ARKIV; Juni 2011

Ikkje før har Leikvoll turka opp sidan flaumen i midten av juni, så er det på an igjen. I dag stod vatnet inn på bana igjen, nesten like mykje som det gjorde forrige gong, og pr i dag er ikkje bana egne til å spela fotball på.
Diverre så kjem også denne flaumen rett i forkant av ein heimekamp, og dersom ikkje forholda endrar seg så må anten kampen utsettast eller flyttast til Sognahallen. Me håpar i det lengste at me skal unngå dette, og me er førebels optimistiske.
Ved forrige flaum var det snakk om 2-3 dagar det ikkje var mogleg å spela på Leikvoll. Denne gongen står vatnet litt lågare, og me har framleis 3 dagar til kamp. Me kryssar fingrane for at værgudane tettar att slusane i helga, og at Leikvoll er klar til kamp på søndag.
Me har ikkje bilde av flaumen denne gongen, men bana ser omtrent ut som den gjer på bildet til høgre.
Me kjem attende med meir flauminfo når me veit meir.

Då har me oppdatert våre statistikkar etter kampen mot Kaupanger. Her ser me blant anna at ingen spelarar så langt har måtte stå over med karantene, men heile 7 spelarar står no med 2 gule kort så det er vel kanskje like før.
Me har og lagt ut bilder frå kampen mot Kaupanger, som du kan sjå HER
Om ikkje det var nok har me og oppdatert treningsstatistikken vår for fyrste gong sidan 1.april. Me manglar framleis ein trening her, men denne skal me få lagt inn så snygt me har fått hand om resultata på denne.
Kaupanger kom til Veitastrond som serieleiar med berre eit tap i sekken så langt i sesongen, og dei var utvilsamt store favorittar til denne kampen. Likevel hjalp det så lite når maskineriet til Veitastrond vart slått på og då dommaren blas av for kampen kunne VIL jubla for siger 2-0. Dette var ein fenomenal 3 poengar og ei karamella me skal suga lenge på. Dette var kampen då det meste stemte for VIL, for der Kaupanger var det beste laget og hadde dei fleste sjansane, så var det berre Veitastrond som klarde å få ballen i mål.
Les meir HER
På det som lyt kallast ein perfekt dag for fotball på Strondi, så vann Veitastrond 2-0 heime mot Kaupanger. Frode Kvam og Åsmund Øgar scora måla. Til pause leia VIL 1-0.
Blir diverre ikkje referat i kveld, men skal få det på plass i morgon tidleg.

Då er det klart for det me på Strondi likar å kalla årets fotballkamp. I morgon kjem nemleg Kaupanger på besøk, og for oss er dette for lokaloppgjer og folkefest å rekna. I alle dei åra Kaupanger har vitja Leikvoll så har me vore bortskjemde med strålande sommarvær, mykje folk og ikkje minst rykande fersk rømmagraut i pannene. I år vert det ikkje noko dårlegare, då værmeldingane har snudd frå regn til sol og grauten står truleg allereie å putrar på platene. Me vonar at flest mogleg tek turen til Veitastrond og Leikvoll når serieleiar Kaupanger kjem for å måla krefter med bygda sine staute menn.
Les meir HER
Veitastrond gjekk på ein historisk pinleg smell då laget tapte heile 8-3 borte mot Eid 2. Eit Veitastrondlag som stilte mannsterke opp til kamp, og som var innstilte på å reisa kjerringa etter nokon litt svake kampar offansivt, kom bakpå frå starten. Eid 2 leia 3-0 etter 12 minutt, og til pause var stillinga heile 6-0. I 2.omgang kom det seg litt, men det hjalp så lite med det utgangspunktet me hadde etter dei fyrste 45 minutta. Dermed måtte me ta den lange turen heim med halen mellom beina og 8-3 i sekken.
Les meir HER
Veitastrond tapte i dag heile 8-3 borte mot Eid 2, etter at heimelaget leia smått utruleg 6-0 til pause.
Me kjem attende med referat frå kampen i morgon.
Veitastrond reiser i morgon til Eid for å møta andrelaget deira i årets 9.serierunde. Etter 4 kampar mot lag som ligg over oss på tabellen lyt me denne gongen gå tilbake til å ha favorittstempelet på våre skuldrar. Eid 2 er eit av 4 lag som utgjer botn av tabellen, medan VIL er med i pulja til dei som ligg midtsjiktet. Denne kampen er viktig for Veitastrond slik at me held den gode posisjon me har på tabellen, og ikkje rotar oss ned til laga som ligg i botn.
Les meir HER

