Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Juni 2007

 

  • Sumarstid er konkurransetid!!! (28.06.07)

Konkurransekomiteen her på Veitastrond.com må nok vedgå at me har vore litt slappe den siste tida. Det er neste ein månad sidan me avslutta forrige "spørjetime", og dette er litt lengre opphald enn det me har satt oss som mål.

Sidan det no er sommar, sol og ferie som gjeld for spelarane i 6.divisjon satsar me på å servera brukarane jevnlege konkurransar er på Veitastrond.com. Sommarens første konkurranse får du allereie no, og me føler at me denne gongen gjer dykk ei av dei vanskelegaste oppgåvene solangt. Me har sjølve måtte gjera ein del research for å finna fram til svaret, og me vonar at de som brukara og vil gjera ein innsats for å komma fram til rett svar.

Konkurranse 6 finn du HER.

 

  • Even og Johannes (27.06.07)

Heilt sidan Even Kvam vart med Veitastrond i 2005 har han og banemann Johannes Nes hatt eit heilt unikt forhold. Kvar gong me spelar heimekampar på Leikvoll kjem Johannes stormande når han ser at Even entrar bana, og dei to er ikkje til å få i frå kvarandre før kampen startar. I går var det tedensar til panikk hjå Even då Johannes ikkje dukka opp til vanleg tid. Ein fortvila Even spurde alle om dei hadde sett Johannes, og sjeldan har me vel sett Even meir nøgd enn då han såg Johannes komma som eit skot på sykkelen.

Me har tidlegare presentert kule bilder av dei to, og i går stilte dei to villig opp til nye bilder. Legg spesielt merke til at Even i går sto i mål i gul keeperdrakt - dette var eine og åleine ein hyllest til Johannes som nesten alltid har gul t-skjurte når han ser Veitastrond spela kamp!

Har lagt ut bildene frå i går. Dei fleste av desse vil blir brukt til spelarprofilane, og soleis er det kanskje ikkje dei mest spennande bilda me presenterer denne gongen. Uansett så finn du dei HER.

 

  • Veitastrond - Autrland/Lærdal2 2-3 (26.06.07)

Det vart tap nummer to på rappen for VIL i dag då dei tapte 2-3 heime mot Aurland/Lærdal2. VIL leia 2-0 tidleg i kampen, men rota det etterkvart bort. Referat frå kampen kan du lesa HER.

Med dette resultatet gjekk no aurlendingane forbi oss på tabellen. Frå Balestrand meldast det om at Hafslo vann 1-0, og dei ser no ut til å rykka i frå dei andre laga i avdelinga.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Aurland/Lærdal 2 (25.06.07)

I morgon er det klart for vårsesongens siste innsats for VIL-fotball når Aurlan/Lærdal2 kjem på besøk. Tidlegare i sesongen vann VIL borekampen mot desse med heile 6-1. Likevel er det ingen grunn til å ta lett på oppgåva for heimelaget. A/L2 har den siste tida vore det store formlaget i avdelinga, og kjem til denne kampen med 3 strake sigrar i bagasjen. Spesielt kan ein leigga merke til at unggutane slo SIL3 4-2 i Storhallen ei veke før me tapte med 10-4 mot samme motstandar. Skulle det i morgon bli tap for strendingane vil faktisk A/L2 gå forbi oss på tabellen!

Til denne kampen stiller VIL-fotball nesten med eit studentfritt mannskap. Tor Olav er reist for godt, medan Øivind har slutta seg til dei ferierande studentane; Ivar, Helge og Petter. Erlend og Gøran er og reist på ferie og blir heller ikkje med i morgon. Pelle er framleis skad på ubestemt tid, og vert diverre heller ikkje med.

Dette vil seia at det vert store omrokkeringar i førsteellevaren til VIL. Sannsynlegvis så startar desse 11 i morgon; Even - Ole Kristian, Vidar, Frank Robert, Jan Erik - Øyvind, Bjørn, Emil, Geir - Richard, Arne. På benken har me; Jonny, Jon Arne, Øystein og forhåpentlegvis Arvid og Frank.

Verdt å legga merke til er at Even går frå sin vandte backposisjon og ned som keeper. Vidar går frå spiss til midtstoppar, Jan Erik går frå ving til back og meget gledeleg er det å sjå at Øyvind omsider er speleklar og han skal visstnok vera utruleg tent på å endeleg få visa seg fram for store stå på Leikvoll Stadion.

