- Dommar Skjerven med tett program (30.05.07)
- Wales - New Zealand, 26 mai
- Veitastrond - Norane, 29 mai
- Russland - Andorra, 2 juni
Dette er det hektiske programet som gårsdagens dommar på Leikvoll Stadion; Tommy Skjerven har denne veka. Etter kampslutt i går vedgjekk han at dette var første gong han var på Strondi på over 30 år, og soleis skulle det vera vel så eksotisk å vitja oss som det er å dømma kampar nede i låndi. Etter kampslutt var det tydeleg at han hadde storkost seg under kampen og verre vart det ikkje når han fekk grøypa innpå med vaflene til Rakel og Ingrid. Me i VIL-fotball syntes det var stas å bli leia av ein så profilert dommar som Tommy Skjerven, og håpar me får sjansen til dette ein gong i framtida og - då kanskje i ein kamp med litt meir spenning og nerve enn gårsdagens. Meir om denne saka kan de lesa om i morgondagens utgåve av Sogn Avis.
Har no fått lagt innpå bildene frå gårsdagens kamp. Her er bilder som er knipsa av både Per Helge Hågvar og Richard Nes. Du kan nyta dei vene bilda ved å klikka deg inn HER.
- Wuhuuuuu!!! Veitastrond - Norane 19-2 (29.05.07)
Det svei på pungen for alle som er med i scoringsklubben til VIL i dag, då dei sende heim Nørene med heile 19-2 i bagasjen. Referet frå kampen finn du HER.
PS! kjem tilbake med bilder frå kampen om ikkje so fela lenge.
- Før kampen; Veitastrond - Norane (28.05.07)

Veitastrond tek i morgon i mot Norane til årets fyrste heimekamp. Nørene står solangt med 0 poeng på 3 kampar, medan me har full pott på våre 2 fyrste kampar - altså er det duka for ein klassisk topp mot botn kamp på Leikvoll Stadion.
Det skulle likevel ikkje vera nokon grunn til å undervurdera dette Norane laget for VIL. Me hugsar godt forrige gong me tok i mot Norane på Leikvoll i vår fyrste sesong. Den gong var me og store favorittar, men måtte slita oss til ein 6-5 siger i ein minnerik haustkamp. I år ryktast det om ei energisk, men endå litt urutinert spelargruppe ute på Ylvisåker som gjer framsteg for kvar kamp som går. Norane har som kjendt ikkje stilt lag dei siste to åra, men har i år takka vera spelande trenar Kjell Ronny Haugen klart å samla saman ein gjeng til årets sesong. Me ynskjer Norane tilbake til seriesystemet og gler oss til morgondagens batalje.
Det har vore ein del usikkerhetsmoment i VIL-stallen dei siste dagane, men no ser det endeleg ut til å lysna for oss. Både Bjørn, Geir og Frank Robert meldast om å vera klare til kamp, medan Emil og Ole Kristian framleis må stå over. Helge har teke sommarferie, Jon Arne og Jonny er begge i sydligare strøk, Lasse har ikkje meldt sine tenester igjen og er heller ikkje speleklar medan Peller står oppført som usikker til denne kampen.
Sannsynlegvis startar VIL med desse 11 (4-4-2); Gøran - Ivar, Øivind, Frank R, Even - Petter, Bjørn, Tor Olav, Erlend - Richard, Vidar. På benken har me; Geir, Arne, Arvid, Frank, Jan Erik og Øystein. Verdt å merka seg at veteranen Frank Heggestad har meldt seg klar til denne kampen, so får me sjå om trenar Emil finn det verdt å gje han noko speletid.
Kampstart er 19:00, og me oppfordrar store og små til å møta opp til årets fyrste kamp på Leikvoll Stadion!
- Ny konkurranse (26.05.07)
Det er langhelg, og kva passar vel betre enn å køyra i gang ein ny konkurranse? og nettopp køyra er stikkordet i konkurranse 5. Nok ein gong inviterer me brukarane våre til å setta seg i bilen og ta seg ein rundttur i fylket på jakt etter ei ny bane.
Konkurransen finn du ved å trykka på den framifråe logoen som me har mekka i hop tidleg ein laurdags morgon.
Ha ei strålande helg!
