
Det er ikkje berre på fotballbana han er ein notorisk målscorar, for no har Kurt Heggestad og satt inn sin 3.fulltreffar på heimebane. Måndag denne veka vart nemleg Kurt far for 3.gong då hass betre halvdel Silje fødte ein velskapt son på sjukehuset i Førde.
Som på fotballbana var det heile tima og tilrettelagt, og sjølvsagt skjedde fødselen midt i mellom to Veitastrond kampar slik at me slapp noko krøll med dette.
Frå før har Kurt 2 gutar, og det nærmar seg eit halvt fotballag heime på Elvebakkan no. Dette lovar godt for framtida til både fam.Heggestad, og VIL-fotball. Kan og ta med at folketalet på Veitastrond auka med ca 1% då guten kom til verda.
Veitastrond Fotball gratulerar Kurt, Silje, Noah og Linus på det varmaste ;)
Veitastrond fekk oppleva både himmel og helvete på dei 2 omgangne me spelte mot Askvoll/Holmedal i går. Før pause tok VIL fram noko av det beste me kan, valsa over motstandaren og leia 5-1. I 2.omgang så fall laget i prestasjonane og utruleg nok vart det spanande mot slutten, men me klarde heldigvis å sikra ein 5-4 siger til slutt. Usedvanleg herleg å dra inn 3 poeng i ein kamp der me har mykje forfall og ikkje kan stilla med alle våre beste spelarar, og det er kanskje naturleg at det laget me stilte med i dag ikkje haldt 90 minuttar. Er heller ikkje enkelt å gå ut på i 2.omgang og skulle forsvara den alltid like farlege 5-1 leiinga...
Les meir HER
Veitastrond vann i dag 5-4 heime mot Askvoll/Holmedal. Til pause leia VIL komfortabelt 5-1, men i 2.omgang kom bortelaget sterkt og det vart riktig så spanande mot slutten. Heldigvis så haldt det inn og me ligg no på 3.plass etter halvspelt serie.
For Veitastrond scora Kurt x3 og Åsmund x2.
Referat frå kampen kjem i morgon...

Veitastrond Fotball har lagt bak seg det som for vår del vart ein parodi av ein fotballkamp i Førde. 0-8 i sekken vart det på måndag, og me er sugne på å visa oss fram frå ei litt anna side i morgon. Ikkje for å seia noko stygt om Aksvoll/Holmedal, men me tvilar på om dei klarar å stilla meg tilsvarande motstand som det Førde 2 gjorde. Diverre er det nok ein gong eit hanglande Veitastrond som gjer seg klar til kamp, og det er framleis mykje folk ute. Medan andre klubbar gjerne hentar spelarar frå juniorlaget når dei er i beit, så går Veitastrond den andre vegen. Rett i frå eldre-veteranelaget så hentar me ned Arvid Heggestad, som i ein alder av 56 år kan gjera eit sensasjonelt comeback i morgon....og du skulle ikkje på Leikvoll i morgon sa du?? tippa nok du ombestemte deg no ja...
Les meir HER

I kveld står VIL-Fotball som arrangør under årets jonsokfeiring på Veitastrond.
Feiringa finn stad på Elda, som er ein god gamaldags støl som ligg heilt i enden på Strandavatnet, ca 5-10 minutt køyring frå hovudvegen. Her blir det mogleg å kjøpa seg grillmat og deilig dessert, alt til ein meget rimeleg pengesum sjølvsagt.
Utover kvelden vert det tenning av verdas største Jonsokbål.
Arrangementet tek til kl 19:00, og me ynskjer store og små velkommen.
PS! Spelarane som skal vera med å arrangera set stor pris på om bygdafolket ikkje stiller unødige spørsmål, eller i det heile nevnar noko som helst angåande 0-8 tapet mot Førde tidlegare denne veka. No berre lestar me som om at denne kampen aldri har vorte spelt...
Veitastrond fekk så hatten passa og vel så det, då laget i dag reiste til Førde by og tapte heile 8-0 mot Førde 2. Kampen var prega av at heimelaget var forsterka med heile 7 spelarar frå fyrstelaget, medan VIL stilte med eit redusert mannskap der me berre hadde 11 spelarar tilgjengeleg. Kort fortalt så var Førde 2 best i alt og rundspelte oss i samtlege 90 minutt, og påført VIL-fotball sitt største tap nokon sinne (saman med 1-9 mot Hafslo i 2007...) Ikkje så mykje å dvela over dette tapet og no ser me fram til neste kamp som kjem på søndag heime mot Askvoll/Holmedal - forhåpentlegvis vil det ikkje vera fullt så skeive lag då.
Les meir HER

