Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Mars 2010

  • Fjøra - Veitastrond 1-1 (26.03.10)

For andre gong på ein god månad spelte Veitastrond uavgjort i treningskamp mot Fjøra. I gårsdagens kamp ute på Kaupanger enda det 1-1 etter at det var Veitastrond som tok leiinga. Nok ein gong så spelar VIL ein god kamp mot eit lag frå høgare divisjonar, og når me no er byrja å tetta att bakover kan dette bli meget bra når serien sparkast i gang. Diverre var det og i dag litt for få spelarar å velja mellom for trenarane, men dei som møtte opp gjorde ein heroisk innsats for laget sitt.

Les meir HER

 

  • Fjøra - Veitastrond 1-1 (25.03.10)

Veitastrond spelte i dag 1-1 mot Fjøra på Kaupanger. VIL tok leiinga etter ca 15 min spel ved Arne Nes, medan fjørene utlikna 10 minutt etterpå.

Det vert diverre ikkje noko referat frå kampen i dag, men i morgon derimot - då kjem det referat.

 

  • Even Hovland (25.03.10)

Veitastrond Fotball kan bekrefta at me i dag har lagt inn eit bod på Sogndal Fotball sin midtstoggar Even Hovland. Bodet er på kr 1000,-, og me ventar på svar frå Sogndal Fotball. Dette vart lagt fram etter at Trond Fylling nærast oppfordra Veitastrond til å by på spelaren og at storleiken på bodet skulle vera i tråd med marknadsverdien til Veitastrond. Etter vår oppfatning er kr 1000,- marknadsverdi og vel så det for spelarovergangar i 4.divisjon.

Du kan lesa meir om denne saka på Sogn Avis HER

eller på Sogndal Fotball sine heimesider HER

I artikkelen til Sogndal Fotball avsluttar dei med å ynskja geitebukkane på Strondi lukke til med sesongen. Me kan berra takka så mykje for dette, og me ynskjer sjølvsagt Sogndal og Even Hovland lukke til med sin sesong!

 

  • Før kampen; Fjøra - Veitastrond (24.03.10)

Me har ikkje før fått lagt etterdønningane etter helgas kamp mot Nord Hordaland bak oss før det i dag er ny kamp for Veitastrond sine utvalgte. For andre gong i vinter så ventar Fjøra på motsatt banehalvdel, og me vil tru at fjørene er innstilte på å visa at dei kan betre enn det dei viste sist gong. Forrige kamp enda med 3-3 og det var den gong lite som tyda på at det var divisjonsskilnad mellom dei to laga. Dette betyr ikkje så mykje i dag, og begge lag stiller til start med blanke ark. For Veitastrond sin del er det nok ein gong mykje folk ute...

Les meir HER

 

  • Øystein i fokus (23.03.10)

Etter draumescoringa til Øystein i helga har medietrykket vore hardt på hovudpersonen. Både aviser og radio har vore på saka, og i dag gjekk òg klippet på Norgesglasset på NRK P1 - altså nasjonal radio.

Me tykkjer all denne oppmerksomheten er velfortent og for dei som ikkje har fått med seg dette kan sjå og høyra om Øystein i linkane nedanfor;

Sogn Avis

NRK P1

 

  • Veitastrond - Nord Hordaland 11-4 (20.03.10)

Veitastrond tok i dag ein knusande siger mot Nord Hordaland og vann til slutt med heile 11-4, etter å ha leia 8-1 til pause. Me var spente på dagens motstandar og det viste seg at det nærast var eit reint junior lag me møtte. Litt uvant å spela ein kamp der me er så totalt overlegne, men nyttig å få ei slik gjennomkøyring å sjå at det offansive spelet vårt fungerar.

Bortsett frå gledeleg resultat var det eine og åleine Øystein Heggestad som vart dagens helt inne i Sognahallen. Øystein kom innpå mot slutten og fekk æra av å setta inn kampens siste mål med ein utsøkt lobb over keeper. Når Øystein scorar mål betyr det litt meir enn det meste anna me driv med innanfor fotballen og me gler oss stort på hass sine vegne i kveld.

Les meir HER

 

  • Statistikk for februar 2010 (19.03.10)

Noko på etterskot kjem her statistikk for februar månad.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Veitastrond - Nord Hordaland (19.03.10)

I morgon er det klart for årets 5. treningskamp når me skal ut i spanande dyst mot Nord Hordaland. Dette er ein motstandar me veit absolutt null, niks og nada om, og er av den typen lag det er kjekt å spela treningskamp mot. Diverre er det òg til denne kampen ein mykje folk ute og trenarane har ikkje alt for mange alternativ når laget skal plukkast ut. Uansett er dei spelarane som er disponible klare til kamp, og me skal gjera vårt beste for å tukta hordalendingane.

Les meir HER

 

  • Styremøte (18.03.10)

Det vart halde eit styremøte på måndag denne veka. Her fylgjer eit kort referat.

Les meir HER

 

  • Terminliste 2010 (18.03.10)

Har lagt ut årets kampprogram under `Årets sesong` i menyen ovanfor. Her kan du sjå både kampprogramet til Veitastrond, samt fylgja link til å sjå heile terminlista for årets 4.divisjon.

Les meir HER

Nye treningskampar

Det er avtalt treningskampar mot Bjørn 6.april kl 19:30 og mot Hafslo 11.april kl 13:00. Begge desse to kampane går på Kaupanger og vert våre to siste treningskampar før alvoret byrjar.

I tillegg vert det kanskje ein kamp mot Fjøra på fyrstkommande onsdag, dvs 24.mars. Dette er ikkje heilt i boks, men ei avklaring kjem om ikkje lenge. Inkludert denne har me då 4 treningskampar igjen før sesongen byrjar der Nord Hordaland er fyrst ut allereie på laurdag i Sognahallen.