- Status spelarstall (25.05.07)
Den spontane skuffelsen som oppstod etter at Hafslo kampen nok ein gong vart utsett har no lagt seg, og Veitastrond er byrja å sjå fram mot neste utfordring, som er årets første heimekamp mot Norane førstkommane tysdag. Ny dato mot Hafslo ser no ut til å bli 16.juni. Dette vil seia at me møter Hafslo to gonger på 4 dagar - 12. juni og 16. juni
Det har i det siste våre ein del fråfall av ymse slag i stallen, og på treninga i går var det kun 11 spelarar som var med. Her kjem ein liten oversikt over statusen på enktelspelarane;
- Helge har som kjent reist heim, og er ikkje venta tilbake før til hausten
- Jon Arne og Jonny har begge fått invilga kvar si ferieveke, og dei held seg no i sydligare strøk. Dei vert ikkje med på kampen mot Norane
- Ole Kristian braut eit bein i hånda mot Aurland/Lærdal 2, og er sjukmeld til 8.juni
- Frank Robert er og sjukmeld grunna ein skade i bryst/skulder. Han er ute på ubestemt tid
- Emil trakka over mot Aurland/Lærdal 2, men er venta å vera tilbake mot Norane
- Bjørn trakka over mot SIL3, stod over mot A/L2, men var i lett trening i går. Er sannsynlegvis med mot Norane
- Geir har slitt med ein lyskestrekk som haldt han utanfor i forrige kamp, men er venta tilbake mot Norane
- Pelle har slitt med beinhinnbetennelse ei stund, og det er litt usikkert korleis det går med han. Er muligens med mot Norane
- Frank, Arne og Arvid er alle opptekne herremenn, og er difor berre med på ei trening og ein i kamp i ny og ne. Forhåpentlegvis kan nokon av dei vera med på tysdag
- Lasse forsvant sporlaust då russetida byrja. Litt usikkert på kor han står i dag, men me håpar han snart er tilbake på treningsfeltet til VIL
Grunna ein del fråfall har det sportslege apparatet sett seg nøydd til å henta inn forsterkningar. Dei har difor hatt med seg Øyvind Lien frå Bergen på prøvespel dei siste vekene, og han vil i næraste framtid få eit kontraktsforslag frå VIL. Kortid han blir speleklar er litt usikkert, men det vert sannsynlegvis ikkje så alt for lenge til. Sjølv om ikkje Øyvind er 100% klar, vil me likevel nytta høvet til å ynskja han velkommen til klubben. Me kjem sjølvsagt tilbake med meir info og spelarprofil når alt er i boks.
Kan ellers formidla at den nye gjesteboka vår har vore ein stor suksess so langt. Har difor langt den til i menyen ovanfor, og dette vil seia at diskusjonsforumet vårt er ein saga blått - utan at nokon kjem til å sakna det so fela. Oppmodar alle brukarane til å nytta gjesteboka like flittigt som de har gjort i starten.
Er sikkert ein del som saknar ein ny konkurranse er på Veitastrond.com. Til det kan me røpa at komiteen er i ferd med å koka i hop nye neter til brukarane, og kanskje kjem det ein ny allereie før helga er omme.
- Helge tek ferie (24.05.07)

Han har leia treningsstatistikken sidan me byrja i januar, og etter 2 seriekampar står han bokført med 2 mål, 5 assist og 6 av 6 moglege VIL-stjerner. Det er liten tvil om at Veitastrond kjem til å sakna sin midtbanestrateg Helge Skjælaaen no når han har reist heim til Bergen på sommarferie.
Helge er student i Sogndal, og no når han er ferdig med alt som heiter eksamen tek han seg ein velfortent sommarferie. Me skulle sjølvsagt hatt han med i dei resterande kampane på vårsesongen, men får heller gleda oss over at han kjem tilbake og får med seg det meste av haustsesongen. Me ynskjer Helge ein saligt god ferie, og gleder oss allereie til å få deg tilbake...
Dette kan sjølvsagt vera problemet med å ha studentar på laget at ein aldri veit kortid dei tek ferie. Av dei studentane me no har igjen reknar me likevel med at både Ivar, Petter og Øivind får med seg det meste av sesongen, medan det ryktast atTor Olav snart flytter heim til Suldal for godt.
- WeHeHeeey; Aurland/Lærdal 2 - Veitastrond 1-6!!! (22.05.07)
Veitastrond tok i dag 3 nye poeng då dei bomba Aurland/Lærdal 2 fullstending saman, og reiste heim med 6-1 siger i sekken. Les referat frå kampen HER.