Her kjem ein kort rapport før kampen mot Førde i dag;
Desse spelarane reiser til Førde i dag (laget er ikkje klart); Patrik, Øivind, Richard, Kim Andre, Erlend, Even, Øyvind, Gøran, Emil, Bjørn, Åsmund, Frode, Gaute og Øystein.
Dei som ikkje vert med er; Frank, Geir, Jon Arne, Kenneth, Jan Erik, Kurt og Arne. I tillegg er Kim Andre og Øyvind usikre grunna sjukdom.
- Veitastrond stiller truleg med årets mest reduserte mannskap.
- Patrik Fritzon har signert for Veitastrond og spelar sin fyrste kamp for sesongen. Patrik var i fjor på lån frå Fjøra, så nokon debut blir det ikkje. Ein nærmare presentasjon kjem seinare... Dette gjer at Even Kvam kjem til å bli nytta som utespelar i tida framover
- Laget mest profilerte spelar Kurt Heggestad vert ikkje med då kjeringi går høggravid.
- I fjor tapte me begge kampane mot Førde 2 med 3-5 og 2-3.
- Kampen startar kl 19:00.
- Me er seint heime så det vert ikkje noko referat i kveld, og me er usikre på kortid dette vil vera klart.
Det var nok enkelte av spelarane som haldt på å setta fotballschipsen i halsen, då det i går tikka inn melding om at VIL-fotball skal trena i dag kl 18:20. Det er kanskje uhøyrt med trening midt under VM-pausen vår, men det er lova frå høgaste hald at me skal vera vel heime til Brasil og Nord Korea sparkast i gang kl 20:30.
I ein kort kommentar til Veitastrond.com seier trenar Emil Heggestad; "Min fotballfilosofi er i utgangspunktet; `never train a winning team`, og med to sigrar på rad er det med blanda kjensler me arrangerar trening i kveld. Likevel føler me det er viktig for spelarane å møtast for sosialt samvære, slik at spelarane kan knyta endå tettare bånd til kvarandre"
Dette vert truleg einaste trening denne veka, før me reiser til bortekamp mot Førde 2 på måndag om ei knapp vekes tid...
.....
ellers minnar me til det keisamlege om at spelarane må hugsa å betala lisens og treningsavgift. Det er ca 10 stk som har betalt lisens, noko som vil seia at det er ca 10 igjen. På treningsavgifta manglar me no betaling frå to mann, og det hadde sjølvsagt vore greit om dei hadde gjort opp for seg...

Ei grøn og velstelt Leikvoll, sommartemperatur og kveldssol over Svardalen - ja det var utvilsamt ein fin dag for fotball på Veitastrond i går. Endå finare vart den av at heimepbulikumet endeleg fekk noko å jubla for, då VIL vann 3-0 mot sjølvaste serieleiaren Saga. For andre kamp på rad så framstår Veitastrond i ny drakt, der me er dødeleg effektive framover og pottetette bakover. Dersom VIL klarar å halda oppe dette trykket utover i sesongen trur me dette kan bli alvorleg bra etterkvart. Likevel skal me ikkje fokusera alt for mykje på det som skal komma, men heller nyta dei 3 herlige poenga me tok med oss mot Saga i går.
Les meir HER
Veitastrond har no tatt 6 poeng på 4 dagar, i det som på papiret var to av årets tøffaste kampar. Det er no nesten 14 dagar til neste seriekamp mot Førde 2, og saman med resten av fotballeliten i Norge tek me oss ein velfortent VM-pause.
Med ein kamp meir spelt enn dei fleste andre laga så ligg no Veitastrond på ein finfin 3.plass på tabellen.
Veitastrond gjennomførte ein kanon kamp i dag, og vann med overbevisande 3-0 heime mot Saga. Dermed påførte me førdianarane sitt fyrste tap i år, og ikkje minst vår fyrste siger på Leikvoll.
Frode Kvam, Kim Andre Navarsete og Åsmund Øgar laga måla for VIL på denne festkvelden.
Referat frå kampen kjem diverre ikkje før i morgon...

