ARKIV: MARS (2007)
Veitastrond hadde på torsdag sin siste trening før påske og tek seg no ein velfortjent ferie. I det siste har det vore stort mannefall som har skuldast ein del skader samt at ein del allereie hadde reist på påskeferie. Me håpar at alle mann er tilbake etter påske så me får gjennomført siste del av oppkøyringa med stil. Det er ikkje arrangert fleire treningskampar endå, men leiinga i VIL-fotball har gitt signal om at det blir fleire kampar før alvoret startar, og dette skulle ikkje vera noko problem å fixa då grusbanene rundt omkring i distriktet no byrjar å bli klare.
Det er ikkje berre VIL-fotball som tek ferie, for det gjer også Veitastrond.com. Denne sida vert sannsynlegvis ikkje oppdatert før om ei veks tid. Då lovar me at me kjem attende med statistikk for mars og sjølvsagt kven som har vore månadens beste spelar på treningsfeltet.
Reknar uansett med at folk har anna å ta seg til i påska enn å surfa på verdsveven. Skulle du ikkje vera ute på ski så anbefalar me at du tek ein tur på Strondi i påska (dette anbefalar me sjølvsagt at du gjer samtlege daga i året, men litt ekstra no i påsken =). Ulike lag og organisasjonar kan by bygdafolket og feriefolk på eit framifrå underhaldningstilbod i påska. Her er litt av det som skjer:
- Palmelaurdag - vekas høgdepunkt med Palmerevy i samfunnsalen. Her kan du blant anna sjå VIL-stjernene Emil Heggestad og Arne Nes visa sine scenekunster. Showet startar kl 19:30.
- Tysdag - basar i Samfunnsalen. Startar kl 19:30.
- Skjærtorsdag - revy og dans i Samfunnsalen. Ludvik Kjellevoll spelar opp til dans.
- Påskeafta - påskerenn heimfor skulen. Startar kl 11:00 (?)
- 1.påskedag - Bingo i Samfunnsalen. Startar kl 19:30
I tillegg lovar X-team Sogn med Bjørn Molland og Even Kvam i spissen at dei skal gjennomføra stunts på Strondi i påska. Noko av det som står på agendaen hjå dei er hopp på skrede i Stølsneset og ikkje minst topptur til Kalda-Kari saman med lokaloksen Arne Nes som vert avslutta med ekstrem offpist køyring ned fjellsida. Så sjå opp for ekstreme X-tremsporstsstønts på Strondi. Tysdag og onsdag er dagane du sannsynlegvis vil få sjansen til å sjå tøffingane i fjellet!
Så det er altså nok å ta seg til på Veitastrond i påska. I tillegg til dette så lovar pubvert på Strondi, Emil Heggestad, at det vil bli ope så godt som kvar kveld på kafeen. Moralen i denne soga er altså; "I staden for å klø deg i røvi med håndi, ta deg helde ein tur frampao Strondi"
GOD PÅSKE!!!
-
Vinnaren av konkurransen er kåra (29.03.2007)

Då er fyrste konkurranse her på Veitastrond.com unnagjort, og det er på tide å kåra ein vinnar.
Rett svar på spørsmål om kva 3 søskenpar frå Sogndal kommune som har landskamar for Norge er; Vegard- og Terje Skjeldestad, Brede- og Jori Skorve og Eirik- og Tone Bakke.
Me fekk inn 10 svar der 6 stk hadde svara rett, medan 4 bomma på Brede og Jori Skorve. Me har sjølvsagt kåra ein vinnar som stikk av med potten på 20 skattefrie kroner, og den heldige denne gongen er VIL-spelar Vidar Vadseth. Me gratulerar den stolte vinnaren!
Det var tydeleg at denne konkurransen skapte ein del hovudbry for brukarane medan enkelte nok tok litt for lett på oppgåve. Til dømes han som under svaret hadde lagt til fylgjande tekst; "dette var sikkert ei skikkeleg nøtt for mange, men for ein med peiling på lokal fotball var dette enkelt". Uheldigvis for denne karen så var han ein av dei som bomma på søskenparet Skorve. Ein skal ikkje sjå vekk i frå at 32-åringen som både spelar og dømmer for Veitastrond tek seg litt bedre tid når han skal løysa neste nøtt!