Eit lite skår i gleden i dag er at me på turen heim fekk beskjed om at heimekampen mot Hafslo nok ein gong vil bli utsett. Kampen skulle opprinneleg ha gått 8.mai, men grunna banetilhøva på Leikvoll vart den først utsett til forrige laurdag, men då måtte Hafslo melda avbud. Det samme må dei altså gjera til kampen no på laurdag og ny dato er muligens 16.juni.
Grunnen til Hafslo i dag var at dei ikkje hadde keeper. Me i VIL-fotball må vel innrømma at me ikkje tykkjer at fråfall frå enkeltspelarar skal vera gyldig grunn til å utsetta kampar. Når ein spelar i 6.divisjon er det alltid nokon som kan gå inn å gjera ein brukandes jobb mellom stengene. Me vil ikkje seia så mykje meir om saka her og no, men oppmodar brukarane om å komma med sine reaksjonar i vår nye alle tiders gode gjestbok....
- Gjesteboka (22.05.07)

Det er vel ingen hemmeleghet at diskusjonsforuemt vårt ikkje har vore så vellukka som me hadde håpa på. Her er det stort sett daudt som i grava, og me har ein mistanke om at dette skuldast at det vert for tungvindt med registrering, innlogging og alltid måtte skriva med samma navn.
Difor har me teke følgjene av dette og lanserer no gjesteboka. Har jobba med denne ideen ei god stund, og no har me endeleg fått til eit produkt me er nøgde med. I første omgang er dette eit prøveprosjekt og einaste linken til gjesteboka blir å finna her på Nyhende avdelinga. Om det ikkje blir slik som me håpar på så blir den naturlegvis fjerna. Disk.forumet blir framleis å finna i menyen ovanfor, men me ventar ikkje noko stor innrykk her med det første.
Me oppmodar alle om å nytta gjesteboka både til å senda oss ei helsing og å diskutera heftigt so ser me korleis dette endar!!!
- *VIKTIG MELDING* Dagens kamp er flytta til Lærdal (22.05.07)
Dagens kamp mot Aurland/Lærdal 2 er flytta frå Aurland til kunstgrasbana på Lærdal. Dette på grunn av at ei miniputturnering i helga har øydelagt bana inne i aurland. Kampstart er framleis kl 19:30, men for vår del så blir avreisa frå Sogndal utsett med ein halvtime til kl 18:00. Hugs kunstgrassko!
- Tett på nett med Emil Heggestad (21.05.07)
Då har me endeleg fått gjennomført nettpraten med trenar Emil. Du finn alle hans svar og nokre bilder frå seansen HER.
- Før kampen; Aurland/Lærdal 2 - Veitastrond (21.05.07)
Det nærmar seg tysdag og ny serierundei 6.div avd 1. Veitastrond tek denne gongen turen inn til Aurland for å spela mot det samansette laget av aurlendingar og lærdøler.
Av det me veit så er Frank, Bjørn og Pelle uaktuelle til denne kampen, medan Geir, Arne, Arvid og Lasse står på lista for usikre. Midtbanegeneral Bjørn Molland er altså ikkje klar etter at han trakka over i opningsminutta mot SIL3. Papira for Jon Arne og Ole Kristian er no ordna og desse er meldt om å vera fit for fight til denne kampen.
Sannsynlegvis så startar VIL med desse 11 i morgon; Gøran - Ivar, Øivind, Frank Robert, Even - Helge, Emil, Tor Olav, Petter -Richard, Erlend. På benken har me då; Jon Arne, Ole Kristian, Øystein, Jonny, Vidar og Jan Erik og muligens eit par av dei som har status usikre.
Aurland/Lærdal 2 har starta sesongen med å spela 0-0 mot SIL3 og 5-5 mot Balestrand. Av det me kan lesa på nettet verkar det som ein del av dei erfarne aurlendingane er bytta ut mot unge lærdøler i år, dvs at me kan venta oss å få ein motstandar ikkje ulik det me hadde mot SIL3. I morgon tek dei i mot oss på ei bana som me av tidlegare erfaring veit er i god stand og ikkje minst er blant verdas største baner (verkar i allefall slik). Soleis skulle det meste ligge til rette for finspel i morgon. Til Veitastrond.com stadfestar trenar Emil at han vil sjå finspel, men at han og vil sjå eit VIL lag som trykkar til i duellane i samtlege 90 minutt. Mot SIL3 var det til tider flaut å sjå at unggutane deira vann over halvparten av duellane mot våre menn.
Me ynskjer våre staute menn lykke til!
PS!!