Me vonar det er eit revansjesugent VIL mannskap som i morgon vil visa at kampen mot SIL3 berre var eit eingongstilfelle.

Kampstart er kl: 19:00.

 

  • Siste trening før sommaren (22.06.07)

Veitastrond gjennomførte i går si siste trening før sommaren, og me tek heilt ferie på tysdag etter at me har spela siste kamp for vårsesongen mot Aurland/Lærdal 2. Det skal no gjera godt for nokon og einkvar med ein god månad med fotballfri. Tapet mot SIL3 var ein stor strek i regninga, og me ser og at me blir mindre og mindre folk på trening no etter som mange er reist på ferie.

I alt har me hatt 37 treningar sidan me byrja oppkøyringa i januar. På desse treningane har heile 41 personar vore innom treningsfeltet, og i snitt har det vore ca 16-17 pr trening - noko som må seiast å vera heilt ubeskriveleg bra. Sannsynlegvis har dette vore den beste treningsperioden me nokon gong har hatt. Lat oss berre håpa det held fram på samme viset etter ferien.

Etter den siste treninga ser me no at Bjørn Molland tronar åleine på toppen av treningsstatistikken etter at han i går vart førstemann som passerte den magiske 50 p grensa. Ellers er verdt å merka seg at Helge Skjælaaen framleis er med i tetsjiktet til trass for at han har ein del mindre oppmøte enn dei andre i teten, men tek effektivt igjen dette ved sin høge vinnarprosent på 66,67. Kan og nevna at Arne Nes har ein imponerande vinnarprosent på heile 77,78 på dei 9 treningane han har vore på.

Sidan det ikkje vert fleire treningar i juni månad er månadens spelar allereie klar, og det er nok mange som kunne tenkt å fått navnet på vedkommane. Det får du sjølvsagt ikkje, då dette først blir offentleggjort i statistikken over juni, som kjem ca 1.juli. Kan likevel røpa at prisen for første gong vil denne gongen gå til ein spelar åleine.

Den rykande ferske treningsstatiskken finn du HER

SISTE NYTT; På gårsdagens trening hadde me meg oss sogndølen Kim Andre Navarsete, og ein god del tyder på at han kjem til å skriva under for VIL i løpet av sommaren. Kim Andre spelde så seint som i fjor for Sogndal 2, og han vil bli ei kjempetilvekst for VIL-fotball. Ingenting er klart endå, men me vonar me får til denne omgangen. Me oppdaterar deg så snart det skjer noko konkret rundt denne saka!

 

  • Øyvind Lien (21.06.07)

Har lagt ut spelarprofil til vårt siste tilskot i spelarstallen; Øyvind Lien.

Diverre har det ikkje lete seg gjera å skaffa eit skikkeleg bilde av Øyvind, men dette får me prøva å fixa innan kort tid. Innan den tid får de ta til takke med eit bilde av Øyvind medan han ser kampen Hafslo - Veitastrond frå benken. Han er nummer 4 frå venstre, eller 3 frå høgre om du vil.

Spelarprofilen finn du HER

 

  • Bilder og oppdaterte tabellar (20.06.07)

Har no lagt ut bilder frå kampen i går. Dei er å finna HER.

Har og lagt oppdatert tabellen og spelarstatistikkane under Årets Sesong.

 På tabellen ser me at etter gårsdagens kampar så har Hafslo teke over tabelltoppen etter VIL. Me ser og no at dei to øverste laga ikkje lenger er så suverene som dei har vore hittil. Aurland/Lærdal2 er no plutseleg berre 2 bak oss etter at dei har vunne 3 kampar på rappen. Sogndal 3 skal heller ikkje avskrivast sjølv om dei er ein del poeng bak. Utifrå det me har sett solangt er det nok SIL3 som har vore den tøffaste motstandaner vår og det vil førundra oss om ikkje desse tek mange poeng framover. Dei to siste laga på tabellen er me redd allerie har funne sin plassering...

 

  • Veitastrond - SIL3 4-10 (19.06.07)

Det var ikkje mykje serieleiar tedensar over VIL heime på Leikvoll Stadion i dag. Dei tapte til slutt med dei pinlege siffera 4-10. Les referat frå skandalekampen HER.

Meldingar frå Ylvisåker seier at Hafslo ikkje overraskande vann sin kamp mot Norane med 10-0. Dermed var det over og ut med å tøffa seg på toppen av tabellen for vår del.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Sogndal 3 (18.06.07)

Seriespelet vårt er no komme rundt, og me spelar i morgon mot SIL3 for andre gong denne sesongen. Dette blir den andre kampen vår heime på Leikvoll i år.

