Me tenkjer no at brukarane sitrar av spaning, og gler seg til vår eminente julekalendar Raud Jul brakar laust i morgon. Sherlock Heggestad har no alt klart, og me er rimeleg sikre på at me klarar å oppfylla forventningane til våre brukarar.
Har lagt til link til samleside for julekalendaren i logoen ovanfor, og det er her inne me kjem til å legga ut ein ny episode kvar dag.
I tillegg kjem me sjølvsagt til å minna våre kjære brukarar på julekalendaren her på nyhende-sida og. Arbeidet med julekalendaren gjer til at me ikkje har kapasitet til å komma med så mykje anna, men ser ein på dei siste nyhende sakene er det kanskje like greitt. Med juletida kan me gossa oss med både julemat, julesnop, juleøl og no og altså Sherlock Heggestad sin julekalendar, og då høver det seg dårleg å tygga på dei samme gamle vassne agurkane som me gjer ellers i året...
- Emil Heggestad på veg til IK Start? (28.11.08)

Veitastrond.com kan i dag komma med den noko overraskande nyhenda om at VIL sin hovudtrenar Emil Heggestad kan vera på veg til IK Start og Kristiansand. Sørlandsklubben som rykka opp til Tippeligaen i haust er for tida utan trenar og samstundes har dei vore i økonomiske problem. Dei ser seg difor om etter alternative løysingar der eit rykte i dag går på at dei skal henta den relativt ukjende trenaren Heggestad og tilby han ein kontrakt der han skal jobba delvis i Start og delvis i Kristiansand Dyrepark.
Les meir HER
- VIL FILMEN 2008 er kommen på nett (27.11.08)

Då har me endeleg gleda av å komma med nyhenda om at VIL Filmen 2008 no er kommen på nett.
Filmen er lagt ut på Google Video for dei som måtte kjenna til dette. Er sikkert ikkje verdas beste formidlar av filmar via verdsveven, men me er såpass godt nøgde med endeleg å få til å publisera denne for alle at det bryr me oss fint lite om. Sidan fila er såpass stor og lang var det mange nettsider som ikkje godtok fila så all ære til Google for dette.
Denne filmen vart først vist på avslutningsfesten på laurdag, men me var ikkje heilt tilfredse med lyden under framvisninga då. Kan ta med at lyden på klippet frå Vestlandsrevyen framleis er noko låg, og dersom ein ikkje har kobla datan til eit anna høgtalaranlegg må ein kanskje anstrenga seg for å få med seg alt som vert sagt.
Me vonar at alle våre brukarar tek seg til å sjå denne filmen som no altså endeleg er på nett!
For å sjå filmen klikkar du på linken i logoen ovanfor.
- Veitastrond bommar aldri på straffe (26.11.08)

Me hadde tidlegare i haust ein artikkel om årets straffesparkstatistikk for VIL-fotball. Den synte at me i år fekk 7 straffar der samtlege av desse resulterte i mål. No har me i Veitastrond.com teke eit større djupdykk i arkivet vårt, og det me fann ut tykkjer me er gansek så interessant. Visste du nemleg at sidan oppstarten i 2004 har Veitastrond endå ikkje bomma ein einaste gong frå krittmerket. Me har sett nærmare på denne statistikken, og dermed og satt eit aldri så lite press på Veitastrond sin neste straffeskyttar.
Les meir HER
Gjesteboka
Veitastrond.com har framleis ikkje hatt noko problem med denne no siste dagane. Likevel har me fått ein rapport om at den har klikka igjen. Me oppfordrar framleis folk om å testa ut denne, og gje tilbakemelding dersom ting går skeis. Forhåpentlegvis kan me friskmelda gjesteboka vår i aller nærmaste framtid.
Ser ut som at gjesteboka vår no fungerer normalt igjen. I allefall har ikkje me hatt noko problem med denne i dag, og me håpar at feilen med at sida berre lasta seg opp igjen og igjen til datan gjekk i stå berre var ein forbigåande feil.
Me oppfordrar brukarane våre til å nytta gjesteboka som normalt og rapportera tilbake til oss dersom de får problem. Dersom feilen dukkar opp igjen kjem me sjølvsagt til å opplysa om dette!
Lat oss kryssa fingrane for at gjesteboka vår er "back on track" (eller "tilbake på sporet" som dei seier her heime...)
- Julekalendaren - "RAUD JUL" (25.11.08)

