Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Mai 2010

  • Veitastrond - Kaupanger 0-2 (29.05.10)

Det vart diverre eit nytt tap på Veitastrond då Kaupanger i dag vann 2-0 på Leikvoll Stadion. I ein tam og sjansefattig kamp så var bortelaget jamt over det beste laget og tok til slutt ein fortent siger. Veitastrond har ikkje marginane med seg om dagen og me har no komme oss i ei keisam tapsbølge som me ikkje heilt veit å komma oss ut av. Omlag 150 tilskodarar fekk sjå eit Veitastrond lag som for fyrste gong i historia gjekk av bana etter 90 minutt på Leikvoll utan å ha scora mål. Sist kamp me ikkje klarde å scora var 12.juni 2007 borte mot Hafslo. Me braut altså ein barriere i dag, som me fint hadde klart oss utan å bryta.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Veitastrond - Kaupanger (28.05.10)

Då er det klart for det som for vår del vert kanskje årets største happening heime på Leikvoll Stadion. Blant fleire lokale lag i årets 4.divisjon, kjem i morgon det laget me reknar som det mest lokale og dermed utgjer årets store lokaloppgjer. Kaupanger som rykka ned frå 3.divisjon i fjor er å venta å ligga heilt i toppen i årets sesong og det er ei skikkeleg nøtt me står over i morgon. Bortsett frå det sportslege har me og store forhåpningar om at det skal bli ein aldri så liten publikumstilstrøyming til Leikvoll i morgon. Heimekampane mot Kaupanger 2 har vore populære før, og når ho Åshild får fyrd opp rjomegrauten i morgon så reknar me med at folk står i kø for å få ein smakebit. Det meste skulle vera klart for folkefest på Veitastrond...

Les meir HER

 

  • Referat; Årdal 2 - Veitastrond 5-4 (26.05.10)

I ein thriller av ein fotballkamp så tapte Veitastrond i går 5-4 borte mot Årdal 2. Heimelaget leia kampen med både 3-0 og 4-2, men VIL kjempa seg tilbake og utlikna til 4-4 like før slutt. Diverre så fekk me eit mål i mot på slutten, og dermed vart det 0 poeng i vår offisielle kamp nummer 100. Heilt klart ein gedigen skuffelse å reisa tomhendte heim etter ein framifrå snuoperasjon, men samstundes kan ein ikkje forventa all verda når ein får 5 mål i mot. Ein kamp me kan ta med oss mykje godt angrepsspel frå og ta lærdom av dei defansive feile me gjorde undervegs. Men mest av alt ei tap som var så surt at ein i vilt raseri hadde mest lyst å spenna i kras heile barneskulen på Tangen etter kampen...

Les meir HER

 

  • Tap igjen (25.05.10)

Veitastrond tapte i går 5-4 borte mot Årdal 2 etter at årdølene leia 4-2 til pause. For Veitastrond scora Frode Kvam x2, Helge Skjælaaen og Kim Andre Navarsete.

Referat kjem i kveld...

 

  • Før kampen; Årdal 2 - Veitastrond (23.05.10)

Det er i morgon klart for ein skikkeleg jubileumskamp, når Veitastrond reiser til Årdalstangen for å spela mot Årdal 2. Dette er nemleg offisiell kamp nummer 100 for VIL-fotball etter at laget byrja i 2004. Utvilsamt ein milepæl for den stolte fotballklubben vår, og me lyt innrømma at me aller helst hadde spelt denne kampen i vår eiga leikegrind på Leikvoll Stadion. Slik vart det diverre ikkje, og då får me gjera det beste ut av det på ei anna bane som det òg luktar stolte tradisjonar av, nemleg Cuba Stadion. Med jublileumskamp i minne vonar me at dette gjer at dei 11 som spring utpå der i morgon kjenner si plikt og gjer 110% for Veitastrond, og reiser heim med 3 poeng i sekken.

Les meir HER

 

  • Veitastrond - Lærdal 2-3 - no med referat (16.05.10)

Det vart diverre tap for Veitastrond i årets fyrste kamp på Leikvoll Stadion. Det såg så bra ut etter ca ein halvtime når VIL leia kampen 2-0 og Lærdal akkurat hadde brent eit straffespark. Lærdølene kjempa seg etterkvart attende i kampen, og dei klarde altså å snu 2-0 til 2-3. Med vårt andre tap på rad så har den fantastiske starten på årets sesong tona seg ned til ein passeleg god start på årets sesong. I dag var det for lite trøkk og vinnarvilje i VIL spelarane, og då vart det ei mager trøyst at godt over 100 tilskodarar møtte opp og såg kampen.

Les meir HER

Andre kampar i 4.divisjon;

Førde 2 - Askvoll/Holmedal 0-2

Syril - Kaupanger 2-2

Årdal 2 - Eikefjord 4-1

Selje - Skavøypoll 1-2

 

  • Referat frå Lærdalskampen... (15.05.10)

...kjem ikkje før i morgon.  

 

  • Tap mot Lærdal (15.05.10)

Veitastrond tapte i dag 2-3 heim mot Lærdal. VIL leia 2-0 etter ein halvtime, men damløysa tok etterkvart overtaket på heimelaget og Lærdal klarde å snu kampen til sin fordel. For Veitastrond scora Bjørn Molland og Frode Kvam. Dagens VIL-spelar var målvakt Even Kvam som redda to straffespark.

