
Utlånsavtalen til Patrik Fritzon med Veitastrond utgår den 20.juli, og når me snakkar haustsesong har han dermed gått attende til Fjøra.
Den 16 år gamle målvakten vart leigd inn til Veitastrond då me var i akutt spelanød og både Patrik sjølv og Fjøra var velvillige og lot oss få han inn på lån. I denne perioden har han fått med seg to kampar, og han har utvilsamt rekt å imponera oss i Veitastrond. Til å berre vera 16 år framstår han som særdeles moden både på og utanfor bana, og me trur han har ei flott fotballkarriere framfor seg.
Til Veitastrond.com nyttar Patrik anledninga til å takka for seg; "Eg takkar for at eg fekk sjansen til å prøva meg på Strondi og dermed få verdifull kamptrening på seniornivå. Det har vore kjekt å vore med dykk og eg ynskjer dykk lukke til vidare"
På spørsmål om dette var det siste me såg av Patrik i Veitastronddrakta svarar han lurt; "Eg har no fullt fokus på Fjøra, å trena med dei og forhåpentlegvis få meg litt speletid der. Så får me berre sjå kva som skjer framover..."
Veitastrond takkar Patrik for framifrå innsats for klubben vår og me var imponert over korleis han tok denne utfordringa på strak arm. Me ynskjer han lukke til vidare med fotballen og på livets landeveg forøvrig.

Me har då oppdatert tabellar og spelarstatistikkar, og i tillegg lagt ut bilder frå gårsdagens kamp.
Sjå bildene HER
(bildet til høgre viser taklinga som ga Arne Nes sitt fyrste gule kort. Utifrå det me ser her så kan det virka som at dette kortet var vel fortent..)
Det vart ein ny nedtur for Veitastrond då me i dag tapte 5-6 heime mot Askvoll/Holmedal. Etter dei fyrste 45.minutt såg det retteleg så lyst ut og me leia då 2-1 etter at me til tider synte mykje godt spel og hadde rimeleg kontroll på kampen. 2.omgang vart diverre slik som 2.omgangar ofte brukar å vera for Veitastrond og det gjekk totalt bananas framfor begge måla, men diverre var det bortelaget som scora flest og vann denne 11-målsthrilleren. I tillegg til mykje god angrepsfotball og ditto dårleg forsvarsarbeid så fekk og publikum sjå det raude kortet når Arne Nes vart utvist etter 2 gule kort midtveges i 2.omgang.
Les meir HER
I ein anna kamp i 4.divisjon i dag så vann Syril 1-0 mot Sandane.
Me kjem attende med bilder og oppdaterte tabellar og statistikkar slik ca i morgon ein gong.

Då er det klart for siste kamp før 4.divisjonsspelarane tek seg ein velfortent sumarsferie. Veitastrond tek denne gongen i mot Askvoll/Holmedal på Leikvoll, og det er eit heimelag i poengnød som entrar bana i morgon. For det er ein veldreven fotballklubb me sit på om dagen; me er gode på arrangement, har kontroll på økonomien og har vore dyktige på transferfronten i det siste. Det einaste som manglar no er sportsleg framgang og me vonar at denne kjem allereie mot Askvoll/Holmedal. Det er ellers venta mykje folk på Leikvoll i morgon med meldingar om strålande vær, sal av grillmat og eksklusivt sal av heimelaga kvit mølse - vis meg nokre andre fotballstadionar i verda som har dette tilbodet på sine heimekampar.
Les meir HER
I dag brakar det laust inne på Moane med årets Sognefjord Cup. Veitastrond har fått tildelt omlag 40 kampar til dømming fordelt på i dag og i morgon.
Me vil be dei som skal representera Veitastrond Fotball om å gjera ein god dugnadsinnsats og ikkje minst vera påpasseleg med å møta opp til rett tidspunkt. Alle skal ha fått melding om kortid dei skal møta opp til dømming, men dersom de likevel ikkje kan eller det er noko anna det lurer på så ta kontakt med dommaransvarleg Emil Heggestad snarast.
God dømming godt folk...!