Veitastrond.com kan i dag komme med nyhenda om vår neste storsatsing. Nok ein gong har me vore så heldige å fått med oss privatetterforskar Sherlock Heggestad på laget, og denne gongen ber me brukarane våre med inn på ein heidundrandes julekalendar som varar frå 1. - 24. desember!
Julekalendaren vår har fått arbeidstittelen RAUD JUL, og truleg vert dette og tittelen me endar opp med om ikkje manusforfattarane skulle komma opp med noko anna før det brakar laust på fyrstkommande måndag.
I utgangspunket er dette ein riktig så triveleg julekalendar der vår venn Sherlcok Heggestad tek oss med på ein tradisjonell juleverkstad og me vil få eit innblikk i korleis ein dekktekktiv forberdar seg til jul. Diverre så viser det seg snygt at alt ikkje er som det skal vera i bygda no før den søte juletida. Mystiske ting byrjar å skje, og etterkvart vil ein skjøna at for å løysa denne saka treng ein alt anna enn amatørar, men ein Sherlock Heggestad i storform.
Me lovar brukarane våre at julekalendaren de får frå oss er den beste julekalendaren som nokon gong er laga - og her er det altså berre å byrja å gleda seg!
For å korte ventetida kan du i mellomtida sjå tilbake og kosa deg med vårt forrige møte med Sherlock, som var påskekrimen "RAUDT KORT"
- Avslutningsfesten 2008 (23.11.08)

Frode Kvam gjorde reint bord på gårsdagens avslutningsfest for VIL-fotball, då han i tillegg til prisen som årets toppscorar og fekk den høgthengande prisen som årets spelar 2008. I tillegg til Frode sine utmerkelsar vart det og delt ut ei rekkje av offisielle og ikkje fullt så offisielle prisar. Festen vart som vanleg halden nede i Resalandskjellaren og som vanleg bar kvelden preg av godt humør og mykje god mat og drikke.
Les meir HER
Problem med gjesteboka
Enkelta av brukarane våre har i det siste hatt problem med gjesteboka. Når ein opnar den så kjem det av og til opp x antall faner med samme innhald og datan går heilt i stå. Dette problemet ligg truleg hjå leverandøren av gjesteboka, og det er lite me kan gjera. Me vonar at problemet vert retta opp i snarst.
Eller kan du gjera som Gaute Olstad å kjøpa deg Mac, for det er det beste som finst i følge han!
- Avslutningsfesten (21.11.08)

I morgon kveld kler VIL-fotball seg i finstasen når alle aktørar i klubben samlast til årets avslutningsfest. Omlag 30 personar har meldt sin ankomst til Resalandskjellaren, og me ser fram til usedvanleg triveleg kveld.
Dørene opnar kl 18:00, og dei oppmøtte vil få servert koltbord levert av Pyramiden ca kl 19:30. Utover kvelden vert utdeling av prisar der kveldens største spaninsmoment ligg i kven som har blitt stemt fram som årets spelar av dei andre spelarane. I frå før av veit me allereie at Frode Kvam får prisen som årets toppscorar og Even Kvam får prisen som årets treningsfantom, og i tillegg vert det nok utdelt ei rekke andre prisar av ymse slag - dersom du har tips til alternative prisar så gje ein lyd til kveldens konferansier Frank Heggestad!
Me kan og røpa at VIL-filmen 2008 no er i boks, og dersom me får til teknikken nede i Resalandskjellaren vert det premiere på denne !
Uansett vert det heilt sikkert ein triveleg kveld, og me i Veitastrond.com kjem tilbake med referat og bilder frå festkvelden ein gong ut på sundagen...

I dag er det mogleg for VIL-fotball sitt stjernegalleri til igjen å møtast på treningsfeltet.
Klubben har som vanleg leigd plass i Sognahallen i vinter, og denne leigeavtalen tek til allereie i november månad. Dei offisielle treningane med notering av treningsstatistikk byrjar ikkje før etter jul, men når me fyrst har hallen vil det vera galskap å ikkje nytta seg av dette. Treningane som går no før jul vert difor for dei frivillige, men kjenner me spelarane våre rett så møter dei nok opp for fullt allereie no.
Perioden før jul vert og ein fin anledning for eventuelle prøvespelarar å imponera det sporstlege apparatet i klubben.
Treningane framover går på tysdagskveldar kl 21:00 - og me ynskjer vel møtt til alle våre kjære spelarar!
- Referat frå spelarmøte (16.11.08)
Torsdagskveld hadde som kjendt leiinga i VIL-fotball innkalt alle spelarar til eit spelarmøte for å ta dei med i planlegginga av sesongen 2009. Omlag 15 spelarar møtte opp på Lægreid, og dei fekk i tillegg til vise ord frå trenar Emil Heggestad og servert mat og drikke av det beste slaget. På lista over saker stod spelarsituasjon, avslutningsfestar, treningstider, økonomi og litt diverse anna snacks.
Les meir HER
- Heiderleg innsats av Jarvamyri i årets Kjempenes Liga (15.11.08)

