ARKIV: OKTOBER - DESEMBER (2006)
VIL-fotball vil ynskja alle sine spelarar, fans, støttespelarar og alle andre ei fredeleg og GOD JUL!!!
Årets julegåve er det VIL-spelarane Even Kvam og Bjørn Molland som kjem med. Saman med sitt X-team har dei utført halsbrekkande stunts i forkant av den søte juletida, og til glede for fansen har dei lagt ut stunta sine på verdsveven.
Gå inn HER for å sjå julenissen på vannski på Veitastastrondsvatnet, eller besøk Even Kvam si heimesia for meir infomarsjon...ENJOY!!!
- Leif Inge Fimreite ny trenar i Jølster (20.12.2006)
Eit par dagar etter at Leif Inge Fimreite takka nei til VIL-fotball er det no klart at han tek over trenaransvaret i Jølster. Me ynskjer Leif Inge lukke til med utfordringa med å føra Jølster tilbake i 3.divisjon.
Les meir: http://www.n3sport.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=518847&CatId=17191
- Leif Inge med eit endeleg nei (18.12.2006)
Fjorårets suksess trenar Leif Inge Fimreite valde i helga og takka nei til å vera med VIL-fotball neste sesong. Det var i ein kort beskjed til Emil Heggestad at han gav svaret utan nokon vidare begrunning. Det har ikkje lukkast veitastrond.com å komma i kontakt med Leif Inge om han har andre tilbod ståande eller om han er på veg ut av fotballen. VIL-fotball takkar uansett for den fabelaktige innsatsen Leif Inge gjorde i fjor. Det var ingen hemmeleghet at Leifen til tider var misnøgd med det dårlege oppmøtet, men han var likevel trufast og møtte stort sett opp på det som var av treningar og kampar - synd du ikkje kunne vera med på avslutningsfesten (då skulle me nok ha klart å overtala deg til å ta eit nytt år =) Sannsynlegvis går det mot ei intern trenarrekruttering til neste år, og då kjem nok mykje av det du lærde oss godt med. Me ynskjer Leif Inge lukke til vidare og takk for innsatsen!!!
Det er ikkje heilt klart korleis trenarsituasjonen blir til neste år, men som sagt går det mot ei intern rekruttering og slik det ligg an no er det tidlegare trenar Emil Heggestad saman med Richard Nes som kjem til å danna ein trenarduo. Det er endå ikkje klart korleis dei kjem til å fordela oppgåvene.
Til trass for at Leif Inge takka nei var det ein utelukka positiv Emil som me snakka med i dag. Spelarstallen ser pr dags dato ganske bra ut, mykje takka vera ein del transfers inn både frå nært og fjernt. Det er also ingen grunn til å mista trua på VIL-fotball - ha ei forsatt blå jul.
- Snart juleferie (04.12.2006)
Etter eit par veker med trening nærmar det seg no juleferie for VIL-fotball. So langt må det vera lov å seia at oppmøte har vore heller labert. Kanskje er det eksamenstid, juleforberedelsar eller spelarar som sit heime og ladar batteria til om jul. I allefall så såg dagens trening mest ut som ei økt for Studentspretten - kun 6 VIL spelarar og 7 studentar var det som utgjorde dagens mannskap. Det er sjølvsagt flott at studentane er med på å fylla opp treningar som i dag, men når me kjem til januar håpar me å få eit meir stabilt mannskap der stammen av spelarar er lokale slik det har vore dei førre sesongane. Sidan stallen har vore sopass ustabil hittil blir det heller ikkje førd nokon treningsstatistikk før etter jul - slik at alle då får sjansen til å starta med blanke ark og fargestiftar til.
På grunn av utbetringar av dekket i Sognahallen blir siste trening for året førstkommande torsdag kl 19:30. Er du ein ekte VIL`ar er det sjølvsagt ingen grunn til å gå glipp av denne.
Sjølv om VIL tek juleferie gjeld dette sjølvsagt ikkje for Veitastrond.com. Me lovar å komma med ferske nyhende og reportasjar også i den travle juletida, har du noko du meinar me skal retta søkelyset på så send meg ein lappe i posten så flekkar eg det ut her så fort som råd. So hugs å klikk deg inn her i juli og, elde berra ver tåsken!
- Trening måndag (26.11.06)
Minner alle om trening i morgon kveld i Storhallen kl 18:00. Håpar på litt bedre oppmøte enn det var på torsdag. Det vil i år bli ført ein treningstatistikk over treningane, der kvar enkelt får poeng for oppmøte samt seier på treningane. Denne statistikken vil etterkvart bli lagt ut på nettet, og vinnaren vil bli premiert etter sesongen. Håpar dette kan vera ei ekstra motivasjon for mange.
