Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Mai 2009

  • PinseHELGE snakk (30.05.09)

Det er ikkje all verda av oppsiktsvekkande nyhende som skjer rundt Veitastrond denne helga. Me har spele- og treningsfri og me vonar at dei fleste nyttar denne dagen til å nyte sola og fineværet. Det gjer i allefall me i redaksjon i Veitastrond.com, men me tok oss likevel tid til å gjennomføra eit intervju med ein av våre stjernespelarar på morgonkvisten. Denne gongen valgte me det intervjuobjektet som virka hottaste for tida, og då var det enkelt å plukka ut Helge Skjælaaen. Helge scora som kjent 3 mål mot Saga på tysdag og har etter det levd eit liv i sus og rus vil me tru. Me ville uansett sjekka ut ståa hjå VIL-fotball sin eigen bohem...

Les meir HER

 

  • Bilder og statistikkar (27.05.09)

Me har då pynta kampreferatet vårt med nokre bilder frå gårsdagens kamp mot Saga.

Du kan sjå fleire bilder frå kampen HER

Me har og oppdatert alle spelarstatistikkane og lagt ut fersk tabell. Etter at dei fleste laga står med 6 spelte kampar har Veitastrond etter gårsdagens 3 poengar komme seg opp frå den verste sumpa og befinn seg no på ein 9.plass.

Det er verdt å merka seg at med ein målskilnad på 18-23 er me det laget som både har scora mest og slept inn flest mål i divisjonen - det skal ikkje stå på underhaldningsverdien heiter det...

 

  • Veitastrond - Saga 4-2 - JE JE JE (26.05.09)

Etter ein tung periode for Veitastrond i 4.divisjon var det i dag så ubeskriveleg godt at alle 3 poenga vart igjen her i Sogn. For i ein jamnspelt kamp var det til slutt Veitastrond som trakk det lengste strået då me vann kampen 4-2 etter at det stod 2-2 til pause (jepp - me holdt nullen i heile 2.omgang, tru det eller ei). Kampens store spelar vart Helge Skjælaaen som scora hattrick og putta begge måla i 2.omgang og avgjorde denne kampen på eigahand. Med dette tek me eit byks opp frå jumboplassen, og me byrjar så smått å gløtta oppover på tabellen igjen. Dette er ein herleg dag for Veitastrond Fotball!

Les meir HER

Bilder frå kampen + oppdatering av tabellar og statistikkar kjem i morgon den dag. No anbefalar me våre brukarar å gjera som me i redaksjonen - gå og legga seg!

 

  • Før kampen; Veitastrond - Saga (25.05.09)

I morgon kveld er forhåpentlegvis jumboplassen vår ein saga blått. For etter at me har saga motstanderen i to vonar me at me står attende med 3 poeng. Jarao, jarao - til trass for dårleg poengfangst i det siste så sit som de skjønar ordspela laust og humøret er framleis på topp. I morgon tek nemleg førdelaget Saga turen til Sogn for å spela borte mot oss på Kaupanger Stadion. Med 4 strake tap burde dette vera ei fin anledning til å snu kjeringa for Veitastrond, men me reknar ikkje med at dette går av seg sjølv mot eit sterkt Saga lag.

Les meir HER

 

  • Even Kvam har passert 50 kampar (24.05.09)

Me har diverre vore litt sløve her i Veitastrond.com og det har gått oss hus forbi at Veitastrond sin kaptein Even Kvam har passert 50 spelte kampar for klubben vår.

Rigtignok vart det ikkje noko festaften han hadde sitt jubileum på, då dette skjedde i 1-5 tapet mot Selje. Han har spelt 1 kamp til etter dette slik at Even no står bokført med 51 kampar for klubben.

Even vert den 7. spelaraen som passerar denne magiske grensa. Det er verdt å ta med at han er den fyrste som passerar 50 kampar, men som ikkje har vore med klubben sidan oppstarten i 2004. Even kom fyrst med klubben i 2005.

Kampar i 4.divisjon

4 kampar vart spelt i går;

Skavøypoll - Selje 1-1, Dale - Lærdal 1-0, Syril - Eid2 5-4, Sandane - Askovll/Holmedall 5-2.

 

  • Mystisk e-post (21.05.09)

Veitastrond.com mottok i dag ein mystisk e-post, som kan linkast til mysteriumet rundt den forsvunne pokalen vår.