Jarvamyri klarde å komma seg vidare frå gruppespelet for 4. året på i året Kjempenes Liga etter at dei til tider varta opp med fin fotball inne i Sognahallen i dag. I 1/8-dels finalen vart det diverre bom stopp då det vart tap 2-3 mot Norges Herligste i ein kamp der me like gjerne kunne ha trekt det lengste strået. Dermed vart det slutt ca kl 12:30 for strendingane i dag, men etter å ha spelt sidan kl 09:00 på morgonen var gutane godt nøgde med dagen.
Les meir HER
- Kjempenes Liga 2008 (13.11.08)

Det er no tida på året då Fjøra Fotballklubb arrangerer den årlege Kjempenes Liga turneringa. Dette er ei uoffisiell turnering som består av lokale lag sett saman av ulike kameratgjengar. VIL-fotball deltek dermed ikkje med eige lag i regi av klubben, men her er såpass mange av dagens VIL-stjerner som er involvert at me tykkjer det er på sin plass å dekka deira innsats på Veitastrond.com. Som vanleg kjem me til å følgja laget Jarvamyri tett då dei stort sett berre består av lokale strendingar, men me skal og prøva å oppdatera dykk på andre VIL-spelarar sin innsats i turneringa.
Les meir HER
Me kjem med eit fyldig referat frå årets Kjempenes Liga turnering på laurdagskveld, eller eventuelt ut på sundagen ein gong.
Minnar og alle spelarar om kveldens spelarmøte på Lægreid Hotell kl 20:00. Veitastrond.com skal prøva å få ut eit referat og muligens nokon bilder i løpet av morgondagen.
- Spelarmøte på fyrstkommande torsdag (10.11.08)

På torsdag får spelarane sin fyrste sjanse til å vera med å planlegga sesongen 2009 når Veitastrond Fotball held spelarmøte. Møtet vert som vanleg halde på Lægreid Hotell, og startar opp kl 20:00 (altså rett etter Hotel Cæsar).
Viktige saker som står på agendaen;
- Spelarsituasjonen; Viktig for oss at samtlege frå fjorårsesongen er med på ein ny sesong + at me lyt få inn ein ny spelar eller tvo
- Treningstider
- Treningskampar
- Økonomi
- Ymse
Me oppfordrar spelarane til å komma med innspel dersom de har noko på hjarta.
Det vert litt (?) servering av mat...
- Neste års 4.divisjon (08.11.08)

Heilt sidan Førde gjekk på eit aldri så lite tap mot Åskollen i Drammen har det vore klart kva lag som kjem til å spela i neste års 4.divisjon. Det vert 12 lag der 8 av desse var i denne divisjonen i fjor, 2 har rykka ned frå 3. og 2 lag (deriblant Veitastrond) har rykka opp i frå 5.divisjon. Allereie no kan me i VIL-fotball konstantera at neste sesong vert uhyre spanande for vår eigen del. Me har no komme oss opp på eit nivå som er på det øvre sjiktet av fotballen i Sogn og Fjordane, og neste år ventar det oss mange motstandarar som me har lite eller ingen kjennskap til.
Les meir HER
- Under huda på nettredaksjonen i Veitastrond.com (07.11.08)

Det er ein spesiell dag for Veitastrond.com i dag når me i dag presenterar ein nyhendeartikkelen som er laga av personar utanfor sjølve nettredaksjonen. Ein ikkje navngitt mannsperson frå den tidlegare nettredaksjonen til clix.to/vilil har laga eit intervju for oss med dagens vevansvarleg Richard Nes. Me ynskjer god fornøyelse, og ynskje andre linkande bidragsytarar velkomne i framtida (må ikkje nødvendigve vera eit intervju med oss)...
Me i ein av dei tidlegare redaksjonane til heimesidene våre har vore så heldige å få oss ein prat med vår eminente nettredaktør, Richard Nes. Og vi følte at vi kom godt under huda på nettsjefen til veitastrond.com.
Enjoy!!
Les meir HER