Seinare i kveld er planen at me endeleg skal få gjennomført tett på nett med trenaren vår.
Det er no ikkje mogleg å senda inn spørsmål til tett på nett med Emil lengre. Me beklagar at dette har drygd litt lengre enn me i utgangspunktet hadde håpa, men det har seg no ein gong slik at Emil Heggestad er ein travel mann og det har faktisk ikkje lukkast Veitastrond.com å fått ein plass på timeplanen hans endå. No kan det sjå ut som om me endeleg har fått "time" hjå Emil, og i løpet av veka reknar me med å stilla han eit haug med knakande gode spørsmål.
Skulle det framleis vera at nokon har spørsmål dei vil stilla Emil så anbefalar me å ta kontakt med hovudpersonene sjølv.
Heimekampen mot Hafslo som i første omgang vart flytta frå tysdag 8.mai til førskommande laurdag er no flytta endå ein gong. Slik det ser ut no vil kampen gå laurdag 26.mai kl 14:00, altså på sjølvaste pinseafta. Dette får ikkje større konsekvensar enn at me har fått melding i frå England at FA er særs skuffa over at det ikkje vart noko av superlaurdagen med Veitastrond-Hafslo kl.13 og Chelsea-Man.Utd kl 16. Diverre var det så mange så hadde kjøpt billett til sistnevnte oppgjer at det vart for mykje bal med å flytta denne kampen. Neste kamp for VIL-fotball bli då på førskommande tysdag når me tek turen til Aurland.
På grunn av 17.mai i går så trenar me staden i kveld kl 19:30 inne på Hafslo. Dette blir første gong for året at me trenar på gras, og det skal bli godt å få trekken frå Strondi i fleisen medan me spelar!
- Bilder frå kampen i går (16.05.07)

Har no lagt ut bilder frå gårsdagens kamp. Du finn dei HER.
I tillegg har me lagt ut alle svara me har fått inn til tabellkonkurransen vår slik at folk sjølve kan ha sjansen til å sjå korleis dei ligg an underveis.
- JEEEEESS; SIL 3 - VIL 3-4 (15.05.07)
Veitastrond henta i dag inn 3 poeng i årets fyrste seriekamp. I eit nervedrama av dei sjeldne så var det sjefen sjølv; Emil Heggestad som til slutt avgjorde kampen. Les referat frå kampen HER.
- Før kampen: Sogndal 3 - Veitastrond (14.05.07)
Det er klart for første seriekamp, og me gjer deg ein fyldig før kampen reportasje. Du finn den HER. (*no med dei 11 som startar for VIL)
Er litt usikkert kortid tett på nett med Emil Heggestad vil bli gjennomført. Forhåpentlegvis får me tid seinare denne veka. Solangt har me fått inn mange spørsmål og me vonar de held fram med å senda inn heilt til møtet finn stad. Ny konkurranse vil bli publisert etter nett-møtet med Emil!
- Tabellkonkurransen er avslutta (12.05.07)
Då er tabellkonkurransen avslutta. Kjem om litt til å legga ut alle svara me har fått inn...
- Status på treningane (11.05.07)
På måndag denne veka møtte som vanleg heiltende strendingar opp til trening i Storhallen kl 18:00. Det ingen visste var at VIL allereie hadde hatt sine siste treningar i hallen for året, og dermed sto me der med skjegget fullt i postkassar, men utan nokon stad å trena.
Sidan me då er ferdige i hallen hadde me i går årets første trening i fri luft. Treninga vart halden på grusen ute på Ylvisåker, då det ikkje lukkast oss å skaffa bana på treningsfeltet på Hafslo. Framover reknar me med at me kjem til å ha ein trening i veka i tillegg til kamp. Desse treningane vil sannsynlegviss bli haldne delvis på Hafslo og delvis på Strondi.
Så langt har me no hatt 30 treningar denne sesongen. Oppmøtet har heile vegen våre upåklageleg, og me har no håp om å dra med oss det gode treningsgrunnlaget inn til seriekampane som startar på tysdag mot Sogndal 3 i Storhallen.
Har lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk HER.
Minner om at fristen for å levera inn svar til tabellkonkurransen går mot slutten. Har du planar om å vera med her er det på tide at du får røvi i gir og leverar inn svar på raude rappen.
- Sirkuset er i gang (09.05.07)

Medan Veitastrond og Hafslo utsette sin opningskamp så var dei andre laga i avdelingen i aksjon i går kveld.