Les meir HER

 

  • Kampen mot Saga vert på Kaupanger (20.05.09)

Det vart i dag bestemt at vår neste seriekamp mot Saga vert spelt fyrstkommande tysdag kl 19:30 på Kaupanger.

Sidan Leikvoll framleis ikkje er klar må me sjå oss om etter alternative baner å spela våre heimekampar på og denne gongen vert det altså på kunstgraset på Kaupanger. Me hadde håpa å få kampen i Storhallen, men diverre så ligg det handballdekket i Hallen neste veke så då gjekk ikkje det.

 

  • Referat styremøte (19.05.09)

Styret i Veitastrond Fotball samlast i går kveld til møte heime hjå Richard Nes. Øverst på agendaen sto sponsorar 2009 etterfulgt av diverse småsaker.

Les meir HER

Ny dato på Årdal 2 kampen

Den utsette kampen borte mot Årdal 2 skal no etter planen spelast måndag 8.juni.

 

  • Kampen mot Årdal 2 er utsatt (18.05.09)

Det vart i dag bestemt at kampen mot Årdal 2 som var oppsatt til fyrstkommande fredag er utsatt. Grunnen til dette er at denne fredagen er ein såkalla inniklemt dag, dvs at den ligg imellom Kristihimmelfartsdag og vanleg helg og mange har nok sett av denne til lang-weekend. Det var difor etter begge lag sitt ynskje at den vert utsatt.

Ny dato er ikkje satt, og vår neste kamp vert dermed 26.mai heime mot Saga.

Trening

Denne veka vert det trening tysdag og kanskje onsdag. Meir info om tid og stad kjem på SMS.

Styremøte

Styret i klubben samlast i kveld til eit møte. Me kjem attende med eit referat i morgon...

 

  • Veitastrond - Syril 3-4 (16.05.09)

Det vart ein ny nedtur for Veitastrond då dei tapte 4-3 heime for Syril fredagskvelden. Til trass for ein jamnspelt kamp var innsatsen nok ein gong for dårleg og laget må heva seg betrakteleg, ellers går dette strake vegen nedatt i 5.divisjon. Dette var vårt 4. tap på rad, noko som er ny klubbrekord (hurra!) Etter denne kampen er me no planta heilt nederst på tabellen og det kan no berre gå ein veg...

Les meir HER

Andre resultat frå 4.divisjon;

Lærdal - Saga 3-2, Selje - Eid2 3-0 og Skavøypoll - Sandane 1-1

 

  • Veitastrond tapte (15.05.09)

Det vart diverre tap i dagens lokalderby mot Syril. Kampen enda 4-3 til systrendingane.

For Veitastrond scora Vidar Vadseth og Richard Nes x2.

Referat kjem i morgon.

 

  • Bilder frå kampen mot Eid 2 på Haugenfotball.no (14.05.09)

Haugenfotball.no knipsa nokre bilder av meget god kvalitet frå kampen vår mot Eid 2 i helga.

Desse bilda finn du på; http://www.haugenfotball.no/fakta090510eid2veitastrond.html

 

  • Før kampen; Veitastrond - Syril (14.05.09)

Etter 3 strake tap der me har fått 15 baklengs og vore under 0-3 til pause i kvar kamp er det no eit revansjesugent Veitastrond som gjer seg klar til årets lokalderby heime mot Syril. Eller heime og heime fru Blom, når Veitastrond spelar kamp på Sogndal Stadion føler me oss i grunn ikkje så fela heime, det blir meir fru Blom og fru Blom, fru Blom. Etter 4 serierundar i 4.divisjon veit me at her nyttar det ikkje å stå med lua i handa og venta på at motstandaren skal by opp til dans. I morgon må me gå på bana med 100% innsats og tenning og sørga for å ta våre fyrste poeng sidan serieopninga mot Lærdal. Dersom alle går ut for å blø for drakta slik Per Christensen gjorde då han spelte mot Syril2 i 2004 er me sikre på at dette går vegen for oss!

Les meir HER

 

  • Veitastrond i media (12.05.09)

Det er i dag ein alldeles strålande dag for PR-kåte strendingar.

I dagens papirutgåve av Sogn Avis har me fått oss ei heilside om livet i 4.divisjon, status på Leikvoll og referat frå Eid 2 kampen. Til dei som ikkje har lest dette så anbefalar me på det sterkaste om å laupa og kjaupa dagens Sogn Avis - ei fornuftig investering.

Ikkje nok med det så står det og ein meget spanande artikkel om oss på nettutgåve til Firda. Her er det satt fokus på det store pokalmysteriumet i klubben.

