Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Mars 2009

  • Erlend Sando sjekkar inn (31.03.09)

Medan Åsmund Øgar fekk relativt stor spalteplass på Veitastrond.com etter berre ei trening med klubben, så har vår andre nyervervelse for året berre fått nokre få introduksjonslinjer. Dette lyt me sjølvsagt gjera noko med, og me gjer dykk her ein presentasjon av Erlend Sando. Han har trena med klubben i vinter og har og vore involvert i ein del av treningskampane våre. Erlend kjem inn i klubben via dragsuget gjennom Lægreids Puben og Studentsamfunnet som VIL-fotball har forsynt seg grovt av dei siste åra.

Les meir HER

I tillegg har me lagt ut dagens spelarprofil, som denne gongen tilhøyrer Niste-Fjøra sin farlegaste mann; Morten Hagen.

 

  • Spelarprofil (30.03.09)

I dag presenterar me spelarprofilane til Even Kvam og Gaute Jerry Olstad. Minnar elles om at me framleis manglar ca 10 spelarprofilar.

I likhet med treningsavgifta er dette lov for kvar enkelt å gjera opp for seg...!

Alle spelarane har fått ein mail med påminning om desse to punkta no i kveld!

 

  • Thor Henning NM meistar i benkpress (29.03.09)

Medan fotballaget til Veitastrond gjekk på trynet i går, er me glade for å sjå at det er andre strendingar som veit å beherska idretten dei driv med litt bedre enn oss.

Thor Henning Heggestad vart i går norsk mestar i benkpress i åpen klasse 75 kg då han med eit løft på 190 kg vart suveren vinnar. Dette er ikkje fyrste gongen Thor Henning utmerkar seg på nasjonalt plan i idretten sin, og me er sikre på at det heller ikkje vert siste.

Me gratulerar Thor Henning på det varmaste med NM gullet.

Kan og ta med at årdølene Arild Kråkenes og Arve Otto Nundal òg representerte Veitastrond under NM i benkpress. Kråkenes fekk med seg eit sølv i klasse yngre veteran med eit løft på 220 kg, medan Nundal tok gull i klassen eldre veteran 80 kg med eit løft på 130 kg.

Spelarprofilane

Me held fram med å presantera årets spelarstall, og i dag kan du sjå profilane til Kenneth og Jon Arne...

 

  • Veitastrond - Fjøra 1-7 (28.03.09)

Veitastrond tapte dagens treningskamp mot Fjøra med heile 1-7 oppe i Storhallen. Resultatet gjer eit greitt bilde av kampen, og det var utvilsamt divisjonsskilnad mellom dei to laga. VIL låg tett og kompakt frå start av og haldt nullen fyrste halvtimen, men gjekk på ein sprekk siste halvdel av 1.omgang då fjørene putta 5 ballar i nota. Rett etter Fjøra sin massakre så fekk me vårt mål for dagen då Vidar Vadseth fastsette pauseresultatet til 1-5. 2.omgangen gjekk noko betre og Fjøra putta "berre" 2 gonger slik at kampen til slutt enda med 1-7 tap for vår del.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Veitastrond - Fjøra (27.03.09)

Ei ny helg står for døra, og med det og ein ny treningskamp. Nok ein gong får Veitastrond Fotball prøva seg mot antatt betre motstand når Fjøra FK står på motsatt banehalvdel. Akkurat som Sogndal 2, Kaupanger og Jølster som me har møtt før i vinter så spelar og Fjøra i 3.divisjon, og har gjort det i ei årrekke. Me lyt seia at me er stolte over at me har klart å få til eit lag som er så bra at laga i fylket sin gjevaste divisjon finn det fornuftig å spela treningskamp mot oss i oppkøyringsfasen til ny sesong. Det er og ekstra moro med kamp mot Fjøra då dette truleg vil medføra live overføring av kampen på deira flotte heimesider.

Les meir HER

For å skremma fjørene lite vetta før morgondagens kamp så presenterar me i dag spelarprofilen til den hardaste av alle dei harde spelarane våre. Gå inn på Spelarane i menyen ovanfor å sjå profilen til Arne "Hulken" Nes.

 

  • Spelarprofilane 2009 (26.03.09)

Då kan me omsider sleppa årets spelarprofilar her på Veitastrond.com. I år så har me satsa på litt enklare profilar, og me har gått litt bort ifrå det skjemaet me har hatt dei siste to åra.

