Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Mai 2011

  • Før kampen; Veitastrond - Jølster (25.05.11)

Det blir ikkje noko info om kampen denne gongen.

Einaste me veit om troppen er at Richard er uaktuell. Det er noko usikkert korleis det blir med referat frå kampen, då vevansvarleg ikkje er tilstades. Me skal prøva å finna ei løysing på dette.

Kampen mot Jølster startar kl 19:00 på fredag, og går på ein heller fuktig Leikvoll Stadion.

 

  • Sjeldan forfall frå Emil (22.05.11)

Me nevnte det i Før kampen; Dale - Veitastrond, men me tykkjer at det fortener endå litt meir merksam. For då VIL spelte borte mot Dale på fredag var dette utan spelande trenar Emil Heggestad. I og for seg ikkje den største nyhenda, då det ikkje er noko nytt at spelarar melder forfall til enkelt kampar. Men for Emil sin del er dette heller sjeldan kost og i løpet av dei 8 sesongane me har hatt lag var dette fyrste gongen at Veitastrond sin høvding ikkje var med på kamp. Etter vårt syn er dette ein unik prestasjon uansett nivå.

Les meir HER

Me har og oppdatert statistikkane og tabellane våre etter kampen mot Dale.

 

  • Dale - Veitastrond 2-1 (20.05.11)

Veitastrond leverte ein heroisk innsats borte mot Dale i dag. VIL tok leiinga midtveges i 2.omgang, men diverre så haldt det ikkje heilt inn og Dale snudde kampen til sin fordel på det siste kvarteret. I dag var det ein slunken spelarstall som trenar Kurt Heggestad hadde å velja i, men til gjengjeld så ga dei som var med 110% innsats og laget hadde fortent å få med seg poeng heim.

Les meir HER

 

  • LIVE; Dale - Veitastrond (20.05.11)

Veitastrond.com oppdaterar kampen mellom Dale og Veitastrond live.

Kampen startar kl 19:00.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Dale - Veitastrond (18.05.11)

Sidan nettredaksjon vår ikkje får tid i morgon så er me litt tidleg ute med Før kampen denne gongen. Veitastrond reiser fredag til Dale og årets lengste bortetur. Laget er høgt oppe etter nedsablinga av Lærdal på måndag, og me reiser til Dale me trua på oss sjølve. Likevel er det store skår i gleda før denne kampen, då me ser ut til å oppleva eit mannefall me sjeldan har sett makan til. I kampen mot Lærdal stilte me med ein tropp på 18 mann, og me drista oss til å kalla det eit luksusproblem. No lyt me diverre stryka ut luksus, og står då attende med eit problem...

Les meir HER

Me skal prøva å få til ei live-overføring frå kampen på fredag. Følg med på Veitastrond.com når det nærmar seg kampstart kl 19:00, så ser me kva me får til.

 

  • Oppdateringar (17.05.11)

Då har me oppdatert spelarstatistikkar og tabellar under Årets sesong i menyen ovanfor.
Me seier oss dermed ferdig med kampen mot Lærdal.

Etter 5 serierundar ligg Veitastrond på ein 6.plass med 9 poeng. Me har 3 poeng opp til Vik som leiar tabellen, og 6 poeng ned til Eid 2 som ligg på 11.- og nedrykksplass.

 

  • Veitastrond - Lærdal 6-0 (16.05.11)

Woppeti, woop, woop, og gud kor deiligt det er å tilhøyra Veitastrond Fotball på ein slik dag. Årets fyrste kamp på Leikvoll vart ein større fest enn det me hadde vågå å håpa på. På ei flott grasmatte tatt i betraktning av at her låg snø for under ei veke sidan, så valsa Veitastrond over Lærdal og vann begge omgangane med 3-0. Det gjer som kjent sluttresultat på 6-0, og ein av dei mest overbevisande heimesigrane på mange år. I dag var heile laget med å bidra og me viste breidde i troppen ved å ha seks ulike målscorar. Mest gledeleg i dag at Leikvolldebutant Karl Jomar Bruheim kom innpå mot slutten og noterte seg med målgivande pasning, før han krona verket med å fastsetta sluttresultatet til 6-0.

Les meir HER

Bildene frå kampen er på plass, og me kjem attende med oppdaterte statistikkar i morgon...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Lærdal (15.05.11)

Då er det klart for årets fyrste kamp på Leikvoll Stadion, og det på sjølvaste fotballen sin nasjonaldag 16.mai. I år som i fjor, så er det Lærdal som vert fyrste lag til å vitja Veitastrond, og det er berre å bretta opp ermane og gjera seg klar til kamp. Leikvoll har gjort store framskritt iløpet av helga, men likevel trur me at det er det laget som kjempar best som vinn i morgon, og ikkje det som spelar finaste. Me vonar at våre fans og støttespelarar møter opp slik dei har gjort tidlegare sesongar, og løftar oss fram til årets tredje trepoengar.