Etter dårleg poengfangst og til tider lite folk klare til kamp på vårsesongen har leiinga i VIL-fotball sett seg nøydde til å gjera grep, og me har valgt å gå ut på spelarmarkedet for å sjå etter potensielle forsterkingar. Me er difor utruleg godt nøgde med å få full klaff på fyrste forsøk når tidlegare Fjøra spelar Frode Kvåle no har takka ja til å signera for klubben vår. Dette er ei massiv signering for ein liten klubb som Veitastrond, og utan å setta alt for mykje press på Frode sjølv så kunne me truleg ikkje drøyma om å få napp hjå nokon spelar me dei samme kvalitetane som han har. Overgangen blir klar i morgon, og Frode vert truleg å finna i troppen mot Askvoll/Holmedal på søndag. Veitastrond Fotball er utvilsamt ifrå seg av begeistring for å få signeringa av Frode i boks.
Les meir HER
Kampar i 4.divisjon
Sidan sist har følgande kampar vore spelt i 4.divisjon; Sandane - Eid2 10-0 (!), Selje - Saga 2-2, Årdal 2 - Dale 3-4 og Førde 2 - Lærdal 4-0.
Med sigeren til Førde 2 mot Lærdal ligg me håplaust fortapt i botnstriden av tabellen og uansett korleis me gjer det mot Askvoll/Holmedal vil me ta ferie på nedrykksplass....

Det vart som vanleg eit vellukka arrangement når VIL-fotball i går hadde regien på årets jonsokfeiring framme på Veitastrond.
Godt og vel 80 stk (underteikna talde sjølv) møtte opp og salet av både grillmat, kaker og iskrem gjekk alldeles strålande. Me sit att med eit overskot på omlag kr 7.000,-, noko som er kjempeflott på ein vanleg kvardag.
Etter at folket hadde fått gafla i seg av mat og drikke vart det fyrt opp jonsokbål. Det var vel kanskje ikkje tidenes største bål me sette kveik på, men me trur likevel det gjorde nytten.
Feiringa fann denne gongen stad på St.Anny-beach heime på Nes, og me ser ikkje bort ifrå at det vert fleire arrangement der i framtid. Ein utruleg fin plass nede ved vasskanten som verkeleg kan gje både store og små den rette kjensla av sumaren.
Sjå fleire bilder frå årets jonsokfeiring HER (er berre bilder etter at maten var servert, då fotograf Hildegunn Heggestad var ein av dei som var med å stelt i stand detta gilde...)
Me kan no komma med den gledelege nyhenda om at ex-Fjøra spelar Frode Kvåle har signert for Veitastrond Fotball.
Frode er 25 år og var så seint som i 2006 kåra til årets spelar i Fjøra FK og han var i samme sesong lagets toppscorar. Han slutta med aktiv fotball etter sesongen i fjor, men etter eit halvt års pause har han no takka ja til å spela i 4.divisjon med oss.
Me kjem attende med meir info og bilder av Frode om ikkje lenge....
I morgon kveld er det klart for jonsok feiring framme på Veitastrond, og det er fotballaget vårt som står for arrangementet.
Me vil denne gongen halda feiringa heime på stranda på Nes, nedanfor ho Anny (stranda er og kjendt som St.Anny-beach) Her vil det bli sal av grillmat og kaffi og me satsar på å kveika eit relativt heftigt jonsok bål ut på kvelden.
Arrangementet byrjar kl 19:30, og me vonar at folk går mann av huse og møter opp slik dei har til vane å gjera når det skjer noko i bygda...

