
Då har me omsider fått summa oss til å legga ut årets fyrste utkast til treningsstatistikken.
Etter 3 treningar leiar Runar Hatlevoll og Karl Jomar Bruheim, som begge har full pott med 6 poeng.
Du finn treningsstatistikken under Årets sesong i menyen ovanfor, eller du kan sjå den HER
Spelarstallen 2011
Under Spelarane i menyen ovanfor har me no lagt ut ein oppdatert spelarstall for årets sesong. Har lagt til alle dei som har signert, eller har signalisert at dei vil gjera det. Er sikkert nokon som ikkje dreg kjensel på alle, og me satsar på å presentera alle dei nye etterkvart.
Spelarstallen tel pr dags dato 27 mann med rått og råte. Ein del av desse kan ein riktignok kalla inaktive på det noverande tidspunkt, men me tykkjer det er så brutalt å fjerna dei at me let dei stå inntil vidare.
Skulle gjerne sagt at me kjem til å legga ut oppdaterte spelarprofilar utover sesongen, men kjenner me oss sjølve rett ville det ha vore å juga.
Gje oss ein lyd om me har gløymt nokon i oversikten vår.
Generalprøven
Det er no klart at me berre skal ha ein treningskamp til før sesongen byrjar. Dette blir mot Bjørn inne i kommunesenteret Gaup-ne, laurdag 9.april kl 13:00. Kampen vert spelt på den nye kunstgrasbana på det kommunale anlegget vårt.
Dermed vert det berre 4 treningskampar før årets sesong, og dette er nok i knappaste laget. Slik sett står det i stil med ein ellers under pari sesongoppkøyring.
Treningsavgifta
Er framleis ca 10 spelarar som ikkje har betalt treningsavgifta for vårsesongen. Me oppmodar desse om å gjera opp for seg snarast... nett slik som han karen du ser på bildet har gjort!
Sogndal 2 var best i alt og vann gårsdagens treningskamp med 6-0 over Veitastrond. For VIL sin del vart kampen ei treningsøkt der me fekk prøva oss mot eit betre lag og øva oss på det defansive arbeidet. Som vanleg går me ut med hovudet heva og tek slike kampar som eit ledd i treninga.
Les meir HER
I morgon er det klart for årets 3. treningskamp for Veitastrond. Nok ein gong ventar det oss tøff motstand, og nok ein gong stiller me ikkje så mannsterke som me kunne ha håpa på. Denne gongen er det Sogndal 2, som dersom været vert nokonlunde, blir vår motstandar.
Les meir HER

På spelarmøte i førre veka var det ikkje alt for mange tunge saker, og det meste dreide seg om at Kurt Heggestad informerte gamle og særleg nye spelarar om korleis me gjer ting i VIL-fotball. Eit av hovudpunkta var som venta kven som skal vera kaptein for Veitastrond i 2011. I fjor var det Kim Andre Navarsete som hadde dette ansvaret, men etter at han forlot VIL til fordel for Fjøra så lyt me finna ein erstattar. Ikkje veldig overraskande var det fjorårets visekaptein Øyvind Lien som vart tildelt den store æra å vera VIL sin kaptein den kommande sesongen, medan Frode Kvam rykkar inn som ny visekaptein.
Les meir HER
Treningsstatistikken
Det er kanskje nokon som etterlyser årets treningsstatistikk. Diverre så har det vorte kluss i vekslinga på dei fyrste månadane, og me manglar ein del resultat på dei fyrste 6 treningane. Dermed har me bestemt oss for å føra denne statistikken frå og med fyrste trening etter at me fekk godkjent bana, og årets sesong for alvor byrja. Synd for dei som hadde stort oppmøte før dette, men bra for dei som ikkje hadde det ;) Kan og informera om at joggeøkter ikkje blir med på årets statistikk.
Skal få lagt ut denne så snygt me giddar, men er eit slikt fela tiltak. Tek sikkert bortimot 10 minutt å fiksa det...