I fyrste omgang så gjer me dykk no spelarprofilane til Frank Heggestad, Helge Skjælaaen og Gøran Fimreite. Du finn desse under Spelarane i menyen ovanfor.

Fleire profilar vil komma etterkvart.

Det er og mange spelarar som endå ikkje har levert desse spelarprofilane til oss (nai da va aoverraskande du...), og me oppfordrar dei til å levera på mail snarast. Dersom de ikkje har motteke skjemaet, eller ikkje finn det att i mailboksen så gje ein lyd og me sender nytt skjema. Ellers skulle det ikkje vera så vanskeleg å berre kopiera ein profil me har lagt ut og fylla ut med dine personalia, og senda til oss....dette klarar de folkens!

 

  • Åsmund Øgar - just another new kid in town.. (26.03.09)

...and everybody`s talking about the new kid in town.

Me lev i ei tid der lokale klubbar kjempar om å få tak på dei beste spelarane, og der slonkne spelarstallar ofte er gjengangaren. Veitastrond har og merka dårleg fangst på årets overgangsmarked, og me vart difor ekstra glade for ein telefon som Emil Heggestad fekk på tysdags ettermiddagen. 24 år gamle Åsmund Øgar tok sjølv initiativ til å kontakta klubben og spurte om han kunne få lov å trena med Veitastrond og etterkvart spela på seg ein kontrakt. Dette var sjølvsagt kjempegreitt for oss, då me kjendte sopass til Øgar frå før at me visste at han har mykje fotball i seg. Åsmund fekk sitt fyrste møte med VIL på trening samme kveld, og kjem truleg til å få sin debut allereie til helga mot Fjøra.

Les meir HER

 

  • Treningsstatistikken (24.03.09)

Richard Nes har lenge lege i tet på treningsstatistikken, men etter ein laber periode frå unge herr Nes så er han ikkje lenger åleine på toppen. Etter kveldens trening har no Gøran Fimreite gått opp a-poeng med Richard.

Gøran er kjendt som ein av dei ivrigaste på treningsfeltet, og han vert henrykt når Veitastrond.com kjem med nyhende om at no ligg øverst på statistikken vår...

"Wow. Dette var supre greier altså. Denne treningsstatistikken er liksom noko eg verkeleg likar å strekka meg etter, og at eg no ligg på toppen er berre heilt toppers. I kveld vert det feiring med cola og ein pakke med ostepop - det kan eg lova deg", uttalar ein strålande Fimreite til redaksjonen vår.

Me gratulerar Gøran, og anbefalar å gå inn å sjå heile treningsstatistikken HER

 

  • Årets sesong (24.03.09)

Har no oppdatert Årets sesong i menyen ovanfor.

Det kan muligens komma endringar i den oppsette terminlista, og me oppfordrar vår(e) kampkoordinatorar om å lesa igjennom for å sjå om det er nokre feilopplysningar her.

Skal og prøva å få ut det me har fått inn av spelarprofila så langt i løpet av veka. Her manglar me forsåvitt ein drøss....

 

  • Treningskampen mot Balestrand er avlyst (23.03.09)

Den planlagde treningskampen mot Balestrand er avlyst. Kampen skulle eigentleg ha vorte gjennomført på fyrstkommande onsdag, men grunna at det er litt tynt i rekkene hjå oss har me valgt å droppa denne. Me ga beskjed til Balestrand i helga om at me muligens måtte avlysa, og etter dei rapportane me har fått i dag finn me det ikkje naudsynt å ta turen over fjorden.

Me beklagar dette ovanfor Balestrand, og håpar at me ikkje øydelegg alt for mykje i deira forberedingar til sesongen. Veitastrond har dei siste 3 åra sesongane spelt treningskamp mot Balestrand på Kreklingen, og det er slik sett ein liten tradisjon me no bryt.

Veitastrond sin neste treningskamp vert då mot Fjøra på laurdag i Storhallen...

 

  • Veitastrond - Jølster 4-1 (21.03.09)

Veitastrond tok i dag ein noko overraskande, men desto meir overbevisande 4-1 siger mot det nyopprykka 3.divisjonslaget Jølster. Etter ein jamnspelt og sjansefattig kamp drog Veitastrond frå mot slutten, og alle dei 5 måla kom i løpet av den siste halvtimen. Emil Heggestad scora 1 mål, medan Kurt Heggestad var kampens store spelar med eit vaskeekte hattrick på 20 minutt. Alt i alt ein meget imponerande opptreden av VIL, som no verkeleg er i ferd med å spissa formen fram mot seriestart om litt under ein månad.