Då har vår faste fotograf Hildegunn Heggestad fått sendt over bildene frå gårsdagens kamp, og me har fått shina opp kampreferatet vårt med nokre av desse.
Fullstendig bildegalleri frå kampen kan du finna HER
Då har me oppdatert tabellen og spelarstatistikkane etter kampen mot Skavøypoll i går. Kurt Heggestad tronar no åleine som toppscorar, og saman med Bjørn Molland toppar han og Raotassen.
Veitastrond er framleis på 11.plass, men dersom Eid 2 vinn borte mot Sandane i morgon vil me ligga heilt sist på tabellen.
Andre resultat frå 4.divisjon; Lærdal - Selje 2-4 og Dale - Syril 6-2.
Bilde kjem truleg utpå dagen, eller i kveld...
Det vart ein ny nedtur for Veitastrond då me i dag tapte 4-3 borte mot Skavøypoll. Me låg under 2-0 til pause og Skavøypoll gjekk opp i 3-0 tidleg i 2.omgang, men ein utrelg bra siste halvtime gjorde at Veitastrond scora 3 mål og utlikna til 3-3 ved Kurt Heggestad, Åsmund Øgar og Kenneth Mo. I det Veitastrond trykka på for ei ny scoring var det i staden heimelaget som fekk det forløysande 4-3 målet, som gjer at me nok ein gong må ta til takke med tap og 0 poeng. Når ein tapar kampar skal ein sjølvsagt vera varsam med å skulda på andre oss sjølve, men i dag lyt me legga ein del av skulda på dommatrioen som var direkte håplause og dømte alt for mykje i favør av heimelaget. Etter den glimrande 2.omganden var det eit slagent Veitastrond som reiste heim frå Polljen med 0 poeng i sekken.
Les meir HER
Bilder og statistikkar vert oppdatert i morgon ein gong...

Det er ein meget slunken VIL-tropp som i morgon reiser avstad til ein av dei siste lange boreturane for sesongen. Klubben er i ein aldri så liten spelarkrise, og litt for mange er av ymse årsaker utilgjengelge til denne kampen. Denne situasjonen har blant anna gjort til at me har måtte gå til det drastiske grepet å henta inn ein spelar via lånemarkedet. 16 år gamle Patrik Fritzon tok utfordinga på strak arm, signerte kontrakt med VIL i går og går rett inn som burvoktar til morgondagens kamp. Til trass for mange spelarar ute mønstrar me ein slagkraftig fyrsteellevar som har tenkt seg opp til Polljen for å henta 3 poeng i denne viktige botnkampen.
Les meir HER
Me kan då komma med den gledelege nyhenda om låneavtalen med Patrik Fritzon no er i boks, og alt det formelle med fotballkretsen er ordna. Dette hadde me forsåvitt og rekna med, men med tanke på den papirmølla ein slik overgang må igjennom er det aldri godt å vita.
Nok ein gong ynskjer me Patrik velkommen til klubben!
Me kjem attende med "Før kampen"-reportasje litt seinare på dagen/kvelden...

Det har vore ein hektisk dag for leiinga i Veitastrond Fotball. Grunna stort mannefall føre helgas kamp mot Skavøypoll har me sett oss om etter alternative løysingar, og me er utruleg godt nøgde med å no kunne offentleggjera at målvakten Patrik Fritzon mest truleg kjem inn på lån frå Fjøra FK og vert speleklar til laurdag. Patrik er berre 16 år, men har trent fast med Fjøra heile vinteren og er trass sin unge alder allereie ein solid keeper. Det er heller ikkje noko bakdel at keepertalentet er halv strending og han vert soleis ei utruleg positiv signering for oss på alle måtar. Papira på overgangen vart undertegna i kveld, og det einaste som gjenstår no er at fotballkretsen godkjenner desse i morgon.
Les meir HER
Me gjer merksama på at denne overgangen ikkje er 100% spikra før kretsen har behandla saka i morgon. Me kjem attende med meir info så snygt med veit om overgange er i boks, eller om det ikkje let seg gjera. Utifrå dei signala me fekk frå kretsen i dag har me uansett god tru på at dette vil løysa seg utan noko større problem...