Denne artikkelen finn du her; http://www.firda.no/sporten/fotball/article4324629.ece

 

  • Syril kampen går på Sogndal Stadion (11.05.09)

Det vart i dag klart at fredagens kamp mot Syril vert spelt på Sogndal Stadion på kvåle kl 18:00.

I utgangspunktet hadde me håpa å fått spelt kampen i Sognahallen, men dette lot seg diverre ikkje løysa hverken fredag eller laurdag og me er nok ein smule skuffa over det. Me prøvde òg å få den utpå Kaupanger, men her var det heller ikkje ledig plass.

Dette vil då seia at me lyt ta til takke med Sogndal Stadion, noko som forsåvitt er heilt greitt. Dette vert årets fyrste kamp på gras, og sidan me ikkje har trent på dette underlaget før i år tek me ei trening på Hafslo i morgon kveld.

Me oppfordrar våre fans om å gjera seg klare til årets fyrste heimekamp, sjølv om me knapt kan seia at me har den heilt store heimebanefordelen då me aldri før har spelt kamp på Sogndal Stadion...

 

  • Eid 2 - Veitastrond 5-4 - ny nedtur for Veitastrond (10.05.09)

Nok ein horribel 1.omgang av Veitastrond må ta skulda for at me måtte ta den tunge turen heim utan poeng i dag. For 3.kamp på rad gjekk med til pause med 0-3 i sekken og trass i ein god 2.omgang så holdt det ikkje heilt inn. Dermed lyt me erkjenna at me pr. dags dato er eit botnlag i 4.divisjon og me lyt no kjempa knallhardt framover slik at me kan byrja å kapra poeng og forhåpentlegvis klatra oppver på tabellen.

Les meir HER

To andre kampar i 4.divisjon i dag; Dale - Skavøypoll 4-1 og Sandane - Selje 3-3.

Me befinn oss dermed på ein 10.plass etter at berre 1 kamp gjenstår før den 4.runden er unnagjort.

 

  • Før kampen; Eid 2 - Veitastrond (09.05.09)

Etter ein god seriestart mot Lærdal som ga Veitastrond 3 poeng så har det gått tråare i våre to siste kampar. To tap og 10 baklengs mål er status og tida er no inne for å reisa kjeringi. I morgon tek VIL fatt på ein ny langtur når me pakkar sekken og dreg til Nordfjordeid for å spela mot Eid 2. Dette vert kampen mellom dei to nyopprykka laga i årets 4.divisjon og vinn og tap kan fort bli skilnaden på nedrykkstrid eller ei for båe laga. Trass i ein del forfall frå vår side er me heiltente på å visa at me framleis kan vinna fotballkampar og me går for å ta sigeren heim i morgon.

Les meir HER

To kampar er allereie ferdigspelt i den 4.runden av 4.divisjon;

Syril - Førde 3 4-4

Saga - Askvoll/Holmedal 6-1

 

  • Grasrotandelen (06.05.09)

For enkel registrerting til grasrotandelen anbefalar me at du sender ein SMS med kodeord GRASROTANDELEN 994037846 til telefonnummer 2020.

Dersom du har registrert mobilnummeret på spelekortet ditt så er du registrert i grasrotandelen.

 

  • Status på Leikvoll Stadion pr. 1.mai (05.05.09)

Mange av våre fans lurer nok på korleis det går med vår kjære Leikvoll Stadion etter utbygginga i haust. Me i Veitastrond.com hadde ein kort synfaring der i helga og me kan allereie no seia at me gler oss stort til å snøra på oss fotballskoa her. Samstundes er me og spente på å sjå kortid bana er klar til spel, for slik den ser ut på det noverande tidspunkt så høver den seg på somme stadar bedre som potetåker enn fotballbane. Me er likevel sikre på at Leikvoll kjem til å framstå betre enn nokon gong berre vår kjære banemann Johannes Nes får stella og styra med ho utover våren.

Les meir HER

 

  • Grasrotandelen (04.05.09) 

Endeleg har Veitastrond IL registrert seg i grasrotandelen, og me oppmodar no alle våre fans og støttespelarar om å støtta oss når de tippar hjå norsk tipping.