Me har knapt komme oss heim frå den lange turen til Selje før me no ser fram mot ny kamp i morgon. Denne gongen er det den så langt suverene serieleiaren Saga som for fyrste gong kjem på besøk til Leikvoll og Veitastrond. Førdianaranr har berre avgitt poeng i 1 kamp så langt, og dei kjem til denne kampen med 6 strake sigrar. Dermed skulle det vera duka for ein kamp der Veitastrond ikkje har all verda med press på seg, og noko anna enn tap vil nok vera ei overrasking for dei såkalte ekspertar. Tap står imidlertid ikkje i oppskrifta vår, og me ser fram til å bli det fyrste laget som feiar Saga av bana i år og ikkje minst gje publikum på Leikvoll årets fyrste siger på eige gras.
Les meir HER

Etter 4 strake nederlag vart det i dag endeleg slutt på tapsrekka, når Veitastrond på meisterleg vis vann 3-1 borte mot Selje. Meget imponerande å ta med seg alle 3 poenga heim med tanke på den dårlege formen me har vore i, samt at me i dag hadde mange av våre sentrale spelarar ute. Veitastrond framstod i dag som eit lag, og gjennomførte framfor alt ein meget god taktisk kamp. Trenarduoen hadde planane klare på førehand, og det er kjekt å få til dette i praksis. Dagen i dag var ein flott ein for Veitastrond Fotball.
Les meir HER
Andre resultat frå 4.divisjon;
Eikefjord - Gaular 3-2
Askvoll/Holmedal - Lærdal 1-0
Skavøypoll - Syril 3-4
Førde 2 og Årdal 2 avsluttar den 8.serierunden i morgon.
4 spelarar har ennå ikkje betalt treningsavgift og me ber dykk om å få fingern ut av røvi og gjera opp for dykk snarast.
I tillegg er det sendt ut sms til samtlege spelarar om betaling av lisens, og me vonar at alle fiksar dette i løpet av helga.
Dette som ei påminning til dei som allereie har gløymt meldinga dei fekk i går...

For fyrste gong sidan 14.februar har me lagt ut ein oppdatert treningsstatiskk. Denne kan du finna HER
Etter 15 treningar leiar Even Kvam med 23 poeng, berre 1 poeng føre Bjørn Molland. Bjørn er den einaste som har delteke på samtlege 15 treningar. Ellers har Gøran Fimreite imponert og står med 9 sigrar på 10 treningar, noko som gjer han høgaste vinnarprosent blant dei som møter opp på trening regelmessigt.
Har og oppdatert tabellen under Årets sesong. Skal prøva å få publisert spelarstatistikkane (toppscorar, assist ect) om ikkje lenge.
Kan og ta med at Saga i går vann 4-1 heime mot Kaupanger, og dersom dei held fram i samme sporet kan dei truleg feira opprykk når me tek sommarferie. Saga leiar no med 7 poeng ned til Eikefjord og Kaupanger. Gårsdagens kamp mellom Saga og Kaupanger er ikkje teke høgde for i den tabellen me har lagt ut...

Då Veitastrond spelte sin 100. kamp mot Årdal forrige måndag var det ikkje berre eit hyggeleg jublieum me var vitne til. Dette var og ein trist dag for VIL-fotball, då Helge Skjælaaen spelte sin siste kamp for klubben etter å ha vore ei sentral brikke i nesten 4 år. Midtbanespelaren som er kjendt for sin arrogante spelestil, frekke tunnellar og avgjerande scoringar, vender no nasen heim til Bergen etter at studiane i Sogndal er ferdige.
Les meir HER
Les avskjedsintervju med Helge HER