Økonomiansvarleg Richard Nes kan endeleg pusta letta ut og ta livet med ro, for på onsdagens trening kom den siste treningsavgifta som mangla inn.
Sistemann ut til å betala var Morten Hagen, og det tok tok ikkje meir enn 3,5 månad, 3 purregiroar, 3 mailar og 10 SMS`ar før all treningsavgifta var på plass. Det byrjar å bli ei stund sidan 5.mars, då Arne Nes som fyrstemann betalte inn dette. Dei som no måtte tru stygt om Morten kan me opplysa om at han langt ifrå var den einaste som var seint ute, men no når pengane endeleg er inne set me ein strek over all den tid me har brukt på å få inn desse.
I ein kommentar til Veitastrond.com uttalar Morten forøvrig følgande; "Den pokkers minibanken min har ikkje virka på fleire månadar. No når den endeleg kom i orden igjen var det å ta ut pengar til treningsavgift det fyrste eg gjorde. Deretter tok eg meg av diverse andre innkjøp eg ikkje har fått gjort sidan februar månad, slik som mat, potetgull og toalettpapir"
På vegne av økonomiansvarleg så takkar me alle spelarane for at pengane no er komne inn, og me lovar å vera endå meir pågåande med innkrevinga neste år.
Me har no omsider fått oppdatert alle våre tabellar og statistikkar;
- Veitastrond ligg på ein 11. plass etter 9 spelte kampar. Me har karra til oss skarve 6 poeng av 27 mulige.
- Kurt Heggestad er no både vår toppscorar (saman med Vidar Vadseth), assistkonge og soleklar leiar av VIL-stjerna. Ein viktig spelar med andre ord...
- Me har fått 10 gule kort så langt, men utruleg nok er dette fordelt på 10 ulike spelarar. Ingen spelarar står dermed i fare for karantene med det aller fyrste.
- Treningsstatistikken er oppdatert for fyrste gong sidan 4.mai. Etter 20 treningar leiar Bjørn Molland med 36 poeng, 1 poeng føre Gøran Fimreite.
- Me har no lagt ut spelarprofilar på alle dei som manglar. Dvs at det er minimalt med info som er lagt ut på desse, men kvar enkelt har i det minste fått ein profil med ferskt bilde for året. Dei som er lagt ut no er; Geir Aardal, Øivind Kristiansen, Kurt Heggestad, Bjørn Molland, Jan Erik Bøyum, Emil Heggestad og Øystein Heggestad. Denne gjengen er og kjendt for å ha relativt store mengder sirup i bakenden...
Gje beskjed dersom de finn noko feil i dei statistikkane me no har lagt ut.

Me er litt seint ute med denne, men for ei tid tilbake vart mål nummer 300 scora for Veitastrond Fotball.
Spelaren som braut denne magiske barriera er Vidar Vadseth. Scoringa var riktignok av det ubetydelege slaget, då det var redusering til 4-5 borte mot Eid 2 den 10.mai. Sluttresultatet i den kampen vart og til slutt 4-5.
Frå før av har Jan Eirik Bertelsen scora mål nr 100 og Bjørn Molland nr 200.

Publikum møtte opp i hopetal, rømmagrauten var nydeleg, sola skein og som bygd framstod Veitastrond frå si aller beste side i dag. Ute på bana var det imidlertid berre eit lag som ville vera med på festen og diverre var dette bortelaget Sandane. Etter at dei leia 2-0 til pause vann dei til slutt kampen med 4-1, og me lyt innrømma at sigeren var litt meir fortent enn det me kanskje hadde ønska på førehand. Me kom oss i dag aldri opp på det nivået som kreves for å halda følga med eit lag som Sandane, og berre periodevis i 2.omgang var me ved å truga bortelaget. Me får nok ein gong legga ein kamp bak oss, og heller sjå framover mot neste...
Les meir HER
* no med bilder
2 andre kampar i 4.divisjon i dag; Lærdal - Askvoll/Holmedal 3-0 og Førde 2 - Skavøypoll 1-6.
Med 3 poeng til Skavøypoll er me no nede på 11. og dermed og nedrykksplass...

Endeleg er prosjekt "utbygging av Leikvoll Stadion" i ferd med å gå mot slutten, og me kan på ny gjera oss klare til å spela fotball her. Medan deler av heimebana vår mest liknar eit golvteppe så gjer andre små områder meir assosiasjonar til ein gamaldags potetåker. Uansett er me ikkje redde for å ta i bruk Leikvoll slik den ligg no, og den er meir enn god nok til å spela fotball på. Me reknar med fullt hus og stormande jubel i morgon, og forhåpentlegvis vil denne praktfulle ramma rundt kampen gje dei 11 som startar for Veitastrond inspirasjon til å ta med seg poeng - for det treng me utvilsamt. Mest positivt framfor denne kampen er at spelande trenar Emil Heggestad endeleg er klar igjen etter sjukdom, og han går rett inn i fyrste 11`aren.
Les meir HER