Les meir HER

 

  • Ikkje før kampen; Veitastrond - Jølster (20.03.09)

Grunna at redaksjonen i Veitastrond.com har brukt all si tid på bygdakveld blir det ikkje noko før kampen denne gonge.

Me minnar om at kampen byrjar kl 14:30, og oppfordrar som vanleg store og små om å møta mannsterke opp.

Bygdakvelden

Kan og melda om at bygdakvelden vart ein stor suksess, og me hadde ca 85 betalande.

Me kjem attende med bilder og meir info seinare i helga...

 

  • Alt klart for bygdakveld + smånyhende (20.03.09)

Alt synes no klart føre bygdakvelden til VIL-fotball i kveld.

Det meste av programmet er no i boks, og me lovar at folk skal få eit variert program som bør passa for både liten og stor, fotballinteressert eller ei. Frå kjøkkenet rapporterast det og om at dei er i rute, og folket kan venta seg mat av vanleg kvalitet frå den kanten.

Me vonar at flest mogleg av våre spelarar og fans tek turen til Samfunnssalen på Veitastrond i kveld!

Ny spelar på gang

Trass i hektisk aktivitet rundt bygdakvelden den siste tida får me likevel og litt tid til det sportslege.

Til morgondagens kamp mot Jølster kjem Erlend Sandvo til å få sin debut i VIL-trøya. Dette er ein spelar som har trena litt med oss i vinter, og som no er nær å få seg ein kontrakt med klubben.

Erlend er i midten av 20-åra og kjem opprinneleg frå austlandstraktene. Til dagleg studerer han i Sogndal der han og jobbar som bartendar på Lægreid. Som spelar er han ein anvendeleg type som truleg vil gjera seg godt både defansivt og offansivt i laget.

Me ynskjer Erlend lukke til i morgon, og kjem tilbake med meir info når ein eventuell overgang er spikra.

Jogginga

Torsdagsøkta vår med jogging byrjar no å ta seg opp, og i går meldte 11 spelarar om at dei hadde vore ute å trimma flesket sitt. Dette er ny rekord på jogginga vår, og me er glade for at spelarane tek dette seriøst.

Har og lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk, som du finn HER

Treningsavgift

9 spelarar har no betalt treningsavgifta. Dette vil då seia at 11 ikkje har betalt...

 

  • Ny treningskamp klar (18.03.09)

Treningskampen mot Brummundal jr. som opprinneleg var oppsatt til 28.mars er no nedsatt. Grunna litt usikkerthet rundt om det faktisk vart kamp inne i Årdal, samt at me har fått eit langt meir attraktivt tilbod gjorde at me valgte å trekka oss frå denne.

I staden har me fått ein førespurnad frå Fjøra FK om ein treningskamp på samme dag i Storhallen. Dette tykkjer me er meget spanande og takka sjølvsagt ja til å spela denne kampen.

Fjøra spelar i 3.divisjon og me har dermed fått prøva oss mot alle (SIL2, KIL og Fjøra) dei lokale 3.divisjonslaga i vinter. Dette er god matching for oss, og det er alltid kjekt å få prøva seg mot bedre motstand.

Veitastrond har tidlegare spelt 3 seriekampar mot Fjøra 2, men har aldri før møtt fyrstelaget deira til kamp.

Kampen går i Sognahallen 28.mars kl 14:00.  

 

  • 3 nye reglar (17.03.09)

Veitastrond Fotball har i dag lage 3 nye reglar som me oppfordrar våre spelarar om å følga;

1. Kom presis på trening. Møt 10-15 minutt før treninga byrjar (forrige tysdag kom 6 av 16 for seint). Me betalar i dyre dommar for ei trening i veka, og då bør me klara å utnytta denne tida så godt som mogleg.

2. Betal treningsavgifta. Veit ikkje om me har nevnt dette før, men klubben treng pengar og treningsavgifta skal betalast inn av kvar enkelt så snygt det let seg gjera. Pr i dag har 15 av 20 ikkje betalt.

3. Fyll ut spelarprofilen og returner til oss snarast. Denne har alle spelarane fått på mail. Pr i dag har 12 av 20 ikkje levert denne.

