- Fleire bilder frå Gaular kampen (30.05.08)
Det var sikkert mange som la merke til ein ukjend mannsperson med ei enorm linse (på fotografiapparatet sitt...) som luska rundt på Leikvoll i går kveld. Dette var den lokale kjendisfotografen Eivind Nordvik Hauge, som tok ei rekke bilder som du i dag kan finna på Firda sine heimesider. Har lagt ut ein link til bildene der, som ligg under Underhaldning i menyen ovanfor.
I tillegg til dette har og Eivind nytta høve til å gjera klubben i sitt hjarte ei teneste, og han har sendt nokre bilder til oss som må får nytta her på veitastrond.com. Desse bildene kan du finna HER
Me takkar Eivind for hass bidrag, og ynskjer deg velkommen attende for å knipsa meir når du føler for det...
- Veitastrond - Gaular 4-2 (29.05.08)

Veitastrond vann i dag komfortabelt 4-2 i det som var sesongens fyrste heimekamp på Leikvoll Stadion Til pause leia VIL 3-0 etter å ha scora omtrent 3 identiske mål frå corner. Med denne sigeren i lomma står me no med 3 strake sigerar, og me viser at me for alvor har tenkt å vera med i toppen av 5.divisjon!
Les alt om kampen HER
Ettersom at Bjørn vann sin kamp mot Vadheim/Høyang 2 med 3-1 i kveld så ligg me no på ein 2.plass bak gopningane...
- Før kampen; Veitastrond - Gaular (28.05.08)

Endeleg - etter å ha byrja med 3 strake bortekampar er det no duka for årets fyrste heimekamp. På motsatt side står for oss det ubeskrevne bladet Gaular, på sidelinja står vårt elleville publikum, bak mål står vår største fan Johannes og i kisoken står Rakel og Ingrid klar med pølser og heimelaga potetkaker - det er så me allereie kjenner lukta av Leikvoll Stadion.
Les alt om fyrste heimekamp HER
- Vinnar av konkurranse 12 (27.05.08)
Då er konkurranse 12 unnagjort, og me har trekt ut ein heldig vinnar av eit sesongkort på Leikvoll Stadion.
Det såg ikkje ut som at oppgåva vår var så veldig utfordrande, for me fekk inn heile 19 svar og alle visste at det var ball nummer 2 som var den riktige. Det var dermed ingen som trudde at rett svar var ball nummer 4, som såg ut til å komma ut av baken til Arne Nes - det ville i tilfelle ha vore ein skikkeleg røvabadl!
Me er særs glade for å sjå at oppslutnaden rundt denne konkurransen var så bra, og særleg morosamt at svara kjem inn frå både nært og fjernt...
Likevel skal me ikkje så veldig langt ifrå Leikvoll Stadion for å finna vinnaren vår. Det vil seia at me skal ca 50 meter i retning heimover, og der finn me Anette Molland. Ho er den griseheldige vinnaren av eit sesongkort på Leikvoll Stadion.
Me gratulerar!
Hafslo vann igjen
I ein kamp i 5.divisjon avd 1 tjuvstarta Jølster 2 og Hafslo den 4 serierunden i kveld, der Hafslo vann komfortabelt 5-1.
Hafslo leiar dermed tabellen enn so lenge, medan Jølster 2 verkar håplaust fortapt på botnen...
- Helge is back in town (26.05.08)