Med ein konkurranse ferdig, har me sjølvsagt ein ny ein klar. Denne gongen kan me by på både ei lokal og ei internasjonal nøtt. Me vonar at brukarane vil nytta påsken til å grubla på oppgåvene våre. Du finn konkurranse 2 under Underhaldning i menyen ovanfor, eller du klikkar på HUGS KONKURRANSEN øverst på denne sida!
God fornøyelse!
-
Oppdatering av lenker (27.03.2007)
Hadde meg ein runde på verdsveven i dag og oppdaga då at vår argaste konkurrent Hafslo har lagt ned heimesida si. Dette kjem kanskje ikkje som noko stor bombe då det ikkje har vore aktivitet der på ei stund, men som deira motstandar hadde me håpa at dei ville klara å stabla i saman eit eller anna. Veit ikkje om dette er den endelege slutten for Hafslo på nettet eller om dei har planar for framtida? Sidan sida forsatt er oppe så let eg linken bli ståande inntil vidare...
Har ellers lagt til link til Sogndal 3 si heimeside. Dei hadde samme side i fjor, og det ser ut som dei held fram i år også. For å besøka dei flekka du deg inn på Lenker i menyen ovanfor.
Minner om at fristen for å levera konkurransen går ut i morgon, så til dei som framleis vil gje oss eit svar; gje oss svar!
-
Nordre Land jr - Veitastrond 1-0 (25.03.2007)
Veitastrond tapte i går 1-0 mot Nordre Land jr inne i Årdal. Kampen vart etterkvart dramatisk for eit allereie skadeprega VIL-mannskap. Ellers var det ein vel gjennomført kamp, med framifrå innsats frå alle mann. Les referat frå kampen HER (NO MED BILDER. Du finn eit bildegalleri på underhaldningssida. Nokre bilder frå gårsdagens kamp, og nokre frå ei trening ein gong i tida. Alle bilda er knipsa av Per Helge Hågvar - takk kjære Pelle gut)
Grunna stort mannefall frå VIL vert det ingenting av den oppsette treningskampen mot Lærdal på måndag. Soleis er det ikkje oppsett noko kamp før serien sparkast i gang, men det blir jobba kontinuerleg med å skaffa fleire treningskampar i god tid før det.
-
Spelarfest i dag (24.03.2007)
I samband med dagens treningskamp mot Norde Land jr inviterar Veitastrond sin nye stjernespelar Vidar Vadseth til spelarfest heime hjå seg sjølv. Vidar bur på toppen av Stedje og seier sjølv at han er klar til å ta i mot gjester så fort han er kommen inn døra etter kampen i Årdal. Festen blir sjølvsagt kombinert med kvelden landskamp mellom Norge og Bosnia kl 20:00, og ellers lovar Vidar at det vert tenna i tapeten og hæla i taket heile kvelen. (og sjølvsagt vert det rikeleg med røvarhistoriar servert av vertens sjølv og muligens av E K om han trappar opp på Stedjeåsen)
Einaste som manglar for at det skal bli ein triveleg kveld no er at alle som føler dei har ei eller anna tilknytning til VIL-fotball møter opp, difor anbefalar me at alle møter opp!!!
-
Før kampen; Nordre Land jr - Veitastrond (23.03.2007)
I morgon kl.14:00 spelar VIL-fotball treningskamp mot Nordre Land jr på krøllgraset i Årdal. Nordre Land jr. kjem frå Dokka og er på treningsleir i aluminiumsbygda denne helga. Dette laget møtte me og framfor sesongen 2005. Den gongen reiste me inn til Årdal med 12 mann og tapte fortjent 2-6 etter å spela ein av dei mest begredelege kampane i VIL-fotball si historie. Også denne gongen bør VIL-fotball venta seg tøff motstand og ikkje la seg lura av at det er eit juniorlag. I fjor slo dei Bjørn heile 7-2 i treningskamp, og på forumet på deira heimeside vert det uttrykt misnøye med at dei må spela mot eit 6.divisjonslag...