Fredag inviterar VIL til basar i samfunnssalen på Strondi.
Showet startar allereie kl 19:00 med cuprenn, før turen går bort til skulen ca kl 19:30. Her blir det servering av tomatsuppe (gratis!), og tradisjonelt åresal og loddbøker med eiga barnebok.
Overskotet går blant anna til utbetring av Leikvoll Stadion.
Me oppfordrar store og små VIL-fans til å ta turen.

Som tidlegare nevnt har VIL-fotball vore aktive på overgangsmarkedet så langt. Det er ennå litt uklårt kor mange som faktisk kjem til å signera for klubben, men me reknar med det blir ein stad mellom 3 og 6 spelarar. Med så mange inn så får me ta presentasjon av dei ulike litt etterkvart. Me byrjar i dag med to av dei som er klare, og det er dei to brødrene Ole Petter- og Runar Hatlevoll, begge naturlegvis frå Ornes. I mange år har Hatlevollnavnet vore sterkt delaktig med vår naborival Hafslo, men no går altså fienden over på vårt lag og me er glade for å ynskje dei begge velkomne ombord.
Les meir HER
Minner ellers våre spelarar (som vanleg) om å betala treningsavgifta, samt å hugsa spelarmøte + trening på torsdag.
Veitastrond tapte årets andre treningskamp med 2-4 mot Jølster. VIL tok leiinga tidleg i kampen, men jølstringane kom attende og leia 4-1 før me fekk ei redusering heilt på tampen. Alt i alt var dette ei fin gjennomkøyring av Veitastrond, der me fekk prøvd ut mange spelarar i ulike posisjonar.
Les meir HER
Veitastrond tapte i dag 4-2 mot Jølster. Veitastrond tok leiinga 1-0 ved Frode Kvam, men Jølster slo attende og leia 3-1 til pause.
Etter kvilen auka Jølster til 4-1, før Frode Kvåle reduserte til 4-2.
Me kjem attende med ein litt lengre rapport frå kampen på eit seinare tidspunkt - anten i kveld eller i murgun den dag.

Då er det klart for andre treningskamp for sesongen. For tredje året på rad så spelar me kamp mot Jølster i oppkøyringsperioden. Medan dei to føregåande åra har vore mot eit lag på høgare nivå, så vert det i år mot ein divisjonskollega. Jølster rykka ned ein halv sesong i fjor, medan me rykka opp ein halv, og dermed møtes me på midten i år. For Veitastrond sin del så vert dette på mange måtar årets fyrste treningskamp der me verkeleg har skjerpa sansane og kvessa knivane. For etter at me fekk godkjent heimebana vår og me endeleg var sikre på at me har lag i 2011, så har me snygt fått orden i rekkene og plutseleg så føler me at me er i rute fram mot årets sesong.
Les meir HER
Det blir ikkje kamp mot Fjøra den 23.mars, slik me opprinneleg hadde planlagt. I staden så blir ny motstandar Sogndal 2 på samme tid og stad.
I tillegg går det rykter i gongane om ein ny treningskamp laurdag 26.mars. Me veit ikkje kven motstandar blir, men truleg blir det eit lag utanbygds frå som er på treningsleir i Sogndal.
Etter at Veitastrond i slutten av forrige veke fekk beskjed om at me får godkjent Leikvoll Stadion, så har denne veka vore av det hektiske slaget i vår målestokk.
Les meir HER
Veitastrond fekk denne veka endeleg godkjendt Leikvoll Stadion. Styret i fotballkretsen hadde oppe saka på ny denne veka, og på visse betingelsar får me løyve til å nytta Leikvoll dei neste 3 sesongane. Dermed veit me endeleg 100% at me kan stilla lag i sesongen 2011, og ein og ein halv månad før seriestart kan me no for alvor byrja sesongførebuingane.
Les meir HER