Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

   ARKIV; November 2007      

  • Oppsett til KM (28.11.07)

Etter eit møte hjå assistenttrenaren i går kveld vart dei to trenarane samde om korleis opplegget til helgas KM innandørs vert.

Både laginndeling, gruppe- og kampoppsett er no klart, og det er no berre å gle seg til det brakar laust på laurdag kl 10:00.

Les meir om KM og oppsett HER

 

  • Bjørn blir verande i 5.divisjon (24.11.07)

Bjørn tapte i dag returoppgjeret mot Askovoll/Holmedal med 1-2 i kampen om å få billett til 4.divison neste år. Dei tapte dermed 3-5 samanlagt.

Dette er naturlegvis synd for Bjørn, og me føler med dei. Eit lag ifrå Luster i 4.divisjon hadde utvilsamt vore godt for fotballen i kommunen. Likevel klarar me ikkje heilt å bli så veldig lei oss for dette, då det vil seia at me får sjansen til å spela mot Bjørn i 5.divisjon neste år. Med både Veitastrond, Hafslo go Bjørn i samme divisjon er me sikre på at det vert litt ekstra prestisje desse tre laga i mellom.

Oppsettet til dei to avdelinga er ennå ikkje satt opp. Det som likevel er sikkert er at me no er sikra å spela mot Hafslo, Bjørn og Kaupanger 2. Dette gjer at det ikkje vert så mange lange reiser på oss, og alle hjarter gler seg over dette.

Ha ein praktfull weekend.

 

  • Veitastrond klare for KM (21.11.07)

1. desember vert KM innandørs arrangert i Sognahallen. Til dette arrangementet har VIL meldt på 2 lag.

Dette blir den 4. turneringa i Sognahallen på ein knapp månad som VIL-spelarar er involverte i. Tidlegare har me hatt representantar i både Sponsorturnering, Studentturnering og Kjempenes Liga. Ein skulle då tru at ein del av spelarane er godt budde til til denne turneringa.

Les meir om KM HER

 

  • Lægreidspuben til topps i Kjempenes Liga (18.11.07)

Som dei fleste sikkert har fått med seg allereie, så gjekk Lægreidspuben med VIL-spelarane Vidar Vadseth, Øyvind Lien og Helge Skjælaaen i spissen til topps i gårsdagens Kjempenes Liga turnering. Laget tok ein overraskande og særs fortent siger. I finalen vann dei 3-1 mot Skills that Kills.

Me gratulerer Lægreidspuben, og spesielt våre 3 gutar med sigeren. Me vonar de vil ta me dykk denne positive opplevinga inn i sesongen 2008 med VIL-Fotball.

 

  • Jarvamyri rauk ut i 1/8-finalen i årets Kjempenes Liga (17.11.07)

Årets Jarvamyri maskineri kom aldri skikkeleg i gang, og etter å karra seg vidare ifrå gruppespelt på fredag vart det klakk ut i 1/8-finalen i dag. Både finspel og innsats var til tider fråverande og då held det ikkje i dette selskapet.

Kan ellers ta med at Lægreids Puben med mange VIL-stjerner på laget går mot gull og grønne skogar og dei spelar trast finale.

Les meir om årets Kjempenes HER

 

  • Dårlege treningstider for VIL-fotball (13.11.07)

Veitastrond må diverre gå bort ifrå dei gode treningstidene me har hatt dei siste to sesongane. Grunna rot rundt bestilling av tider har me havna bakerst i køen, og må ta til takke med det dei andre ikkje vil ha. Dette er diverre med på at tilbodet me kan gje til spelarane vert svekka, men me let oss sjølvsagt ikkje knekka av dette og vonar å gjera det beste ut av situasjoneen.

Les meir om dårlege treningstider HER

 

  • Familieidyll (11.11.07)

På onsdag 07.november vart Kurt Heggestad pappa for andre gong til ein liten gut. Hass kjære Silje reiste me ambulansen tildleg på dagen, men måtte venta til utpå kvelden før vidunderet såg verdas lys. Frå før av har dei to Noah som no er ca 1,5 år gammal.