Me vonar at våre spelarar klarar å retta seg etter flest mogleg av desse forholdsvis enkle spelereglane....

 

  • Trenar-Emil inviterar til extratrening (16.03.09)

Veitastrond sin hovudtrenar Emil Heggestad hadde i dag tenkt å ha seg ei kondisjonsøkt oppe på Sogndal Stadion. I den anledning så tek han like godt å inviterar med seg resten av laget og på ei frivillig og uoffisell trening.

Dette vil seia at me denne veka kan tilby våre spelarar heile 4 samlingar der me byrjar med intervall trening i dag, fotballtrening i morgon, jogging på torsdag og når me då er blitt i så god form som det nesten går ann så avsluttar me med treningskamp mot Jølster på laurdag - stakkars dei, for å sei det mildt...

Me legg til at dette kan reknast som ei privat treningsøkt med Emil Heggestad, og det vil ikkje bli delt ut poeng på treningsstatistikken i dag. Dette gjeld og for dei som måtte prioritera å ta seg ein tur på Togga i staden for å springa med Emil & co.

Me ynskjer alle spelarane velkomne til denne økta, og me er sikre på at dette vil gjera godt for alle mann.

 

  • Bilder frå VIL - Vang (15.03.09)

Ein av våre ivrigaste supportar sat på tribuna og knipsa fotos på harde livet under gårsdagens kamp. Nokre av desse bilda har me fått tilsendt til oss, og me har då gleda av å visa dykk dei fyrste bilda av Veitastrond Fotball anno 2009.

Det er ikkje så veldig mange bilder, men me reknar med at det er kjærkomment for våre fans å endeleg få noko glimt av heltane sine igjen.

Sjå bildene HER

 

  • Veitastrond - Vang 2-2 (14.03.09)

Veitastrond unngjekk tap for fyrste gong i år då Emil Heggestad heada inn utlikninga til 2-2. Scoringa som kom i kampen siste speleminutt var fullt fortent, og kampen sett under eit burde VIL ha vunne denne kampen. Defansivt fungerte det i dag bra bortsett frå ein periode i 1.omgang, og i tillegg fekk me i gang angrepsspelet vårt for fyrste gong i år. Alt i alt er VIL godt nøgde med dagens gjennomgang.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Veitastrond - Vang (13.03.09)

Veitastrond spelar i morgon sin 3. treningskamp for sesongen når Vang står på motsatt banehalvdel og er klare til å møta oss i Sognahallen. Stadig så jaktar me på vår fyrste siger og forsåvitt vårt fyrste mål og. Me ventar ikkje å få noko gratis i morgon heller, då Vang etter våre rapportar er eit habilt 4. divisjon lag som held til i regionen Indre Østland. Dei er på treningsleir i Sogndal denne helga, og me er så heldige å få dei til kamp. Alltid kjekt å få spela kamp mot lag som kjem utanbygda frå, og me ser fram til denne kampen.

Les meir HER (* no med endåei endring på laget som fyrst vart lagt ut *)

NB!

Minnar til det keisamlege alle våre spelarar om å betala treningsavgifta og fylla ut spelarprofilen din og returnera til oss. Alle spelarane skal ha fått tilsendt profil på mail.

 

  • Jogging i dag (12.03.09)

Me minnar om jogginga i dag. Møt opp utanfor Lægreid kl 17:00 og spiss formen framfor helgas treningskamp.

 

  • Bygdakveld (09.03.09)

Etter mykje vingling med datoar har me no endeleg bestemt at bygdakvelden i regi Veitastrond Fotball vert fredag den 20.mars, altså om ca 1,5 veka. Me hadde i utgangspunktet tenkt oss å ha den på fyrstkommande fredag, men sidan me plagast med sirup i røvi finn me det best å utsetta endå ein gong. Denne gongen er imidlertid datoen endeleg.

På denne kvelden kjem me til å laga til eit program rundt fotballaget vårt med fokus på opprykkssesongen 2008, samt at me og ser litt fram mot det som skal skje i 2009.

Det vil på denne kvelden bli mogelg for å få med seg;

  • gjennomgang av sesongen 2008 i form av bilder og gode historiar
  • videosnuttar
  • dikt og slikt
  • og sist men ikkje minst vil det bli framsyning av skodespel
  • +++

I tillegg vert det sjølvsagt servering av mat.