Dei fleste har sikkert gløymt kampen mot Førde 2 no, men her kjem i allefall nokre bilder frå oppgjeret. I tillegg har me oppdatert våre tabellar og statistikkar. Skal prøva å få lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk etter kveldens trening.
Sjå bilder frå kampen mot Førde 2 HER
Veitastrond opplevde noko så sjeldan som å spela 0-0 i Sognahallen mot Førde 2 i dag. Spesielt då det er sjeldan me spelar uavgjort, og ikkje minst då dette berre er andre gongen i vår historie at ein kamp endar utan mål. Trass i eit mållaust oppgjør så mangla det ikkje på sjansar og dramatiske episodar, men det lukkast altså ingen av laga å gjera det som er viktigaste i fotball, nemleg å scora mål. Med 0-0 på sluttprotokollen sit ein uansett att med ei kjensle om at hadde ein visst dette på førehand så hadde ein ikkje trengt å spelt i det heile...
Les meir HER
Bilder og oppdaterte statistikkar kjem iallefall ikkje i dag...

Leikvoll Stadion er som kjent under vatn, og me kan no bringa dykk bilder frå stadion slik den ser ut no i kveld.
I tillegg til bilder som viser kor mykje vatn som er på bana, så fekk me òg gleda av å ta nokre blinkskot av ein liten andunge som låg å plaska seg rundt det eine cornerflagget. Ekslusive saker med andre ord.
Du kan sjå alle bilda HER
Veitastrond spelar altså mot Førde 2 i morgon, men det blir ikkje den festen me hadde håpa på. Alt låg til rette for ein fin dag på Veitastrond, då værmeldingane var gode, Torodd Kvam var hyra inn som grillsjef og det var venta mykje folk på stadion. Diverre så øydelegg naturkreftene for oss og denne gongen er det vatn på bana som er problemet. Dermed vert kampen flytta til Sognahallen der me spelar for 3. gong i år.
Les meir HER
Grunna flaum på Leikvoll Stadion er kampen mor Førde 2 i morgon flytta til Sognahallen. Kampen byrjar kl 13:30.
At kampen er flytta frå Leivkoll til Sognahallen betyr for oss tapte tilskodarar, tapte inntekter og ikkje minst tapt moro. Me får likevel prøva å gjera det beste ut av det, som vil vera å ta 3 poeng i morgon.
Me kjem attende med meir Før kampen seinare, og kanskje eit bilde eller to frå Leikvoll slik den ser ut nett no...
Kampen mot Førde 2 på måndag er flytta frå kl 19:00 til 14:00.

Det vart tap 3-0 då Veitastrond målte krefter mot Sogndal sine nest beste i Sognahallen på laurdag. Heimelaget kom best i gang frå start og leia 2-0 etter eit kvarter. Derifrå og ut så tetta Veitastrond igjen bakover, og kom meir med i kampen. Det lukkast oss diverre ikkje å scora mål sjølv, og i staden måtte me sjå at SIL2 putta eit mål heilt på tampen og dermed sikra dei seg ein fortent 3-0 siger. Trass tap så føler me at me kom bra i frå det, og me står attende med æra i behold og vel så det.
Les meir HER
Har og oppdatert tabellar og statistikkar...
Veitastrond tapte i dag 3-0 mot Sogndal 2. Til pause var stillinga 2-0.
Referat frå kampen kjem i morgon.

Då har me komme fram til den kampen som truleg må vera ein av dei som symboliserar David mot Goliat best i fotballsesongen 2011. Tippeligalaget Sogndal sine nest beste skal altså ut mot miniklubben Veitastrond, og me kjenner at me kan gå inn til denne kampen utan så veldig forventingpress. SIL2 plukkar truleg med seg ein del spelarar som til dagleg trenar for å spela tippeligafotball, og håpar å spela mot Brann til neste helg. Veitastrond på si side plukkar truleg med seg nokon som til dagleg ikkje trenar så mykje, og likar seg best når dei får ligga på sofaen, klappa seg på magen og rapa høgt. Me kan vel ikkje seia noko anna enn at VIL-fotball gler seg stort til å spela mot Sogndal 2.
Les meir HER
Då har me lagt ut det som kjem frå kampen mot Jølster. Ikkje rare referatet, men grei oppsummering av kampfakta. Me har og oppdatert våre tabellar og spelarstatistikkar etter denne kampen.
No ser me fram til neste dyst, som er Sogndal 2 på laurdag.
Som dei fleste sikkert har fått med seg så vann Veitastrond 1-0 heime mot Jølster på sist fredag. Matchvinnar for VIL vart Frode Kvam då han ekspederte eit innlegg frå Kurt i mål i 2.omgang.
Me har framleis ikkje noko referat frå kampen, men vonar å få dette på plass om ikkje lenge.
Les meir HER
|