På Aurland stadion var vår eigen Frank Heggestad i aksjon då han dømde oppgjeret mellom Aurland/Lærdal 2 - Sogndal 3. Resultatet vart 0-0 i ein ikkje alt for velspelt kamp, der SIL3 jamt over var eit lite hakk vassare enn aurlendingane. Etter dei rapportane me har fått så hadde Frank full kontroll på kampen og kom nett sovitt i fokus då han heilt korrekt dømde straffe til SIL3 - ein straffe som dei bomma på...
På Ylvisåker ga Balestrand eit varsku til dei andre laga i avdelingen då dei vann heile 6-1 mot Norane.
- Sesongkort og scoringsklubb (08.05.07)

Endeleg har du sjansen til å kjøpa deg sesongkort og melda deg inn i scoringsklubben vår. Høyres dette spanande ut så finn du meir info HER.
- Serieopninga utsatt (07.05.07)
Mange fekk nok bakoversveis då terminlista for årets 6.divisjon vart offentleggjort. Lokaloppgjeret over alle lokaloppgjer; Veitastrond - Hafslo i fyrste kamp er ikkje akkurat kvardagskost. Dette er nok og grunnen til at dei to klubbane saman med dommar Torstein Egil Kvam har valt å utsetta kampen til laurdag 19.mai kl 13:00. Riktignok skal det og takast med at Leikvoll Stadion ikkje er 100% speleklar og ein kan kanskje undra seg over kvifor fotballkrinsen gjer oss heimekamp i seriestarten..
Dette vil då seia at vår fyrste seriekamp blir borte mot Sogndal 3 i Storhallen tysdag 15.mai. Det vert mest truleg ikkje aktuelt med fleire treningskampar før den tid, og no gjeld det å få seg ei god treningsveka og halda alle mann skadefrie.
Har no valt å setta svarfristen på tabellkonkurransen til fredag 11.mai, og fristen til å senda inn spørsmål til Emil blir søndag 13.mai...
- Tett på nett med trenar Emil (06.05.07)

Seriestarten er rett rundt hjørna og me tykkjer det er på tide å ta ein prat med vår eminente trenar Emil Heggestad, for å få hass synsvinkel på ståa i VIL-fotball før det heile brakar laust. I denne anledninga vil me og invitera deg som brukar til å stilla Emil eit spørsmål eller berre senda han ei helsing...
For meir info går du inn HER.
Siste nytt om seriestarten på førstkommande tysdag er den kampen vil bli utsett til laurdag 19.mai. Dette vil seia at vår fyrste kamp blir tysdag den 15.mai borte mot Sogndal 3. Desse forholda er ennå ikkje 100% avklara og me kjem tilbake med meir info så snøgt det dukkar opp noko nytt.
Kan og melda om at svarfristen på tabellkonkurransen vil bli utsett nokre dagar. Vonar med dette at me vil få inn fleire svar enn det me har fått til no. So her er det berre å hyva seg rundt og levera tipsa dine hjå oss!
- Pressemelding frå VIL-fotball: "Arrangering av treningskampar i 6.divisjon" (04.05.07)
Veitastrond spelde som kjend treningskamp mot Balestrand i går kveld. Sjølve kampen gjekk føre seg på ei flott kunstgrasbane og i ein behageleg atmostfære mellom dei to laga.
Likevel var det ein del ting rundt sjølve arrangementet me i VIL-fotball reagerte på. Det byrja allereie då me ankom Balestrand. Her var det berre ein representant frå Balestrand som tok i mot oss. Her meinar me at BIL burde ha hyra inn t.d. elevar ved Sygna som kunne opptredd som skjerpaer for oss, men i staden måtte me altså bruka unødige krefter på å sjølve draksa med oss bagasjen inn til garderoben.
Bedre vart det ikkje då me kom inn i garderoben. Her fann me til vår store froskrekking ut at det ikkje var servering av frukt og grønt før kampen. Ein del av spelarane våre har faste rutinar før kampar, og for mange inneber dette raske vitamininntak i form av frukt og grønnsaker. VIL-målmann Gøran Fimreite har til dømes gjort seg avhengig av å knaska i seg eit par-tre gulerøtter før kvar kamp, og ikkje utan grunn sjølvsagt; "Heilt sidan eg var ein 6-7 år har foreldra mine sagt eg må eta mykje gulerøtter då dette er særs bra for spenstn min. Ein kan berre sjå på kaniner til dømes, som er utruleg lette på foten, og dette kjem først og fremst av at dei et så mykje gulerøtter. Riktignok kan ein risikera å få lange øyrer og, men dette er ein sjanse eg er villig til å ta", uttalde ein skuffa Gøran etter kampen som ikkje ser vekk ifrå at han kunne ha redde på eit og to av måla som Balestrand scora om han hadde fått sin vanlege dose med gulerøtter før kampen.