Annonseringa av kvelden tek til allereie denne veka, og for dei av dykk som les dette så oppfordrar me til å spre det glade bodskap!

Me sjåast til ein koseleg kveld i Veitastrond Samfunnssal.

 

  • Treningsstatistikken (08.03.09)

Har lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk.

Denne finn du HER

 

  • Eit førebilete for dei andre (07.03.09)

Dei gamle er eldst heiter det, og for VIL-spelar Arne Nes gjeld dette ordtaket både på og utanfor bana. På torsdag spelte veteranen sin fyrste kamp frå start på fleire år, og fekk her vist at han framleis er ein habil fotballspelar. I tillegg til dette viste han tidlegare i veka at han og dreg lasset utanfor bana, då han var fyrste VIL-spelar som betalte treningsavgift for 2009. "Når eg fekk beskjed om at årets treningsavgift skulle inn reiste eg sporenstreks heim og betalte, var ingen grunn til å venta med dette", seier Arne til Veitastrond.com. Det er ein kjendt sak at Arne alltid har vore ein som er tidleg ute, uansett om det gjeld å møta opp til avtalar, bestemma seg for om han blir med på ting eller ei og no altså viser han det igjen ved å betala treningsavgifta rekordtidleg.

Les meir HER

 

  • Øyvind Lien - vår nye kaptein? (06.03.09)

Med Even Kvam, Kim Andre Navarsete og Kurt Heggestad på sidelinja i gårsdagens treningskamp var me samstundes utan våre 3 heitaste kandidatar til å bera kapteinsbindet. Det var difor stor spaning rundt kven som skulle få æra i denne treningskampen, og både supportarar, medspelarar og ikkje minst hovudpersonen sjølv vart ein smule overraska når det vart klart at det var bergansen Øyvind Lien som fekk æra av å surra nokre rundar med sokkateip tundt sin veltrente overarm. Veitastrond.com fekk og med seg denne hendinga, og valgte å ta seg ein prat med Øyvind dager derpå.

Les meir HER

 

  • Kaupanger - Veitastrond 4-0 (05.03.09)

Kaupanger viste seg som eit bedre lag enn Veitastrond i kveldens treningskamp, og vann til slutt 4-0 på kunstgraset ute på Skogen. Likevel er VIL godt nøgde med eigen innsats og målet om å sikra den defansive biten i spelet fungerte godt. Heimelaget scora ikkje før det var spelt 60 min, og dei siste 30 minutta tok dei VIL på kondisen og putta eit par til på slutten. Med tanke på treningsgrunnlag og nivåskilnaden desse to laga i mellom var 4-0 som foventa, og alt i alt sit me att med ei god kjensle etter denne kampen.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Kaupanger - Veitastrond (04.03.09)

Det er i morgon duka for Veitastrond sin andre treningskamp for året. Denne gongen tek me turen til Kaupangerskogen for å spela utandørs for fyrste gong sidan KM-finalen i oktober. På motsatt side står Kaupanger, og me får dermed nok ein gong bryna oss mot eit lag frå 3.divisjon. Alt tyder på at VIL kjem til å få det tøft også i denne kampen, men her skal det utvilsamt spelast kamp før rekneskapen vert oppgjort. Det er eit noko svekka VIL lag som stiller til start i morgon, og i tillegg vil me eksprimentera litt med formasjonar, så får det heller gå som det går (...so han sa guten når han løyste broki)

Les meir HER

 

  • Statistikk for februar (03.03.09)

Nok ein månad er forbi, og av det kjem det endå meir statistikk.

Les meir HER

I tillegg har me oppdatert Lenker i menyen ovanfor. Her har me lagt til lenke til heimesidene til alle laga me skal møta i år. Av dei sidene som er verdt eit besøk så anbefalar me heimesida til Askvoll/Holmedal, som skil seg forholdsvis soleklart ut som den beste heimesida til våre motstandarar.

 

  • Spelarprofil 2009 (01.03.09)

Redaksjonen i Veitastrond.com har no sendt ut eit skjema for årets spelarprofil til alle våre spelarar pr. mail.

Me oppfordrar difor alle våre spelarar om å sjekka mailboxen sin, fylla ut skjema og returner til oss snarast. Dersom nokon ikkje har motteke skjemaet så sei ifrå.

Det vert og nokre foto-sessionar i næraste framtid, og me satsar på å ha spelarprofilane i boks innan rimeleg tid.

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com