Les meir HER

 

  • Leikvoll er klar til kamp (13.05.11)

Etter ei spanande veke fylt med både tru og tvil, så er det no endeleg bestemt at måndagens kamp mot Lærdal blir spelt på Veitastrond. Dermed er det berre å gjera klart for vårens vakraste eventyr når Leikvoll Stadion igjen ber inn til fest.

Les meir HER

Det har vore dugnad på Leikvoll i kveld, og me kan opplysa om at det er ny dugnad i morgon. Me oppfordrar alle om å møta opp kl 11:00, og gjera ein innsats for klubben. Etter dugnaden vert det naturlegvis ein liten matagrande for svoltne arbeidarar.

 

  • Bilder og oppdaterte tabellar (08.05.11)

Då har me lagt ut bilder frå kampen mot Vik, og oppdatert spelarstatistikkar og tabell.

Du kan sjå alle bildene våre HER

 

  • Vik - Veitastrond 7-0 (07.05.11)

Etter to gode kampar så kom Veitastrond ned på jorda med eit brak då Vik banka oss 7-0. Heimelaget fekk ei pangopning på kampen då dei scora fyrste målet etter 32 sekundar spel, og derifrå og ut dominerte dei kampen på Vik Stadion. Trøysta får vera at dette ikkje var den kampen der me skal ta dei nødvendige poenga for å overleva i årets 4.divisjon, og eit godt resultat her hadde vore å sett på som ein bonus. Likevel er det liksom ikkje heilt det store å reisa heim rundspelt og med 0-7 i sekken...

Les meir HER

Bilder og slikt kjem som vanleg etterkvart...

 

  • Stortap (06.05.11)

Veitastrond gjekk på eit stygt tap då me i dag spelte borte mot Vik. Til slutt stod det 7-0 til heimelaget, etter at dei leia 5-0 til pause.

I dag lyt me berre vedgå at me tapar mot eit betre lag, og det einaste positive me kan finna er at me ikkje tapte 8-0.

Referat kjem i løpet av morgondagen... 

 

  • Før kampen; Vik - Veitastrond (05.05.11)

Då er trast helga over oss igjen, og nok ein seriekamp står for tur. Denne gongen reiser Veitastrond over fjorden for å spela mot VIK, og det er dermed duka for VIL vs. VIL, morosamt lyt me seia. Veitastrond har hatt ein serieopning som har vore betre enn forventa, og me ligg likt i løypa med vår motstandar Vik før morgondagens kamp. Etter kampen mot Syril der me kjende presset om at me måtte ha med oss poeng, så vert dette ein kamp der me kan senka skuldrane og alt det me kan få med oss av poeng med heim kan sjåast på som ein bonus.

Les meir HER

 

  • Årets sponsorar (05.05.11)

På framsida vår har me no lagt ut oppdatert liste med årets sponsorar.

Veitastrond Fotball har i år 21 sponsorar. Luster Sparebank er framleis vår hovudsponsor, medan Toyota Sogn er vår nest største støttespelar.

Me nyttar anledninga til å takka alle våre trufaste sponsorar for den støtta dei gjer til klubben. Oppfordrar alle om å trykka på Heim i menyen ovanfor, og sjekka ut kven som er våre sponsorar i år.

Sponsorane vil og dukka opp i kampprogramma til årets heimekampar.

Me gjer ein ekstra takk til Berit på Sognefjord.net, som har vore så snill og laga skikkelege logoar til oss på Veitastrond.com. Så ser det i allefall litt meir skikkeleg ut ;)

 

  • Årets fyrste trening på gras (03.05.11)

Omtrent som våryre ungdyr som vert sleppt på beite, så trekker i dag VIL-fotball sitt stjernegalleri ut av Sognahallen til årets fyrste trening på gras. Treninga er på treningsfeltet på Hafslo og byrjar kl 19:30. Det vert felleskøyring frå Lægreid kl 19:00.

Truleg vert tysdagane fast treningsdag framover.

Me vonar og at me i løpet av sesongen kan arrangera nokre treninga på Leikvoll òg. I fjor trente ikkje laget noko på Strondi, og det lyt me seia er for dårleg... No er det framleis ein stad 20-50 cm med snø att på Leikvoll, så heilt ennå blir det då ikkje at me kan trena der.

 

  • Oppdaterte tabellar (02.05.11)

Då har me omsider oppdatert tabell og spelarstatistikkar etter 3 spelte serierundar.

Førde 2 og Sogndal 2 avslutta i kveld denne serierunden, der førdianarane trakk det lengste strået og vann 3-2. Dermed er Kaupanger det einaste laget med full pott, og dei leiar då tabellen med 9 poeng. Bak dei fylgjer heile 5 lag med 6 poeng, der Veitastrond er ein av desse. Me ligg forløpigt på ein 4.plass, og lyt seia oss meget godt nøgde med starten på årets sesong.

Heilt i botn finn me Lærdal med 1 poeng og Syril som framleis står bokført med 0 poeng...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com