VIL på si side reise også denne gongen inn i Årdal med ein heller slunken stall. Svært mange har av ulike grunnar meldt avbud, og VIL startar dermed med følgande lag i ein 4-4-2 formasjon;
Ole Kristian
Ivar - Even - Øivind - Pelle
Helge - Richard - Bjørn - Lasse
Emil - Vidar
På benken har me Jon Arne, Øystein og muligens Geir. Laget er ikkje 100% bekrefta, og her kan komma rokkeringar både når det gjeld kven som skal spela kor og eventuelt endringar i startellevaren.
Hovudtrenar Emil Heggestad håpar at dei blåe denne gongen klarar å tetta att bakover og jobba vidare med terping av formasjon. Spesielt viktigt blir det at me klarar å samla ledda meir og at me jobbar bedre med sonene.
Me ynskjer uansett lykke til!
-
Bjarte Pedersen takkar for seg + spelarprofilane er i boks (20.03.2007)
På gårsdagens trening fekk me den triste beskjeden frå Bjarte Pedersen om at han takkar for seg som VIL-spelar etter berre ein sesong for dei blåe. Bjarte ynskjer å trappa ned som fotballspelar og i staden bruka tida si på noko anna.
Det var på ei trening framføre fjorårs sesongen at Bjarte kom slentrande inn på treningsfeltet til VIL-fotball og her vart han altså verande heilt til han i går ga oss den triste beskjeden. Han fekk med seg samtlege 12 kampar i sesongen 06, og viste til tider meget habilt spel. Han var som regel å finna på venstreback og han vart etterkvart spelaren som knapt gjorde ein einaste feil. Det gode spelet førde til slutt til at Bjarte var kåra til Årets Spelar 2006, stemd fram av dei andre spelarane - ei stor tillitserkæring for Bjarte. Me skulle så veldig gjerne hatt deg med også denne sesongen, men har sjølvsagt full forståing for di besluttning om å trappa ned. Heilt borte vert han uansett ikkje, då han kjem til å vera med å trena med jamne mellomrom. VIL-fotball takkar Bjarte for den framifråe innsatsen du gjorde for VIL, og skulle du ombestemma deg står døra vidopen for deg!
Ellers er dette ein merkedag for Veitastrond.com, då me endeleg har fått Spelarprofilane 100% i boks. Dette vil seia at me kan presentera rykande ferske profilar for Arne, Geir, Jan Erik og Lasse, og ikkje minst er alle profilane pynta opp med ferske bilder av dei vakre spelarane. Einaste som ikkje har fått nytt bilde er Frank Heggestad, men han får skylda seg sjølv sidan han fer å reke te syden når me har foto-session på treningsfeltet. Skulle det no vera nokon av spelarane som vil føya til eller endra noko på sin profil ber me dykk om å kontaka vevansvarleg.
Gå inn på Spelarane i menyen ovanfor, og kos deg med profilar og bilder i lange baner. I samband med bildene til desse profilane kan ein og finna eit større bildegalleri som ein finn under underhaldningssida, eller tek ein snarveg og flekkar deg inn HER.
-
Betaling av treningsavgift (19.03.2007)
Det er no tid for VIL-spelarane til å betala treningsavgift for vårsesongen 2007. Kvar og ein som vil spela for dei blåe i år skal setta inn kr. 1000,- på Veitastrond IL sin konto. Spelarane har allereie fått kontonummeret, og om nokon har tulla burt dette (noko det garantert er) vil me be dykk om å kontakta ein i trenarteamet.
Ellers så oppstod det i dag ville testandar på treninga i samband med utdeling av treningsavigft. Ass.man Richard Nes hadde fått i oppgåve å fylla ut giro og gje ut denne på dagens trening. Richard hadde gjort seg grundig flid og såg fram til å dela ut giroane til dei andre spelarane. Midt under utdelinga høyrer ein plutseleg frå hovudtrenar Emil Heggestad; "kå svartande e da du ha dreve me her dao?". Richard hadde nemleg gjort ein general tabbe. Han hadde satt inn kontonr til VIL der det står `belast konto` i staden for på `til konto`. Til Veitastrond.com i kveld seier Emil hatt han er forderda over at ein som til dagleg jobbar som økonom kan begå ein slik blundar. Han tvilar på at det i framtida vert aktuelt å gje liknande oppgåver til den ulukkelege assistenten, som på si side seier at han gjorde dette med vilje og at det kun var for å testa kor oppmerksame spelargruppa er.