 

  • Årdal 2 - Veitastrond 3-4 (09.03.10)

Det vart diverre ingen live overføring frå Årdal i dag heller. Årsaka var at vevansvarleg ikkje fekk tid og for så vidt hadde me ikkje nokon på sidelinja som kunne ha oppdatert oss heller. Dette var kanskje ikkje så farleg når me no har vore i kontakt med dei som spelte inne i industribygda i kveld og meldingane var oppløftande. Sjølv om det i dag òg var litt i minste laget med folk så vann Veitastrond 4-3 mot Årdal 2. Dagens mann vart som så mange gonger før Kurt Heggestad som scora 3 av måla til VIL.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Årdal 2 - Veitastrond (08.03.10)

Berre 4 dagar etter parodien mot Dale som enda med 1-8 tap får Veitastrond sine utvalgte ein gyllen sjanse til å revansjera seg. I morgon tek laget turen over fjorden for å møta Årdal sine nestbeste. Dette vert den einaste treningskampen i vinter mot lag i frå samme divisjon, og det vil såleis gje ein fin peikepinn på kor me står pr dags dato. Som vanleg har me òg til denne kampen mange forfall, men ikkje på langt nær så mange som i helga. Veitastrond er sugne på å røysa seg etter fredagens fall og forhåpentlegvis er dette noko som dei vil få merka inne i Årdal i morgon.

Les meir HER

Kanskje best å ikkje lova noko, men dersom det vert tid så prøver me oss på ei live overføring her på Veitastrond.com. Stikk innom heimesidene våre i morgon frå 19:00 og utover, så får me sjå om det dukkar opp noko...

 

  • Ole Christian gjer seg (08.03.10)

Ole Christian Løvik som signerte for Veitastrond i fjor haust fekk ei kort karriere i klubben. Etter å ha vore med litt i vinter har han no gitt beskjed om at han gjer seg i klubben etter berre eit halvt år. Grunnen til dette er at Ole Christian og familien skal flytta til Haugesund, og dette er ikkje rimeleg å kombinera med ei karriere på VIL-fotball.

Dermed stoppar Ole på 4 kampar i den blåe trøya, og me lyt vel innrømma at me aldri fekk nytta oss av det potensialet som me veit at han har inne. Dersom han hadde fått ein god treningsvinter i år er me sikre på at me kunne fått ein nøkkelspelar i den venstrebeinte midtbanespelaren, men dette får me diverre ikkje oppleva.

Me takkar Ole Christian for bidraget, og ynskjer han og sine lukke til vidare i Haugesund!

 

  • Nytt divisjonssystem 2011 (07.03.10)

På det mykje omtala fotballtinget som har funne stad i helga vart dei tidlegare nevnte forslaga om endringar i divisjonsoppsettet vedteket. Dette inneber at det i årets sesong vil bli mange lag som rykker ned frå dei ulike divisjonane, medan få rykker opp!?

Les meir HER

 

  • Veitastrond - Dale 1-8 (05.03.10)

Eit redusert Veitastrond mannskap fekk det tøft mot Dale og tapte heile 1-8 i kveldens treningskamp. VIL hang brukbart med i starten og det såg lovande ut då Bjørn Molland utlikna til 1-1 tidleg i 1.omgang. Derifrå og ut gjekk det diverre dårleg og på slutten så rann måla inn. Stygge siffer, og me kan ikkje ta dette som noko anna enn ei treningsøkt for dei som var med.

Les meir HER

 

  • Live oppdatering avlyst (05.03.10)

Det blir diverre ikkje tid til noko fyldig live oppdatering av Veitastrond - Dale her på Veitastrond.com. Me kjem kanskje med ein rapport undervegs dersom tida strekker til.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Dale (05.03.10)

Litt seint ute kjem her ein noko forsinka og amputert analyse av kveldens kamp vs Dale. Det som i utgangspunktet skulle bli den viktigaste treningshelga før sesongen med to kampar og full rulle, bli i staden ein kamp med lite folk tilgjengeleg. Det har ikkje lukkast Veitastrond.com å få tak i fyrsteellevaren til i kveld, men me har ein nokonlunde oversikt over kven som er i troppen.

Les meir HER

Sidan vevansvarleg ikkje kjem til å vera til stades i Sognahallen i kveld så håpar me på ein live-overføring av kampen her på Veitastrond.com.

Me kjem attende med meir info om dette når det nærmar seg kampstart kl 18:00!

 

  • Kampen mot Bjørn er avlyst (04.03.10)

Veitastrond skulle eigentleg ha spelt to treningskampar denne helga, men kampen mot Bjørn laurdag er avlyst. Grunnen til dette er at VIL har lite folk tilgjengeleg og me klarar difor ikkje 3 økter på 3 dagar. Me lyt difor nøya oss med trening i kveld og kamp mot Dale i morgon (fredag). Det kan bli aktuelt med ein kamp Bjørn på eit seinare tidspunkt i vinter.

Den 20.mars har Veitastrond avtalt kamp mot Nord Hordaland i Sognahallen. Kampstart kl 17:00.

Treningsavgift

Det er framleis ca 10 spelarar som ikkje har betalt treningsavgifta. 2. purring vart sendt ut i går, og frå og med neste purring om ca 14 dagar vil det bli lagt til eit purregebyr på kr 50,- for kvar gong.

Altså ingen grunn til å ikkje betala no. Dersom nokon av ein eller annan grunn ikkje kan betala no så sei ifrå til økonomiansvarleg i klubben.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com