
Det var ein vel gjennomført avslutningsfest som VIL-fotball arrangerte for sine spelarar i helga. Til saman 32 personar møtte opp på Lægreid der dei naut eit nydeleg måltid og vart servert eit til tider fullstappa program. Høgdepunktet for kvelden var då Kurt Heggestad mottok sine prisar for årets spelar og årets toppscorar, samt då trenar Emil Heggestad mottok sin hyllest for sin innsats for klubben. Alt i alt ein kjempekveld som satte eit flott punktum for ein flott sesong.
Les meir HER
Me beklagar at referatet frå fotballfesten kjem noko seint, men grunna tidsnød og latskap har me ikkje gjort dette før no.
Det har heller ikkje lukkast oss å få tak i bilder frå festen. Kanskje kjem dette seinare, eller så kjem det kanskje ikkje seinare...
Under avslutningsfesten til Veitastrond på Lægreid Hotel, vart i går Kurt Heggestad stemt fram som årets spelar 2009. Kurt har utvilsamt vore den beste spelaren både på Veitastrond i år, og kanskje den beste i heile 4.divisjon. Det slo difor ikkje ned som noko bombe då navnet på årets spelar vart lest opp.
Les meir HER
Me kjem attende med eit referat frå avslutningsfesten + nokre bilder om ikkje lenge...

Etter rapportane skal alt no vera klart for VIL-fobtall sin årlege avslutningsfest i helga.
Kl 19:00 på laurdag møter omlag 35 stk opp på Lægreid Hotell. Her vil det bli servert julemat, og festdeltakarane vil få høve til å kjøpa seg noko å leska strupen med.
Utover kvelden vert det ymse program som inneber utdelinga av årets prisar, talar og kanskje dreg multmediaavdelinga opp ein rykande fersk VIL-film? Alt vil bli trygt losa igjennom av kveldens konferansier, Frank Heggestad,
Me minnar spelarane om å kle seg pent og ikkje ha med seg medbrakte drikkevarer.
Veitastrond Fotball ynskjer alle festdeltakarane velkommen og vonar på ein triveleg kveld. Veitastrond.com kjem attende med eit referat og kanskje nokre bilder frå festen ved eit seinare høve...

VIL-fotball er så smått byrja å røra på seg etter ein liten vinterpause, og det fyrste som vart gjort var å høyra med spelarane om kven som vert med vidare. Av 25 mann har me fått mange klare ja, eit par seier tja medan nokon svarar "trur no da". Den einaste som har gitt klart signal på at han ikkje vert med vidare er Vidar Vadseth, som etter 3 sesongar med Veitastrond no legg fotballskodan på hylla. Dermed er ein av dei mest karismatiske spelarane til Veitastrond både på og utanfor bana borte, og det er liten tvil om at Vadsethen vil bli savna i VIL-miljøet.
Les meir HER
Litt på etterskot kjem her ein oppsummering av oktober månad.
Les meir HER

For fyrste gong sidan sesongen slutta var det i går aktivitet i Veitastrond Fotball då styret samlast på Hestnes heime hjå Frank Heggestad. På agendaen til styremøtet stod blant anna evaluering av årets sesong samt at me byrja å legga dei fyrste slagplanane for 2010. I tillegg var me sjølvsagt innom avslutningsfesten vår og ikkje minst spelarstallen. Viktigaste av alt var likevel serveringa som verten kunne by på og me i Veitastrond.com gjer dykk sjølvsagt ein vurdering av denne, samt eit lite referat frå dei sakene me var innom. Som den opne fotballklubben me er så har me ikkje så fela mange hemmelegheiter og løyndomar som me ikkje kan dela med omverda.
Les meir HER

Det er no klart at årets avslutningsfest for Veitastrond Fotball finn staden laurdag 21.november på Lægreid Hotel.
På Lægreid vil spelarane og andre prominente gjester få servert ein juletalerken og utover kvelden vil det verta råd å kjøpa seg noko å fukta strupen med. Me gjer merksam på at det ikkje er lov å ha med seg medbrakte drikkevarer, og me ber festdeltakarane om å respektera dette.
Utover kvelden vert det truleg talar av ymse slag og me set pris på om nokon av spelarane tek initiativ til noko her - anten at de lagar til noko på førehand eller at de seier nokon velvalgte ord på sparket litt ut på kvelden.
I tillegg vert det sjølvsagt utdeling av prisar der Årets Spelar som vanleg er den gjevaste av sitt slag.
Dei siste 4 åra har avslutningsfestane til VIL-fotball vorte arrangert i Resalandskjellaren, men her er det nye eigarar og nytt opplegg så dette vart ikkje aktuelt i år. Me var i staden så heldige at me fekk til ein kjempeavtale med Lægreid der me får maten til rimeleg pris og i tillegg får me eit rom me kan opphalda oss på resten av kvelden. Årets avslutningsfest vert altså ikkje berre arrangert på Lægreid, den er og sponsa av Lægreid.
Invitasjonar er allereie sendt ut til spelarane og me ber dykk gje ei tilbakemelding så snygt som mogleg.
Ditta bli vel kjekt ?!