Spelarane som vart vitne til munnhuggeriet mellom trenarduoen stod mållause og såg på hendinga, og ein anonym spelar uttalde at han følte seg redd og frykta at dei to skulle fara i strupen på kvarande. Vedkommande legg og til at han er uroa over framtida til VIL-fotball om ikkje enkelt personar viser meir medmenneskelege sider ovanfor kvarandre...
Til slutt vil me opplysa om at innhentinga av spelarprofilar + bilder av alle spelarane no er så godt som i boks. Skal prøva å få dette ut på verdsveven anten i morgon eller dagen etter i morgon, eller i verste fall dagen etter dagen etter i morgon. Har i tillegg ei skikkeleg trist nyhende om ein spelar, som ikkje vil vera med oss i sesongen 2007. For å finna ut kven det gjeld og mange andre friske nyhende anbefalar me at du føl me i neste episode av Veitastrond.com!!!
-
Lite nytt og god helg (16.03.2007)
Lite nytt å melda frå VIL leiren om dagen. Det ser ut som om spelarstallen verkeleg har sett seg no. Treningsoppmøtet er framleis meget bra, og VIL trenar for tida for harde livet på å forbetra sine prestasjonar fram mot treningskampen mot Norde Land jr. neste helg.
På heimesida vår er det for alvor konkurranse tid om dagen. Me har fått inn mange svar no, og me kan allereie slå fast at dette er ei så utfordrane nøtt som me hadde venta. Me oppmodar alle brukarane om å vri toppetasjen sin i helga og senda oss eit svar. Har ellers lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk.
VIL-fotball ynskjer alle og einkvar ei velsigna god helg!
-
Konk-konk-konk-konk- KONKURRANSE!!!! (13.03.2007)
Då er me endeleg klar til å presentera vår fyrste konkurranse her på Veitastrond.com. Etter vekesvis med intens planlegging rundt utforming og presentasjon av oppgåvene våre er me no stolte av å kunne presentera det endelege resultatet.
Til konkurranse delen har me vore så heldige å få hjelp av Even Kvam til å presentera oppgåvene våre. Han har tidlegare brei erfaring med konkurransar frå si eiga heimeside, samt at han sit inne med uendeleg mykje kompetanse på lokal fotball i Sogn og Fjordane. Even vil saman med vevansvarleg Richard Nes koka i hop ein ny koinkurranse med jamne mellomrom. Den fyrste konkurransen vår byr på ei skikkeleg nøtt, og her må ein verkeleg setta himmel og jord i bevegelse for å finna fram til eit svar.
Konkurransane finn du under Underhaldning i menyen ovanfor, eller du kan klikka deg rett inn på Konkurranse 1 ved å trykka HER.
(ps; vennligst gje beskjed til vevansvarleg om det skulle dukka opp tekniske problem med konkurransen)
Ikkje før har Kent Fimreite meldt overgang til Norane, så har han laga ei heimeside for sin nye klubb. Sida er forsatt under konstruksjon, men me får tru at Kent får skikk på sida etterkvart. Sida finn du under lenker i menyen ovandfor.
-
KIL2 - VIL-fotball 8-2!!! (10.03.2007)
Veitastrond tapte i dag heile 8-2 mot KIL2 på Kaupanger. Emil og Bjørn scora måla for VIL i eit ausande regnvær. Les referat frå kampen HER.
-
Før kampen; KIL2 - VIL fotball (09.03.2007)
Etter 1-5 tapet mot Syril forrige helg, er det no klart for årets andre treningskamp. Kampen går mot 5.divisjonslaget Kaupanger 2 på det nye kunstgrasanlegget deiras. Avspark er i morgon kl 12:00!
