
Det er i dag, dagen før dagen for alle fans av Sherlcok Heggestad.
I morgon brakar nemleg vår julekalendar laus, og dette vonar me vert ein fin oppkvikkar i kvardagen vår. Kvar episode vert publisert om morgonen, og me kjem sjølvsagt til å opplysa om når dei er klare på nett.
Følg med på Veitastrond.com framover og få med deg våre elleville eventyr med Sherlock Heggestad ;)
Klikk på logoen ovanfor for å komma til vår samleside for årets julekalendar.

På gårsdagens avslutningfest fekk Kurt Heggestad utmerkinga som årets spelar på Veitastrond sesongen 2010. Det har nok vorte detonert større bomber enn dette opp igjennom tidene, for det er vel berre rett og rimeleg at Kurt får denne prisen for andre året på rad. Han er som regel nokon hakk betre enn oss andre, og er uvurderleg for klubben både på og utanfor bana.
Veitastrond.com gratulerar så mykje!
Dei som var nærmast Kurt i kåringa i antall stemmer var Åsmund Øgar og Kim Andre Navarsete.
Forutan Kurt fekk Frode Kvam det synlege beviset på at han vart årets toppscorar og Bjørn Molland fekk pris som årets trenarfantom.
Heilt mot slutten fekk Kurt- og Emil Heggestad ei lita påskjønning for si trenargjerning, og Emil fekk i tillegg litt for å vera sjølve bærebjelken i klubben.
Ved inngangsdøra fekk forøvrig samtlege spelarar utdelt bronsemedalje av trenar Emil Heggestad som alle stolt kunne gå og dingla med rundt halsen heile kvelden.
Festen var forøvrig prega av god mat, godt humøt, flotte talar - alt leia av vår eminente vert Frank Heggestad.
.... og med det så kan klubben setta ein strek for sesongen 2010, og byrja å skriva på kapittelet som heiter 2011.

I kveld er det klart for årets høgdepunkt for spelarane på Veitastrond når dei møtes til avslutningsfest for å feira seg sjølve. Festen vert halden i kjellaren på Joars Kjøkken, og her får gjestene meska seg med deilig julebuffè.
Det vert utdeling av prisar der årets spelar og toppscorar er dei to gjevaste. I tillegg så veit me at kveldens visevert (eller skal me kanskje seia fisevert) Frank Heggestad har laga til eit underhaldane show i kveld som folket bør gleda seg til.
Spelarane samlast kl 18:00 (ver presise), og me vonar at dei veit å kosa seg i kveld.
Ikkje heilt det store som skjer om dagen, og me lyt difor grava djupt for å finna noko me kan kalla nyhende. Me har likevel prøvd å samla i saman litt av det me klarde å komma på.
Les meir HER

Det er no snart ein månad sidan Veitastrond avslutta sesongen 2010, og kunne jubla for ny kontrakt i 4.divisjon. Då spelarane kom heim til Sogn etter den lange turen borte mot Askvoll/Holmedal bar det rett på feiring på Dolly Dimple, der spelarane meska seg med pizza og god drikke. Dette var heilt klart ein fin måte å runda av ein suksesfull sesong på, og spelarane gjekk etterkvart heim kvar til sitt. I ettertid viser det seg at enkelte av spelarane våre ikkje heilt har klart å komma attende til treningskvardagen etter sesongslutt, og det kan nesten virka som dei ikkje har forlete Dolly etter at opprykket vart feira den 10.10.10. Veitastrond.com gjer deg i dag dei sjokkkerande historiane, og ikkje minst dei oppsiktvsvekkande bilda av korleis VIL-spelarane let kroppen forfalla under vinterpausen...
Les meir HER
I dag vart det klart at Veitastrond.com i år havnar på ein 74.plass i NM i fotballweb. Dette er 6 plassar ned frå i fjor.
Sett utifrå den kunnskapen nettredaksjon vår har om det å laga heimeside så er me strålande nøgde med å i det heile vera inne blant topp 100. Alle plassar over dette ser me på som ein rein bonus. Heller ikkje så overraskande at me går ned nokre plassar frå i fjor, då oppdateringane jamt over har vore litt dårlege i år enn i fjor.
Fotballen.eu som arrangerar NM i fotballweb seier følgande om heimesiden våre;
|
# |
Klubb |
Divisjon |
Design |
Innhold |
Oppdatering |
Bonus |
Sum |
74 |
Veitastrond |
4.div |
7 |
13 |
14 |
0 |
34 |
Vakkert er det ikke, men en del nyttig info finner man likevel hos Veitastrond. Nyheter kommer ikke alt for ofte, og totalt sett må det ryddes, pyntes og utvikles.
Du kan følga resten av kåringa HER (vinnaren vert kåra 12 november) |