...men foreløpigt berre for nokre dagar.
Det var ville tedensar blant VIL-fansen då Helge Skjælaaen i kveld møtte opp på treningsfeltet for fyrste gong i år. Helge har vore i praksis med studiene i heimbyen Bergen dette semesteret, men er venta tilbake for fullt frå haustsesongen av. På økta i kveld viste han fram sin arrogante spelestil med kjappe fintar og frekke tunellar - nett slik me hugsar han frå fjorårsesongen. Kanskje skorta det litt på kondisjonen, men dette reknar me med kjem seg i løpet av sumaren. Me ynskjer i allefall Helge velkommen tilbake, og me gler oss til du er attende for fullt til hausten.
Oppdatert treningsstatistikk
Har no hatt 5 treningar sidan forrige oppdatering av treningsstatistikken, og før spelarane går på veggen av spenning føler me det er på tide å legga ut ein ny update, som du kan finna HER
Sidan sist kan me sjå at Even Kvam har auka si leiing i toppen med 2 poeng, slik at han no leiar med heile 5 poeng. På 2.plass har Richard Nes fått seg ei luke på 4 poeng ned til Bjørn Molland og Gøran Fimreite som ligg på delt 3.plass med 30 poeng.
Even og Richard er og dei to som har vore på flest treningar. Med sine 22 oppmøte har dei berre gått glipp av ei trening kvar.
Even har klart best vinnar % av dei som har vore på 4 treningar eller meir. Han har vore på vinnarlaget i 77,27% av dei gongene han har vore på trening. Også Ole Kristian Vikheim og Kurt Heggestad har god utteling med henholdsvis 70,59% og 75,00%.
Petter Fagerli er den som imponerar minst når han møter opp. Han har ein vinnarprosent på skarve 31,58 %
- Avslutning av 3. serierunde (24.05.08)
Den 3. serierunden i 5.div avd 1 vart i går avslutta med dei to siste kampane.
I den eine kampen serverte Gaular eit skremmeskot til resten av laga i avdelinga då dei slo Jølster 2 med heile 9-1. Gaular som er venta å kjempa i toppen fekk seg då sine 3 fyrste poeng, medan Jølster 2 allereie verkar håplaust fortapte med 0 poeng og elendig målskilnad.
I den andre kampen i går fekk Vadheim/Høyang 2 heng på teten då dei slo Breimsbygda med 4-3. Dei er dermed a poeng med VIL og Kaupanger 2 som alle ligg 1.poen bak serieleiaren Bjørn.
- Kaupanger 2 - Veitastrond 2-3!!!!!!!! Jeeeeessssss (22.05.08)

I ein tøff og intens kamp der nervene var i høgspenn igjennom samtlege 90 minutt tok Veitastrond med seg alle 3 poenga frå Kaupangerskogen i dag. I dag var Veitastrond dødeleg effektive framfor mål, og til trass for at me spelemessigt ikkje var heilt på topp så kjempa me til oss sigeren. Dette resultatet er særs viktig for oss, og me er no for alvor med heilt der oppe. Dette var ein herleg siger, og ein herleg dag for Veitastrond Fotball!
Les meir om kampen HER
- Før kampen; Kaupanger 2 - Veitastrond (21.05.08)

Etter 2 lange bortekampar vert det i morgon ein kortare tur for oss når me gjer oss klar for årets fyrste lokalderby, borte mot Kaupanger 2. Det er ein stor tropp som er klar for denne kampen, som på mange måtar vert ein vera eller ikkje vera i toppen for vår del.
Les meir om kampen HER
Hafslo og Bjørn spelte 2-2 då dei i går opna den 3.serierunder i 5.div avd 1. Dette var det fyrste av i alt 6 ulideleg spanande lustraderby denne sesongen...
- Ny konkurranse (20.05.08)
Etter over 3 månadar i dvale er endeleg konkurranse gjengen tilbake med ein ny heilsprø konkurranse.
Denne gongen er det ein konkurranse form som skulle vera kjendt for dei fleste, og me kan i tillegg lokka me kjempeflott premie.
Dersom du ikkje er heilt på jordet klikkar du deg inn HER, og svarar så snøgt som råd..!!!
- Nytt treningshus på Veitastrond (19.05.08)

Då me rundt juletider i fjor så smått byrja å trena i det nye treningshuset på Veitastrond var det for mange ein draum som var gått i oppfylling. Etter ca 1,5 år med intens dugnadinnsats stod endeleg huset ferdig, og me kunne ta farvel med gamle Reinestova til for fordel for nye og moderne lokale.
Me har laga til ein reportasje om historia til huset, og kva ein kan finna her. Det ligg og med eit større bildegalleri.
Les meir HER
Bjørn og Kaupanger 2 festa i dag grepet i 5.div avd 1 då dei vann sine kampar, og toppar tabellen med 6 poeng etter 2 kampar. Bjørn vann 4-1 heime mot Breimsbygda, medan KIL2 vann 3-1 borte mot Jølster2.
Dette avslutta då den andre serierunden, og om berre 2 dagar sparkar Bjørn og Hafslo i gang den 3.runden. Me spelar som kjendt vår neste kamp to dagar seinare mot serietoar KIL2.
For å sjå tabellen klikkar du deg inn på `Årets sesong` i menyen ovanfor...
- Ny dato for Kaupanger 2 - Veitastrond (16.05.08)

