Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Mars 2008

  • Dagens profil (29.03.08)

På dagen då me eigentleg skulle ha spela kamp mot Erdal, så gjer me heller brukarane våre som ei mager trøyst profilen til ei av dei store legendene i VIL-fotball - Arne Nes. Mange vil nok kanskje detta ut av stolen når dei ser at Arne leverar så tidleg som 5.sist...

Me manglar diverre ferskt bilde av Arne, men guten har vel heller ikkje forandra seg så mykje sidan haustsesongen 07.

Ellers kan me driva litt annonsering for våre motstandarar. Dei som har lyst å sjekka ut våre naborivalar (eller har veldig lite å ta seg til) kan ta turen ut på Kaupanger i morgon kl 12:00, for å sjå oppgjeret Hafslo - Bjørn

 

  • Mogondagens treningskamp er AVLYST (28.03.08)

Morgondagens planlagde treningskamp mot Erdal er diverre avlyst då vår motstandar ikkje hadde mulighet å komma seg til Sogndal. Grunnen til dette er at værforholda i Bergen gjorde det vanskeleg for taxien deira å komma seg avgårde.

Dette er me særs lei oss for, då dette ville vera særs trengande kamptrening for vår del. I utgangspunktet skulle kampen gå i Storhallen laurdag kl 18:00, men sidan Erdal hadde gløymt å booka hallen vart den flytt til Kaupanger kl 14:30. I går kveld ringde dei diverre og meldte avbud til heile kampen.

Me har venta i det lengste med å avlysa kampen vår, og har nytta dagen til å prøva finna andre motstandarar. Diverre så vart det for kort varsel, og ingen av dei 4-5 laga ma har sendt forespørsel til hadde anledning.

Så då vert det altså ikkje noko kamp for oss denne helga. Neste samling vert då trening på fyrtskommande måndag kl 19:45. Neste kamp vert neste laurdag, borte mot Vik.

Me nyttar anledninga til å ynskja spelarane og andre VIL`arar ei fortreffeleg helg!

 

  • Hardkøyret i gang (27.03.08)

Sidan januar har VIL-fotball trena ein gong i veka i tillegg til eit par treningskampar. I tida fram mot seriestart kjem me no til å trappa opp intensiteten, og prøva å prikka inn formen til det heile brakar laust. 

Les meir HER

 

  • Erdal kampen flytta + dagens profil (26.03.08)

Laurdagens kamp mot Erdal er flytta frå Storhallen kl 18:00 til kunstgraset på Kaupanger kl 14:30. Dette er på grunn av ei feil med booking av hallen, den var nemleg ikkje booka! Heldigvis så ordna vår motstandar det slik at me fekk plass på Kaupanger, og til eit tidspunkt som trass alt er mykje gunstigare for oss. For det er klart at dersom enkelte ynskjer seg ei rotbløyte på laurdagskvelden er det best å bli ferdig med kampen tidlegast mogleg, slik at ein kan ta seg ei kald ei så snøgt som råd...

Dagens profil her på Veitastrond.com er midtbanestrateg Petter Stranden Fagerli.

 

  • Dagens profil (25.03.08)

Dagens profil er Kim Andre Navarsete. Dermed har me presentert samtlege i forsvarsrekka, men manglar framleis nokre snutar på midtbana og i angrep.

NB! minnar alle spelarane om at dagens trening byrjar kl 19:30!

 

  • 5. og siste episode av Raudt Kort (23.03.08)

Då er den avsluttande delen av påskekrimen raudt kort lagt ut, og me får då sjå om Sherlock klarar å løysa den grufulle mordgåta han er midt oppi.

Me avsluttar dermed påskekrimen vår, og vonar at brukarane har hatt det like moro med å lesa dette som me har hatt med å laga det til. Sherlock tek seg no ein velfortent ferie, men kven kveit? kanskje får me sjå fleire spanande eventyr med helten vår i framtida...

 

  • 4. episode (22.03.08)

Då er 4. og nest siste episode av påskekrimen publisert på veven.

Neste og siste episode av denne uhyre spanande forteljinga kjem i morong den dag...

 

  • 3. episode er ute (20.03.08)

Endeleg er den 3.episoden av Raudt Kort lagt ut. Sjå kva som skjer når Sherlcok skeiar heilt ut...

 

  • 2. del av påskekrimen er på nett (18.03.08)

Då er 2.episode av påskekrimen Raudt Kort lagt ut. Sjølve arbeidet med krimen byrjar no å gå mot slutten, og me veit no at den vert på 5 deler. Neste episode kjem på torsdag, medan dei to siste delene kjem på laurdag og søndag. Her er det berre å følga med.

Dagens profil er vevansvarleg Richard Nes. Sidan me no ser oss nøydde til å legga ut Richard sin profil er fordi at me ikkje har fleire profilar inne. Så til dei 7 som ennå ikkje har levert - få fingen ut av røvi, og send oss din profil!

 

  • Dagens profil (17.03.08)

Bautaspiss Vidar Vadseth er dagens profil her på Veitastrond.com.