Tilgangen til drikkevatn var heller ikkje mykje å skryta av. Einaste tappemuligheten me hadde var inne på sjølve toalettet, og alle som har spelt fotball veit at det ikkje fristar særleg for materialforvaltaren å tappa ei korg med flasker etter at halve laget på førehand har vore å tømt ryggen. "Ein ufyseleg jobb som eg ikkje unnar nokon", sa kveldens materialforvaltar Geir Aardal.
Ellers må me seia at vaktholdet under kampen heller ikkje var mykje å rope hurra for. Blant anna måtte VIL spelarane gå den lange vegen frå garderoben og ned til bana utan at nokon passte på at uvedkommande tok seg bort til dei. "Ubehageleg", var alt VIL-guru Emil Heggestad hadde å sei om den opplevinga.
VIL-fotball håpar at dei andre laga i avdelinga tek lærdoma av feila som vart begått hjå Balestrand i går kveld. Me reknar med at fotballkrinsen tek eit oppgjer med dei aktuelle laga som ikkje klarar å tilfredstilla krava som me trass alt har i samband med treningskampar i 6.divisjon!
-Styret i VIL-fotball-
Ha ei triveleg helg!!!
- Balestrand - Veitastrond 3-4 (04.05.07)
Veitastrond vann i går fullt fortjent 4-3 mot Balestrand, etter at heimelaget leia 1-0 til pause. Les referat frå kampen HER.
- Før kampen; Balestrand - Veitastrond (03.05.07)
Veitastrond reiser altså i dag for å spela mot Balestrand på kreklingen stadion, med avspark kl 17:00. Historisk sett er Balestrand eit lag me har hatt bra taket på, og på dei 6 kampane me har spelt står me med 3 sigrar, 2 uavgjort og 1 tap. Spesielt godt hugsar me 13-3 sigeren heime på Leikvoll i fjorårssesongen.
Seriestart i 6.divisjon er oppsett til førstkommane tysdag, og dagens kamp blir mest truleg vår generalprøve før det heile sparkast i gang. VIL-fotball har spelt 4 treningskampar før i år og står bokført med 4 tap og ein målskilnad på 5-21. No har riktignok motstanden vore meget bra, og me har til tider vist bra takter offensivt. Defensivt derimot har det vore dårlege greier, og ikkje minst siste kampen mot Bjørn var urovekkande for eit hardtsatsande VIL lag. I dagens kamp hadde det smakt godt for sjølvkjensla å få med seg eit resultat mot divisjonskollegan frå Belehalli. I motsetnad til Bjørn kampen spelar me i dag på ei nydeleg bane, så i dag kan me ikkje skulda på underlaget. Likevel må spelarane visa ei heilt anna vilje i duellspelet i dag enn dei gjorde inne i Gaupne, og ikkje minst må dei visa ei vilje til å vinna fotballkampar. "Eg vil sjå finspel og blod" seier trenar Emil om det han vil sjå frå sine disiplar i dag.
Sannsynleg første 11`ar; Gøran - Tor Olav, Emil, Øivind, Ivar - Petter, Bjørn, Helge, Erlend - Richard, Geir. På benken har me; Øystein, Ole Kristian, Jon Arne, Jan Erik og Lasse.
Det vil seia at følgande spelarar har meldt forfall (litt for mange); Arvid, Arne, Vidar, Even, Jonny, Frank Robert, Pelle og Frank.
Veitastrond.com ønsker lykke til!
- Statistikk for april og treningskamp mot Balestrand (01.05.07)
Har laga til litt statistikk frå forrige månad som du finn HER. I tillegg har eg oppdatert treningsstatistikken som du finn HER.
På førstkommande torsdag tek Veitastrond turen til Balestrand for å spela treningskamp mot balingane på Kreklingen Stadion. Kampen byrjar kl 19:00, og me har avreise kl 17:15 frå Shell (ikkje Statoil/TESS(!). VIL-fotball vil dermed halda fram jakta på sin første siger for sesongen. Kjem tilbake med meir info rundt kampen om ikkje lenge, men ikkje nett no.
Ha ei framleis god 1.mai feiring ute i finaveret!