Veitastrond kjem også denne gongen til å starta i eit 4-4-2 system. Sannsynleg lagoppstilling;
Gøran
Ivar - Tor Olav - Even - Lasse
Helge - Bjørn - Geir - Petter
Richard - Emil
I pausen er det venta at Frank Robert, Arne og Bjarte kjem til å komma inn, medan Jon Arne, Øystein, Vidar, Øivind og Ole Kristian kjem inn utover i omgangen. Også denne gongen blir det speletid på alle mann. Dei som ikkje kan vera med av ulike årsakar er etter det me veit; Arvid, Pelle, Frank, Jan Erik, Jonny og Erlend.
Mot Syril sleit me litt med å få grep på midtbana. Likevel tykkjer trenarduoen at det er fair å gje dei som spelte då ein ny sjanse. Forhåpentlegvis vil dei visa seg frå ei heilt anna side denne gongen. Forsvaret er på papiret meget solid, med botnsolide Even og Tor Olav i midten og to backar som me vil prøva å få høgare fram på bana enn det som var tilfellet mot Syril. Lengst framma har sjølvsagt trenarduoen plassert seg sjølv, i tillegg ryktast det at dei skal vera "fus i alt".
Trass i at det er meldt grisande regnvær på grensa til ekstremvarsling, regnar me med at publikum møter opp i hopetal ute på Kaupangerskogen.
-
Kent Fimreite takkar for seg (08.03.2007)
16 år gamle Kent Fimreite som har trena med VIL heile vinteren har no bestemt seg for å spela for Norane den kommande sesongen. Kent har vore ein av dei ivrigaste på treningane i år, og heilt fram til forrige torsdag stod han me 100% oppmøte på treningane. I helga meldte han fråfall frå treningskampen mot Syril og bestemde seg samstundes for å gå over til Norane. Her får han sannsynlegvis spela i sin favorittposisjon som er keeper etter at VIL valde å omskolera han til utespelar. Kent oppgir som hovudgrunn til overgangen at han vil støtta sitt lokale lag. Me har full forståing for dette, og nyttar høve til å takka Kent for den finfine innsatsen han har gjort på treningsfeltet i vinter.
Samstundes med at Kent går ut kjem to nye inn. Desse er Jan Erik Bøyum - populært kalla "Bøysen". Veit sant å seia ikkje så mykje om denne karen, anna at eg trur han kjem frå Leikanger (?), og sannsynlegvis kjem til å kjempa om ein plass lengst framme på bana. Skal sjølvsagt gjera litt bedre reasearch her, og snart ha spelarprofil på plass. Den andre nykommlingen er Lasse Vikøren. Han er 18/19 år og går på yrkeskulen. Han var i sine yngre år eit kjempetalent som keeper, og rykta seier at europeiske storklubbar var å snusa på han (dette er fakta). Etterkvart gjekk han lei av å vokta fiskanoti og satsar no på ein karriere som utespelar. Han har ein framifrå venstrefot og kjem til å vera høgaktuell til å spela på ein av plassane på venstresida. I fjor spelde han for Kaupanger 2, og kjem sannsynlegvis til å møte gamle lagkameratar til helga. Er og verdt å merka seg at Lasse har dama på Strondi, noko som sjølvsagt er eit pluss i margen blant Leikvoll publikummet!
Me ynskjer begge to velkomne til klubben og vonar de vil få mange gode stunder saman med oss.
-
Kamp mot Kaupanger 2 på laurdag (07.03.2007)
Førstkommande laurdag kl 12:00 spelar Veitastrond treningskamp mot KIL2 på Kaupanger. Dette blir ein fin anledning for oss til å testa ut det nye kunstgrasanlegget til kaupsingane. Frå før har me spelt mange gonger mot grøntrøyene. Seinast i fjor spelde me 4-4 i første treningskamp framfor 2006 sesongen, medan me året før og spelde første treningskamp mot dei, i ein kamp som enda 1-1. KIL2 spelar i 5.divisjon og me held soleis fram den meget gode matchinga fram mot seriestart.
-
Bilder frå Syril kampen (06.03.2007)
Veitastrond.com fekk diverre ikkje tid til å knipsa bileter frå treningskampen mot Syril i helga. Det gjorder derimot vår vakre venstreback Per Helge Hågvar. I tillegg til å brilijera på bana fekk han og tid til å ta nokre skikkelege blinkskot frå kampen. På heimesida si har han i dag lagt ut bileter frå 2.omgang, medan han lovar bileter frå 1.omgang i morgon. Det er altså berra å fylgja me på Pelle sine vevsider, som du finn ved å klikka deg inn HER.