Vår neste seriekamp borte mot KIL2 er flytta frå søndag 25.mai til torsdag 22.mai kl 19:30, altså om ei knapp veke.
Kampen er flytta etter ønske frå begge laga då det er konfirmasjon på Kaupanger den 25.mai, medan me hadde mange spelarar som var bortreist denne veka. Så då passe det som hand i hanske for begge laga å heller spela kampen eit par dagar før.
Vår kampkoordinator Frank Heggestad legg ved at han har strekt seg langt for å få til dette, og at han faktisk har måtte ta ein dato der han sjølv ikkje har anledning til å vera med.
- Vadheim/Høyang 2 - Veitastrond 1-4 (14.05.08)

Veitastrond overbeviste stort då dei i dag vann 4-1 borte mot Vadheim/Høyang 2 etter at det stod 2-0 til pause. Til tider så vart heimelaget utspelt av eit angrepsvillig VIL-lag, og hadde det ikkje vore for eit enormt sjansesløseri i 1.omgang ville nok sigeren vorte endå større.
Les meir om kampen HER
I ein annan kamp i avdelinga vår så vann Hafslo 2-1 heime mot Gaular.
- Siste nytt før kveldens kamp (14.05.08)
Jon Arne, Ole Kristian, Arvid og Vidar vert ikkje med til kveldens kamp. Dette vil ikkje få noko konsekvensar for fyrste 11`aren, men på benken får me då berre Øystein, Øyvind, Jan Erik og Gaute.
Sidan me vert så få har me og avbestilt bussen, og grunna økonomiske hensyn køyrer me bilar. Avreise vert som planlagt kl 16:15 frå Skysstasjon.
- Før kampen; Vadheim/Høyang 2 - Veitastrond (13.05.08)
Etter det forsmedelege tapet mot Breimsbygda i fyrste serierunde har det vore ei lang ventetid for eit revansjesugent Veitastrond, men i morgon er endeleg ventetida over. Då tek me ferja over til Dragsvik og køyrer vidare til Høyanger for å spela mot Vadheim/Høyang 2 på Sletta.
Les meir om kampen HER
- Gladnyhende frå Vidar Vadseth (10.05.08)

For ei tid tilbake fekk VIL-fansen sjokkmeldinga om at superspiss Vidar Vadseth var ute med ein kneskade heilevårsesongen. No har Vidar har vore på MR-undersøking, og då viste det seg at smerta til Vidar kun var av typen hypokonderi og legen kunne erklera han frisk. "Herleg å vera tilbake", seier Vidar i ein kort kommentar til Veitastrond.com. Dermed er han truleg med å kjempa om ein plass på topp i kampen mot Vadheim/Høyang 2.
Kan ellers melda om at me no har fått fast treningstid på treningsfeltet på Hafslo kl 19:30 på måndagar. Med dette vonar me at me vil få betre struktur på treningane våre, og at oppmøte vil stabilisera seg på eit høgt nivå framover. I veker utan kamp kjem me til å halda ei trening til, som truleg vil verta på vår eiga leikegrind Leikvoll Stadion.