I dag kom Silje heim ifrå sjukehuset, og alt går strålande med dei. Veitastrond.com var ein liten tur innom og helste på i dag, og der møtte me to stolte foreldre og ein endå stoltare storebror som allereie no klør i fingrane etter å visa minstemann kven som er sjefen i huset. Når det gjeld den nyfødde så ser me alt no tegn på at dette er ei kommande VIL-stjerne.

Grunna fødselen så vart det ikkje tid til noko foto-session med Kurt på stadionanlegget til VIL-fotball denne helga. Dette får me komma tilbake med ved ein seinare anledning.

 

  • Oppsett for Kjempenes Liga (07.11.07)

Årets Kjempenes Liga går av stabelen 16.-17. november, og i går vart trekningen av gruppene gjort. Vårt lag Jarvamyri havna i gruppe B, som inneheld følgjande lag;

  • Jarvamyri
  • Samvirkelaget
  • IUFF
  • Gjestvang Disipler

Sjølv om me unngjekk dei største førehandsfavorittane, så ser alle våre motstandarar ut til å vera gode lag. Spesielt legg me merke til Gjestvand Disipler som har Sogndal sitt nye stjerneskot Mads Solheim i spissen. Me trur det blir ei knallhard gruppe med tøff kamp om ovansement.

I utgangspunket hadde me håpa å få spela kampane våre på laurdag, men grunna ein liten kommunikasjonssvikt fekk me ikkje gitt Fjøra FK skikkeleg beskjed om dette. Difor må me pent møta opp på fredag, og forhåpentlegvis går me vidare frå gruppa og spelar sluttspel på laurdag. På fredag spelar dei 3 fyrste gruppene kampane sine, der dei 2 beste i kvar gruppe + dei 2 beste 3`arane går vidare. Burde vera gode mulighetar til å gå vidare altså.

Les meir om Kjempenes Liga på deira heimsider HER

 

  • KURT HEGGESTAD SNART KLAR FOR VEITASTROND (06.11.07)

Det meste tyder på at Kurt Heggestad no takkar for seg i Sogndal, og melder overgang til Veitastrond. Dette er sannsynlegvis tidenes overgang i Sogn og Fjordane om ein ser på kvaliteten på spelar kontra det nivået som VIL spelar på. Saman med opprykket tidlegare i haust tør me påstå at dette er den største happeningen i VIL-fotball si korte soge.

Denne nyhenda er sensajonell, men sikkert ikkje så veldig ny for dei fleste. Veitastrond.com har bevist venta med å skriva om saka før sesongen til Sogndal var over, og det meste såg ut til å vera klart for overgang. Me har snakka med Kurt før i dag, og han er sjølvsagt ifrå seg av begeistring for at han skal spela i den blåe drakta til neste år.

Les meir om saka HER

 

  • Statistikk for oktober (02.11.07)

I oktober månad var det 3952 treff inne på Veitastrond.com. Dette er som venta ein nedgang frå september med ca 600-700. Er ikkje anna å venta no når me ikkje spelar kampar. Likevel er me nøgde med resultatet då det til samanlikning er noko bedre enn august. Me vonar alle brukarane våre vil halda fram med å vitja oss, så får me prøva å koka i hop både viktige og uviktige nyhende no i vinter.

Me ynskjer alle våre brukarar ei riktig god helg - la det rocke la det rulle!

 

  • Gaute Olstad is back in town (01.11.07)

Me byrjar november månad med ei sikkeleg gladmelding. Ei av dei store publikumsyndlingane på Leikvoll Stadion, Gaute Olstad, har bestemt seg for å gjera comeback i VIL-trøya etter eit års pause. Han fylgjer dermed i Frank Heggestad sine fotspor, og me har no fått på plass to solide signingar både når det gjeld sportsleg og ikkje minst sosialt.

I tillegg jobbast det aktivt med å få dei siste detaljane på plass rundt overgangane til eit par spelarar til. Trenar Emil Heggestad har ikkje lagt skjul på at han vil ha på plass spelarstallen før året er omme, slik at han får god tid til å drilla inn mannskapet til seriestart.

Les meir om det gledelege comebacket til Gaute HER

 

 

 

NYHENDEARKIV

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com