Minnar ellers alle VIL-spelarane om at morgondagens trening startar kl 19:30 i staden for 21:00, som vanleg er...

 

  • Dagens profil (16.03.08)

I dag presenterar me svosespelar og loggegeologen Gaute Olstad.

Som de sikkert vil sjå gjer Gaute oss profilen med dei kortaste svara, og kanskje må ein vera ein skikkeleg kodeknekkar for å skjønna alle svara han gjer oss..

Har heller ikkje noko ferskt bilde av Gaute, men har gravd litt i arkivet og funne eit høveleg eit. Knipsar eit nytt ved ein seinare anledning.

 

  • Påskekrimen 2008 (15.03.08)

Tidleg ein laurdagsmorgon har me gleda av å kunne presentera fyrste del av påskekrimen Raudt Kort. Klikk deg inn på logoen ovanfor, og vidare på 1.episode så er du klar. Neste del kjem til veka, og me tek sikte på tysdag. Muligens måndag alt etter kor mange deler me endar opp med.

Har og lagt ut dagens profil som er bergensaren Øyvind Lien!

 

  • Info om påskekrimen (14.03.08)

* Me har no lagt ut litt info om den kommande påskekrimen vår. Første del kjem forhåpentlegvis i morgon. Klikk deg inn på logoen ovanfor om du vil vita meir.

* Dagens profil er kanskje den meste profilerte av spelarane i VIL-fotball; Kurt Heggestad.

* Dato til treningskampen mot Kaupanger 2 er no fastsatt til laurdag 26.april. Kampstart vert truleg kl 11:00.

 

  • Dagens profil (13.03.08)

Dagens profil er vår solide sisteskanse Gøran Fimreite.

Det kjem kanskje noko info om påskekrimen seinare i kveld. Kjem litt an på kva me orkar...

 

  • Dagens profil + div (12.03.08)

Dagens profil er den nybakte faren Jon Arne Fimreite. Sidan han på grunn av fødselen ikkje har vore til stades på kamp og trening den siste tida har me diverre ikkje noko ferskt bilde av han heller - dette skal me sjølvsagt få på plass ved ein seinare anledning.

I samband med spelarprofilane ligg det og ute eit nytt bildegalleri. Dette er bilder som i hovudsak vil bli nytta til profilane, og er kanskje ikkje av dei mest interessante. Du kan sjå galleriet HER

Har og lagt ut ein rykande fersk treningsstatistikk. Her ser me at Even Kvam berre dreg meir og meir i frå dei andre. Du kan sjå statistikken HER

I morgon satsar me på å legga ut litt meir info om den kommande påskekrimen. Arbeidet med denne krimen pågår forfullt, og me kan allereie no røpa at me her kjem til å levera eit knakande godt produkt ;)

 

  • Dagens profil (11.03.08)

I dag er me komne til fyrste profilen av ein i angrepsrekka, og det er Øystein Heggestad som står for tur.

Øystein er ein av dei få som har vore med klubben heilt sidan byrjinga. Dei siste sesongane har han vore kjendt for sine straffescoringar, og spesielt den avgjerande straffen i kvarten i Kjempenes Liga 2006 er å sjå på som ein klassikar!

 

  • Jon Arne Fimreite er vorten far (10.03.08)

*no med bilde av den nyfødde ;) *

Me har gleda av å melda om at VIL-spelar Jon Arne Fimreite i dag kl 18:07 vart far til ei lita prinsesse. Hass kjære Therese hadde gått nesten 14 dagar over termin, og etter det me veit så har Jon Arne stort sett gått å stanga hovudet i veggen på grunn av sitt utolmod den siste tida.

Jentungen deira vog 4076 gram og var 53 cm lang då ho ankom verda, og er i følge foreldra det nydlegaste mennesket som so langt har entra jordkloden.

Me i VIL-fotball vil sjølvsagt gratulera Therese og Jon Arne med den nyfødde, og vonar at alt står bra til!

Dagens profil

I dag er det sjølvaste bohemen på Veitastrond; Helge Skjælaaen som profilen vår. Han er for tida på praksis i heimbyen Bergen, og me har ikkje noko ferskt bilde av han, men dette reknar me med å ha på plass når Helge igjen sluttar seg til VIL-stallen på hausten.

 

  • Dagens profil (09.03.08)

I dag presenterar me veteranen over alle veteranar Arvid Heggestad.

Diverre så har me ikkje lukkast å få eit ferskt bilde av Arvid, men me vel å nytta oss av fjorårets bilde. Dette gjer me fyrst og fremst fordi me ikkje trur Arvid ser ein dag eldre ut no enn han gjorde for vel eit år sidan, og i tillegg er dette bildet av den kule sorten som innehar heftige spesialeffektar. Sjølvsagt så lovar me fansen til Arvid at eit nytt bilde vil vera på plass så snart me får anledning til å knipsa eit av han.

 

  • Dagens profil (08.03.08)

Sidan det er laurdagskveld tykkjer me det er på sin plass å gje brukarane våre ein skikkeleg godbit av ein profil. Kva passar vel då betre enn å gje dykk profilen til sjølvaste kapteinen på VIL-fotball; Even Kvam?