-
Ny treningskamp i boks (05.03.2007)
Då var endå ein kamp i oppkøyringsperioden til VIL-fotball klar. Laurdag 24.mars tek me turen inn til Øvre Årdal og spelar mot Nordre Land jr. som er på treningsleir i industribygda denne helga. Frå før av har me dårleg erfaring mot dette laget, då me tapte 1-6 på samme stad i oppkøyringa til sesongen 2005. Laget me stilte med i den kampen er muligens det svakaste VIL laget som nokon gong har stilt til start. Grunnen til at det var så dårleg oppmøte var mest truleg at kampen gjekk i påska, og nettopp på grunn av denne kampen har me valt å avlysa endå ein treningskamp i Årdal som egentleg skulle gå på Palmelaurdag 31.mars. Treningskamp-koordinator Frank Heggestad seier til Veitastrond.com i dag at det jobbast intensivt med å få på plass fleire kampar, kanskje allereie i løpet av veka.
-
Veitastrond - Syril 1-5 (04.03.2007)
Veitastrond tapte i dag 1-5 i Sognhallen. Ved pause var stillinga 0-3. Bjørn Molland scora VIL sitt trøstemål då han reduserte til 1-5 frå krittmerket. Veitastrond hang dårleg med i 1.omgang, men kom seg betrakteleg etter kvilen.
Les referat frå kampen her.
-
Før kampen; Veitastrond - Syril (02.03.2007)
Då er det klart for sesongens første treningskamp. Kampen går mot Syril i Storhallen kl 12:30 i morgon. Det blir svært spanande å sjå korleis laget vil fungera under det nye trenarregimet, og korleis dei nye spelarane vil fungera i kampsituasjon. Syril rykka ned frå 4. til 5.divisjon i fjor og skulle vera meget kvalifisert motstand for strendingane. Utan at me veit noko konkret seier rykta at systrendingane i år har eit meget ungt lag, og dei er sannsynlegvis svoltne på å ta skalpen vår i morgon...
Veitastrond startar sannsynlegvis med dette laget i ein 4-4-2 formasjon;
Gøran
Jonny - Ole Kristian - Tor Olav - Pelle
Helge - Bjørn - Geir - Petter
Richard - Erlend
Det som er klart før kampstart er at Emil, Even, Ivar og Bjarte truleg kjem inn i pausen. Ellers på banken har me Øivind, Øystein, Kent, Jon Arne og til sist Lasse Vikøren som for tida trenar og ser på forholda i VIL. Forhåpentlegvis blir han med oss utover sesongen. Alle innbyttarane vil sannsynlegvis få rikeleg med speletid utover i 2.omgang.
Dei som ikkje er med til denne kampen er; Vidar og Arne som slit med sjukdom, Frank Robert som er skada og heller ikkje Arvid blir med etter det me veit. Frank Heggestad er ikkje med i stallen til VIL, men skal i høgaste grad vera med då han skal dømma kampen. Flott at du tek ansvar så me slepp bale med å skaffa dommar!
Me ynskjer VIL-fotball lukke til med årets første treningskamp!
-
Statistikk for februar (01.03.2007
Har laga ein oversikt over februar månad. Her finn du ei fyldig oversikt over treningsmånaden som har vore, og sjølvsagt kårar me månadens spelar. I tillegg finn du statistikk for Veitastrond.com. Statistikken finn du her.
Ellers kan det nevnast at spelarprofilen til Helge er komen inn og er å finna under Spelarane i menyen ovanfor. Det manglar dermed kun 4 spelarprofilar før me har fått inn alle. Boomakarane spekulerer no vilt i kven som er sistemann til å levera. Eit annerkjent speleselskap gjer i kveld følgande odds på dei 4 sirupsgutta;
Leverer spelarprofil sist til Veitastrond.com
- Arne Nes - 1.05
- Geir Aardal - 5.50
- Bjarte Pedersen - 7.40
- Ole Kristian Vikheim - 20.05
|