- Jarvamyri imponerte i Kjempenes Liga (25.11.06)
_kjempenes_liga/arneogkurt.jpg)
Jarvamyri, som stort sett bestod av VIL-stjerner, imponerte stort i dagens Kjempenes Liga og tok seg heilt til semifinalen. På vegen dunka dei ut ein av favorittane og i kvarten var det ein spelar som stjal showet. Les alt om dagens turnering her
- Trenarspørsmålet (22.11.06)
Mange lurer nok på korleis trenarkabalen blir neste sesong, og forsatt er ingenting klart. Sidan sesongslutt har det gått rykter om at fjorårets trenar Leiv Inge Fimreite ikkje ville vera med meir då han forståeleg nok var misnøgd med den slanke stallen han fekk til disposisjon. Styret, ved Emil Heggestad, var i dag i kontakt med Leiv Inge som slettes ikkje ville avskriva seg sjølv som kanditat til trenarrollen for neste sesong. Han sa at han i utgangspunktet trivdes veldig godt med spelargruppa, men med det dårlege oppmøtet forrige sesong syntes han det var vanskeleg å få ut både sitt eige og lagets fulle potensial. Avtalen no er at me trenar utan Leiv Inge fram til nyttår, og me regnar då med å ha eit overblikk over kor stor stallen vil bli. Er den stor nok, dvs 20-25 mann, er sjansane gode for at Leiv Inge takkar ja til eit nytt år med dei blå.
Det burde difor vera unødvendig å måtte oppmoda alle og ein kvar til å knyta på seg skodna og gjera seg klar til sesongen 2007. Det ville vore ein "big boost" (so di saie borti statadn) før VIL-fotball å faott med seg Leiv Inge pao ain ny sesong, og saman med ei stor spelargruppa er me overtydde på at han ville gjort strendingane endå betre rusta til å vera med å kjempa om opprykk til 5.div.
Veitastrond.com kjem tilbake med meir så snøgt det skjer meir i saka...
Årets første trening blir halden i Sognahallen på førstkommande torsdag kl 19:30. Oppmodar alle som har lyst å vera med på laget den kommande sesongen om å møta opp!
_styremote/styremedlemmaneemilogbjrn.jpg)
Sesongen 2007 vart på mange måtar sparka i gang i går kveld då styet i VIL-fotball hadde styremøte om den kommande sesongen. Les kva som kom ut av styremøtet her
- Kjempenes liga (18.11.06)
Det nærmar seg no den tradisjonelle turneringa Kjempenes Liga. Neste helg brakar det laust i Storhallen, og du kan lesa meir om VIL-spelarane som skal vera med her
- Frank takkar nei til landslaget (09.11.06)
_vil_spelarane/frank.jpg)
I ein samtale med Veitastrond.com fortalte VIL veteranen Frank Heggestad i dag at han ikkje er aktuell for landslaget i framtida. Frank som står bokført med 0 landskampar seier at han kjenner alderen tyngar, og at han i framtida kjem til å prioritera klubben og ikkje minst familien. Han vedgår at han ikkje har snakka med landslagssjefen ennå, men følte det naturleg å formidla nyhenda gjennom heimesida til klubben han elskar i staden.
Det er ei stor glede for meg å ønska alle hjartleg velkomne til det nye designet til VIL-fotball sine heimesider. Hovedgrunnen til at me har flytta sida er for å bli kvitt alt pop-up drite som var på den førre sida, samstundes som eg følte det var på sin plass å presentera mitt eige når eg først skulle ta over som vevansvarleg.
Sida er forsatt under konstruksjon, men etter stort press frå blant anna tidlegare vevansvarleg Frank "honkey" Heggestad vart sida no lagt ut. Eg vil nytta sjansen til å takka Frank for jobben han har gjort og samstundes lysa fred over clix.to/vili sitt minne. Eg vil tru det er mange (inkludert meg sjølv) som har hatt mang ei fantastisk stund på den sida.
Som sagt så gjenstår det ein del arbeid på denne sida. Blant anna vil det ikkje komma noko om spelarane og sesongen 2007 før me veit litt meir om neste sesong. Eg har so langt jobba mest med histortikk delen, og tykkjer denne vart bra. Eg set pris på om brukarane gjer meg tilbakemelding på feil, anten det gjeld skrivefeil eller feil i opplysningane.
På sida eg har kalt underhaldning vil det etterkvart komma bilder og litt anna moro. Har ein del planar som eg håpar å få gjennomført om ikkje så veldig lenge. Eg må berre læra meg litt om mekking av heimesida først.
Håpar sjølvsagt at diskusjonsforumet vert nytta flittigt. Minner om at takhøgda her er temmeleg enorm skyhøg....
Kjære alle brukarar av veitastrond.com, eg håpar de får mange fine stunder med sida så skal eg gjera mitt beste med å forbetra sida og komma med hyppige oppdateringar....HIPP HIPP HURRA!!!!
Som du sikkert ser har VIL-fotball fått seg flunkande nye nettsider. Dette skjer samtidig med at Frank Heggestad overlet ansvaret som vev-ansvarleg til Richard Nes. Sidan vedkommande aldri har laga noko på verdsveven før, fins det ingen garanti for korleis resultatet vil bli.
- Bjarte Pedersen årets spelar (25.09.06)
Bjarte Pedersen stakk av med den gjevaste utmerkinga under fotballfesten til Strondi laurdag. Spelarane kåra den alltid pålitelege og stabile backen til årets spelar. Han vann prisen i tett konkurranse med Emil Heggestad og Jan Eirik Bertelsen. Ellers vart som nemnd Richard Nes årets toppskårar med sine 14 mål. Utover dette var det ingen prisar, men altmoglegmann Emil Heggestad og oppama Hildegunn vart og heidra. Samstundes skal det nemnast den gode jobben Leiv Inge Fimreite har gjort med laget, som har utvikla seg stort denne sesongen.
|