Med kapteinsbindet på armen og sin herlege spelestil har Even etterkvart vorten ein publikumsfavoritt frampå Leikvoll Stadion. Rykta vil no ha det til at han og vil få sin eigen fanklubb der hovudkontoret visstnok skal ligga heimst på Røyteviki...

 

  • Gaular IL med nye heimesider (07.03.08)

Ein av våre motstandarar neste sesong, Gaular IL, har fått seg flunkande nye heimesider. Sidene er ikkje heilt ferdig ennå, men i forhold til den ikkje oppegåande idretts-spikaren dei hadde før så blir dette bra. Me gler oss til å lesa referat frå Gaular - Veitastrond når sesongen sparkast i gang. Du kan vitja sida ved å klikka deg inn på Lenker i menyen ovanfor.

Dagens profil her på Veitastrond.com er ingen ringare enn Frank Heggestad. Eigentleg så kunne Frank ønskt at han var rockestjerne slik som Robbie Williams, men i staden så sprer han rundt seg med stjernenykker på treningsfeltet til VIL-fotball...

 

  • Ny treningskamp + endring i treningstider (06.03.08)

VIL-fotball har booka endå ein ny treningskamp, og i tillegg vert det nokre endringar i treningstidene framover.

Les meir om dette HER

Dagens profil er eit av våre nye stjerneskot; Sindre Mørkve. For dei som ikkje kjenner han så han ein 22 år gamal kar som skal vera med oss i vårsesongen i år. Han kjem i frå idrettsbygda Voss, og i følge våre kilder er han den snyggaste utøvaren som har komme frå denne kanten sidan Gudmund Skjeldal herja som verst for Bulken IL for nokre år tilbake. For å finna ut endå meir om Sindre Mørkve anbefalar me å sjekka ut profieln hass under Spelarane i menyen ovanfor...

 

  • Dagens profil (05.03.08)

I dag presenterar me sjølvaste VIL-guru Emil Heggestad sin profil. Hadde me vore i dine sko hadde me snygga oss inn for å sjekka ut denne rimeleg kjapt.

Vil nok ein gong oppfordra dei som ikkje har levert profil om å gjera dette. Legg ikkje ut profilane før me har både tekst og bilde, og no har me 4-5 profilar igjen før me er tomme. Har eit par som manglar bilde, mange som manglar profil og nokre handfulle som hverken har det eine eller det andre.

Så vennligst ta deg tid til ein profil i kveld...

 

  • Dagens profil (04.03.08)

Har lagt ut profilen til Ole Kristian Vikheim.

Mange trur at Ole Kristian og Jon Rønningen er ein og same person, men me kan bekrefta at dette ikkje stemmer...

 

  • Statistikk for februar (03.03.08)

Då er feburar månad overstått, og me oppsummerar årets andre månad. Ein månad som har vore prega av eit treningsoppmøte som har vore litt opp og ned, og to godt gjennomførte kampar. 

Les meir HER. Har og lagt ut oppdatert treningsstatistikk, du finn den HER

Har og lagt ut ein ny spelarprofil. Dette er profilen til Ivar Melby, og du finn den ved å klikka deg inn på Spelarane i menyen ovanfor!

 

  • God økonomi i VIL-fotball (02.03.08)

Overhovudet i Veitastrond IL, Jimmy Hilleren, informerte tidlegare denne veka styreformann i Veitastrond Fotball om rekneskapstala for 2007. For vår del er dette positiv lesning, og til trass for store utgifter med drakter, utstyr, trening og reiser så kan me presentera eit overskot på kr 6.000,- i det føregåande året. Ja visst er det å driva fotballklubb reine galskap, men med kompetente folk til å styra klubben er det mogleg å gå i pluss.

Les meir HER

Spelarprofil + treningskamp

I tillegg kan me og endeleg no byrja å presentera årets spelarprofilar. Me manglar framleis mange av desse profilane, og me oppfordrar dei som ikkje har sendt inn om å gjera dette snarast. Fekk ta ein del bilder under kampen mot Jølster i går, og dermed har me det me treng for å publisera fyrste profil. Dette er profilen til gårsdagens kaptein; Øivind Kristiansen. Klikk deg inn på Spelarane i menyen ovanfor, også finn du fram til Øivind sin profil. Dei resterande profilane vil komma hyppigt i tida som kjem.

Om ikkje dette var nok på ein søndagsmorgon så har vår treningskampkoordinator Frank Heggestad endå ein ny kamp i boks. Dette er kamp mot sjølvaste Hafslo på grusen i Moane 9.april kl 19:00.

 

  • Veitastrond - Jølster 2-4 (01.03.08)

Veitastrond gjorde ein hederleg innsats i dag då dei tapte 4-2 i Sognahallen mot Jølster, etter pause leia VIL 1-0. Begge måla våre vart scora av Frode Kvam som framleis berre er på prøvespel hjå VIL, men etter dagens innsats er det grunn til å tru at partane er i ferd me å komma nærmare og nærmare kvarande.

Les alt om kampen HER

 

 

NYHENDEARKIV

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com