomsnittet pr trening opp med 0,2, slik at me då hadde eit snitt på 16,2 mann pr trening.

Ikkje dei heilt store konsekvensane dette får kanskje, men vil no gjerne at rett skal vera rett uansett....

 

  • Statistikk for mai (04.06.08)

Det er dagen derpå, og Veitastrond er framleis i lykkerus etter at me i går nedsabla Hafslo noko so grasialt på deira eige gras. Likevel tek me oss tid på ein slik dag å gje brukarane våre turre fakta og statistikkar frå mai månad.

Les meir HER

 

  • Veitastrond sigra i lokalderby (03.06.08)

Veitastrond drog i land ein skikkeleg sliteseier, då me i dag vann 1-0 borte mot vår argaste konkurrent Hafslo. Dagens matchvinnar vart Frode Kvam, men me må gje ei minst like stor takk til keeper Gøran Fimreite som var i det umoglege hjørne i dag og redda alt som Hafslo hadde å by på. Det er alltid herleg å vinna fotballkampar, men når me gjer det mot Hafslo er det ekstra herleg! 

Les alt om kampen HER

Med desse 3 poenga så toppar Veitastrond no tabellen etter at ein kamp i 5. runde er spelt. Me reknar likevel med at Bjørn vinn sin kamp mot Jølster 2, så me får berre nyta tabelltoppen så lenge me kan!

 

  • Råsterk veitastrending (03.06.08)

Veitastrendingen Thor Henning Heggestad tok i helga gull under NM i benkpress på Sande.

Thor Henning vann klassen minus 90 kg med eit løft på 230 kg. Han prøvde seg og på norgesrekorden, men bomma diverre på 241 kg.

I tillegg til Thor Henning, så løftar og årdølen Arild Kråkenes for Veitastrond IL. Arild fekk med seg ein bronse frå meisterskapet i klassen minus 110 kg med eit beste løft på 215 kg. I likhet med Thor Henning så bomma og Arild då han prøvde seg på norgesrekorden, då 230 kg diverre vart for tungt.

Veitastrond gratulerar dei to kraftkarane med medalje, og me er stole over å ha to så gode representerar for bygda!!!

Les meir i Sogn Avis si nettutgåve HER

(PS! bildet som vert nytta i denne artikkelen er ikkje av Thor Henning eller Arild. Det er av Arne Nes som løftar 20 kg på benken i nye treningshuset på Strondi....)

 

  • Før kampen; Hafslo - Veitastrond (02.06.08)

Veitastrond har hatt ei fin innleiing på årets sesong i 5.divisjon, og med tanke på at me i år spelar på eit nivå høgare og har mange nye motstandarar vert kvar kamp ein højdare for oss. Trass i dette så kjenner me likevel på kroppen at noko ekstra no er i ferd med å skje, og dette skuldast sjølvsagt at årets fyrste lokalderby mellom Hafslo og Veitastrond nærmar seg. Dette oppgjeret har etterkvart fått gjetord om seg langt utanfor kommunegrensa, og med tanke på at værgudane ser ut til å vera med oss er det grunn til å tru på folkefest i Moane i morgon!

Les meir om kampen HER

 

  • Avslutning av 4. runde (01.06.08)

I siste kamp av runde 4 i 5.div avd 1 vann i dag Kaupanger 2 med 2-1 borte mot Breimsbygda. KIL2 legg seg då inn på 3.plass, medan Veitastrond ligg som nummer 2 bal serieleiar Bjørn.

Me merkar oss ettar at Breimsbygda slo oss 3-2 i fyrste serieomgang har dei to laga teke kvar si retning. Der me har vunne 3 straka kampar har Breimsbygda gått fått 3 tap i trynet.

Det er og verdt å nevna at dei 4 sognelaga har teke kommandoen i avdelinga, og henvist dei 4 andra laga til nederste halvdel...

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com