Siste nytt framfor denne kampen er at Petter og Ivar har reist syklande heim til sommarferie og sluttar seg dermed opp med Helge som bortreiste studentar. Pelle og Ole Kristian er framleis skada, det er endå ikkje avklart om Øyvind og Jon Arne vert klare til denne kampen heller, Arne kjem til 2.omgang medan Frank og Arvid muligens vert med i troppen. Øivind er venta å vera tilbake i midtforsvaret etter å ha vore ute med skade mot Hafslo.

Sannsynleg lagoppstilling vert; Gøran - Tor Olav, Frank Robert, Øivind, Even - Erlend, Geir, Bjørn, Jan Erik - Emil, Richard. På Benken; Øystein, Jonny, Vidar, Arne, Frank, Arvid, Øyvind og Jon Arne.

Forrige møte desse to laga i mellom enda med 4-3 siger til VIL etter ein meget jamnspelt batalje. Ved sida av Hafslo er utvilsamt sogndølene dei som har gitt oss mest kamp av laga i avdelinga. SIL3 tok som kjendt poeng frå Hafslo, medan dei noko overraskande tapte sist kamp mot Aurland/Lærdal 2.

Laget deira avheng sjølvsagt litt av korleis lag SIL2 stiller med i 3.div i kveld, men uansett kan me venta oss å møte eit ungt lag som er gjennomtrende og mest truleg kan springa opp og ned Leikvoll i samtlege 90 min. Friskt i minne har me haustkampen mot dei på Leikvoll i fjor, då dei reiste heim med alle 3 poenga etter å ha vunne 3-2.

Ikkje heilt sikker på kortid kampen startar, men om me seier at den sparkast i gang i 6-7 tida så trur me ikkje at me er langt unna!

 

  • Status på studentane våre (15.06.07)

Veitastrond har i år hatt med seg 6 studentar på laget.  No når det nærmar seg sommar og eksamenstida er over fell det diverre naturleg at ein del av desse resier heim. Helge reiste som kjent heim allereie etter andre seriekamp mot Aurland/Lærdal2, og fleire fylgjer no etter. Tor Olav reiser diverre for godt, medan dei andre er venta tilbake til haustsesongen.

Les om ståa til våre kjære studentar HER.

 

  • SISTE NYTT;  VEITASTROND - HAFSLO ER UTSETT (13.06.07)

Laurdagens toppoppgjer mellom Veitastrond og Hafslo er diverre utsett då me ikkje klarde å skaffa dommar til kampen. Dette vil seia at kampen vert utsett for tredje gong. Kampen skulle opprinneleg ha gått 8.mai, men då var ikkje Leikvoll Stadion klar til kamp, deretter skulle den gått 26.mai, men då kunne ikkje Hafslo stilla lag og no er det altså dommarmangel som er årsaka.

Det seiast frå kretsen at det er problem med å skaffa dommarar til alle 3.divisjonsoppgjera og då står ikkje ein hengekamp i 6.divisjon særleg høgt diverre.

Dette tykkjer me i VIL-fotball er frykteleg synd då me stort sett hadde alt det praktiske klart til arrangementet. Med rimeleg bra ver er me sikre på at dette ville ha vorte ein folkefest på Leikvoll Stadion, og me hadde venta oss eit tilskodartal på mellom 100 og 200. Sjølv om ikkje nokon av klubbane kunne gjera noko med utsettinga nyttar me likevel høvet til å beklaga ovanfor alle supportarane som hadde sett av laurdagen til fotballkamp på Strondi. Me veit det er mange feriefolk som har planlagt strandatur til helga med lokalderbyet som sjølve høgdepunktet.

Ny dato er ikkje sett, men sannsynlegvis vert det ikkje før til hausten. Dette vil då seia at me får to heimekampar mot Hafslo etter sommarferien, og det er berre å gleda seg til det - berre så synd det er så alt for lenge til!

 

  • Hafslo - Veitastrond 0-0 (12.06.07)

Dramaet mellom Hafslo og Veitastrond vil ingen ende ta. I kveldens toppoppgjer i 6.divisjon enda det 0-0. Dette er soleis første gong i VIL si historie at ein seriekamp har enda mållaust.

Les alt om nervedramet HER.