Referat kjem forhåpentlegvis i løpet av kvelden, men fyrst lyt me finna at livsgnisten...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Lærdal (14.05.10)

Endeleg er det klart for eit av årets store høgdepunkt når Leikvoll Stadion for fyrste gong i år innbyr til fotballkamp. Veitastrond tek i morgon i mot Lærdal, i det som både blir lokal- og toppoppgjør i 4.divisjon. Begge laga har fått ein kanskje overraskane god start på årets sesong, og i morgon brakar dei to saman i kamp om nye poeng. Me er sjølvsagt glade for at me kan spela heimekamp på Leikvoll, og i den anledning håpar me på ein skikkeleg folkefest på Veitastrond. Arrangementkomiteen har verkeleg lagt seg i tøylane og i år satsar me på å overgå alt det me har gjort tidlegare. Morgondagens meny er til å få bakoversveis av - i allefall for dei som ennå kan få dette...

Les meir HER

Ein kamp i 4.divisjon i går der Saga vann 4-1 borte mot Gaular. Saga fossar dermed vidare i 4.divisjon og leiar no tabellen med 13 poeng på 5 kampar.

 

  • Status etter 4.serierunde (11.05.10)

Den 4.serierunde vart ferdig i går ved at Saga vann 3-0 mot Førde 2 og Kaupanger vann 2-0 mot Gaular. Har oppdatert tabellen, og me ser no at Veitastrond er skubba ned frå tabelltoppen og befinn seg på 3.plass.

Saga leiar med 10 poeng, det samme som Lærdal med dårlegare målskilnad. Bak fylgjer VIL og Eikefjord med 9 poeng. Heilt i bunn av tabellen ligg førebels Askvoll/Holmedal og Gaular med kvar sitt poeng...

 

  • 97 av 97 (11.05.10)

Veitastrond sin kamp mot Eikefjord på fredag var blåtrøyene sin offisielle kamp (serie+cup) nummer 98, og det nærmar seg med andre ord jubileumskamp. Det var og ein annan som kunne fått sitt jubileum i samme kamp, men då Richard Nes ikkje vart med til Eikefjord på fredag så måtte han stå over sin fyrste kamp for Veitastrond nokon gong. Det var dermed ei lita barriere som vart broten, og Richard må dermed venta minst ein kamp lengre før han rundar sin kamp nummer 100. Men medan laget må ha si markering på bortebane mot Årdal 2, så ligg det an til at Richard rundar 100 spelte kampar heime mot Kaupanger på Leikvoll Stadion.

Les meir HER

Meir rekordprat...

Hadde Veitastrond vunne kampen mot Eikefjord ville me ha tatt vår 6.siger på rad i serien, etter at me vann dei to siste forrige sesong og dei 3 fyrste i år. 6.sigrar på rad ville ha vore ny klubbrekord, men sidan det vart tap i denne kampen lyt me no til å telja sigrar på nytt.

VIL enda denne gongen med 5 sigrar på rad noko som er tangering av klubbrekorden. Laget tok og 5 sigrar på rad i 2006-07 og 2008. Kjekt med tangering, men hadde vel vore meir stas med flunkande ny rekord...

 

  • Dugnad på Leikvoll (10.05.10)

Det er under ei veke til Leikvoll skal innviast for sesongen, og i kveld samlast me for å gjera heimebana vår klar til dyst.

Me innviterer difor våre spelarar, fans og andre gode hjelparar til dugnad i kveld kl 19:00. Arbeid som skal gjerast er blant anna opphenging av nett, merking av bana, vask av kiosk/brakke + diverse vedlikehaldsarbeid. Ta gjerne med nyttige redskap som snikkederings utstyr, rive, vaskekost eller andre hjelpemiddel du trur du kan få nytte av.

Undervegs blir det servering av mat og kaffi.

Me ynskjer vel møtt til dugnad!

 

  • Oppdatert tabell (08.05.10)

Har omsider lagt inn oppdater tabell.

Skal prøva å komma med oppdaterte spelarstatistikkar om ikkje lenge...

 

  • Eikefjord - Veitastrond 2-1 (08.05.10)

Noko på etterskot kjem her referat frå kampen mot Eikefjord;

Etter ein fenomenal start på årets sesong så kom VIL-fotball seg ned på jorda med eit brak i den 4.serierunden. Borte mot Eikefjord vart Veitastrond eit nummer for små og det var ingenting å seia på at heimelaget vann kampen 2-1. Kampen bar preg av to lag som jobba bra defansivt og det vart i det heile lite sjansar og eit langt gjesp av ein fotballkamp. For Veitastrond sin del er det berre å gløyma dette snarast mogleg, og heller sjå framover mot neste kamp.

Les meir HER

 

  • LIVE; Eikefjord - Veitastrond (07.05.10)

Me fylgjer kampen direkte, minutt for minutt...

Les meir HER

 

  • Før kampen; Eikefjord - Veitastrond (06.05.10)

Eit høgtflygande Veitastrond lag er klare for nye eventyr, og i morgon går turen til Eikefjord for å spela mot... jepp du gjetta sikkert riktig... Eikefjord. Dette er det einaste laget me spelar mot i år som me ikkje har noko kjennskap til frå før, og me gler oss til å pløva i ukjendt terreng. Veitastrond står som kjendt med 3 strake sigrar og full pott så langt i årets 4.divisjon, og me går til denne kampen som noko så uvanleg som serieleiar. Sikkert gysale kjekt for Eikefjord å få besøk av tabelltoppen, men forhåpentlegvis vert denne gleda kortvarig for deira del...

Les meir HER

VIKTIG!!! denne kampen vert live-overført på Veitastrond.com. Det er berre å benka seg framfor godstolen i morgon kveld frå kl 19:00.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com