For dei som ikkje veit kva grasrotandelen er så er dette ein ordning Norsk Tipping byrja med i år. Denne gjer at du kan registrera tippekortet ditt mot eit idrettslag, og ein viss prosent av det beløpet du tippar for går attende til ditt lokale idrettslag. Einaste forutsetning er at idrettslaget er regisrert i Frivillighetsregisteret og godkjent som grasrotmottaker, og dette er altså no Veitastrond.

Me gjer og oppmerksam på at dette har ei tilbakevirkande kraft, slik at alt du allereie har tippa for i 2009 vil telja med.

Det einaste du no må gjera er å registrera tippekortet ditt hjå din kommisjonær med Veitastrond sitt org nr. som er;

994037846

 

  • Statistikk for april (04.05.09)

Her fylgjer statistikk for april månad.

Les meir HER

Har og lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk.

Denne finn du HER

 

  • Oppdatering 4.divisjon (03.05.09)

To kampar i 4.divisjon i dag som avslutta runde 3; Askvoll/Holmedal - Årdal2 4-3, Førde2 - Eid2 1-1.

Har lagt ut oppdatert tabell som viser at Askvoll/Holmedal noko overraskande har teke kommandoen i årets 4.divisjon med 9 poeng og dermed altså full pott etter 3 kampar. Rykta har gått om eit forsterka Askvoll lag og me ser ikkje bort ifrå at dei kan karra seg fast i toppen framover.

Veitastrond befinn seg på ein 9.plass med sine 3 poeng. Me er slik passeleg nøgde med starten me har fått, der me sjølvsagt var gilde for sigeren mot Lærdal medan tapet mot Selje nok var som forventa. Det som står tilbake som nedturen så langt var kampen mot Førde 2 som me tapte 3-5. Hadde me vore litt meir skjerpa her så burde me hatt gode sjansar for poeng. Det er verdt å merka seg at Veitastrond er det laget som har flest baklengs på dei 3 fyrste kampane, og me har framleis mykje å jobba med på det defansive.

Neste kamp er borte mot Eid 2, som ligg nest sist etter 3 kampar. Dette vert ein meget viktig kamp for oss!

 

  • ETTERLYSING - Kvar er pokalen vår??? (03.05.09)

Den 19.oktober 2008 reiste Veitastrond Fotball til Jølster for å spela KM-finale mot Førde 3. VIL vann denne kampen 5-3 og kunne dermed kalla seg krinsmeistera. Som det synlege beviset på dette mottok me ein pokal som skulle vera fyrste innslag i premieskåpet vårt.

Denne pokalen fekk med kjela med oppe i Jølster etter kampen, men etter det har ingen sett snurten av den. Eller er det kanskje nokon der ute som sit med informasjon dei ikkje vil ut med?

Er pokalen oppe i Fjærlandsbommen eller har han Rolf Bjelde teke den med heim og har den som stas i stova? Tok Morten Hagen med seg bøtta til sin residens i Parkvegen og nyttar den som snusebasse? Var det kaptein Even Kvam som etterkvart fekk hand om sølvtøyet vårt og har den på 80-talsrommet sitt oppe på Leite?

Spørsmåla er mange, men svara verkar til å vera få. Me veit at det finnes nokon der ute som veit meir enn dei vil ut med. Tegningane til premieskåpet vårt er klare, men liten vita i å realisera desse så lenge den eine premien me har er forsvunnen,

Ta kontakt med oss i Veitastrond.com dersom du veit noko om premien vår, som me andre ikkje veit.

Det er på tide at pokalen snart kjem framatte på Veitastrond.

 

  • Selje - Veitastrond 5-1 (02.05.09)

Reisa var lang og me tapte så deg sang. Slik kan ein kort oppsumera gårsdagens kamp mellom Selje og Veitastrond der heimelaget vann fullt fortent 5-1. VIL-fotball hang ikkje med i svingane frå start av og Selje pressa voldsomt på i frå fyrste spark på ballen. Me klarde med nød og neppe å halda nullen i 20 minutt, men etter det så gjekk det skeis. Alltid skuffande å reisa heim med 0 poeng sjølvsagt, men me lyt berre sjå framover og tenka at det ikkje er på slike baner me skal henta poenga våre i år.

Les meir HER

 

  • Veitastrond tapte (01.05.09)

Veitastrond tapte i dag 5-1 mot Selje etter at det stod 3-0 til pause.

I dag lyt me nok seia at me tapte mot eit betre lag, og det meste skulle ha stemt dersom me skulle ha teke med oss poeng heim. Kurt Heggestad scora målet for VIL.

Me kjem tilbake med referat og bilder i morgon...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com