 

  • Før kampen; Hafslo - Veitastrond (11.06.07)

Brasil - Argentinga, Real Madrid - Barcelona, Rangers - Celtic eller kanskje Everton - Liverpool? vel, gløym dei alle saman og gjer deg heller klar til lokaloppgjeret over alle lokaloppgjer, kjempenes kamp, matchen der me skil mus i frå menn...mine damer og herrer gjer klar for HAFSLO vs. VEITASTROND!!!

I løpet av dei neste 5 dagane skal desse to laga møtast to gonger. Først på Hafslo stadion i morgon og deretter på Leikvoll Stadion, Veitastrond på laurdag. Det går altså mot det ein trygt kan kalla ei helvetesveka og spørsmålet blir kven som kan trona øverst i Luster Kommune!

Les om morgondagenskamp HER.

 

  • Ein spelar ut, ein spelar inn (09.06.07)

Som dei fleste har fått med seg så har ikkje Lasse Vikøren vore å sett verken på kamp eller trening på over ein månad. I utgangspunktet så tok han seg fri frå fotballen under rus(s)etida, og me hadde håpa han ville venda tilbake etter det. Dette har ikkje skjedd så han vert no fjerna frå vår spelarstall. Lasse fekk ingen obligatoriske kampar for VIL, men fekk med seg dei to fyrste treningskampane framafor denne sesongen mot Syril og Kaupanger 2. Me takkar for den vesle stunda Lasse hadde med oss, og skulle han ynskja å spela fotball igjen er det berre å slå på tråden til oss!

Med ein spelar ut så er det på sin plass å få ein ny inn. Den nye VIL-spelaren heiter Øyvind Lien (han med den gule og kule capsen på bildet til høgre) og kjem frå Bergenstraktene og er til dagen student i Sogndal. Han var fyrst med oss på nokre treningar i januar, men sidan han då var litt usikker på kor lenge han ville bli verande i Sogndal vart han ikkje med oss då. No har han bestemt seg for å bli i fruktbygda nokre år, og då var han ikkje sein om å kontakta VIL-leiinga om prøvespel for dei blåe. Dette fekk han sjansen til og  trenarduoen trengde ikkje så veldig lange tid på å sjå at det no er eit nytt stjerneskot som er på plass i VIL sine rekker.

Me veit sant og seia ikkje så fela mykje om Øyvind, men kjem tilbake med spelarprofil om ikkje lenge. Hadde vore fint om du Øyvind ville sendt oss ein mail på admin@veitastrond.com, så har me mailaddressa di og kan senda deg skjema for spelarprofil.

Har planar om å fresha opp alle spelarprofilane med nye bilder om ikkje lenge. Denne gongen vil me ha alle saman korrekt antrukne i Veitastrond sine nye drakter. Dessutan hadde det snart vore på plass med eit etterlengta lagbilde. Det er altså mykje spennande i vente for VIL-fotball og Veitastrond.com.

 

  • Veitastrond i media (06.06.07)

Den observange brukar av Veitastrond.com har sikkert allereie lagt merke til at det no er lagt til ein del lenker til diverse medieoppslag om VIL-fotball. Desse lenkene er å finna i Underhaldnins-delen vår.

Her kan du lesa om linjemannen som vart utvist, 6-6 kampen (som det i dag er eit år sidan) og då Veitastrond starta opp eige serielag. Skulle nokon komma over andre artiklar om VIL-fotball som me ikkje har fått med oss så ta kontakt så er det snøgt me flekkar dei ut på sidene våre.

 

  • Balestrand - Veitastrond 0-3 (05.06.07)

Veitastrond fossar vidare og tok i dag sin 4. siger av 4 moglege i kveldens kamp mot Balestrand. I ein ikkje alt for velspeld kamp vann strendingane 3-0 over Balingane. Les referat frå kampen HER.

Ellers så ryktast det frå Hafslo Stadion at Hafslo avga poeng mot SIL3 i kveld og dermed så tronar me altså åleine på toppen framfor møte med dei neste tysdag.

 

  • Før kampen; Balestrand - Veitastrond (04.06.07)

Etter 3 serierundar står Veitastrond bokført med 9 poeng og tabelltopp med Hafslo hakk i hæl. I morgon er det klart for årets 4.kamp, og for vår del går turen denne gongen til Kreklingen Stadion og møte med Balestrand.