Ei stund sidan me har kunne presentera ein profil her på veitastrond.com, men i dag er me endeleg tilbake. Denne gongen gjer me dykk profilen til ein av dei få som har vore med sidan starten i 2004; Geir Aardal. Med sine 44 kampar i VIL-trøya er han den som har spelt 4. mest kampar for klubben. Opp igjennom desse åra har han truleg prøvd seg i samtlege posisjonar på bana utanom som keeper, og stort sett meistra alle rollane på framifrå vis. Geir innehar og ein av rekordane til klubben - ingen andre kan matcha dei 13 gule korta han har fått så langt i den blåe trøya, og ein skal ikkje sjå bort ifrå at det vert fleire i framtida. Du finn profilen hass under Spelarane i menyen ovanfor.
Med dette manglar me no berre 3 profilar, og me reknar med at desse no kjenner presset og leverer sine profilar i aller nærmaste framtid.
- Første runde i 5.div er ferdigspelt (07.05.08)
Den fyrste runda i avdelinga vår er no ferdigspelt etter at Kaupanger 2 vann 3-2 heime mot Hafslo i går kveld.
Likevel kan det sjå ut som at siste ord ikkje er sagt i denne kampen. For Hafslo er nemleg så misnøgde med avgjersla til dommar om ikkje å dømma frispark ved siste målet til KIL2, at dei no skal levera inn protest til kretsen. I følge sine eigne heimesider vonar dei at dette skal gje dei anten 1 poeng eller omkamp. Me i VIL-fotball tykkjer dette er heilt på sin plass av Hafslo, og me er overbeviste om at dei kjem til å få tilbake minst 1 poeng, ja kanskje alle 3... Me oppfordrar alle andre lag i seriesystemet til å følga Hafslo sitt gode eksempel her, og levera inn tilsvarande protestar kvar gong dei er misnøgde med enkelt avgjersler til dommaren. Det vil utvilsamt vera meget gode signal kretsen gjer ut dersom Hafslo då får medhald i dette (.....eller ikkje)
- Første heimekamp er utsett (05.05.08)

I dag vart det bestemt at neste seriekamp mot Vaheim/Høyang 2 den 14.mai vert spelt på bortebane, og me spelar i staden heime mot dei til hausten. Grunnen til dette er sjølvsagt at Leikvoll Stadion ikkje vert klar for fotballkamp innen denne tid. Slik som status er nå ligg det truleg heilt i grenseland på at bana vil vera snøfri om ei god veke, men me tek ingen sjansar og vel å byta kampen i god tid. Heldigvis så var dette greit for Vadheim/Høyang 2. Alternativet ville vore at me hadde spelt på ei gjørmete Leikvoll, eller eventuelt flytta kampen utanom bygda - dette ville då vorte den fyrste heimekampen i seriesamanheng som vart spelt utanfor Veitastrond, og dette er lite ønskeleg frå vår side.
Dette vil seia at me berre spelar 2 heimekampar i vårsesongen, men får heile 5 kampar på eige gras til hausten.
- Statistikk for april (04.05.08)
Seriespelet er kommen i gang, og me har fått lagt alt som heiter sesongoppkøyring og april månad bak oss. Me tek no ein titt tilbake på tal og statistikkar for førre månad.
Les meir HER
- Breimsbygda - Veitastrond 3-2 - buuuuuuuuuuu (02.05.08)

Det vart ikkje akkurat den serieopninga me hadde håpa på, då VIL-fotball i dag tapte 2-3 mot Breimsbygda på Byrkjelo Stadion. Me hadde i dag ein dårleg dag på jobben, og vart til sist kjempa i senk av eit godt heimelag. Kampen inneheldt nerver, mange mål, raudt kort og straffespark - alt ein thriller av ein fotballkamp skal innehalda, bortsett frå at gode thrillerar som regel endar med siger til Veitastrond.
Les alt om kampen HER
I ein annan kamp i 5.divisjon avd 1, så vann Bjørn 2-1 borte mot Gaular.
- Før kampen; Breimsbygda - Veitastrond (01.05.08)

Det vert ein historisk dag i morgon når Veitastrond for fyrste gong skal avstad for å spela fotballkamp i 5.divisjon. Etter ein spanande vinter der me har vore ivrige på overgangsmarkedet, trena godt og spelt mange treningskampar er no endeleg ventetida over. På motsatt side står Breimsbygda, og lite veit me egentleg om kva som møter oss der.
Les meir om kampen HER
På sjølvaste P3 var det i går ein særs artig annonsering av denne kampen. Nokon på Breimsbygda har sendt inn annonse til programmet Kompani Knudsen, og dette kom faktisk med på nasjonal sending i går. For å høyra dette gjer du følgande;
- gå inn på www.nrk.no/p3
- klikk deg inn på REPRISER (kjem då opp eit eige vindu)
- søk på Kompani Knudsen, og trykk på sending 30/04
- høyr ca 3/4 ut i sendinga (rett etter sangen Kom Igjen med CC Cowboys)
- Dette anbefalar me på det sterkaste å høyra ;)
Til sist kan me ta med at Vadheim/Høyang2 leiar avdelinga vår etter at dei vann heile 5-0 mot Jølster 2 i årets fyrste kamp i går.