Av fråvær til denne kampen har me Helge Skjælaaen, Frank Heggestad og Per Helge Hågvar. Sistnevnte har sannsynlegvis pådrege seg samme type skade han hadde for nokre år tilbake, og det er usikkert om han i det heile kjem tilbake på fotballbana. Lasse Vikøren har ikkje vist seg på lenge og han kjem om litt til å bli teken bort frå spelarlista. Med Øyvind Lien og Jon Arne Fimreite er det litt usikkert om me får dei klare til denne kampen, men det skal kretsen gje beskjed om i morgon. Ellers er det litt usikkert om Arvid Heggestad bli med utover til belehalli. Bortsett frå dette reknar trenar Emil Heggestad at alle mann er klare til kamp.

Sannsynlegvis så startar me med dei samme 11 som byrja mot Norane; Gøran - Ivar, Frank Robert, Øivind, Even - Petter, Bjørn, Tor Olav, Erlend - Richard, Vidar. På benken har me; Ole Kristian, Geir, Emil, Arne, Øystein, Jonny og Jan Erik, og då kanskje Øyvind og Jon Arne om desse blir klare. Ser ein på dei spelarane som er på benken så skjønar ein at VIL-fotball har eit råsterkt mannskap tilgjengeleg til morgondagens kamp, også får me sjå om dei klarar å innfri forventningane.

Vår motstandar Balestrand har spela 3 kampar der det vart siger mot Norane, uavgjort mot Aurland/Lærdal 2 og tap for Hafslo. Me merkar oss at dei kun reiste til Hafslo me 11 mann og at kampen mot SIL3 vart utsatt då dei ikkje kunne stilla lag. Om dette berre er midlertidige problem eller om dei slit med å skaffa folk seier ikkje historia noko om. Sist gong desse laga møttes var i generalprøven før årets sesong, då VIL vann 4-3 i ein kamp dei burde ha vunne mykje meir komfortabelt. Uansett korleis ein vender og snur på det, så må me nok innfinna oss i å vera favoritt framfor denne kampen.

Kampstart er 18:30, og spelarane møtest på Shell kl 16:15 (Øivind Kristiansen; Shell er bensinstasjonen som ligg ved sida av Rema 1000)

 

  • Vinnar av konkurranse 5 (03.06.07)

Nok ein konkurranse er over her på Veitastrond.com, og me har no trekt ut den heldige vinnaren av den nye knalltøffe VIL t-skjurta. I alt fekk me inn 15 svar der alle hadde komme fram til rett arena som var Selje Idrettspark, og det er sjølvsagt heimebana til Selje.

Vinnaren denne gongen er; Stig Høynes!!!

So vitt me veit er Stig vevansarleg for heimesida til Haugen-fotball. Ei framifrå side som ikkje berre dekkar sin lokale klubb, men og har fyldig resultatservice i frå heile fylket. Me vonar Stig vil briefa rundt oppe i Haugen med tøffe t-skjurta, og kanskje kan VIL-sjappa venta seg ei bestilling eller 5 i frå traktene rundt Haugen.

Konkurransekomiteen trekker seg no tilbake for å klekka ut nye neter for brukarane på Veitastrond.com. I løpet av den kommande veka får me prøva å koka i hop ein ny konkurranse.

 

  • Statistikk for mai (03.06.07)

Har no laga til ein statistikk for mai månad. Denne finn du ved å klikka deg inn HER.

Har og oppdatert treningsstatisikken. Her er me no komne opp i 34 treningar totalt. Helge Skjælaaen har stort sett våre eineherskar her sidan me starta opp i januar, men sidan han no har reist heim til ein tidleg sommarfeire kan han ikkje rekna med å toppa denne særleg lenge. Allereie no må han finna seg i å dela leiinga med Bjørn Molland og Even Kvam, og hans tid på toppen er nok over etter neste trening.

Bjørn har vore å lukta på toppen heile sesongen, medan det er først i den siste tida at Even har karra seg oppover på denne lista, og han har framstått som treningskometen den siste tida.

Treningstatistikken finn du under Årets Sesong, eller du kan ta snarvegen å klikka den inn HER.

Vil gjera merksam på at kåringa av konkurranse 5 vil finna stad i kveld, og vinnaren vil då sjølvsagt bli publisert. Så heng med i svingane på Veitastrond.com!

 

  • Konkurranse 5 mot slutten (01.06.07)

Minnar om at konkurranse 5 er i ferd med å bli avslutta. Fristen er i dag 01.juni, men det vil sannsynlegvis vera mogleg å svara til utpå dagen i morgon. Seinare i helga kjem det og statistikk for mai månad med kåring av månadens spelar.

Er ellers flott å sjå at Hafslo no har fått si eiga heimeside. Denne finn du ved å klikka deg inn på lenker i menyen ovanfor.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com